Skal du utøve og framføre song eller musikk, må du på ein eller annan måte ha lært korleis dette kan gjerast.
Gjennom tidene har song og musikk i utgangspunktet ofte vore mest til «nyttebruk». Vi har tidlegare vist til Jøsvold som skreiv:
«Seterjenta måtte kunne bruke «stut» og «langlur». Bukkehornet var gjeterguttens instrument.…
Det var sjølsagt at seterjenta og gjetergutten måtte kunne «hauke». …»
I Farne tider heiter det:

«Krøterlokkane var sjølvsagt ein del av dette – knytt til stølslivet. Teksta var gjernast fast, som t.d. «Kom kyra-å, kyra mi – kome no – å, stakkar, e det du Kranselina mi – kome no». Her låg røysta særleg høgt, og melodien følgde gjerne naturtonane» i luren. Slik var det når ein kalla på ku eller geit. Kalla ein på sau vart det helst nytta ein taletone som låg i eit mørkare lægje. …
Frå eldgamal tid har det vore spela på enkle blåseinstrument – som lur og bukkehorn, seljefløyte og «geitejol». Langeleik kan det vel og ha vore her, men vi veit ikkje stort om musikken her før fela kom i bruk.»
Utanom desse «heimlege» aktivitetane var det song og musikk i meir høgtidelege former i kyrkja. Her hadde også det musikalske føremål som å skape nærleik til Gud gjennom liturgien men og som uttrykk for glede og sorg i t.d. dåp, bryllaup og gravferd og som ofte meir storslegen i lovprisinga. Det vart sett som ei plikt å delta i det kyrkjelege og med det også å delta i songen. Salmar måtte lærast.
Men musikk og song har i seg kimar til oppleving som ligg langt utover den reine nytteverdien. Kreative og talentfulle personar tok tak i dette og songar og melodiar kom til. Folk likte å høyre på og som i dag, også sjølve å synge og spele denne populærmusikken. Det vart tralla, sunge og kveda i festlege samkome og etter kvart kom spelemenn, kor og orkester til som utvida dei musikalske uttrykka.
For å meistre og kunne delta trengst opplæring.
Lære på øyret
Utgangspunktet for bruk av lur og horn var å få til tonar som både var mest mogleg skremmande og kunne varsle om trong for hjelp. Dette måtte nok kvar gard ta seg av og sikre at gjetarar og seterdeier kunne bruke instrumenta til dette føremålet. Ville dei gjere anna på instrumenta som å spele melodiar, var det kanskje ikkje den rette kompetansen på kvar gard, men kunnige fanst som kunne lære frå seg. Då var det å oppsøkje desse og få sjå og høyre. Melodiane måtte lærast på øyret.
Dette var også metoden når seterdeiene skulle lære å lokke på krøtera. Småjentene fekk vere med til seters eller til beite på garden og fekk oppleve og ta etter dei vaksne når dei skulle samle dyra. Mykje det same skjedde når salmetonar og viser skulle lærast. Dei unge fekk opplæring gjerne av mor si eller andre som var kunnige medan dei held på med arbeid som tillét slik aktivitet. Når dei strikka, sat ved rokken, på mjølkekrakken i fjøset eller med liknande arbeid, kunne songkulturen vidareformidlast.
All musikkoppleving startar via øyret. Omgrepet «læring på øyret» vert brukt når du lærer å huske musikalske forløp berre ved å høyre dei. Det var nok denne metoden som nesten var einerådande i eldre tider når tradisjonssong og –musikk vart formidla frå generasjon til generasjon.
Ragnhild Knudsen har skrive om dette i artikkelen Lære på øret: Om muntlig tradering i folkemusikk og i andre sjangre. (Først trykt i tidsskriftet Musikk og Tradisjon, men no å finne på nettet). Her skriv ho:
«Læringsmetodene forholder seg også til bruken av musikken; en må tilegne seg det som ansees som nødvendig for å delta i praktiseringen i den aktuelle musikksjangeren. Gjennom opplæringen formidles også ideen om hva «selve musikken» er, hva den skal uttrykke, og i hvilken grad, og hvordan utøveren skal være med på å utforme den. Opplæringsmetoden skal gi redskapene en trenger for å kunne bruke musikken slik det er kultur for i sjangeren, og formidler ideologien som ligger til grunn; hvorfor det skal gjøres slik.»

Denne metoden gjeld såleis ikkje berre melodioverføringa, men ei kulturformidling som gjer dette til unike uttrykk for korleis dette er tolka og opplevd av den som vidarefører med hans eller hennar, familien deira, garden eller kanskje grenda sine verdiar i botnen. Verdien i musikk og song må ha vore sett høgt i Stordal sidan så mange sat med så mykje kunnskap og så stort referansegrunnlag då Elling og Jøsvold samla inn folketonar.
Knudsen: «Den tradisjonelle metoden for hardingfeleopplæring uten noter er godt utviklet. Innlæringen avpasses til elevens nivå og kjennskap til sjangeren, men en typisk innlæringsprogresjon kan f.eks. være slik: Først får eleven høre helheten mange ganger, gjerne i forskjellige variasjoner, for å få et «bilde» av slåtten. Så deles slåtten opp i mindre deler, eleven hører en liten del, spiller sammen med læreren, gjentar den alene, hører igjen og gjentar til det sitter. Så går læreren videre til neste del, og samme prosessen gjentas. Etter hvert settes delene sammen, og gjentas til de sitter. Læreren videreformidler gjennom oppdelingen sin oppfattelse av strukturen i musikken. I en ren muntlig kultur må en finne en måte å memorere musikken på. Forståelsen av form og struktur blir en nødvendig huskelapp.»
Dette var nok mykje oppskrifta også for Johannes J. Holt (1834-1916) då han skulle lære seg felespel. Vi har med visning til Farne tider fortalt at han lærte av Petter Hjortdal i Sykkylven. For å kome i samband med han, rodde han til Stranda og gjekk om Hevsdalen til Sykkylven.
Han tok seg teneste som dreng for å kome til ein som kunne lære han å spele. Johannes Holt var bonde på Holt, men han reiste mykje ikring og spela til dans til han la bort fela etter ei vekking.
Frå Farne tider: Støle-Knut lærte seg å spele på same viset som han Holt-Johannes. Han tok seg arbeid hjå spelemannen og bonden Sevrin Olasæter i Vaksvikbygda. Sevrin var elles keivhendt, så han drog bogen med venstre handa og på fela hadde han strengane i «omvendt orden». Knut skulle arbeide for læra – full arbeidsdag og så spela dei om kveldane. Ingen av dei kunne notar. Knut var ein meister i å minnast musikk og han gav slåttane «det fullkomne i musikalsk form og stil. Det var den mjuke, vakre tonen på fela som var så særmerkt hjå Knut». (Overøye).
Også Jøsvold fortel om opplæring etter denne metoden når han skildrar møtet mellom ein spelemann og ein særs lettlærd elev:

