Danseorkester, grupper, band og artistar (kap. 8)

Dette kapittelet handlar om song- og musikkartistar som enten åleine eller i større eller mindre grupper har framført musikk hovudsakleg av det som kan kallast lettare underhaldningsmusikk inkludert sjangrar som viser, dansemusikk, popmusikk og rock, men også annan type musikk.

Danse- og underhaldningsmusikk i eldre tider

Som nemnt tidlegare har Peter Jøsvold filosofert om korleis det var med dansemusikken før fela kom til bygds. Han konkluderer med at dansarane sjølve song og tralla på same måten som dei gjorde i hans ungdom når dei mangla spelemenn.

Jøsvold trur at det var Gurå-Knut som hadde den første fela i Stordal. Men det kan ha vore felespel og anna instrumentalmusikk til dans lenge før den tid. Jostein Fet fortel i boka si Folkemusikken i Møre og Romsdal om fleire nedteikningar som tyder på at fele, langeleik og harpe var mykje brukt på 1700-talet. Presten Hans Strøm gir dei mest verdfulle skildringane av musikklivet på Sunnmøre rundt 1750 i boka Søndmørs Beskrivels II (1766) der han m.a. fortel at det i Norddal prestegjeld var vanleg at damene spelte like godt som karane og at det slett ikkje var uvanleg at både to og tre i same huset spelte fele, som var mest vanleg, eller langeleik og kanskje også harpe, som var mest sjeldsynt. «Paa denne Maade henbringer Folket sin Tid til Fornøielse…» Når det var slik i Norddal, er det slett ikkje urimeleg å tru at det også i Stordal og på Dyrkorn fanst liknande fritidsaktivitet.

Her er Gudrun Seljebotn med harpeleik, som ho brukte i Øvre Stordal musikklag, som spelte i kristelege samkome

Fet skriv at sterke religiøse strøymingar med fleire vekkingar og kyrkjeleg innstramming av det å halde kviledagen heilag t.d. gjennom sabbatslovene, gjorde at spelaktiviteten vart mindre. Men bygdefolket let seg aldri heilt stoppe av desse pietistiske forordningane og kulturen med dans og festlege samkome levde side om side med kristenlivet.

At harpe har vore i bruk i Stordal i lang tid, kan ein vite gjennom segna om Harpeberget som seier at folket på Storheim, særleg i jula, kunne høyre musikk derifrå, som likna på tonar frå ei harpe. Dette har gitt namn på berget.

Fet fortel vidare at bruken av langeleik og harpe til dansespel miste populariteten rundt 1800. På byrjinga av 1800-talet vart så dei fødde som etter kvart skulle bli dominerande i dansespeling dette hundreåret. Dei store spelemennene på fele var på gong.

 
Etienne de Lavaulx
spelar Sound of silence og viser kor flott musikk som kan skapast med ein tilpassa harpeleik.

Dette gjaldt også for Stordal. På midten av 1800-talet er dugande spelemenn aktive på fele, og klarinetten kjem også i bruk. Denne tradisjonen er omtala i kapittel 2 som mellom anna handlar om spelemenn.

Hornmusikken

I den første tida til Hornmusikken veit vi at dei fekk litt av inntektene som måtte til for å kunne kjøpe nye instrument, ved å spele i bryllaup. Vi ser i notehefta frå den tida at dei hadde både valsar, reinlendarar, galoppar og andre danserytmar på repertoaret. I 1913 gifte Martin Joakim Knutsen Almås (1885-1963) seg med Jakobie Tomasine Toresdotter Busengdal (1887-1958). Det vart teke eit bilete av brurefølgjet og her ser vi fleire frå Hornmusikken med instrumenta sine. Martin Almås var sikkert medlem av Hornmusikken i 1913. Han var mellom dei mange som fekk opplæring i Trondheim og var tambur på Setnesmoen. Det vart sikkert både polonese og brurevals når karane tok fram instrumenta på kveldstid, og det vart nok spelt både til underhaldning og dans.

Bryllaupet til Martin og Jakobie Almås i Utigarden i Busengdal 1913. Hornmusikken stilte sjølvsagt opp når ein av medlemmene skulle gifte seg. S.K.J. Overøye omtalar Martin Almås som «skomakersersjanten» i sine historiske notat. Han var skomakar av yrke, og i militære fekk han til slutt fenriks grad.

På haustfesten til Ungdomslaget 10. oktober1909 spelte Hornmusikken både på festen og til dans – fire timar frå kl. 11- 3. Dei får mykje fagnad også fordi dei spelte heilt gratis! Dette vart motteke med stor takksemd av styret i SUL.

Ikkje berre blåsarar i Hornmusikken

Alfred Busengdal (t.v.) og Tore Holtleite på Setnesmoen i 1922

Fleire av dei som var tamburar på Setnesmoen, spelte også andre instrument. Ein av desse var Alfred Busengdal som var langt komen på orgel. Vi har tidlegare sett at han var viktig læremeister for fleire og at han deltok mykje på bedehuset med speling til songen der.

Sonen, Inge, minnest at faren fortalde at han ofte spelte til dans på orgelet i sin yngre dagar – kanskje så tidleg som rundt 1920. Inge hugsar at faren sa at han spelte i lag med Tore Holtleite. Begge spelte basun i Hornmusikken, men Tore spelte også fele som han truleg brukte til dansespeling.

Vi har tidlegare omtala STOM-kvartetten med Ole A. Storheim, Johan Talberg, Sivert Overøye og Jens Mo. Denne gruppa hadde vanlegvis eit meir klassisk repertoar, men med den knyting desse hadde til ungdomslaget i bygda og det faktum at det finst ein reinlender etter Jens Mo, gjer det truleg at tilhøyrarane også kunne svinge seg til det desse karane spelte.

Ved sida av bryllaup og meir private samkome mellom ungdom var ungdomslagsmøta og festane på Breidablik staden å danse. Her får vi litt innsikt i dansespelinga via møtebøkene til ungdomslaget. Den første tida var det stordalingar som stod for musikken, men møteprotokollane er lite konkrete på namna på spelemennene. På gutafesten 6.12.1914 var det musikk ved Tore, Bergsvein og Kristian Holt og trekkspelmusikk ved ein austlending som var til stades. Det står ikkje noko om kva for instrument dei tre Holt-karane spelte på, men dei spelte klarinett og ein eller fleire kunne også traktere fela.

I 1916 var det musikk på SUL sin 17. maifest ved Knut Støle og Bergsvein Holt som det sikkert kunne dansast til.

Bjarne Sæter (henta frå korpsbildet til SHL) spelte althorn i Hornmusikken, og i Stryken der han også spelte fele. Fela brukte han også mykje til dansespel.

På haustfesten 2020 leia Bendik Holt, som hadde vore aktiv i ungdomslaget og spelt på møta, eit orkester frå Oterøya med fem feler og to klarinettar. Dei spelte både til underhaldning og dans.

Juledansen 1922 vart som vanleg avvikla like over nyttår. Dette året var veret svært dårleg og frammøtet på dansen var i tråd med veret. Det var Ole A. Storheim og Johan Talberg som stod for dansemusikken.

Også broren til Ole A., Johannes Storheim, spelte til dans. Begge desse er omtala som spelemenn av Jostein Fet. Når dei eldste no minnest dansefestar i deira tidlege ungdom, kjem namnet til Johannes fort fram. Han spelte mange instrument, mest cello og fele utanom bassen i Hornmusikken, og det blir nemnt at han spelte i lag med Johan Talberg. Kven andre som var i lag med desse, er vanskeleg å få fram. «Det var stas når han James (Johannes) tok fram storfela», minnest John Hove.

Lars L. Vinje

Komen ut på 1930-talet, kjem nye namn i tillegg. På korgafesten 21.4.1934 er Ivar Kleiven spelemann. På denne tida og fram mot krigen var Bjarne Sæter populær spelemann på fele. Han spelte både til dans og underhaldning. På ungdomslagsmøte 9.12.34 spelte han bygdeslåttar med tonefølgje av Lars L. Vinje på gitar. Desse to spelte også på juledansen 12.1.1935.

Alfhild Midtbust har mange arrangement av dansemelodiar som faren Harald har teke vare på. Fleire av desse er for besetninga to feler, klarinett (skrive i C) og piano. Valsen på biletet under er eitt av desse. Skrifta kan tyde på at dette er arrangert av Peter Jøsvold.

Dette arrangementet er teke vare på av Harald Midtbust og er i dottera Alfhild sitt eige. Komponist er ikkje oppført, men noteringa er svært lik andre av Peter Jøsvold sine notar og kan vere hans komposisjon eller hans attgjeving av ein folketone.

Utgangspunktet for desse arrangementa kan vere slåttar som opprinneleg var brukt av spelemenn på fele, som så er tilpassa eit litt annleis uttrykk. Kven som nytta slik besetning og kven dei spelte for, er ikkje godt å seie. Kanskje var dette ei meir typisk besetning for borgarskapet i byane der piano nok var meir vanleg enn i våre bygder. Jøsvold budde i Ålesund i meir enn 30 år og hadde sikkert kontakt med musikarar som kunne bruke desse arrangementa.

Harald Midtbust var med i Stryken med fela si og har nok spelt desse arrangementa kanskje i lag med andre av medlemmene der sidan han hadde desse liggande. Pianoet kunne kanskje skiftast ut med harmonium eller orgel – kanskje også med bass og cello eller bratsj. Eller kanskje trekkspel?

Så kjem trekkspelet

Trekkspelhistoria startar på 1820-talet og den versjonen dagens spel er bygd på, vart patentert i 1829. Mot slutten av 1830-talet høyrer vi at dei første trekkspela er komne til Kristiania og Noreg, og på 1860- og 1870-tallet begynte dette å bli eit kjent instrument rundt omkring i landet. På denne tida blei det også tatt i bruk innan dansemusikken.

Dei første pionerane var aktive rundt hundreårskiftet og framover, og nokre fekk ein skikkeleg popstjernestatus.

Grammofonindustrien kom i gong i Norge med plateinnspelingar i 1904. Då fekk også trekkspelarane eit mykje større publikum, og trekkspelet skulle bli det viktigaste instrumentet for utbreiing av populærmusikken i Noreg i åra som følgde. Fram til 1925 gjorde nærmare 50 norske trekkspelarar grammofoninnspelingar, og trekkspelarane ble dei mest kjente populærmusikkartistane den tida. Desse reiste rundt i landet og held konsertar som var godt besøkte. Dette var trekkspelet si stordomstid, og både konsertane og grammofonplatene rekrutterte mange nye brukarar av instrumentet også i våre bygder.

Fleire grammofonar var i bruk i Stordal rundt 1930 og kom sikkert til bygda godt før det. Fremst sit Lars Stavdal og Peder Sæter med grammofonen mellom seg. Levert av Jakob Øvrebust.

Grammofonplatene blei sikkert mang ein gong brukt som dansemusikk. Mange av trekkspelinnspelingane var danserytmar frå bygdene med stor appell der gammaldansen stod sterkt. Men grammofonen var nok litt tungvint i bruk, og det blei fort populært med trekkspelarar som kunne framføre desse slagerane på dansefestar. Trekkspelet gav også god lyd som kunne fylle eit større lokale enn det ei einsleg fele kunne, og var i tillegg veleigna til dei dansemelodiane, ikkje berre gammaldans, som var populære. Trekkspelet kunne kombinerast med mange instrument, men oftast vart vel gitar og kontrabass nytta. På bygdene blei trekkspelmusikk med komp for mange slik dansemusikken skulle vere – noko som varte heile hundreåret og for mange, også i dag. Trekkspeltrioane meistrar like godt ein tango eller swing som ein vals.

Frå bryllaupet til Ole Johan og Karoline Holtleite i Halvarsgarden i 1915. Trekkspelaren er Ole K. Dyrkorn. Henta frå Facebooksida Gamle bilete frå Stordal

Av bildet til over går det fram at det var trekkspel i våre bygder allereie i 1915. Kanskje var Ole K. Dyrkorn engasjert til å spele til dans. Det første skriftlege dokumentasjonen om trekkspelbruk finn vi i møteboka til Ungdomslaget der det er notert at det var trekkspelmusikk ved ein austlending som var til stades på gutafesten 6.12.1914.

Vi kjenner elles lite til korleis trekkspelet vart brukt i våre bygder på denne tida og kven som var dei første utøvarane på instrumentet. Vi må gå utifrå at Ole K. Dyrkorn spelte og ikkje berre held på instrumentet, men har elles ikkje fleire opplysningar om han. Men at det var trekkspel i bruk, ser vi utifrå bildet med det som seiest å vere Buda-Lars på trekkspel i lag med trompetist og klarinettist, som vi ikkje har greidd å finne namna på.

Mot slutten av 1920-talet fekk andre instrumentkombinasjonar innpass særleg i byane. Jazzen hadde sin påverknad frå USA og danseorkester med forskjellige besetningar tok over populariteten til trekkspelet. Vi får salongorkester og mange storband med vokalistar som blir trendleiande. Oppstartinga av Stryken er nok påverka av den posisjonen slike orkester hadde i befolkninga. Fleire slike orkester var i sving på Sunnmøre.

Her underheld Lars Vinje (Buda-Lars) damene på torader i lag med to andre musikantar. Frå Konrad Vinje si samling. Kanskje rundt 1920?

Men trekkspel og gitar skulle bli den mest vanlege instrumentkombinasjonen for dansespeling i Stordal før og etter krigen. Men i fleire samanhengar høyrer vi om andre kombinasjonar. Med så mange flinke musikarar i nærmiljøet, vart det nok laga kombinasjonar som på bildet Lars Vinje, men og med t.d. trekkspel, komp og fele, som mange stader vart til spelemannslag. Frå midt på 1950-talet var såleis Liabygda spelemannslag hyppige dansemusikarar i Stordal med slik besetning.

Olav Henden, Jacob Holt og venner

Olav Henden i Hornmusikken 1941

Olav Henden var ein mann med mange talent. Han var musikalsk og spelte periodevis fløyte, klarinett og småtromme i Hornmusikken, og han trakterte trekkspel, gitar og kontrabass i andre samanhengar. I tillegg var han dyktig i friidrett med løp som favorittgrein. Han var også sjølvskriven kaptein på det første fotballaget etter krigen.

Han var den som vart absolutt mest nytta som dansemusikar litt før krigen og dei første krigsåra. Han spelte også ofte på ungdomslagsmøta. Han får mellom anna mykje fagnad for spelet sitt på juledansen 6.1.1940. På ein medlemsfest i ungdomslaget 29.11.1941 spelte han saman med Jakob Holt. Dette skulle bli eit langvarig samarbeid.

Svingom på Mosetra. Utifrå alderen på nokre av dansarane kan dette vere midt på 1930-talet. Då er Holt-Jacob rundt 15 år, og sidan trekkspelaren ser ut som ein ungdom på den alderen, kan det vere han som trakterer instrumentet. Det kan også vere Olav Henden, som også spelte trekkspel, men då var rundt 20 år.

Holt-Jacob var født i 1921 og kom frå Nerigarden på Holt. Oldefaren var spelemannen Johannes Holt, som er ættefar til mange av dei dugande musikarane i Stordal. Det er vel ikkje så underleg at også Jacob var musikalsk og likte å spele. Han vart med i Hornmusikken då nye medlemmer skulle starte opp att SHL på nytt – etter kvart som tubaist. I tillegg spelte han trekkspel og vart mykje nytta som dansemusikar særleg på 1940-talet. Han spelte mest i lag med Olav Henden på gitar og seinare kontrabass. Det hende seg også at Olav og Jacob begge spelte trekkspel. Då kunne Anton Sæter vere med på gitar.

Jacob og Olav spelte mellom anna i Liabygda ein gong det var dårleg føre. Karane tok beina fatt og gjekk inn og ut att berande på trekkspel- og gitarkassene. Det er dottera Kirsten Ludvigsen som fortel om dette. Ho minnest at det var mykje trekkspelmusikk i heimen i deira barndom. Faren spelte trekkspel og mora og døtrene song. Ho hugsar Nidelven stile, Ditt sinn monne flyve så vide omkring, En gammel grime, Drømmen om Elin og mange fleire.

Ein av notane som Jacob Holt skreiv ned og spelte i lag med venner, var valsen Trønderbrura – ein av Jacob sine aller største favorittar.

Trønderbrura var ein av dei Jacob likte aller best å spele. Jacob noterte ned melodi og akkordar sikkert til bruk i dei mange trivelege samkomene i røykstova på Holt. Bergsvein Holt var gjerne med på fele og det var også Johan Rødset når han var heime på ferie.

Etter at Arnt Ludvigsen kom til gards, var det han som tok over gitaren i desse samkomene og då spelte Olav Henden på kontrabass, som han kjøpte på slutten av 60-talet. Arnt fortel at han og Olav Henden også spelte ein del i lag og då med Olav på trekkspel og Arnt på gitar. M.a. spelte dei i bryllaup.

Kanskje høyrdest det slik ut i stova på Holt når Jacob og Olav med venner spelte opp med Trønderbrura. Her eit utdrag av versjonen til Sven Nyhus og Åsmund Bjørkens sekstett. Lenke til Spotify med fleire opplysningar om innspelinga: https://open.spotify.com/track/4sfvhJnSaTyFhD8y8ddpJY?si=f931fc8498c24cba
Jacob Holt – trekkspel, Olav Henden – kontrabass og Bergsvein Holt – fele i stova til Kirsten og Arnt Ludvigsen i 1972/73. Gitarist Arnt er truleg fotograf.

På slutten av 60-talet spelte Arnt (gitar) og Olav (kontrabass) til dans i lag med Ståle Strømmen, som var ein svært flink trekkspelar. Han kom frå Namsos og arbeidde innan møbel her i Stordal til litt ut på 1970-talet. Han budde i Kyrkjehola og flytte etter kvart til Sykkylven.

Jakob spelte også mykje i lag med Nils Øvrebust på piano og orgel og Lars Øvrebust på saksofon. Desse karane var populære og opptredde både i og utanom bygda. Olav Henden var også med å akkompagnerte denne gruppa.

Frå venstre:NN, Lars Johan Abelset, Odin Sivertsen, truleg Johannes Brekke, Ivar Arne Gjære, Peder Lande, Jens Synnes, NN, Mikal Valbø. Lars Øvrebust var ikkje med då dette biletet vart teke. Biletet er levert av Ørskog sogelag.

Lars Øvrebust var tidleg langt komen på klarinett og saksofon. Han hadde nok ein god læremeister i faren som var klarinettist og tambur på Setnesmoen. Ebbe-Jens var ein drivande god klarinettist, skriv S.K.J. Overøye i si historieframstilling. Ryktet gjekk nok om Lars sine kvalitetar, og han vart dregen med i Jens Synnes sitt orkester Crescendo på Ørskog. Dette var eit underhaldningsorkester som også spelte danserytmar. Av biletet ser vi at oppstillinga og påkledning er attkjennande frå filmar og orkesterbilete frå mellomkrigstida.

Stemninga på topp når trekkspelaren stemmer i (her Sigurd Nygård på Rovde før han kom til Stordal). Bilde levert av Lars Johan Nygård

Lars mintest ofte spelinga i dette orkesteret, som han meinte heldt god standard og det var kjekt å vere med i. Jens Synnes var leiar og nok den som var den aller flinkaste. Men ein gong spelte han grundig gale. Dette ville han ikkje innrømme og meinte at alle dei andre hadde feil. Dette fortalde Lars med ein god latter, som nok vitna om at Synnes hadde sagt dette med eit glimt i auga.

Lars var kanskje med også i eit større orkester leia av Jens Synnes med meir symfonisk besetning. Dette orkesteret hadde musikarar både frå Vestnes og Tresfjord i tillegg til området rundt Ørskog.

Stabbe-Lars

Det kom folk også folk flyttande til som hadde instrument med seg. Ein av desse var dreng på ein av gardane under krigen og vart kalla Stabbe-Lars. Han var ein godtruande kar i følgje John Hove. Under krigen var det slik at Ungdomshuset var stengt av tyskarane og møteaktivitet forbode. Men ei luke på baksida var ikkje låst og ungdomen lurte seg inn der og hadde sine samkome. Her pleidde Stabbe-Lars å spele til dans og han var flink, fortel John. Men ein gong han skulle få litt betaling og hatten vart sendt rundt, vart det lagt meir knappar enn pengar oppi som lønn for spelinga. Kanskje ikkje så fint gjort, nei, meinte John.

Sigurd Nygård

Sigurd Nygård. Bilde levert av Lars Johan Nygård

Sigurd Nygård kom frå Rovde i Vanylven og vart gift til Andersgarden på Midtbust. Han hadde lært seg å spele trekkspel før han kom til Stordal. Ottar Storheim meiner å vite at han hadde vore litt aktiv som dansemusikar på Søre Sunnmøre før han kom hit. Ottar fortel at Sigurd var ein av dei som ofte underheld på ungdomslagsmøta med trekkspelet sitt og også spelte til dans. Han spelte mest åleine og pleidde ikkje å ha med komp.

Systra hans, Kamilla, var gift med Johannes Storheim i Ivagarden. Lars Johan, son til Sigurd, fortel at Johannes skreiv ned notar for Sigurd som lærde seg nye melodiar frå desse nedteikningane. Dette gjekk føre seg på den måten at Johannes spelte ei frase på celloen og skreiv den ned og så repeterte dette til heile melodien var notert.

Utdrag frå ei gammal innspeling av Kvæsarvalsen som Sigurd likte så godt. Lydbildet er sikkert mykje likt det som kom fram på dei første grammafonane som er omtala ovanfor. Frå Spotify.
Oppteikning av Kvesarvals av Arthur Høgtvedt slik Johannes Storheim skreiv han ned til Sigurd Nygård. Alf Prøysen brukte denne i «Du og jeg og dompapen»

Sigurd likte godt å høyre på trekkspelmusikk på radioen og spesielt når Toralf Tollefsen spelte. Han var den store meisteren innan klassisk trekkspelmusikk også internasjonalt. Ein gong dei sat og høyrde han spele, skrudde Sigurd brått ned lyden på radioen. Lars Johan fortel at han spurde kvifor han gjorde det, og faren svarte: «Det skal du vite, eg er ikkje nokon rapsoditilhengar!» Tollefsen spelte Svensk rapsodi av Hugo Alfén.

Her høyrer du eit utdrag av Svensk rapsodi av Hugo Alfén, som Sigurd ikkje likte, spelt av den store trekkspelvirtuosen Toralf Tollefsen. Høyr meir på YouTube: https://youtu.be/OPEfm47lhkk

Andre som spelte trekkspel

Jørgen Elias Vinje

Vi veit at bakaren Skule-Jørgen, Jørgen Elias Vinje, spelte trekkspel. Det er ikkje kjent om han spelte for andre til underhaldning eller dans, men vi veit han hadde eit bra instrument og mange notar. Truleg var dette mest ein hobby han dyrka heime. Men Alfhild Midtbust hadde opplysningar som kan tyde på at han held på litt meir med spelinga enn vi visste. Det var Lars Johan Nygård som hadde snakka med Skule-Jørgen. Jørgen fortalde at han gjekk og lærde å spele trekkspel med Mollie Martinson, som då hadde ferieopphald i Ole Bendikstova. Ho var ein kjend musikkpedagog i USA og hadde slekt i Busengdal. Lars Johan hadde sett trekkspelet til Jørgen. Det heitte Wilhelm Lanka. Jørgen fortalde han hadde komponert ein vals som heitte Stilleelven

Jørgen var ein mann med mange interesser og stor kunnskap. Han las mykje og likte å setje seg inn i ulike emne, som han gjerne drøfta med kundane sine. Han likte godt lyrikk. Ein gong ei tenestejente og hennar venninne bad han om å spele for dei på trekkspelet, vart det lite spel men mykje lesing av dikt, som han var meir oppteken av denne dagen.

Einar Busengdal var også trekkspelar. Sonen Georg fortel at faren hadde nemnt at han spelte litt til dans den tida han budde på Austlandet, men at det ikkje blei så mykje etter det.

Femti- og sekstitalet

På femtitalet vaks møbelverksemdene i Stordal og mange nye arbeidarar kom til dalen. Fleire av desse hadde instrument med seg og tok del i musikk og songlivet.

Arnljot Estensen

Ein av desse var Arnljot Estensen. Han var skikkeleg flink på trekkspelet sitt, fortel Inge Busengdal, som minnest at han spelte til dans på gamle Breidablik. Estensen var ivrig med i det sosiale livet i Stordal og deltok i ungdomslagsarbeidet. Her skipa han, som tidlegare nemnt, også eit mannskor som var i gjenge medan han var i bygda. Han budde med familie i Kristoffergarden og blei inspirasjonskjelde for Einar Øvrebust, som fekk lyst å lære trekkspel.

Leif Øvrebust minnest at Estensen var ein ivrig fagforeiningsmann som «stod på krava» og ikkje alltid var på line med Jacob og Harald i leiinga på fabrikken. Leif minnest at det 1. mai 1956 vart det arrangert tog frå Hove-fabrikken til Naustberget. I spissen for toget gjekk Arnljot Estensen og spelte på trekkspel sitt. Dessverre reiste denne ressurspersonen innan ungdomslagsarbeidet frå bygda ikkje lenge etter.

Jon og Ole Aasen

Tvillingbrørne Jon og Ole Aasen frå Hellesylt kom til Stordal i 1956. Begge har vore med på mykje og vore ein ressurs innan musikklivet i Stordal. Allereie frå dei kom til bygda deltok dei på samkomene til ungdomslaget. Her spelte dei både til underhaldning og dans på 50- og 60-talet. I 53/54 spelte Ole mykje til dans saman med Kjell Sæter frå Vaksvika, som var dugande trekkspelar. Jon var også litt med. M.a. spelte desse to trekkspelarane i lag på eit ungdomslagsmøte i 1958. Etter at dei kom til Stordal, vart det stort sett her i bygda dei song og spelte.

Jon og Ole var faste medlemmer i Pejolane. Her i 1985-revyen til Hornmusikken.

Begge har vore med i ulike grupper som revyorkestera til Hornmusikken og som akkompagnatørar i ei mengd festlege samkomer. Ole er framleis aktiv med gitaren på møta i pensjonistlaget.

Både Jon og Ole er ivrige songarar. Begge var med i Pejolane og i mange av årgangane til Blandakoret. Ole har i ei årrekkje vore med i Tonika og i Mannskvartetten knytt til Bedehuset. Namna deira dukkar såleis opp i mange av kapitla i denne framstillinga.

Aasen-tvillingane – Jon med trekkspel og Ole med gitar – truleg på amatørkonkurranse på Breidablik på slutten av 1950-talet. Johannes Storheim måla dei flotte scenedekorasjonane til gamle ungdomshuset kanskje så tidleg som rundt 1930. Dei var vaska og reinsa til opninga av Breidablik i 1955. Fotografiet er teke av Liva Muri (seinare gift Gillebo)

Per Kjeldstadli

Per Kjeldstadli kom også frå Sunnylven – frå Kjeldstadli som ligg ved grensa til Hornindal. Dette område har sterke tradisjonar for folkemusikk og dansespeling og her fekk også Per høve til å lære seg å spele på trekkspel. Ole Åsen minnest at han og Per spelte ein del i lag mellom anna på ei dansetilstelling i Hornindal.

Per arbeidde fleire år på møbelfabrikk i Stordal. Han hadde med trekkspelet og brukte det på ungdomslagsfestar og spelte også til dans. Det var alltid livat rundt Per som likte å spele for folk også når han øvde. Lars Johan Nygård, som sjølv spelte trekkspel, huskar godt Per og fortel at han var god til å spele. Han budde på loftet i huset til E.M. Sæter og Lars Johan og nokre andre vart ein gong invitert opp for å høyre Per spele. Dette besøket gjorde sterkt inntrykk og han minnest også at det låg ein note på senga hans med tittelen Du ler med dina øgon – ein slager med Alice Babs utgitt 1953.

Høyr på melodien Per likte så godt at han bestilte notane: Du ler med dina øgon – ein slager med Alice Babs utgitt 1953. Høyr meir på YouTube: https://youtu.be/irduLA8HXxQ

Leif Busengdal minnest at han og ein kompis sykla fram mot sætrane då dei høyrde det var livat i Nakkenløa på Stølane. Astrid og Anders-Ole held bryllaup og Per var hyrt inn som spelemann. Nokon vart var at Leif var ein av sykkelturistane, og det enda med at nokon tok med Leif i bilen og køyrde ned att for at han skulle hente trompeten sin. Etterpå vart det nokre melodiar på låven med trompet og trekkspel.

Leif Dybdal var mellom dei som høyrde på trekkspelinga til Per, men han hugsar også at Per likte å halde leven med gutungane. Det var vanleg at mange tente seg nokre øre med å ha på klemskiver på skruane som skulle brukast på treverket til møblane – 25 øre for ein pakke med skruar – og då kunne du kjøpe deg både is og brus på butikken etter eit par pakkar! Det tok si tid og var nokså keisamt arbeid så gutane lytta med vidopne øyre til kva arbeidarane juska og prata om. Dybdal huskar at dei av og til vart sende på butikken for små innkjøp, og at Per ein gong fekk han av garde til Handelslaget for å kjøpe ein meter med grøn overledning.

Inge Busengdal

Også «innfødde» spelte. Inge Busengdal hadde Petter Søvik som lærar. I skulen fekk han synge i kor og også den første innføringa i notar. Han huskar at Søvik teikna notar på tavla og forklarte om korleis dei representerte ulike tonar og verdiar. Inge syntest dette var interessant og ville lære å spele. Inge fekk seg ei slita «hæs» (ventilbasun), som hadde vore i Lars Almås si eige. Broren Tore lodda og fekk ho tett så den kunne brukast. Han huskar at han og nokre andre fekk opplæring av Hermod Holt i Prestestova tidleg på 50-talet. Det var vektlagt meir å få lyd i instrumenta enn samspel og notelære.

På midten av femtitalet begynte Inge i Hornmusikken, men samstundes hadde han blitt så interessert i trekkspel at han investerte i eit brukt Excelsior frå Holt-Jacob for 850 kr. – mykje pengar den tida. I lag med Kristoffer-Einar kjøpte han eit trekkspelkurs laga av svensken Andrew Walter. Dei var ikkje nøgde med hans fingersetting så dei kjøpte endå eit kurs – av norske Arnstein Johansen. Hans spelemåte nyttar Inge framleis.

Det gjekk ikkje lenge før Inge opptredde med spelinga si. Ungdomslagsmøta søndagskveldane var for mange ein fin arena å få prøvd seg på. Han spelte mykje i lag med Jon Lianes og Per Kåre Sæter på desse møta. Her blei det også spelt til dans og Inge og akkompagnatør fekk oppdrag også i andre samanhengar både her i bygda og andre stader. Særleg minnest han eit bryllaup i ei bygd i regionen der han og Jon Lianes spelte. Inge var då i 18-årsalderen. Ut på kvelden gjekk det ikkje betre enn at brudgommen og svigerfaren rauk skikkeleg i hop. Etter kvart blanda mange fleire seg inn i slåssinga. Neste morgon var skyssbåten full av folk frå festlyden som måtte til næraste legekontor for behandling.

Inge Busengdal. Foto: Leif Dybdal

I 1958 kjøpte han trekkspelet han enno har – eit Zerosette brilliante, 3 korig – hos Rosenberg i Ålesund for 1910 kr. Dette kom til nytte då han var i militære året etter. Han spelte på Stavangermessa og på radioopptak i Rogaland teater. Seinare vart han soldat i Nord-Noreg, der han m.a. spelte til dans på Finnsnes.

Inge deltok hyppig med trekkspelet i ulike samanhengar til langt ut på 2000-talet. Han var mangeårig medlem i Møre og Romsdal fylkesorkester. Her vart det mange NM-deltakingar med bl.a. 5. og 6. plassar i klassisk og underhaldning. Eitt av åra hadde dei heile 17 konsertar m.a. i Konserthuset i Oslo og Grieghallen i Bergen.

Med sin bakgrunn med harmonilære som kravdest for å spele trekkspel, var Inge den klart best kvalifiserte då Hornmusikken i 1968 måtte finne avløysar etter Almar Sæter. Inge var førespurt fleire gongar, men ville at Almar skulle halde fram lengst mogleg. Inge held ut i 12 år som dirigent – ein god periode for Hornmusikken.

Einar Øvrebust

Einar Øvrebust. Bilde levert av Leif Øvrebust

Som nemnt vart Einar Øvrebust inspirert til å begynne med trekkspel av Estensen som ein periode budde i Kristoffergarden med sin familie. Einar og Inge Busengdal studerte og utvikla spelet sitt via brevkurs og tips frå andre som var meir drivne. Dette vart ein kjær hobby for Einar, som likte best å spele gammaldans. Trekkspelet kom fort på når han kom opp på rommet sitt, og då kunne søskena på naboromma få med seg dei mest populære dansemelodiane i tida som t.d. Livet på Finnskogen frå repertoaret til Carl Jularbo. Hamboen Vestgötasväng var ein annan av favorittmelodiane til Einar. Den som har høyrt denne, skjønar at han hadde nådd eit godt nivå med spelinga, for denne krev sin kar! Kristoffer-Einar likte best å spele for seg sjølv og familien og opptredde svært sjeldan for andre sjølv om han hadde ferdigheiter som kunne ha gledd mange fleire.

Leif Øvrebust fortalde at Vestgötasväng var ein melodi som broren Einar øvde mykje på og som han meistra bra etter kvart. Her i ein versjon med Olle Johnny. Sjå meir om innspelinga her: https://open.spotify.com/track/5ixO4m3NeK4scuX35rjvWL?si=294677c9abfb430d

Oddvar Sørås

Dei fleste av arbeidarane som kom til Stordal var ungkarar, men Oddvar Sørås hadde stifta familie før han kom hit. I 1957 kom han åleine til bygda for å sjå om Stordal kunne vere ein plass å slå seg til. Svogeren John Hjelmset og fleire kjende var allereie etablerte i bygda. Han må ha likt det han opplevde på arbeidsplassen og i bygdemiljøet for neste år kom også kona Gerd etter med dei to barna som dei hadde så langt.

Trekkspelet hadde han med frå starten. Han var langt komen på instrumentet allereie då og spelte i starten litt saman med John Hjelmset på gitar og ein god del med Svein Tafjord og også andre gitaristar som Per Kåre Sæter og John Lianes. Litt ut på 1960-talet kom Trond Arnes til bygda og då fekk Oddvar ein fast gitarist. Då kom også Olav Henden med på kontrabass og også Jan Petter Korsedal blei med på slagverk. Desse fire hadde faste øvingar i Prestestova og bygde opp eit repertoar som dei brukte på dansespeling både her i bygda og utanbygds. Dei spelte også i fleire bryllaup mellom anna i Geiranger. Jan Petter fortel:

Jan Petter Korsedal, som har levert bildet

«Oddvar, innflytta fabrikkarbeidar frå Helgeland, var svært dugande på trekkspel. Han hadde fått med seg Trond Arnes på gitar og etterkvart Olav Henden med kontrabass.

Dei ønskte å ha med nokon på slagverk, slik kom då eg med, og eg var med i 3-4 år fram til eg drog til Eid for skulegong i 1972.

Vi øvde i Presteestova ved Gamlekyrkja, gjerne søndags ettermiddag. Det vi spelte var typisk gammaldans-musikk, det gjekk mykje i vals, polka o.l., men og meir moderne låtar i swing, tango osv. Trond var flink til å syngje, så vi øvde inn fleire låtar av Sven Ingvars. Det blei mykje kjente slagerar som dei dansande kunne syngje til – kan nemne Nidelven, Det som skjer det skjer, Nordlands netter, Når lysene tennes der hjemme, Der bjørkorna susar mfl.

Vi spelte til dans mest på Breidablik, men også litt utombygds som t.d. på ungdomshuset i Valldal.

Ein gong spelte vi og i eit stort bryllaup, det var på Meroks Hotell i Geiranger. Vi var innlosjert med rom på hotellet frå fredag til søndag, vi spelte litt dempa musikk under middagen bryllaupsdagen laurdag og seinare på kvelden spelte vi til dans. Det var stordalingen Per Støle som var brudgom, brura var dotter til hotellverten.

I dag er dette med såkalla offentleg dans frå kl. 21 til 01 på laurdagskveldar blitt historie, utestader har teke over som sjekkestader. Frå scena der vi spelte hadde vi god oversikt over dansesalen. Jentene sat gjerne stivpynta på stolar langs veggane, medan gutane hadde ærend utanfor veggane. I byrjinga var det helst berre jenter som dansa med kvarandre, men når det var gått ein time eller to, byrja dei første gutane å våge seg ut på golvet med ei jente dei hadde bydd opp. Siste timen var gjerne dansegolvet fullt av dansande par, og frå scena kunne vi sjå dansegolvet på Breidablikk duva i takt med musikken.

Ofte kom dansande par fram til scenekanten og bad om vi kunne spele den eller den låten. Som siste dans brukte vi spele Goodnight, Ireen, dette var ein sakte vals som eigna seg for nærkontakt.

Eg meiner å hugse at vi eit par gonger avslutta med å spele ein låt der teksten gjekk omlag slik Nå går vi hjem og legger oss, legger oss, legger oss! Nå går vi hjem og legger oss, hver for oss! Om denne oppmodinga hadde nokon verknad, tør eg ikkje ha noka meining om

Oddvar Sørås spelte ofte på ungdomslagskveldane og på bygdefestar. Han spelte gjerne i lag med fleire også i konstellasjonar som var litt uvante på slike festar. Som døme kan nemnast at brørne Olav og Leif Dybdal på saksofon og trompet opptredde i lag med Oddvar og medspelarar fleire gongar. På dansen 17. mai 1960 spelte Oddvar i lag med Olav Dybdal og Eiliv Kvammen.

Det var ikkje all verda å hente inn av pengar på speleoppdrag. Sjølvsagt stilte ein opp gratis på vanlege ungdomslagsmøte og bygdefestar, men dansespeling vart det betalt for. Leif Dybdal fortel at han hadde øvd i lag med Sørås litt på slutten av 1950-talet og vart spurt om å vere med og spele til dans på ein Handelslagsfest i 1960. Han skulle få 25 kr. for spelinga. For han var dette mykje pengar. For dette kunne du få nesten 50 flasker med Cola på kafeen til Ole Nygård! Det var berre eitt problem med dette. Leif skulle konfirmerast og presten hadde fått nyss om denne spelinga. Leif fekk klar beskjed om at han ikkje ville bli konfirmert om han gjennomførte dette. Han syntest ikkje han hadde råd til å seie nei likevel så han tok sjansen og spelte til tennene nesten losna i firetida på natta. Han høyrde ikkje meir frå presten og blei konfirmert. Dei vaksne fekk sjølvsagt meir i honorar så slik speling ga nok kjærkomen ekstrainntekt oppå lønna frå møbelindustrien.

Oddvar Sørås spelar på ein av Langsæterdagane. Bilde: Stordal sogelag

Oddvar spelte gjerne klassisk musikk og stykke spesialskrivne for trekkspel. Han opptredde med slike t.d. på 17. maifestar og i meir høgtidlege samkome men også på ungdomslagsmøte. Han var nok minst like glad i slik musikk som i gammaldans og populærmusikk. Han fekk tak i notekatalogar og fekk tilsendt stykke han ville spele m.a. frå Norsk Musikkforlag. I notesamlinga finn vi bravurnummer som Csárdás av Monti og eit Frossiniarrangement av Karneval i Venedig, originale trekkspelnummer av Pietro Deiro og konsertnummer både av Arnt Haugen og andre norske trekkspelarar. I tillegg kjøpte han hefter med norske og tyske slagersamlingar.

Oddvar var også ein periode med i Ørskog trekkspelklubb.

Spelelistene for dansefestar viser ei stor breidde i melodiar og rytmar. Dei fleste fekk nok svinge seg i sine favorittdansar når han stilte opp. Dei som spelte i lag med Oddvar Sørås opplevde at han var svært musikalsk og såg at han tok nye melodiar lett og fann akkordane raskt. Han spelte heilt til alderen sette ein stoppar og hadde sjølv mykje glede av hobbyen sin.

Jon Viggo Kaasen

Dei siste tiåra har det ikkje vore så mange aktive trekkspelarar utanom toradarane som er omtala i Kap. 2. Men på 1990-talet og utover kunne vi av og til få høyre tonar frå Jon Viggo Kaasen. Han arbeidde hos Busengdal først frå 1994 til 1998 og seinare frå 2000 til 2005. Han kjøpte seg hus i Hovsstranda og fekk bu der nokre år før han gjekk bort altfor tidleg.

Jon Viggo Kaasen spelar på opninga av Stordalshallen

Jon Viggo spelte ein del til underhaldning og dans på kosekveldane på Fjordgløtt, men fekk sitt aller største publikum på opninga av Stordalshallen då han varta opp med feiande flott gammaldans på trekkspelet sitt akkompagnert av Asle Olsen på gitar, Peder Vikenes på bass og stig Ove Aas på slagverk.

Danseorkester på Dyrkorn

Foreiningslivet på Dyrkorn var rikt på 40- og 50-talet. Mange kreative og dyktige lokale personar var sentrale aktørar i tillegg til nokre av dei mange ungdomane som var samla der fordi dei arbeidde på Dyrkornanleggene. Ungdomslag, losje og kor hadde jamlege samkome. Av og til var det dans og då kunne dyrkornbygdarane stille med eige orkester.

Jonsokfeiring på Nøva ikkje lenge etter krigen. Brudeparet er Torbjørn Vidhammer og Randi Ekre. Rolf Kjelstadli spelar trekkspel (Frå Facebooksida DYRKORN i tekst og bilder, frå gamle og nye tider)

Edith Stennes Parr fortel at ungdomane sjeldan reiste nokon plass denne tida. Det kunne av og til hende at dei for ut i Vaksvika og var med på tilstellingar der. Men stort sett måtte dei lage seg den moro dei ville ha sjølve. Og folk stilte opp. Det var fleire gode skribentar og altså eit eige danseorkester. Ho nemner at desse ofte var med

Rolf Kjelstadli – trekkspel, Gunder Sæter – fløyte, John Parr – gitar, Johan Stennes – gitar og Birger Stennes – fele

Ho nemner også at det var to søstrer som kom frå Sunnylven, som begge spelte harpeleik som av og til var med i orkesteret. Edith legg til at det kunne vere retteleg livat når denne gjengen spelte opp.

Nye typar band

Nokre av arbeidarane som kom til bygda spelte gitar. Eit par av desse hadde til og med el-gitarar som kravde forsterkarar. Dei kunne også spele gitarmusikk på ein annan måte enn det som var vanleg når rytmegitaristane spelte i lag med trekkspel. Gitarane hadde plass som melodiførande soloinstrument i mange typar jazzband frå litt ut på 1900-talet og spesielt frå 1930-talet då dei første elgitarane kom. Både innan country og rock vart gitarsoloar viktige innslag og eit skikkeleg band måtte ha både rytme- og sologitar.

Ein helgelending som var ein svært dugande gitarist, hadde plater med rockeband og også med eit nytt band som hadde sin debut i 1958 – The Shadows. Leif Dybdal fortel at han i lag med nokre andre vart invitert til hybelen til denne karen, som gjerne ville starte band. Dette var på byrjinga av 1960-talet. Han hadde rigga gitarutstyret og spelte nokre plater som han ville det skulle øvast på. Etter litt prøving gjekk helgelendingen lei. Her var det korkje forståing for sjangeren eller evne til utføring mellom dei inviterte. Denne nye musikken hadde slett ikkje slått rot i desse stordalsungdommane på den tida.

Eirik Olsen meiner at dette måtte vere Arnold Vinje. Han spelte gitar og var i Stordal på den tida. Om han ikkje minnest anna frå tida i Stordal, så huskar han utan tvil heimreisa den 21. oktober i 1962. Då var han om bord i hurtigruta Sanct Svithun som forliste ved Nordøyan fyr på verharde Folla i Nord-Trøndelag. Heile 41 menneske omkom. Arnold Vinje er ein av dei som overlevde, og han har i fleire intervju m.a. på NRK fortalt om dramaet og korleis han redda livet.

Eirik Olsen meiner å vite at Vinje fortsette å spele då han kom opp att til Helgeland og var gitarist i forskjellige band.

Bandet «The Spitfires» frå Volda. Frå venstre: Leif Arne Dybdal, Egil Eidskrem, Åse Skrede, Helge Myklebust, Jostein Helset og leiaren Øystein Liavåg. Foto: Kornberg

Leif Dybdal skulle bli meir kjent med Shadows-musikk då han gjekk på skule i Volda. Han vart med i eit band kalla The Spitfires, leia av Øystein Liavåg. Her var det med to gitarar, bass og slagverk. Bandet spelte både eigne melodiar og repertoaret til andre orkester som The Shadows. Det vart ein del dansespelingsoppdrag for The Spitfires. Ein heil dansekveld med «piggtrådmusikk» kunne bli vel uvant for publikummet på den tida, og Dybdal og ein vokalist vart med for å få meir variasjon i musikkutvalet. Såleis vart det spelt både tidas slagerar, vals, polka, swing og reinlender.

Ein av stadene bandet besøkte, var Stordal. Dansen 30. november 1963 på Breidablik var godt besøkt, men den eldre garde av dansarane var nok berre sånn passe nøgd med dansemusikken, blei det fortalt. Det var ikkje slik det skulle vere – dansemusikk utan trekkspel – fysh!

Kjetil Kvammen

Kjetil Kvammen var også av dei som fekk ei musikalsk «vekking» på 1960-talet. Han fortel:

Både folkeskulen og gutemusikken trur eg la eit visst grunnlag for musikalsk interesse. Willie Vieth hadde undervisning i Stordal. Han gjekk for å vere trompetkunstnar og køyrde ein mørkebrun varebil med berre eitt framhjul. Rundt 1960 skipa han eit kor av folkeskuleelevar, kanskje for 4. – 5. klasse. Vi lærde notar og hadde øvingar. Eg kan godt huske den søndagen vi song «Leid milde ljos» under gudsteneste i stordalskyrkja. With hadde arrangert framføringa og eg huskar enno litt av andrestemma og kor godt eg syntest heile framføringa let.

På midten av 1960-talet hadde vi gjennom radio og platespelar fått interesse for popmusikk. Kåre Inge Vad kjøpte seg ein plankegitar som han ganske snart selde vidare til meg i 1965 for 120 kr. Utan forsterkar vart no lydnivået begrensa. Men vi var interessert i musikken som vi prøvde å etterlikne. På denne tida var for eksempel Herman Hermitz` «No milk today» populær. Gitaren vart med til realskulen på Ørskog i 1966, men speling vart det mindre av der. Eg kjøpte ein lite brukt Hofner bassgitar av Ole Vad. I gymnastida 1968-70 på Nordfjordeid kom eg i lag med fleire musikkinteresserte. Starten var at vi kjøpte ein gammal røyrforsterkar og bygde høgtalarkasse og satsa på å spele for oss sjølve.

Vi spelte på ei rekkje dansetilstellingar i Nordfjord og når det stod på plakatane: «Det populære bandet United spelar non-stop», då syntest vi nok det var stas.

Etter kvart vart det band og namnet var «United» der eg var bassist. For spelepengar investerte vi i felles Dynacord songanlegg med ekkomaskin og eg kjøpte meg nytt basskabinett med 4 tolv-toms høgtalarar som ga god lyd. I orkesteret var Norvald Bondhus (frå Rovde) og Nils Petter Nes (frå Eid) vokalistar, Yngvar Haugland (frå Nord-Noreg) spela orgel og Terje Espe (frå Grodås) var batterist. Det var stor stas når vi etter kvart fekk med sologitaristen og bakar Jon Andersen (frå Eid). Han hadde erfaring frå tidlegare band. Bilde levert av Kjetil Kvammen

På Rosenborg musikkforretning i Ålesund kjøpte eg 12 strengs gitar. Denne vart seinare mykje nytta som rytmegitar, men då med berre 6 strengar.

Utover i 1970-åra kom eg i kontakt med Harald Synnes (frå Vigra) i Oslo. Han var ein anerkjend utøvar på tangentinstrument, særleg orgel. Det vart god kontakt med musikarar frå Østerdølenes spelemannslag, særleg Arvid Grindal (Oslo) som spelte fele og bass og Rolf Pedersen (frå Rendalen) som spelte trekkspel. Seinare danna vi fire bandet Sigur og vi spelte saman i mange år. Eg spelte då rytmegitar og song. Vi spelte gammaldans kvar søndag kveld i Storsalen i Folkets Hus på Youngstorget.

Ved sida av dette spelte eg saman med trekkspelaren Torfinn Hellandsvik (frå Haram). Vår viktigaste arena var vel Skreia ved Gjøvik der sunnmøringar som var medlemer i PLRR (Pilslaget Ryk og Reis) hadde samlingar. Vi spelte der i alt 14 gonger.

Saman med Haldor Dimmestøl (frå Gursken) som spelte trekkspel med latinamerikansk musikk som spesialitet, spelte eg til dans i mindre tilstellingar og lag ei rekkje stader i Oslo.

I Oslo var eg medlem i songkoret Streng og Strupe som talde 29 medlemer på det meste. Harald Synnes var leiar og koret hadde komp med piano, fele, banjo og eg på mandolin. Det var ganske bra nivå på prestasjonane og det vart gjort opptak.

Det var likevel orgelet som fenga mi interesse mest. Etter ein del lære hjå Harald Synnes begynte eg å ta på meg spelejobbar åleine. Eg hadde først eit Solina-orgel, dernest eit ACE og seinare eit Roland VK9 med fullt pedalsett og Leslie 760 i tillegg til rytmeboks, synthesizer og song. Eg tok også til å øve inn korallar og anna musikk av JS Bach, då eg no hadde instrument til å spele slik musikk. Likevel kom eg nok ikkje særleg langt som utøvar av klassisk musikk på orgel, men moro var det.

Det var mange slags opplevingar som musikar, særleg i private lag. Men to spelejobbar huskar eg spesielt godt. Det var jobb med såkalla «Match-orgel» på ishockeykampar på Jordal Amfi. Dette var etter amerikansk mønster. Ein gong kom pucken over vantet og rett mot meg slik eg dukka ned. Den trefte orgelet med eit smell. Et såg etter på Sportsrevyen frå kampen same kveld, men denne hendinga kom ikkje med. Ein annan gong skulle eg på kort varsel steppe inn og spele til dans på Bjølsen. Lite visste eg at det var sjølvaste Bjølsen storband som skulle ha fest. Då gjaldt det å vere konsentrert for her var mange musikarar som lytta.

Då eg flytta opp att til Sunnmøre i 1980, vart orgelet og musikken med. Vi hadde ei tid besøk av gamle musikkvener, men avstandane gjorde det vanskeleg å halde oppe dei felles musikkinteressene. Eg held likevel fram med å spele i tilstellingar av ulike slag. Kvar 17. mai spela eg fleire år til dans i 3070 klubben i Ålesund. Eg var ofte i Stordal på tilstellingar på kafeen til Karl Eivind Støle.

Men etter kvart vart det meir familieinteresser (og –plikter) som overtok. Det kunne faktisk nokre gonger vere einsamt å reise bort på spelejobb aleine. Eg hugsa at ein gong skulle eg tilbake til Sykkylven seint på natta etter ein spelejobb midt på 1980-talet. Det var ikkje nattferje den tida. Då eg vakna i bilen på Magerholm om søndagsmorgonen, var ferja på veg ut frå land for andre gong. Etter dette vart det mindre av opptredenar ute.

Interessa for musikk som hobby er framleis levande. No er det amerikansk bluegrass-musikk som fascinerer meg mykje, men mest for lytting og lite eigen speling. Vi har stor glede av å reise til Nashville der musikktilboda er mange.

The Rascals

Utover 60-talet vart band av typen The Beatles nærast einerådande innan pop- og rockemusikk, og også i Stordal var det denne musikken som ungdommane lytta til. Nokre var ikkje nøgde med berre å lytte, men ville også prøve med speling. Jan Petter Korsedal fortel:

«Vinteren 1967-68 begynte Inge Bjønnes, Gunnar Kjelstadli, Jan Perry Holtleite og eg å spele saman – Inge song og sologitar, Gunnar rytmegitar. Jan Perry bassgitar og eg med slagverk.

Jan Perry og eg var mykje saman på den tida, vi sat gjerne på rommet hos meg eller hos han og spelte plater. Vi drog gjerne med bussen til byen og kjøpte plater hos Rosenberg Musikk, mest singelplater og ein sjeldan gong hadde vi pengar til ei LP-plate. Det gjekk mest i Beatles og Rolling Stones, men og andre populære band. Etterkvart oppstod tanken om å begynne å spele litt sjølv.

TheThe Rascals øver på scena på Breidablik. Frå venstre: Inge Bjønnes, Jan Petter Korsedal, Gunnar Kjelstadli og Jan Perry Holtleite . Foto levert av Jan Petter Korsedal

For mitt vedkomande var realskulen på Sjøholt nett unnagjort sommaren 67, og eg hadde jobb på Hove Møbler. Jan Perry hadde alt jobba og tent pengar eit års tid, og etter ei tid med sparing fekk han råd til bassgitar og forsterkar og eg kjøpte slagverk.

Gunnar ute på Dyrkorn visste vi var flink med gitaren sin, og Inge, innflytta fabrikkarbeidar frå Snåsa, var flink til å syngje.

Alle popband med respekt for seg sjølv skulle ha eit engelsk namn som begynte med The. Vi vurderte fleire alternativ og enda opp med The Rascals (Kjeltringane).

Eg var nokre år med i styre og stell i ungdomslaget og hadde nøklar til ungdomshuset Breidablik, såleis blei det der vi øvde og hadde instrumenta ståande. Under øvingane kom gjerne ein del vennar for å høyre på og danse.

Vi prøvde å øve inn låtar som var populære i tida, gjerne dei nyaste og ferskaste vi høyrde i radioen eller på plater. Beatles-låtar som Yellow Submarine, Michelle, I love you yeah yeah var populære, men og låtar frå svenske band som Hootenanny Singers og Sven Ingvars.

Vi blei på ingen måte berømte, vi blei eit typisk bygdeband som det florerte av på den tida, og vi spelte gjerne på meir uformelle dansetilstellingar på Breidablik.

Hausten 1972 drog eg til Nordfjordeid for å gå Eids 2-årige gymnas, og eg selde slagverket til ein på Sjøholt.«

Naboen til Jan Petter, Eldar Kvammen, fortel at han fekk sett og prøvd slagverket og syntest dette var tøffe greier. Han blei inspirert til å begynne med tromme i skulemusikken og kanskje også til å tenkje band.

Gruppa RUDY

RUDY – Roger Parr, Pål Amdam, Eldar Kvammen, Marit Andreassen og Roar Kjelstadli – 1976. Bilde levert av Eldar Kvammen

Litt ut på 1970-talet begynte Roar Kjelstadli og Eldar Kvammen å spele i lag. Roar hadde gitar og på loftet fanst det ein bassgitar som broren Gunnar hadde brukt litt tidlegare. Denne fekk Eldar bruke. Eldar spelte også tangentinstrument og skarptromme i skulemusikken, og vart etter kvart oppteken av dei moglegheitene som låg i elektroniske instrument. Det var på denne tida synthesizeren blei introdusert og keyboard var allereie vanlege å bruke i popband.

Dei fekk etter kvart med seg Roger Parr på gitar og Pål Amdam på slagverk. Namna til dei to dyrkornbygdarane fortel at vi her har etterkomarar frå det første danseorkesteret på Dyrkorn.

Karane øvde på skulehuset på Dyrkorn og Eldar minnest at det kunne vere nokså slitsamt med øvingane den første tida sidan han måtte sykle frå Stordal med først bakkane frå Stamneset for så å få det endå brattare opp Dyrkornbygda. Det vart lettare frå 1975 då alle fekk sertifikat. Då blei det meir regelmessig øving og dei spelte til dans etter kvart i eit stort område. Eldar finn kvitteringar frå Nordfjoreid og Stadlandet i sør til Valsøyfjord i nord.

Det vart ekstra stas då dei fekk kjøpt ein brukt Transit av Hans Muri i Valldal. Bandbilen med RUDY måla på sidene, gjorde dei endå meir oppegåande. I 1978 fekk dei med Marit Andreassen som vokalist. Ho var frå Austlandet og hadde jobb som lærar på Sjøholt. Det seiast at ho held kustus på gutane når innpåslitne kvinnelege fans vart for nærgåande. På liks med ei kvar rockegruppe med respekt for seg sjølv hadde også RUDY sine fans.

Repertoaret var coverlåtar – låtar dei sjølve likte. På øvingane kunne dei jamme litt med eigne ting, men på speleoppdrag vart det andre sine melodiar. Dei var meir opptekne av å spele det dei syntest var kjekt å framføre enn av at dei skulle setje saman eit dansetilpassa program.

I 1978 deltok RUDY på fylkesmeisterskapen for popband. Den etter kvart meritterte gruppa Stevenson frå Kristiansund vann med Rudy på ein flott fjerdeplass.

Bandnamnet RUDY har sin bakgrunn i ei sofagruppe frå Hove Møbler. Eldar jobba litt med rekneskapen på kontoret til Hovefabrikken og var kjent med namna på produkta bl.a. salongen Rudi. Han syntest dette namnet klang godt og også kunne stå seg som bandnamn. Men litt meir engelskprega måtte det vere slik at i-en i Rudi vart bytt med y – og RUDY blei det.

Rundt 1980 vart det vanskeleg å samle alle då det blei studiar og militære og bandet si tid var over.

Profesjonelt band frå Stranda

Bildet henta frå programmet til mimrefesten om band på 70-talet på Arbeider’n 1988

Det var nok mange bandmedlemmer som drøymde om å leve av musikken sin og kanskje kunne bli stjerner på pophimmelen. Eit lokalt band skulle få oppleve å bli profesjonelle. I 1973 begynte nokre ungdommar på Stranda å spele saman i det som vart gruppa Akropolis. Fleire av desse gutane hadde bakgrunn i skulekorpset og var med som komp- og blåsegruppa i Ten-Sing-koret på Stranda. Øvingane i gruppa vart etter kvart utvida til å omfatte meir enn berre korlåtane og snart hadde dei nok melodiar inne til å spele på dans.

Ein av dei som var med i heile levetida til bandet, var komande stordaling og bassist Peder Stavdal Vikenes.

Akropolis vart eit populært danseband lokalt. Dei var nok progressive for si tid ved å ta med låtar av t.d. Moody Blues og Uriah Heep på sitt repertoar. Fram mot 1978 blei det ein del utskifting av medlemmer i bandet. Ryet til Akropolis vaks, og bandet vart oftare førespurde om speling også utanom distriktet her. Skulle dette gjennomførast, måtte dei vere tilgjengelege og dei satsa då på ei profesjonell karriere. Dei held det gåande til 1981, då vi framleis finn dei i årets Euromusic-katalog, som skriv at bandet i 1980 stadfesta sin posisjon mellom publikum og arrangørar som eit danseband som spelar dei ein kan kalle kommersiell dansemusikk av beste merke.

Det må og nemnast at Pål Amdam, trommis i Rudy, vikarierte eitt år i Akropolis medan den faste perkusjonisten var i militære.

Sommaren 1981 gav Akropolis opp sitt profesjonelle virke, men stilte på eit treff på Arbeider’n i Ålesund i 1988 i lag med mange andre band som var aktive på 70-talet. Bildet av originalbesetninga er henta frå heftet laga til denne mimrekonserten.

Fleire av originalmedlemmene viser at dei ikkje har gløymt gamle kunster. Lagt ut på youtube i 2022. Lenke: https://youtu.be/VdGPzc8jnck

Gosplus og Light

Mykje av omtalen i dette kapittelet handlar om dansemusikk, men mange av aktørane er i tillegg hyppig nemnt i samband med underhaldningsinnslag i mange samanhengar. Nokre grupper har ikkje eller i liten grad spelt til dans. Døme på dette er gospelgruppa Gosplus som seinare tok namnet Light.

Fleire av Akropolismedlemmene, også Peder Vikenes, begynte karrieren i Stranda Ten Sing. I Stordal vart og mange ungdomar engasjerte i tensingkor. Dette er også omtala i Kap. 5.

Det første Ten Sing-koret i Noreg blei starta i Bergen av presten Kjell Grønner, hausten 1967, etter inspirasjon frå det amerikanske konseptet Sing Out America. Det spesielle med desse kora var at dei hadde komp-gruppe som i byrjinga av el-orgel, bassgitar, rytmegitar, sologitar og slagverk. Seinare kom også andre tangentinstrument og, som på Stranda, blåsarar med. Dette resulterte i rytmisk musikk som fenga mange. Sentralt i tensing-rørsla stod tanken om det heile mennesket, ung deltaking, ope medlemskap og kristen leiing, likestilling og solidaritet. Dei unge skulle sjølve styre og leie arbeidet med rettleiing frå ein vaksen leiar. I Stordal vart leiaren Karin Holt, som fortel at det var Roger Parr (seinare RUDY) som kom til henne litt ut på 1970-talet og spurde om ho kunne vere med å starte eit tensing-kor.

Slik vart det. Roger Parr var aktiv ei stund og hadde mellom andre med seg Odd Johan Overøye på piano og ei tid Tormod Inge Overå på trommer. Det var fleire utskiftingar i kompgruppa så mange fekk prøve seg. Ein av desse var Einar Sæter, som spelte bass. Han var og songsolist og gjorde duettar i lag med Tove Storheim, som og var mellom solistane. På det meste var det med rundt 40 ungdommar som hadde framføringar både lokalt og på tilstellingar og stemne utanbygds.

Minnerike framføringar var m.a. på dei legendariske vintertreffa i regi av KFUK og KFUM. Her samlast tensing-kor frå heile regionen til inspirasjon og konsertar. Odd Johan huskar dei var både i Volda og Ålesund på slike treff. 

Koret Choralerna spelte inn musikalen Befriad og viste den på SVT i 1974. Dette utdraget minnest kanskje medlemmene i Gosplus. Dei framførte denne musikalen i lag med Stranda Tensing.

Eit av korets største prosjekt gjekk av stabelen tidleg på 1980-talet då Gosplus slo seg saman med Stranda Tensing og sette opp den svenske musikalen Befriad av Lars Mörlid og Peter Sandwall. Dette var ei satsing med stort kor, solistar og orkester og eit veldig inspirerande og fint prosjekt. Det var framføringar både på Stranda og i Stordal.

 Vi veit at mange lokale «tensingarar» har teke med seg musikken vidare som yrke eller hobby. Nasjonalt finn vi også fleire tidlegare deltakarar som seinare er blitt etablerte artistar, mellom dei Morten Harket, Bjørn Eidsvåg, Dagfinn Lyngbø, Sissel Kyrkjebø og Sigvart Dagsland.

Også publikum, både i og utanom det kristne miljøet, tykte om det glade og ungdommelege uttrykket i musikken og songen til Gosplus og andre tilsvarande grupper. Ikkje minst fenga det rytmiske drivet i framføringane.

Pejolane, ei anna song/musikkgruppe som underheld mykje dei siste tiåra på 1900-tal, er omtala i andre kapittel, spesielt i delområdet om kor og songgrupper (kap. 3).

Utøvarar på tangentinstrument

Vi har nemnd den sentrale rolla Jens Moe og Peter Kirkebøe hadde somme organistar i kyrkja og speling til forsamlingssongen på bedehusa. Arven etter dei er vidareført av Marna Overøye, Kirsti Almås, Ragnhild Fauske og Roger Lillebø. Alle desse er omtala i Kap. 5 og Kap. 13 (Jens Mo).

Vi har og nemnt at Alfred Busengdal både spelte på Bedehuset og til dans på orgel i sin ungdom. Han var læremeiser for Nils Øvrebust, som spelte i Stryken og til dans i ulike grupper.

Seinare er det fleire som har lært seg både el-orgel, synth og pianospel. Nokre av desse har hatt fleire speleoppdrag både åleine og i orkester.

Josef K. Nedregård på den digitale avslutningskonserten til Stordal kulturskule i 2020.

Odd Johan Overøye er den av desse som i størst grad har prega musikklivet i bygda. Sjå meir om Odd Johan i Kap. 12 og 13.

Eldar Kvammen vart tidleg fasinert av dei mange moglegheitene som opna seg då synthen kom i bruk i popmusikken. Han fekk praktisert mykje både i Rudy og i MIDTNORGE.

Andre Skjellum var dugande pianist som spelte både åleine og i mange år i lag med strykekvartetten.

Bjarte Almås var også ivrig pianist, som m.a. vann solistpris i lag med Skulekorpset og elles var med i Stordal Storband i ein god periode.

John Marius Aarflot kom og langt på pianoet og underheldt i fleire smanhengar.

Inna Krinicka budde i bygda nokre år og var ein stor ressurs både for opplæring i kulturskulen og som utøvar på mange tilstellingar. Med hennar utdanningsbakgrunn og kompetanse var det naturleg at ho etter kvart vart henta inn som lærar ved Ålesund kulturskole der også stordalselevar får tilbod.

Vi let Sinne Eisma, som har delteke på fleire av fylkesfestivalane til UKM, representere tangentinstrumentutøvarane. Her i eit opptak ved UKM-TV 2017 av melodien Comptine d’un autre ètè : l’après-midi av Yann Tiersen

Siste åra har vi hatt gleda av å lytte til Josef K. Nedregård, som held eit svært høgt nivå med eit repertoar som det er sjeldan å meistre sjølv for langt eldre pianistar. Han får god rettleiing av mor si, Solveig Maria Nedregård (sjå Kap. 3), som er utdanna frå Norges musikkhøgskole og er dyktig organist og pianist. Familien har no flytta frå Dyrkorn.

Dans på ungdomshusa

Rytmisk musikk fanst også på dansegolva rundt om. Då nye Breidablik vart opna i 1955 og Stordal blei vegfast, stod laga i kø for å arrangere dansefestar. Dei flotte lokala tiltrekte seg folk, og danseorkestera likte å spele der fordi det var så gode fasilitetar. Framleis spelte dei lokale aktørane på arrangement retta primært mot bygdefolket. Elles var dei mest omtykte banda i regionen ofte på besøk. Eitt av dei første etter vegopninga, var sigøynerorkesteret Hungaria som først held jazzkonsert, og så spelte til dans etterpå. Dei kom att i 1958 og fekk fulle hus.

Ragnvald Weddegjerde. I 1978 vart han og orkesteret hans kåra til dei første noregsmeistrane i gammaldans i direktesending frå NRK store studio.

Elles var brørne Per og Ragnvald Weddegjerde populære med sine trioar. Dei spelte og saman på eit par tilstellingar. Ragnvald var litt annleis enn dei fleste andre dansemusikarane ved at han ofte improviserte slik at musikken ofte fekk meir karakterar av jazz- enn popmusikk. Han var svært dyktig på sitt instrument og fekk seinare oppdrag over heile landet og høg status mellom jazzmusikarane. Også Gunnar Nakkens trio var populære. Dei spelte ofte i radioen og hadde eit kjendisstempel ved seg.

Det mest nytta bandet på 1960-talet synest å vere Hurricanos, men også Nybøs kvartett er ofte nemnt i prokollane til Ungdomslaget. Mot slutten av 1960-talet er The Lords frå Fjørtofta populære. Alle lokale danseorkester med gode namn var også innom Stordal.

Nokre av medlemmene i «Purple». Heilt til høgre ser vi Fred Røyseth som var musikkskulerektor i Stordal på 1980- og 1990-talet. Bilde frå Driva.no

Like etter at det etter kvart landskjende ålesundsbandet «Purple» vart stifta, gjesta dei Breidablik to gongar. Dei spelte både 29.5 og 26.9.1970 til stor fagnad frå publikum. Dette orkesteret kom på Norsktoppen og fekk og internasjonal suksess med ein av sine melodiar.

1960, -70 og -80-talet var ei blomstringstid for danseband. Kvart ungdomshus i kvar bygd hadde ofte dansearrangement slik at det vart mange å velje mellom kvar helg. Dette var viktigaste inntektskjelde for ungdomslaga spesielt, men også for andre lag som leigde lokala til sine arrangement. Folk reiste på dans, gjerne lange avstandar dersom dei visste at dei mest populære orkestera skulle spele der. Fleire stader i Romsdalen var kjent for å ha god musikk, så det er kanskje ikkje så rart at du ofte høyrer romsdalsdialekt på innflytta ektefellar til stordalingar.

Dette var før den tida TV-sendingar og lokale kafear og restaurantar kom med tilbod som tok over mykje av tida til ungdommen. Alle var på dans og det var der ungdommen møttest. Når helga kom, blei det sjekka kvar det var dans og kven som spelte kvar, før det vart bestemt kvar ein skulle legge turen. Kanskje vart det og sjekka kvar han eller ho skulle, som ein gjerne ville treffe på dansen.

Bildet henta frå programmet til mimrefesten om band på 70-talet på Arbeider’n 1988

Eit av dei mest populære dansebanda på våre kantar var Living Earth, her med originalbesetninga som også deltok i Seventies once more i 1988. Dette bandet har hatt høg status i alle år. Dei spelte til dans i Stordal seinast i 2019.

Berre instrumentalmusikk vart med tida noko einsformig. Publikum ville ha dei siste slagerane med song og breiare lydbilde slik det høyrdest på plater og kassettar. Dansebandsjangeren fekk mange tilhengarar og denne musikken i lag med coverlåtar var det publikum helst ville ha. Både Akropolis og Living Earth kunne stille med slikt repertoar.

Midtnorge spelte mest coverlåtar, men hadde også eigenprodusert musikk som Kjempefest på grendahuset med melodi Ingolf Drabløs og lokal tekstleverandør Per Remmefrå kassetten Her kjem oss

Eit anna band som var svært populært, var MIDTNORGE der Pål Amdam og Peder Vikenes skulle møtast att. Pål fekk greie på at Peder var komen til Stordal, og fekk han med i bandet då dei mangla bassist. Seinare vart også Eldar Kvammen med i MIDTNORGE, som har hatt mange av dei flinkaste dansemusikarane i distriktet innom orkesteret.

Etter kvart som kafear og serveringsstader vart viktige dansearragørar, vart konkurransen mellom ungdomshusa for stor til å oppretthalde tilbodet som hadde vore. Talet på tilstellingar gjekk ned, og det vart vanlegare med det som vart kalla stordansar. På desse spelte dei aller mest populære orkestera i landet som hadde tilhengarar som gjerne kom langvegs frå for å møte favorittane.

I 1976 vart det arrangert to slike stordansar på Breidablik; først med Ole Ivars den 1. mai og så Nordre Sving den 29. mai. Dette var mellom den tidas mest populære danseorkester. Slike kjende band trekte ekstra med folk, men dei tok også store honorar så nettoen var ikkje alltid så stor for arrangørane.

Band og grupper i Stordal på 1980-talet

Det var såleis ikkje mangel på gode førebilete for dei som gjekk på dans og hadde lyst til å spele på siste del av 1900-talet. I tillegg var plate- og kassettinnspelingar lett tilgjengelege. Nokre av desse vart følgd av VHS-kassettar som viste spesiallaga videoar til låtane. Etter kvart kom TV-kanalar som nesten berre viste slike videoar og ga gode retningsliner for korleis eit band skulle oppføre seg på scena. Dette måtte også påverke spelelystne ungdommar i Stordal. Mellom desse var fire som slekta frå Nakken.

Nakkegruppa / The Cousins / Midway

Nakkegruppa / The Cousins

Vokalistane Torill Hove og Marianne Nakken. Foto levert av Torill Hove Busengdal

Det var dei fire søskenbarna Marianne Nakken, Hallgeir Øvrebust, Olai Roger Nakken, Torill Hove, som gjennom kor, korps og orgelkurs hadde kjent gleda det gav å halde på med song og musikk. I 12/13-års alderen start dei Nakkegruppa. Det var Hallgeir på orgel, Olai på tromme og Marianne og Torill som vokalistar.

Torill fortel:

« Vi kalla gruppa for Nakkegruppa, og dikta vår aller første song: «Vi er Nakkegruppa, og vi er kommet hit for å spille fine sanger…»

Hallgeir Øvrebust – orgel og vokal. Foto levert av Torill Hove Busengdal

Vi opptredde kun for familie. Vår første opptreden med litt størrelse på publikumstalet var i konfirmasjonen til Jan Ove Øvrebust. Etter kvart skifta vi namn til ´The Cousins´, som vi følte det var litt meir schwung over Øvingslokale blei ordna i kjellaren i Håkagarden, der dei hadde øving kvar veke.»

Dei fekk etter kvart med seg Gunnar Almås på sologitar og Gunnar Bratland på bassgitar.

Torill: «Val av song og musikk var alt av popmusikk som vi likte. Vi lytta til kassettspelaren, spola og spela av og skreiv ned det vi trudde dei song. Tekstane var nok ikkje heilt perfekt avskrivne, men song- og musikkgleda var stor!»

Når gruppa etter kvart blei Midway kom også kassetten Midway first collection der eit av spora var Carol av Neil Sedaka

Midway

Olai Roger Nakken på slagverk. Foto levert av Torill Hove Busengdal

The Cousins hadde forskjellige opptredenar i Stordal. Ei av desse framføringane var på Breidablik den 15.1.1983 då Ungdomslaget feira 90-årsjubileum med stor fest. «Mellom programinnslaga var «popgruppa The Cousins», står det i møteboka.

Etter at Gunnar Almås og Gunnar Bratland kom med, var det ikkje lenger berre søskenbarn som var med, så namnet vart endra til Midway.

Peder Vikenes lånte dei musikkutstyr som han hadde etter karrieren si i bl.a. Akropolis. Dei flytta ut av kjellaren i Håkagarden og begynte å ha øvingar i gamlegymen på skulen. Litt seinare blei øvingane lagt til ungdomshuset på Øvrebust. Peder Vikenes hjelpte dei på nokre øvingar. Det syntest dei var veldig svært. I deira auge var jo han ei stjerne. Så dei hadde ein flott mentor i han!

Gunnar Bratland spelte bassgitar. Foto levert av Torill Hove Busengdal

Så fann dei ut at som ei kvar gruppe med respekt for seg sjølv, måtte dei ´sleppe´ ei skive! Arild Hove hadde proft innspelingslokale (Stordal Audio Service), med alt nødvendig utstyr for å få gjennomført innspelinga. Her fekk dei hjelp til å få draumen oppfylt: Midway gav ut sin eigen kassett i 1984! Kassettane blei lagt ut for sal på Stordal Handelslag, Talberg Dagligvarer og bensinstasjonen i Stordal. Det var ein spent gjeng som lurte på om nokon ville kjøpe! Det var det!

Full fart på Let’s twist again (Man Appel Buchenkamp) på kassetten Midway first collection
Gunnar Almås med sin gitar. Foto levert av Torill Hove Busengdal

«Vi fekk blant annet god kritikk av Bjørnar Midtbust for kassetten vår. Men eg huskar at han ikkje var heilt fornøgd med vår engelske omsetjing av songtekstar,» minnest Torill.

Den første førespurnaden om å spele til dans på Breidablik i Stordal, kom same årer som Hallgeir og Olai skulle konfirmere seg (1984). Det måtte dei takke nei til, då foreldre meinte at dei måtte vere konfirmert før dei fekk spele til dans! Men dei fekk stadig opptre på andre arrangement som føregjekk på skulen, som bl.a. basar i gymsalen, som då vart mykje brukt til slike tilstellingar.

Frå venstre: Gunnar Bratland, Marianne Nakken, Hallgeir Øvrebust, Torill Hove, Olai Nakken og Gunnar Almås

Det vart fleire speleoppdrag, og dei huskar særleg godt då dei fekk spele opp til labbedans for dei som budde på Haukås på Sjøholt. Det var eit flott og engasjert publikum!

«Etter kvart blei vi sjølv eigarar av musikkutstyret kvar av oss brukte. Hallgeir bytta ut orgelet med synthesizer, Gunnar Bratland hadde eigen bass og Gunnar Almås sin eigen sologitar. Olai heldt med trommer og vi som song, ordna oss med mikrofonar. Vi kjøpte forsterkarar og miksebord,» seier Torill.

«Etter at alle var konfirmert, reiste vi rundt til bygdene og spelte til dans. Gruppa hadde eigen sjåfør då Gunnar Almås hadde blitt 18 år. No hadde Gunnar Bratland takka av, og vi fekk med oss Trond Vinje som gruppas bassist.»

Torill: «Det vart blant anna juledans i Fjøra, dans på Muri Kro i Valldal og fleire speleoppdrag på Breidablik i Stordal. Veldig kjekke minne!»

Den første utflukta til bandet var til bursdagsspeling i Andersgarden. Foto levert av Torill Hove Busengdal

I 1986 vart Bygdablad-kassetten med band fra heile distriktet innspelt hos Norild lydstudio på Sjøholt, der Midway bidrog med songen Spooky av Dusty Springfield.

«Sommaren 1987 var Midway-eventyret over. Vi var blitt ungdommar som skulle flyge ut i verda på skule, i militære og til utanlandsopphald. Men for ei fantastisk oppleving at vi starta band. Det gav oss eit godt samhald i felles musikkglede, og mange gode minner!» avsluttar Torill.

Have your ever seen the rain (Bonnie Tyler) var avslutningslåten på kassetten Midway first collection

Band, grupper og dansemusikk i Stordal på siste del av 1900-talet

På 1970- og langt ut på 1980-talet var nesten alle musikkinteresserte born og ungdommar med i Skulekorpset. I tillegg var det som nemnt ei aktivt tensing-gruppe. Litt gitar-, orgel- og pianoundervisning hadde blitt tilbydd av private aktørar og av musikkinstruktøren i storkommunen Ørskog, men for dei fleste som ikkje er nemnde, vart det speling til heimebruk. I førearbeidet til oppretting av musikkskule i kommunen, ser vi at det var håp om at ein slik instans ville gi moglegheiter også til dei som hadde interesse for t.d. å spele i band.

Musikkskulen som rekrutteringsinstans

Mot slutten av 1980-talet var musikkskulen godt i gong. Rektor Røyseth hadde sjølv lang erfaring med å spele i band og visste vel kor givande dette kunne vere. Han hadde elevar i skulen som han gav høve til samspel. To av desse var Peder Holt, som hadde fått låne bassgitar frå Bedehuset, og Per Kristian Hove på el-orgel og synth. Peder fekk litt instruksjon om basspeling av Peder Vikenes sidan Fred Røyseth ikkje hadde slik erfaring. Når desse to eller andre elevar øvde, kunne musikkskulen stille med mykje utstyr slik at dei kunne få støtte i ei tidleg form for playback, som gav dei kjensle av å vere i ei større gruppe. Per Magne Øvrebust fortel at av og til fekk han vere med Per Kristian og Peder på gitar. Han syntest det var kjekt med slikt samspel og fekk til og med prøvd seg som bassist i lag med Per Kristian ved ein opptreden på Svorta.

Peder Holt skifta instrument og vart etter kvart flink på klassisk gitar. Per Kristian fortsette å spele etter han reiste frå Stordal og han har mellom anna vore med i danseorkester på el-bass.

Peter Johansen

Peter kom til Stordal i 1984. Som så mange andre helgelendingar kom han for å arbeide i møbelindustrien. Peter hadde vore med å starta bandet Ludvig i Brønnøysund i oktober1980. Dette var eit band med åtte medlemmer der seks av dei var med heile levetida, mellom dei Peter, og nokre andre som var innom til ulike tider. Bandet hadde vokalist som også spelte gitar, fleire gitaristar, keyboard, slagverk og to jenter som spelte både treblås og andre instrument. Repertoaret var mest rockeprega coverlåtar men også anna av tidas populærmusikk – alt frå Beatles via Procol Harum til Åge Aleksandersen.

Peter Johansen i øvingslokala til bandet «Ludvig» utanfor Brønnøysund. Vi ser den originale veggkledninga – 400 eggkartongar. Foto henta frå «Rock- og pophistorier frå Sør-Helgeland».

Bandet var i sving fram til juni 1982, då fleire reiste ut for arbeid eller utdanning. Historia til Ludvig er såleis, som for mange andre liknande band i distrikta, ikkje så lang, men har tydeleg sett sitt preg på dei som var med. Dette kjem fram i ei nyleg utgjeven bok «Rock- og pophistorier frå Sør-Helgeland». Nokre av medlemmene minnest her tida i bandet med gode opplevingar og mykje styr. Camilla: «Det var veldig mye mas om at vi spilte for høyt.»

To lokale band frå Brønnøysundområdet var lagt ned og tre av dei som spelte der, slo seg saman og fekk med seg Peter for å starte på nytt. Dei leitte etter fleire interesserte i musikkmiljøet i byen og fekk sett saman ein gjeng som kunne skape det lydbildet dei var ute etter. Dei fekk lånt eit gammalt hus om lag ei mil utanfor Brønnøysund. Her dekte dei veggane med 400 eggekartongar, fekk måla taket og lagt teppe på golvet. Her blei det øvd frå oktober 1980 fram til mars 1981 då bandet opptredde offentleg for første gong på samfunnshuset i Brønnøysund.

I tillegg til Peter var desse med i bandet frå starten: Morten Horn, Øyvind Kvam, Thor Nilsen, Per Morten Samuelsen, Camilla Knoph, Bjørg Reppen og Jan Kåre Kjølsø. Foto henta frå «Rock- og pophistorier frå Sør-Helgeland».

Bandet hadde mange speleoppdrag fram til våren 1982, då etterspørselen blei mindre og bandet etter kvart vart oppløyst.

Også Peter minnes tida i Ludvig med glede. Mange som har opplevd å ha det kjekt i slikt musikalsk fellesskap, ønskjer å gjenta dette. Slik også med Peter. Han var spent på om det kunne bli meir bandspeling i Stordal, men då han kom var det berre eit band i aktivitet og dei hadde si besetning. I åra framover blei Peter likevel med i mange ulike grupper utan at han har hatt noka fast bandtilknyting.

Peter er spesielt nemnd her fordi han har vore ein viktig person for musikkmiljøet i Stordal særleg som del av musikkverkstaden og som lydmann på mange tilstellingar i bygda. Dette kjem fram i andre delar av dette attersynet.

Per Magne Øvrebust

Per Magne Øvrebust. Foto: Privat

Per Magne vart tidleg gripen av musikken og engasjerte seg både i skulekorpset og på andre område. Han lærte klarinett og saksofon på musikkskulen og fekk vere med på nokre Ørstakurs, som unge og lovande musikantar fekk tilbod om frå korpset. På eitt av desse kursa såg han i ei forretning ein el-gitar, som han pruta ned til ein pris han ikkje kunne la gå frå seg. Han var minst like interessert i gitar, som var det mest brukte instrumentet i musikkformene som var populære i hans oppvekst. Farmora spelte gitar i sin ungdom og hadde lært han litt, men som for så mange andre, vart Lillebjørns Store Gitarbok den viktigaste inngangshjelpa til gitarverda. Etter kvart skulle bass bli hovudinstrumentet til Per Magne.

Bellycasters

Per Magne Øvrebust arbeidde på Helland etter ungdomsskulen. Her var det fleire som spelte, og dei vart bedne om å laga litt underhaldning ved opninga av den nye paviljongen til fabrikken. Her måtte Per Magne spele bass. Han kjøpte då bassen til Håvard Remme og øvde som ein galen for å vere klar til opninga.

Dette gjekk bra og basspelinga gav meirsmak. Han ville spele i band og det ville også Håvard. Per Magne fortel:

«Tomas Sund flytta til Stordal for å arbeide eit år møbel. Han bur hjå bestemor si på Holt og har med seg trommesett som står i kjellaren der. Holt-Jorunn er glad i musikk, og når det er vanskeleg andre plassar, får Tomas lov til å ta med seg kameratar for å spele i kjellaren der. Det var sikkert eit forferdeleg bråk, og det var ofte litt seint på kveld. Men Jorunn syns at det var greitt.

Tomas arbeider på Hove og blir kjent med Håvard Remme. Eg blir også invitert dit for å spele bass. Etter nokre treff framme på Holt blir vi einige om å prøve å få til eit band, og eg skriv søknad til Bjørnar Midtbust (rektor) og vi får lov til å øve på musikkrommet til skulen. Siri Dybdal ville vere med å synge, men ho måtte ofte litt snart heimatt. I ettertid er det ikkje rart; alle skrudde opp seg sjølv på full styrke, og gitarane slo på alle strengane, slik at lydbildet var heilt forferdeleg. Mest av alt kunne ein høyre cymbalar som reiv lufta i to. Når folk heller ikkje alltid hadde same akkordar, så tenkjer eg at det måtte vere vanskeleg å vere vokalist. Peter Johansen var også med som «sologitarist».«

Dei kalla bandet «Bellycasters». Det var Peter sin ide. Det var ein kombinasjon av eit band frå Vestnes, som heitte Beerbellies og eit band som kalla seg «Hellecasters». Dei sistnemnde var kjempegode og «spelte dritstilig gitarmusikk på Telecaster-gitararar». I mangel på betre idéar, så vart det til at dei skreiv Bellycasters på plakaten første gongen dei spelte.

Bellycasters i debuten på Fjordgløtt. Håvard Remme, Peter Johansen, Tomas Sund, Per Magne Øvrebust og Siri Elise Dybdal er ikkje så lett å kjenne att på denne slitne VHS-videon, men dei vart godt mottekne av publikum.

Debuten var på Fjordgløtt kafe. Her spelte dei også eit par gongar til – ein gong med Asbjørn Aunli som vokalist. Siri Dybdal var med også medan ho var heime frå songlina på folkehøgskolen, men gav seg då ho begynte på studium i Edinburgh. Der deltok ho i ulike grupper, mest i ein duo med ein profesjonell jazzsaksofonist, Russell Henderson, som i lag med Siri spelte gitar. Dei underheldt på pubar rundt i byen. Ho var og med i eit band i Falkirk, ein mindre by utanfor Edinburgh. Etter heimkomst til Noreg har ho delteke i kor m.a. eit solistkor på Ås.

Bandet Bellycasters var i aktivitet eit par år. Det var også fleire med på slagverk, m.a. Stig Ove Aas.

Boots

Sig Ove Aas budde ein periode i Stordal. Han var ein dyktig trommis og spelte i fleire band. Eitt av desse var countrygruppa Boots på Vestnes. Denne gruppa vart starta i 1997 og var svært populær og aktiv i ei årrekkje. Sogelaget i Vestnes har kartlagt band og grupper i kommunen og oppdatert fram til 2009. Her kan vi lese at dei bidrog med låtar på fleire samle-CD-ar med norsk country i perioden frå 1998 til 2005. Boots på Rock On The Dock – Vestnes Musikkverksteds 20-årsfeiring! Boots består av Magne Steinsvoll: vokal/elgitar, Tor Aahjem: akustisk gitar/vokal/kor, Roger Rishaug: bass/kor og Stig Ove Aas: trommer.

Boots var framleis aktiv i 2010, då dei spelte på Vestnes Musikkverkstads 20-årsfeiring.

Boots på Rock On The Dock – Vestnes Musikkverksteds 20-årsfeiring! Boots består av Magne Steinsvoll: vokal/elgitar, Tor Aahjem: akustisk gitar/vokal/kor, Roger Rishaug: bass/kor og Stig Ove Aas: trommer.

Per Magne Øvrebust vart henta inn i bandet som vikar av Stig Ove då den faste bassisten ikkje kunne stille. Vikariatet varte i to år.

Kjellarbandet

Per Magne har laga seg musikkrom i kjellaren i huset. Der har han trommesett og piano og det som skulle trengast. Dette er primært hans eige øvingsrom, men han samlar også andre der. I ein periode øvde t.d. toradargjengen fast der – med Per Magne på bass.

Frå kjellaren og ut i ei lys jonsoknatt for Kjellarbandet med Roger Johnsen vokal/kassegitar, Arnstein Arnes kassegitar/kor, Per Magne Øvrebust elgitar, Rob Timmers bass og på slagverk. Vi merkar oss at det er om lag scenebakgrunn her som på Breidablik om enn i forskjellig format! Foto levert av Per Magne Øvrebust

Dei hadde også eit band med Roger Johnsen vokal/kassegitar, Arnstein Arnes kassegitar/kor, Per Magne Øvrebust elgitar og Rob Timmers bass, som øvde i eit par år i kjellaren.

Kjellarbandet spelar opp på jonsokfesten. Lydopptak levert av Per Magne Øvrebust


Dei opptredde tre gongar. Ein gong på Dyrkornkaia ein jonsokkveld. Deretter på moloen ved badeplassen – også det ved jonsokfeiring. Gruppa spelte også på Nilsgardstunet fredagen før Stordalscup i 2012.

Administrator og lydmann

Per Magne Øvrebust er framleis aktiv både i korps og i andre grupperingar. Ein bassist er alltid etterspurd, men han kan like godt opptre med song og gitar – åleine eller i lag med andre. Hans administrative arbeid har vore minst like viktig som hans virke som musikar. Han var svært sentral i å bygge opp Stordal musikkverkstad, og han har vore med og lagt til rette for at mange ungdomar har fått prøvd seg som bandmedlemmar. Han har også stått for lyd på svært mange tilstellingar alt frå mindre opplegg i Grendasalen til store oppsetjingar i Kyrkjehola Kulturbeite. Per Magne er ein viktig mann for musikklivet i Stordal.

Per Magne har også vore svært viktig for dette prosjektet. Han har ført oss på sporet av kven som var aktive frå 1990 og til 2020 og i tillegg lete oss få bruke ei mengde med lydopptak som han har stått for. Vi er stor takk skuldig!

Mange grupper skipa for spesielle høve

Men det skjedde også mykje på andre arenaer. Det har alltid vore sett saman grupper for å underhalde på festar og tilstellingar. Nokre av gruppene kunne vere aktive over år og andre berre for det eine høvet. Musikalske personar med spelelyst og interesse for å gi noko til andre, har kome saman, stilt opp og delteke. I ei av desse gruppene var Stig Ove Aas i lag med Peder Vikenes, Peter Johansen, Tore Sandvi, Frank Bjørdal, John Terje Drege, og Asle Olsen. Desse spelte og song om Stordals glade gutter på opninga av Stordalshallen i 1997. Denne gjengen var i sving ei kort tid før sola gjekk ned også for denne gruppa.

Stordals glade gutter spreidde glede på opningsfesten til Stordalshallen 1997

Asle Olsen

Asle Olsen. Foto: Arild Hove

Det var ikkje berre på 1950-talet stordalingane vart styrka musikalsk med krefter utanfrå. Nokre vart her ei kortare tid, som t.d. Torstein Buhagen, medan andre har gjort stordaling av seg permanent slik som Asle Olav Olsen. Han hadde alt som 5-åring begynt å lære seg fløytespel. Så vart det trekkspel, kornett i Hilstad skolekorps før han konsentrerte seg mest om gitar og song. Gitarspel måtte han lære seg på eigen hand. I slekta er det mange spelemenn så det var naturleg at også Asle spelte til dans. Allereie frå han var 16 år spelte han i bryllaup og til dans i Velfjord saman med ein på trekkspel. Asle gjekk møbelsnikkarlinja på Steinkjer der han budde på internat i lag med mange musikkinteresserte. Også der blei det speling på dans med ein på trekkspel. Det var såleis ein allsidig kar med mykje musikalsk ballast, som kom hit til bygda, og her begynte han å spele i lag med nemnde Torstein Buhagen.

Asle Olsen var med i Pejolane som framførte visa Kjellarkultur i Hornmusikkrevyen 1985 i lag med Per K. Remme, Jon og Ole Åsen, Odd Einar Kalvø og Kjell Nilsen. Odd Johan Overøye akkompagnerer. Video: SHL

Asle vart etter kvart med i Pejolane og også i Blandakoret før han tok meir utdanning. Då Hornmusikken skulle arrangere sin andre revy i 1985, var Pejolane svært sentrale aktørar. Hornmusikarane skulle spele og arrangere, så aktørar utanfrå var naudsynt. Dette var også nødvendig i 1997 og 1999 då Stordalshallen var arena for nye revyar. Asle Olsen var ein av dei første som vart spurd om å vere med att, og han fekk berande roller. Han var også sentral i Cor-x og fleire andre grupper.

Jarle Helgesen

Jarle Helgesen. Foto: Privat

Asle fortel at samarbeidet med Jarle Helgesen var noko av det han sette høgst pris på. Begge var med på å starte Cor-x (sjå Kap. 3), og dei spelte saman i fleire grupperingar med G-4 (gutta med G-streng) som høgdepunkt for Asle.

G-4 held høg musikalsk standard og hadde fleire framføringar m.a. på 17. maifesten i Stordalshallen og konsert på Nilsgardstunet.

Jarle Helgesen er også ein av innflyttarane til Stordal som har vore med å gjort livet rikare for våre innbyggarar. Han har vore sentral i opplæring via skule og kulturskule, som dirigent for Hornmusikken, Skulekorpset og Cor-x, som utøvar i mange grupper og som solist og instruktør m.a. på revyane til Hornmusikken i 1997 og 1999. Her måtte han ta på seg fleire oppgåver enn tiltenkt sidan han måtte ta over solistoppgåver når andre ikkje fekk det skikkeleg til.

Det er stas å vere musikant for eit slikt publikum. G-4 har sin første opptreden på 17. maifesten 2012. Foto: Hallgeir Hove

Jarle har også tilpassa melodiar, arrangement og oppsetjingar slik at deltakarane fekk oppgåver dei kunne meistre. Dette er kanskje arbeid som ikkje visast så godt, men alle som har litt innsikt, veit at det trengst kompetanse og mange timar med jobb for å til eit godt arr. tilpassa til kvar utøvar.

Gruppa G-4 med frå venstre Jarle Helgesen, Asle Olsen, Riemo Eisma og Frank Iversen. Her underheldt dei på 100-årsjubileet til Stordal Helselag i 2014. Foto: Hallgeir Hove

Vi trur eitt av høgdepunkta for Jarle, som for mange andre stordalingar, var oppsettinga av We Will Rock You, der han gjorde ein uvurderleg innsats.

Her er eit eksempel på at sjølv svært krevjande arrangement kan presenterast når dei rette kreftene er på plass. Eit utdrag frå cabareten til Cor-X i 1999. Videoopptak: Arild Hove

Jarle er omtala i Kap. 13, som portretterer personar som har gjort ein ekstraordinær innsats for song og musikk i Stordal kommune.

Med musikkverkstaden og kulturskulen som utgangspunkt

Vi har nemnt innsatsen til Jarle Helgesen og at Per Magne Øvrebust, Peter Johansen og Stig Ove Aas gjennom sitt virke på musikkverkstaden var viktige støttespelarar for dei unge som ville spele i lag. Det var også mogleg å få opplæring i kulturskulen og med utstyr både i Stordalshallen og frå 2003 i Ungdomsklubben / Musikkverkstaden, kunne ungdommen bli tilbydd arenaer for øving og framføring.

Ikkje alt av utstyr var klart frå starten. Såleis hadde Magnus Hoff trommesettet sitt ståande der det første året til verkstaden fekk sitt eige. Magnus held fram med å spele også etter han flytta frå Stordal til Trondheim. Han var med i fleire band alt frå danseband til tungrock.

Magnus inspirerte nok også broren Adrian, som øvde mykje på trommesettet hans og blei ein god og allsidig trommis med åra. Adrian er med i fleire av banda som er omtala nedanfor.

Daniel Kalvø

Daniel Kalvø (gitar) og Peter Rønning (vokal) på Stordalstrøkk 2006. Foto: Ukjent

Eitt av dei han spelte i, kalla seg Thank You Frankie. Adrian kjende Peter Rønning, som var svært lysten på å spele i band. Kva var då meir naturleg enn å ta kontakt med Daniel Kalvø, som Adrian hadde spelt saman før. Daniel var ein av mange flinke stordalsungdommar som gjorde seg nytte av dei fasilitetane som ungdomsklubben og musikkverkstaden kunne tilby, og som vidareutvikla talentet på musikklina i Fagerlia, der han hadde mange gode kollegaer. Han fekk med seg to av dei og dermed var bandet klart. Desse var med:

Peter Rønning – vokal, Daniel Kalvø – gitar, Adrian Hoff – trommer Alf Johan Knutsen – bass, Leo H. Hauge – keyboard

Peter Rønning introduserer sjølv kva han, Daniel, Alf Johan og Adrian spelar på Stordalstrøkk 2006. Lydopptak levert av Per Magne Øvrebust

Peter Rønning er ein flink vokalist, som framleis er aktiv musikar og reiser landet rundt som trubadur.

Denne gjengen opptredde på Stordalstrøkk 2006 og fekk svært gode tilbakemeldingar. Det var flinke musikarar med i gruppa. Daniel Kalvø fortel at han gjekk i klasse med Alf (frå Ørskog) og Leo (frå Brusdalen. Daniel har enno kontroll på setlista frå denne konserten: 1. Intro: Greensleves (trad.) 2. Cuts Like a Knife (Bryan Adams) 3. Run to you (Bryan Adams) 4. Mistreated (Ritchie Blackmore, David Coverdale) 5. Heart of Gold – Neil Young. Akkurat denne besetninga spelte i lag berre denne eine gongen, men det var vanleg at musikklinefolka spelte i lag i mange konstellasjonar..

Daniel minnest også ein konsert på ein utedans i Stordal frå den tida han gjekk på musikklina. Då var Leo med i lag med Christian Winther, Maria Holand Tøsse, Kim-Erik Lillestøl og Lisa Uhlen. Også her var det god kvalitet i besetninga. Leo og Kim i Leo Hauge and the Kim Lillestøl Band, kom såleis eit godt stykke i UKM med ”Memphis Stomp” som dei framførte der.

Daniel fortel at det vart mindre tid til musikk i studietida, men i dag er han i full sving att. «No jobbar eg sakte men sikkert med den første utgivelsen», kan han avsløre. Spennande nytt! Og vi ser fram til å høyre resultatet.

Adrian var i aktivitet igjen med bandet Marius and the Outliggers, som debuterte på same arrangementet. Denne gruppa er omtala i eige punkt. På same Stordalstrøkk 2006, stilte også bandet Badetis med Knut Sivert Vikenes frå Stordal, Eivind Volle, Johan Møgster og Lars Rødset opp. Dette bandet hadde tilhald på Stranda der Knut Sivert gjekk på skule.

Knut Sivert Vikenes

Eivind Volle og Knut Sivert Vikenes spelte i bandet Badetis i 2006. Foto levert av Knut Vikenes

Knut hadde då vore godt synleg i musikkmiljøet i Stordal i fleire år. I hans familie var det mykje gitarspel og song så han kom tidleg i gong. Knut Sivert var ein av dei som gjorde seg nytte av utstyret på musikkverkstaden ofte i lag med Åge Staurset. Som duo opptredde dei på mange tilstellingar m.a. på UKM der dei var med lokalt og på fleire fylkesmønstringar i 2005 – 2007 . Sjå om UKM i kap. 11.

Knut spelar saman med far Peder og bror Ole, Olai Nakken og Svein Furset på årsfesten til Stordalshallen i 2009 der Dalane var arrangør. Video: Ørskog videoklubb
Knut Sivert Vikenes og Arve Rein Nes Sleveland – Fylkesmønstring 2009. Foto levert av Knut Vikenes

Knut deltok også i UKM for Stranda med eigenprodusert materiale i åra 2006 – 2009 enten åleine eller i duo. Alle åra kom han til fylkesmønstringa etter den lokale mønstringa. Ein av dei han spelte saman med var Arve Rein Nes Sleveland. Desse to var også i lag i bandet Say No To Sin saman med Johan Olav Røsvik Synnes (frå Vigra, piano) Fabian Davik (frå Sjøholt, slagverk). Knut var vokalist og gitarist medan Arve spelte bass i dette bandet, som var i aktivitet frå hausten 2008 til hausten 2009. Say No To Sin fekk med seg eitt Stordalstrøkk i si levetid.

I John Fogertys Travellin’ Band får Knut Sivert Vikenes vist at han er ein særs dyktig musikar. Opptaket er levert av Knut.

Så følgde eit par år med lite musikkaktivitet då han arbeidde på sjøen. Frå 2011 til 2014 var Knut aktiv som trubadur samstundes som han jobba med innspeling og eigenutvikling. Denne perioden hadde han oppdrag i kyrkjer, barnedåpar, gravferder m.m.

Arve Rein Nes Sleveland, Johan Olav Røsvik Synnes, Fabian Davik og Knut Sivert Vikenes i bandet Say No To Sin Foto levert av Knut Vikenes

I 2015 flytta Knut opp att til Sunnmøre og blei fast hustrubadur på familieføretaket Blåtind. Han spelte for samtlege gjestar dei hadde mellom 2015 og fram til han bytte beite i oktober 2018. I disse åra så underheldt Knut med song og gitar ca. to kveldar i veka.

Knut har eit breitt repertoar avd ulike sjangrar. Her med balladen Shameless weeknd Låtskrivere: Savan Kotecha, Ali Payami, Peter Svensson, Ahmad Balshe, Abel Tesfaye. Knut har sjølv levert lydopptaket
Knut Sivert Vikenes underheldt gjestar på Blåtind. Foto: Blåtind

Men Knut hadde også tid til prosjekt utanom Blåtind. Han minnest konsertar i Geiranger Kyrkje og Stranda Kyrkje sommaren 2016 med Alf Prøysen-repertoar, som høgdepunkt. Også opninga av «julegata» på Devoldfabrikken i Langevåg same året var kjekt. Julekonserten på Stranda året etter var ei fin oppleving. Dette året var han også med i TV2 si kåring av The Voice. Han kom seg langt ut i rundane før han måtte takke for seg. Sjølv synest han nok at han ikkje gjorde så stor suksess, men mange av tilhengarane hans var imponerte over innsatsen.

Knut Sivert har også halde fram med å underhalde bygdefolket med framføringar på hallfestar og i andre samkome. Særleg populært har det vore å ha han som trubadur på pensjonistlaget sine samkomer. Her har han funne fram melodiar frå pensjonærane si ungdomstid. Med flotte presentasjonar har dette vore midt i blinken for målgruppa. Vi er trygge på at bygda vil få mykje meir glede av Knut sitt talent i åra framover.

Mange aktive

Det var mange fleire talentfulle ungdommar som brukte lokalitetane til ungdomsklubben og musikkverkstaden. Rundt halvparten av skuleelevane gjekk på kulturskulen, og mange fekk opplæring på andre instrument enn det som trongst i Skulekorpset – mange spelte også både blåseinstrument, tangentinstrument eller strengeinstrument. Skulle desse spele saman utanom korpset, møttest dei gjerne musikkverkstaden.

Kristoffer Olai og Kristina Malene Ravn Stavseng (sjå Kap. 6) hadde sitt hovudfokus på fele og cello, men begge har også stilt opp i forskjellige grupper på ulike tilstellingar i Stordal. Ei slik gruppe var Changeable Blocks med Adrian Nakken på trommer, Petrine Alne på bassgitar, Vegard Busengdal på gitar og Jenny Kristin Langlo, Kristina Malene Ravn Stavseng og Kristofer Olai Ravn Stavseng. Desse stilte i UKM i 2009 i lag med mange andre som hadde «base» i klubblokala.

I kap. 11 er det gitt referat frå ein del arrangement som t.d. UKM og Stordalstrøkk, som til fulle viser breidda i den aktiviteten musikkverkstaden, kulturskulen og ungdomsklubben var med å hjelpe fram.

Det var berre få av alle som deltok i desse aktivitetane som danna grupper som varte over tid eller hadde musikk som hovudsatsingsområde. To som brukte desse tilboda mykje og som satsa hardt, var Maria Holand Tøsse og Jenny Kristin Staurset Langlo. Desse to får ekstra omtale. Det får også dei som etablerte bandet Marius and the Outliggers.

Maria Holand Tøsse

Maria Holand Tøsse i Idol 2006 då ho 17 år gammal var med mellom dei 10 i finalen

Maria hadde fått vist sitt talent i mange samanhengar medan ho framleis var i alder for skulegang i Stordal. Då ho kom inn på musikklina på Fagerlia i Ålesund, opna ei ny tid seg med både nye moglegheiter og utfordringar. Ho fekk nye musikkvenner og var med i forskjellige grupper. Men ho satsa og for seg sjølv og melde seg på Idol, som hadde blitt eit svært populært program, som mange drøymde om å vere med i, men som kunne vere brutal for den som ikkje nådde opp. Dette skremde ikkje Maria, og ho skuffa korkje seg sjølv eller andre. Ho viste seg som ein av dei aller flinkaste og var med heilt til det berre stod att ti av dei mange tusen som starta. Heile Stordal var stolte av «Idol-Maria».

Maria – songar, underhaldar, låtskrivar, forfattar – men først og fremst eit godt medmemmeske og god stordaling som lengtar heim til jul

Mellifluous Lunacy

Ei av gruppene som Maria var med i med utgangspunkt i Fagerlia, var Mellifluous Lunacy eller på norsk Honningsøt Galskap, som dei også brukte som gruppenamn, der Maria Holand Tøsse var saman med Hildegunn Garseth Ulvestad, Lisa Uhlen Ryssevik og Iris Kristine Roppen Tangen. Dette bandet starta dei opp hausten 2006 og dei arbeidde etter kvart fram eit repertoar med eigenkomponerte rocke- og hardrocklåtar. Alle jentene song og eit særpreg blei deira fleirstemte vokal. I tillegg var dei sjølvforsynte med gitar, bass og perkusjon.

Mellifluous Lunacy syng deira eigen låt Come back Once More i 2008
Honningsøt galskap med Iris Roppen Tangen, Hildegunn Garseth Ulvestad, Lisa Ryssevik Uhlen og Maria Holand Tøsse er videre i X-faktor.

I 2008 deltok gruppa i UKM med songen Erase it all og dei vart valde ut til fylkesmønstringa. Men det stoppa ikkje der – dei kom heilt til Landsmønstringa i Trondheim spektrum der dei fekk mange godord for framføringa si. Dei opptredde også i Tordenskjoldsparken.

Bandet var populære deltakarar på mange lokale arrangement, men ville gjerne vise seg for eit større publikum. I lag med 8000 andre melde dei seg på Tv2-programmet X-faktor i 2009. Der blei dei plukka ut som ei av 8 grupper og var då mellom dei 24 som skulle kjempe om 12 finaleplassar. Dei fekk Mira Craig som coach og blei installert på Camp Craig der dei fekk mange nyttige tips både om sceneopptreden og musikalsk. Dessverre vart dei ikkje mellom dei fire gruppene som gjekk vidare, men dei fekk mykje ut av det, som dei sjølve skriv på bloggen sin.

Deltaking på Raumarock er prestisjefylt og her stilt dei opp same hausten til stor begeistring frå publikum og presse! No var jentene spreidde på ulike stader og det vart mindre sjansar for øving og samspel, men dei fortsette m.a. med speling på John Dee i Oslo i 2010 og på jazzfestivalen i Molde. Det er ikkje noko aktivitet på heimesida deira etter 2011.

SANS

Tre av jentene held seinare fram samarbeidet i gruppa SANS, som laga sine eigne tolkingar av kjende låtar av ulikt slag. Dei hadde fleire framføringar også i Stordal i m.a. konsert i fullsett Grendasal, ved opninga av Stampa på Jøsvoll og eigen julekonsert i kyrkja. Vi har funne eit referat i Vikebladet 18.04.2014, som fortel litt om bandet sin stil:

SANS – frå venstre: Iris Kristine Tangen Nanseth, Maria Holand Tøsse og Hildegunn Garseth Ulvestad. Bildet henta frå video på YouTube.

«Gymsalen til Hjørungavåg skule var fylt til randen då dei tre Sans-jentene kom marsjerande opp på scena. I ei salig blanding av kjende pop-låtar, litt funk og jazzprega musikk sette dei publikum i stemning frå første stund.

Blant songane var Nora Jones sin «Dont know why», «Rolling in The Deep» og voldingen Egil Olsen sin «Sing a Songwriter».

Sans hadde fått med seg Georgie Paskalev på bass, og dei djupe tonane frå gitaren hans gav ei ekstra fylde til musikken.

Paskalev er lærar ved Fagerlia vidaregåande skule, og det var akkurat der Sans-jentene fann kvarandre musikalsk for ni år sidan. Dei starta først bandet «Inste grana» så «Female Instinct», og deretter «Mellinfluous Lunacy». No har dei gått over til «Sans», enkelt og greit.

Iris Tangen Roppen er frå Hjørungavåg, Maria Holand Tøsse frå Stordal og Hildegunn Garseth Ulvestad frå Sjøholt.

– Eg må seie eg er overraska over kor mykje folk her er, sa Iris Roppen Tangen og speida utover publikum i gymsalen på Hjørungavåg skule.

– Skikkeleg gøy, la ho til.

Og det var akkurat det det var: ein skikkeleg gøy konsert. Den mest ordrappe av dei tre er utan tvil Maria Holand Tøsse. Ho flørta med publikum og heldt det gåande med kjappe replikkar mellom songane. Men det som imponerte aller mest var den proffe musikalske framføringa. Iris Roppen Tangen si traktering av rytmeinstrumenta, Hildegunn Garseth Ulvestad sitt gitarspel og Maria Holand Tøsse si songstemme var saman med koringa til Roppen Tangen og Garseth Ulvestad ei musikalsk gledestund.

Konserten i Hjørungavåg var delt i to bolkar. I pausen var det sal av kaffi og kaker frå eit bugnande kakebord, og Iris Roppen Tangen nytta høvet til å takke både kakebakarane, Hjørungavåg skulekorps, Hjørungavåg brass og mora Wenche for hjelp og støtte.

Til slutt vart det ståande applaus og ekstranummer. «I will wait for you» var eit av nummera deira. Og lett omskrive er vi mange no som ventar oss meir av Sans.«

Det ser ut som det var slutt med framføringar for gruppa etter 2015.

SPARK

Siste åra har Maria vore med på store prosjekt som ABBA-oppsetjingar, men aller mest hatt eigne framføringar på mange ulike arenaer alt frå gravferder til kommunale festar. Men inn i mellom har ho hatt mange opptredenar saman med gruppa SPARK, som gir denne karakteristikken av seg sjølv:

Maria Holand Tøsse i lag mad bandet Spark i konsert på Skodje. Trond Gisnås – el. gitar, akustisk gitar, fele, mandolin og vokal. Jan Erik Bakkelid – trommer/perkusjon, munnspill og vokal. Lars G. Øverås – bass og vokal. Helge Johan Berg – piano/orgel, akustisk gitar og vokal. Bilde henta frå Facebook

SPARK er et allsidig band – med mange musikalske uttrykk. Som band er vi relativt nyetablert, men har hver for oss mye og svært variert musikalsk erfaring – fra klassisk, folkemusikk, populærmusikk til tung rock.

Medlemmene spiller/har tidligere spilt i band som Pacific Union, Brothers In Arms, Little Wing, Rubbel og Beat, Teachers, Norwegian Orgasm, Glaze m.m.

Spillelista til SPARK inneholder gode låter fra 60-tallet til i dag, og noe egenprodusert materiell – alt med SPARK-signatur.Noen kjente artister/grupper du vil kjenne igjen i.l.a. av en kveld med SPARK: Ask Embla, Marc Knopfler, Johnny Cash, Henning Kvitnes, Eric Clapton, Hellbillies, Bigbang, Bruce Springsteen, The Beatles, Ola Bremnes, The Pogues og mange flere..For tiden jobber SPARK også med et konsept som nok blir mere lyttestoff enn dansestoff. Vi tenker dette kan passe til alt fra mindre lag, til kulturscena, til samarbeidsprosjekt m.m. ….

Maria har gjort og gjer ein stor innsats for musikklivet i Stordal. Sjå nærare om dette i Kap. 13.

Marius and the Outliggers / Child’s Play

Ei solskinnshistorie

Marius And The Outliggers blei starta opp 27.november 2006 i ein mørk dal på Sunnmøre, nærare bestemt Stordal. Bandet består av Claus Hoff (vokal), Robin Aasen (rytmegitar), Åge Staurset (sologitar), Karl Petter Øie (bass) og Adrian Hoff (trommer). Musikken kan kanskje karakteriserast som melodiøs, med masse trøkk!
Dei fortel sjølve på si Facebook-side om korleis dei kom i gong:

Det var ikkje så greitt i starten for the Outliggers. Frå v.: Adrian, Robin, Åge, Claus og Karl Petter. Foto frå Facebooksida.

Alle fem karane hadde stor suksess og framgang i sitt daglege liv, men hamna etter kvart i stordalsslummen i kvar si pappkasse grunna dårlege val, litt for stor sjølvdigging og manglande respekt for normer og reglar. Dei som kjenner dette tunge og mørke miljøet veit at det ikkje er lett å kome seg ut og løfte seg opp i lyset att. Mange venta såleis at karane skulle bli buande i stadig meir forfalne pappkasser.

Marius and the Outliggers på Funk for Forest i Geiranger juli 2009. Foto henta frå Facebooksida.

Dette var ei trist historie, og vi ser kor langt nede dei var. I deira memoarer ser vi at dei til og med hadde mist sitt heimlege språk! Lukka var at det skulle arrangerast eit rusfritt arrangement kalla Stordalstrøkk på denne tida. Nokre av dei kloke i bygda såg her ein sjanse til å løfte desse karane ut av elendet. Dei fekk god tid – heile fire dagar med øving – frå oppstarten til dei skulle på scena. Heldigvis stilte dei nokolunde presentable, og bandet fekk til og med fleire speleoppdrag – etter kvart også utanom bygda!

Marius and the Outliggers frå tidleg i karrieren med låta Insane. Lydopptak levert av Per Magne Øvrebust

Framleis hadde dei ikkje råd til å kle seg opp, men dei fekk iallfall vaska tøyet slik at det hende at publikum torde seg nær scena. Det kan vi faktisk sjå på bildet frå Geiranger!

Marius and the Outliggers opptrer på Stordalstrøkk
Child’s Play spelte på Vega i Ålesund i oktober 2010

Etter at dei begynte å tene pengar, kom også ønsket om vise at dei hadde ei fortid frå oppegåande heimar sjølv om mykje av leiken i barndommen gjekk tapt. Dei ville vere pene i tøyet og vise ei meir leiken side. Dei kom så i ny klednad under namnet Child’s Play etter at dei avslutta eit oppdrag i Geiranger i juli 2009. Gamlebandet hadde hatt oppdrag på Vega i Ålesund, og hit blei også nye Child’s Play booka.

Stordal hadde no fått sine første band-popstjerner og det blei spennande speleoppdrag t.d. på RaumaRock, som var eit skikkeleg prestisjeoppdrag, etter at dei kvalifiserte seg frå Øresus-konkurransen.

Bandet begynte å legge ut eigenprodusert musikk på streamingsmedia og fekk mange som høyrde på. I mai 2010 bar det av stad til studio i Oslo for å spele inn deira første EP, men fekk produsert nok låtar til ein LP.

Video henta frå YouTube av Get up! live frå Rokken i Volda 2011

Dei neste to åra hadde dei mange oppdrag: Fleire på Vega, to gongar på RaumaRock og besøk på Rocken i Volda. Det var og mogleg å høyre dei spela via lenker til NRK/Urørt, der mange av dei spennande nye banda blir promotert. Dei var og aktive på heimebane.

I 2012 tek det slutt med oppdateringar på Facebooksida til Child’s Play. Det kan virke som om dei då hadde fått leika frå seg og var klare til å gå vidare i livet. Vi ser av målføret på skriveriet deira at det enno sat att litt av den vonde tida, men det ryktest at dei i ettertid har skikka seg svært bra og no står fram som stødige borgarar i soignerte heimar.

Jenny Langlo

Jenny Kristin Staurset Langlo framfører vinnarmelodien i Idol 2011.

16. desember 2011 var «halve Stordal» samla på Nilsgardstunet for å sjå og høyre finalen i Idol på TV2. Dei som ikkje var der eller i Oslo Spektrum, sat klistra til skjermen enten dei var heime eller annan stad i verda. Vesle Stordal hadde «store» Jenny i finalen i den kanskje hippaste av alle musikkonkurransar! Tidlegare hadde Idol-Maria (Holand Tøsse) vist at det går an å hevde seg om du kjem frå ein liten stad dersom talentet er til stades. Og denne kvelden kunne ekstatiske stordalingar saman med mange andre juble over seier til Jenny! Det går vel ikkje an å vere meir stolte av å vere stordaling enn vi var den kvelden.

Bjørn, far til Jenny, svarte på spørsmål om korleis ho hadde blitt så flink at ved sida av ein god miks av genar frå Stranda og Stordal, så var tida i skulekorps og musikkopplæring viktige erfaringar.

Ivrige Jennysupportarar frå Stordal

Jenny begynte i tidleg i korps og valde tenorsaksofon som instrument. Ho fortel sjølv om si tid i korpset i samband med 50-årsjubileet til Stordal skulekorps (sjå kap. 7). Ved sida av korps lærte Jenny også å spele gitar. Dette blei etter kvart minst like viktig instrument som sax-en og ekstra motiverande då ho fekk el-gitar.

Mormor til Jenny var aktiv i kor- og visesong – den første leiaren av visegruppa i Ungdomslaget. Kanskje kom inspirasjonen derifrå til å kombinere gitarspel og song og etter kvart å lage eigne låtar.

Jenny Langlo opptrer på Stordalstrøkk 2009. Foto: H. Hove

Det var mange i Stordal og området rundt som var aktive innan pop/rock-musikk. Mange av desse var å høyre på musikkverkstaden, Stordalstrøkk og ungdomsklubben. Her var også Jenny ivrig deltakar både musikalsk og som brukarrepresentant i administrasjonen. Også skytebana og Grendasalen i Stordalshallen vart brukt til øving. Jenny spelte ein del saman med Adrian Nakken på slagverk og fleire stordalingar og eit par valldalingar med gitar var også innom desse øvingane.

Jenny stilte opp når ho blei spurt til glede for publikum og arrangørar som t.d. Hornmusikken, som hadde countrymusikk på programmet. Dette er to år før ho vann Idol. Her i C’est la vie av Emmylou Harris i arr. av Magne Rutle.
Andreas Skuggen og Jenny Langlo i NRK

Då Jenny tok til å opptre enten åleine eller i grupper, var det mange som skjønte at ho hadde talent langt utover det vanlege. Dette i kombinasjon med dedikert øvingsarbeid og vilje til å lære gjorde at ho fekk vist seg fram både lokalt, regionalt og nasjonalt innan UKM. Samarbeidet mellom Jenny og Andreas Skuggen frå Sjøholt var og er framleis spesielt velklingande og musikalsk. I fleire år hadde vi gleda av å sjå og høyre Jenny åleine eller i godt selskap i mange slags tilstellingar i Stordal både før og etter ho slo til i Idol.

Etter Idol har Jenny delteke i mange slags musikalske settingar og gitt ut fleire singlar med sjølvskrivne låtar. Ho hadde m.a. ein av favorittane i den norske MGP-finalen i 2015, men nådde diverre ikkje heilt opp.

Jennys flotte MGP-bidrag i 2015
Jenny Langlo i samband med promotering av MGP 2015. Foto: NRK

Dei siste åra har Jenny hatt store roller på teaterscena. Det begynte med oppsettinga «27 – The Club», som handlar om ei rekkje populære artistar som døydde i ung alder – Brian Jones, Jimi Hendrix, Janis Joplin, Jim Morrison, Kurt Cobain og Amy Winehouse. Alle døydde alt for unge berre 27 år gamle. I denne førestillinga ved Brageteatret i Drammen portretterte Jenny Kurt Cobain.

Eit endå større oppdrag fekk ho då ho skulle ha ein av hovudrollene som Cosette i Les Miserables som gjekk med meir enn 100 førestillingar frå premieren i september 2017. Dette var nok eit av hennar kunstnariske høgdepunkt så langt i karrieren. I lag med fleire av våre mest folkekjære artistar gjorde ho stor suksess på Folketeateret i Oslo – ein draumerolle, ifølgje Jenny.

Jenny Langlo i Maratondansen produsert av Teatret Vårt. Foto: Sunnmørsposten

Ein anna hovudrolle hadde ho i Maratondansen, som Teatret Vårt sette opp hausten 2018 med premiere på Arbeidern i Ålesund 26. september. Denne førestillinga omhandlar 1930-åra med sin flott musikk, elegante livsstil men også om kynisme i forhold til menneskeverd og menneskeleg fridom.

Det ligg ei lang musikalsk reise mellom den flotte framføringa til Jenny på Stordalstrøkk 2009 og til dagens artist. Alle stordalingane som har følgt henne på reisa, er stolte og imponerte. Hausten 2020 er Jenny mindre synleg i media. Psykologistudia ser ut til å ha førsteprioritet, men kjenner vi henne rett, arbeider ho med nye låtar både for andre og vonleg også for seg sjølv for ho har altfor mykje ugjort til å la talentet sitt kvile for lenge. Jenny er omtala i fleire kapittel også spesielt i Kap. 13

Deludo

Langt borte frå leikestova til musiserande heimlege stordalingar fann vi ein duo med namnet Deludo. Desse omtalar seg sjølve slik:

«Avon Halo & Leo deQuinto forms the energetic and unpredictable electro-pop-rock duo from the city of the tigers. These two young and talented artists creates magic in sound when they put their heads together. The result is nothing less than genious; a repertoire of sounding melodies, acid licks, pounding beats, trembling fuzz and a truly distinctive vocal. Move to the beat of your new favourite band!»

Denne energiske og uføreseielege elektro-popduoen frå Tigerstaden skaper lydmagi med sitt talent når dei sameiner si hjernekraft. Resultatet blir heilt genialt med nydelege melodiføringar kombinert med drivande rytme, heftige riff og ein særeigen vokal. Dette er bandet å få med seg, seier dei på Facebook-sida si.

Deludo heldt konsert på Stordalscup 2006. Per Magne Øvrebust gjorde opptak og vi kan her høyre ein av låtane som vart framført

Der kan ein finne lenker m.a. til lydkutt frå CD-en Jolt the Mannequin som dei gav ut på eige forlag. Dei hadde også eigen verkstad der dei kunne spele inn plata og få laga det lyduttrykket dei sjølve ville ha.

Avon Halo & Leo deQuinto dannar duoen Deludo. Skulle nokon kjenne att Ole Stavdal Vikenes og Eivind Eriksen, er det same karane. Foto henta frå Facebooksida

Deludo-medlemmene lyder også namna Ole Stavdal Vikenes og Eivind Eriksen. Dei hadde ein svært aktiv periode rundt tiårskiftet 2010. Då gav dei ut sin første singel og albumet kom i 2011 då dette også kunne høyrast på Spotify.

Duoen hadde hovudsakleg speleoppdrag i Oslo-området som t.d. på John Dee, men dei besøkte også for Ole heimlege trakter då dei spelte her i samband med Stordalscup og også tok del i musikkonkurransen til Momentium på Giske i 2012. Den som fekk høyre gruppa live eller lytta til albumet, må vere samde i at dette er talentfulle musikarar som nådde eit svært godt nivå.

Høyr Cd-en til Deludo. Her er spelelista slik den ligg på Spotify

Stordal dansebandforening

Vi treffer att fleire av deltakarane i Child’s Play i Stordal dansebandforrening. Her har dei også med seg Maria Holand Tøsse. Dei laga seg Facebookside i 2014 i samband med at dei skulle spele på utedansen ved Stordalscup i juni 2014. Dette vart stor suksess med nesten 500 betalande danseløver. Video frå dansen viser at dei ga alt, så det er kanskje ikkje så rart at det tok nokre år før dei dukka opp att – på jubileumsfesten til Stordal idrettslag som runda 100 år. Vonleg vil det ikkje ta så mange nye år før dei dukkar opp att.

Stordal dansebandforening spelar til dans på Nilsgardstunet på Stordalscup 2012. Opptak levert av Per Magne Øvrebust

Stadig nye talent

Den første bølgja av talent frå miljøet rundt ungdomsklubben har markert seg sterkt både lokalt, regionalt og til og med nasjonalt.

Men det stoppa ikkje der. Musikkverkstaden og klubblokala i Aarflotbygget fekk stadig påfyll av nye spelelystne som ville musisere i lag. Også på andre arenaer var det aktivitet. Adrian Nakken hadde kjøpt seg eige slagverk og var ein av dei som spelt i lag med Jenny Langlo og fleire andre av dei som er omtala ovanfor. Dei øvde ofte på skytebana eller i Grendasalen. Det var stor kreativitet som m.a. førte til mange innslag i UKM i 2009. Eitt innslag var gruppa «Changeable Blocks» med Adrian Nakken på trommer, Petrine Alne på bassgitar, Vegard Busengdal på gitar og Jenny Kristin Langlo, Kristina Malene Ravn Stavseng og Kristofer Olai Ravn Stavseng som vokalistar. Fleire av desse var også med i andre programinnslag i denne førestillinga.

Gruppa ”U.D.D.B.” med Jarl Anders Hjelle på piano og vokal, Jonas Helland Johansen på gitar og David Vos på trommer, var også i elden på dette UKM-arrangementet. Desse karane i lag med Joakim Helgesen, var ivrige brukarar av musikkverkstaden.

Jarl Anders Hjelle som Pop i musikalen We Will Rock You. Du kan høyre Joakim Helgesen i siste del av Kap. 11 i same oppsetjinga.

Endgame

Jarl Anders og Joakim spelte også i lag i gruppa Endgame (2012-2014), som bestod av Elias Indreeide frå Valldal på gitar, Håvard Eliassen frå Stranda på trommer, Jarl Anders Hjelle frå Stordal på bassgitar og Joakim Helgesen frå Stordal vokal. Jarl Anders fortel:

Musikken me spelte var for det meste basert på eigen smak, hovudsakleg rock. Foo Fighters, Queen, Muse etc.

«I starten mangla gruppa bassist, og Andreas Nærø frå Tafjord var med som gjestebassist på UKM før eg blei med. Me øvde som regel i musikkverkstaden hjå ungdomsklubben i Stordal.

Gruppa Endgame med frå venstre: Jarl Anders Hjelle, Joakim Helgesen, Håvard Eliassen og Elias Indreeide

Til å begynne med spelte me mykje på små hendingar i distriktet. I Stordal, på Stranda og på Sjøholt. UKM, Stordalscup og ymse ungdomsarrangement. Etter kvart fekk me tilbod om større gigs/oppdrag lengre ute i fylket, og av høgdepunkt vil eg nemne å spele for om lag 500 elevar på Borgund VGS, konsert på VEGA Rockbar i Ålesund, og innspeling og utgjeving av eiga låt, “Outlaws”, i Playground Studio i Stordal.«

Adrian Nakken spelte også saman med Mats Rune Larsen, som i 2011 fekk ein ide om at det måtte gå an å få sett opp Queen-musikalen We Will Rock You i Stordal. Desse to sette i gong prosjektet med hjelp av m.a. Jarle Helgesen. Her var det audition og høve til å ta del for ei stor gruppe av stordalsungdommar, men også interesserte frå nabobygdene. I 2012 hadde dei premiere, og det blei ein makelaus suksess! Sjå meir om denne oppsettinga i siste del av Kap. 11. Mange frå musikkverkstaden fekk sentrale roller.

Mats Rune Larsen i musikalen We Will Rock You

I 2013 fekk ungdomsklubben si eiga scene, som gav endå lettare tilgang til øvingsfasilitetar og til å halde konsertar. Musikkglad ungdom møttest over bygdegrensene og laga band og grupper som spelte enten som eingongsføretak eller meir permanent. Bandet Not for sale var eitt av desse, som held konsert frå denne scena i samband med arrangementet Krafttak mot kreft. Eit sentralt medlem i denne gruppa var Robert Iversen, som vi finn att i mange av gruppene som har vore aktive både på ungdomsklubben og i andre samanhengar. Han meistrar fleire instrument og er ein god ressurs i miljøet.

Jenny Marita Sørås

Jenny Marita Sørås i UKM 2013

Vi var innom UKM 2009 der mange flotte artistar stilte opp. Ei av desse var Jenny Marita Sørås. Også ho har hatt si tid i Skulekorpset og Hornmusikken med fløyte som instrument. Ho spelar også piano og har vore solist med korpsa både på dette instrumentet og ikkje minst som vokalist. Jenny hadde ei sentral rolle i samarbeidsprosjektet til dei to korpsa då dei presenterte Astrid Lindgrens persongalleri ved hjelp av song og musikk, og har elles framført mange flotte nummer på konsertane til korpsa. Ho har elles delteke på mange andre arrangement i bygda.

Jenny var tidleg med i UKM og stilte opp mange år med fine prestasjonar. Musikken var hovudinteressa og etter vidaregåande skule valde ho å satse på musikkutdanning i Oslo. Her studerte ho musikkteater med vekt på musikalsjangeren.

Jenny syng sin eigen song Judge i Grendasalen 2011
Bygdebladet fortel om første låta til Jenny Marita Sørås i avisa utgitt 08.01.2021

Dette studiet avslutta ho våren 2019 og har sidan jobba musikalsk med låtskriving – noko ho ønskjer å halde fram med. Første produkt frå dette arbeidet er no tilgjengeleg m.a. på Spotify, og det er vel verdt å ta ein tur innom for å høyre denne flotte låta. Fleire innspelingar vil kome, seier Jenny. Vi har tidlegare vist til at musikkutøving ser ut til å gå i «arv» i mange familiar. Både mor og far til Jenny er nemnt i ovanfor og ikkje minst bestefar Oddvar Sørås, som nok ville gledd seg stort over Jennys innsats.

Her kan du høyre Brushing My Own Crown, som Jenny la ut på Spotify i 2021

Klikken

Kjetil Holand Tøsse

Medan søstera Maria har gått «all in» for song og musikk, har Kjetil Holand Tøsse satsa like heilhjarta på fotballen. Men også han har ei fortid som vokalist. Kjetil fortel:

Gruppa vår heitte Klikken, og bestod som oftast av meg (vokalist), Kjetil Olsen Amdam (bass, vokalist), Martin Abelvik (gitar), Magnus Grønningsæter (trommer) og Kristian Bjørndal (DJ). Det hende ofte at vi fekk med nokre fleire på scena også. Vi elska å lage «liv» og skilje oss ut. Ofte fann vi på mykje sprell, som for eksempel å steike vafler på scena.

Vi opptredde fleire plassar i mange forskjellige settingar, men det største var vel å opptre på Moldejazz to år på rad. Vi varierte litt med musikkstilen, men hovudsakeleg var den Hip-Hop prega. På UKM fylkesmønstringa i Ålesund hadde vi med oss to blåsarar også, det var ganske kult. Eg meiner vi var litt unike i forhold til at vi blanda den moderne musikken inn i eit meir tradisjonelt band. Det var ei morosam tid!

Bandet Klikken spelar på UKM i lag med to blåsarar. Desse var med Kjetil Holand Tøsse (vokalist), Kjetil Olsen Amdam (bass, vokalist), Martin Abelvik (gitar), Magnus Grønningsæter (trommer) og Kristian Bjørndal (DJ)

Party Express

Party Express består av Torkjell Bjørstad og Frank Iversen frå høvesvis Valldal og Stordal. Faktisk har duoen vore på reisefot heilt sida 1990 – i 30 år! – og det er ikkje mange stader dei ikkje har besøkt på Nordvestlandet.

At Party Express har eit breitt reportoar kjem godt fram på denne promoteringsvideoen, som dei sjølve har produsert.

Utifrå tilbakemeldingane dei får på si Facebookside er det ikkje tvil om at dette er to populære karar både hos publikum og arrangørar. Ikkje minst har dei ved mange høve gledd stordalspublikummet både på Nilsgardstunet og i Stordalshallen.

På facebooksida si har Party Express lagt ut fleire små innslag der dei opptrer og ein fin versjon av Tafjordvisa som du kan høyre her

I 2001 spelte Party Express inn Tafjordvisa. Kanskje ikkje det mest representative for deira repertoar, men eit fint tilskot til historia om Tafjordulukka. Lydfilen er henta frå deira Facebookside

Dei fortel om sitt repertoar: 

I godt selskap på Stordalshallen i 2017

«Repertoaret strekker seg over gamle svisker fra 50-tallet og helt frem til dagens listetopper. Rundt halvparten av repertoaret til Party Express er norske sanger av blant annet Di Derre, Henning Kvitnes, Vassendgutane, Åge Alexandersen, CC Cowboys, Dance With a Stranger og mange flere. I tillegg spiller de naturligvis internasjonale artister som Creedence, Bryan Adams, Prince mm. Kjennemerket til Party Express er flott tostemt vokal, dansbare rytmer og ikke minst høy stemning og masse allsang. De har en egen evne til å tilpasse seg publikum enten de spiller for bare ungdommer eller for voksent publikum eller en salig blanding.

Gå ikke glipp av Party Express, vi lover deg en kveld med topp stemning!»

Party Express med Torkjell Bjørstad og Frank Iversen i kjent positur. Pressefoto.

Mange set ekstra stor pris på orkester som spelar coverlåtar som mange kjenner og kan synge med på. Dette er vel eitt av kjennteikna og ein av suksessfaktorane til Party Express. Begge karane kan også stille opp som trubadurar kvar for seg. Og Frank har ved fleire høve delteke i bygdetilstellingar enten åleine eller i lag med andre. Sist viste han seg fram som trubadur på Hovslia sin årsfest for Stordalshallen.

Party Express er framleis i sving og vil vonleg glede sitt publikum i mange år framover.

Charis

Songgruppa Charis er breitt omtala i Kap. 5. Dei fem jentene i gruppa har hausta stor fagnad for framføringane sine og ikkje minst for Cd-en med julemusikk som dei gav ut som ei avslutting på sitt samarbeid. Her hadde dei også med ein voggesong frå Sør-Afrika som kan høyrast her.

Thula Baba. Voggesong frå Sør-Afrika. Arr.: Odd Johan Overøye: Frå CD-en Ein av oss med Charis og Møremusikarane (2017)

Fleire av jentene har også hatt andre musikalske engasjement ved sida av Charis. Såleis representerte Mathilde Vinje Øvrebust Stordal på fylkesmønstringa til UKM med ein jazzlåt: «The Moon is a Harsh Mistress». Mathilde fekk også prøvd seg som vokalist med storband i ein konkurranse for talentfulle songarar.

Jentene såg vi også opptre i fleire bandkonstellasjonar der både ungdommar frå Stordal og andre bygder var med ofte laga for ei spesiell anledning. Eitt eksempel var bandet Safehouse, som vart etablert før eit Stordalstrøkk, og som spelte saman der for første gong. Dei som var med, var Trygve Walbø, Amalie Ekroll Hove, Tor-Egil Sjøholt, Andreas Vidhammer og Julie O. Almås – ei god blanding av stordalingar og ørskogbygdarar. Amalie og Julie var også med i gruppa Jarm i lag med Rebekka Helland, Mathilde Vinje Øvrebust, Jesper Vos, Gabriel Arne Busengdal og Andreas Vidhammer.

Gruppa Jarm opptrer på fylkesfestivalen til UKM med Royals – tekst og melodi Lorde. Henta frå UKM-TV

Didier Mupenda

Den siste i rekkja av stordalingar som er nemnt i pressa for sitt musikalske fotavtrykk, er Didier Mupenda, eller Didzi, som han kallar seg som musikar. Nytt i Uka ved Kenneth Kamp, tidlegare dyrkornbygdar med uvanleg god innsikt i kva som rører seg i musikklivet, har fått tak i at det sit ein utflytta stordalsgut i Oslo, som lagar flotte låtar til og med på dialekt. Kor e du er tittelen på den siste låta hans, som Nytt i Uka skildrar som ein groovy låt om jakta på den store kjærleiken. På Spotify ligg mange låtar med Didzi som artist, og nokre melodiar som han framfører i lag med Loui og Lexus. Dei første låtane vart lagt ut i 2019. Didzi har fleire plasseringa mellom topp 100 på lista til Flammer, som rangerer rap og r&b-musikk.

Didzi eller Didier Mupenda vart presentert i Nytt i Uka 9.12.2020
Spelelista til Didzi som ligg på Spotify
Didzi alias Didier Mupenda. Foto: Joakim Rise

På heimesida til Didzi kan vi lese at han lagar glad, hyped og av og til romantisk rap/hip hop-musikk. Han blandar gjerne fleire språk i tekstane sine, men stordalsdialekta dukkar opp i dei fleste.

Det er flott å sjå kor stor breidde det er i musikkengasjementet til dagens unge og Didzi representerer eit sjangerområde som er populært. Vi presenterer han gjennom intervjuet i Nytt i Uka. Mange huskar nok Ilyas og Didier frå hallfesten 2015 då dei rappa om at det var Bere å vere Nejafør enn uttafør då dei deltok i programmet til Nejaføringane.

Ilyas og Didier opptrer på årsfesten til Stordalshallen i 2015

God tru på framtida

Dette kapittelet har vist eit attersyn over kva som har skjedd på den musikalske område som omhandlar det som kan kallast lettare underhaldningsmusikk, dansemusikk, popmusikk og anna rytmisk musikk framført av spelemenn, trubadurar, grupper, band og orkester. Mange har gjennom åra fått folk til å danse og gle seg over flotte framføringar og såleis vore med å auke livskvaliteten til dyrkornbygdarar og stordalingar. Det er nesten ikkje til å tru kva desse bygdene med rundt 1000 innbyggarar har kunna bydd på av musikalsk breidde og kvalitet. Det gode er at det framleis gror godt i dette musikalske landskapet og vi ser at nye talent er på veg. Dette er godt synleg på UKM-arrangementa. Vi avsluttar med bilde av eitt av innslaga i 2019. Slike opplegg lovar godt for framtida!

Josef Nedregård, Astrid Larsen Stavseng og Hanna Øie spelar på UKM 2019. Foto: Hallgeir Hove