Jeg skal her fortelle et lite døme på hvor snar Knut Støle var til å lære. Haldor Meland skulle spille av slåttene sine i huset til ungdomslaget i Stordal. Han kom fra Sunnylven og hadde der lært en springdans av Iver Kjellstad. Under oppholdet på hotellet i Stordal spilte Meland ofte denne dansen. Det var vel noe han ikke fikk til som det burde. Reint ved et høve kom Støle med fela si innom hotellet. Hotellverten førte disse to spillemennene sammen, og i samtalens løp ba Støle om å få høre springdansen som Meland hadde lært av Kjellstad. Meland spilte den en gang. Støle spurte om å få høre den en gang til, og det fikk han. Deretter tok Støle fela si og liksom fulgte med da Meland spilte den for tredje gang. Da Knut Støle hadde hørt den disse tre gangene, spilte han springdansen med fullt buestrøk.
Lære på øyret er vel minst like aktuelt i dag som tidlegare sidan tilgangen på lærestykke er større enn nokon gong då ulike medium fløymer over oss med all slags musikk.

Knudsen: «I våre dager kan tradisjonsmusikk læres uavhengig av om du er del av et spesielt miljø gjennom det W. J. Ong kaller «sekundær muntlighet». Den kalles sekundær fordi det er lydopptak via teknologi som er utviklet med skrift som forutsetning. Resultatet er at vi har tilgang til å lære på øret uten at en levende kilde er til stede. For eksempel blir irsk tradisjonsmusikk spilt verden over, vi har tilgang på Internett, opptak, video og interaktive opplæringsprogrammer som gjør det mulig å lære musikken uansett hvor vi befinner oss. I USA finnes det hardingfelegrupper der ingen har slekt i Norge; de samles på tvers av geografisk og sosial tilhørighet for å dyrke den norske hardingfeletradisjonen.»
Opplæring i skulen
Som nemnt tidlegare var skulen viktig som formidlar av kristne verdiar ikkje minst gjennom songen, som hadde ein sentral plass i læreplanane særleg på 1800-talet og første del av 1900-talet. Det var spesielt viktig å få lære salmar både som del av forkynninga og for at elevane på sikt kunne verte deltakande i salmesongen i kyrkja.
Tonane på salmane vart lært på øyret. Mange lærarar nytta seg av salmodikon, eit enkelt strykeinstrument med ein streng, når salmetonar skulle innøvast. Den siste som brukte det i Stordal var Gustav Stavdal, men Peter Søvik viste det fram og demonstrerte bruken for sine elevar som del av sogeopplæringa.

Frå 1870 vart det begynt med fleirstemt song i skulen. Fleire lærarar hadde interesse av å få til korsong og var pådrivarar både i og utanom skulen. Litt notelære kunne også vere med i song- og musikkopplæringa særleg på dei skulane der blokkfløytespeling var prioritert. Vi veit at Peter Søvik underviste i notelære for fleire klasser og at dei som var nok interesserte, lærte nok til å kunne spele frå songbøkene. Eigne opplæringstilbod i skulen hadde likevel ikkje nokon sentral plass før musikkinstruktørar vart kommunalt tilsett og musikkskulen kom i gong på 1980-talet.
Lære notar
I musikkhistoria kan vi lese at dei første nedteikninga av musikk vart gjort av egyptarane i det tredje årtusen før Kristus. Notar, som nærmar seg det vi brukar i dag, vart oppfunne i det første århundre då Guido d’Arezzo plasserte teikn på noteliner. I hundreåra framover vart det gjort forbetringar på dette systemet. Men det var først då papiret kom i vanleg bruk på 1600-talet at notar fekk ein meir sentral plass i musikkopplæringa.
Filosofen Sokrates var ikkje særleg glad for oppfinninga av alfabetet og nedskriving av tekstar. Dette ville ta frå elevane mykje visdom når dei berre kunne gå til det skrivne og ikkje måtte minnast den situasjonsspesifikke formidlinga av det fortalde som ga tilhøyraren ei meir heilskapleg tolking av innhaldet. På same måte vil mange meine at fleire dimensjonar i musikken vert borte når ein skiftar ut det å lære på øyret med noteinnlæring. Notasjonen måtte tolkast fordi mange forhold ikkje kunne skildrast berre med noteteikn. Dette var særleg tilfelle med dei eldre måtane å skrive notar på. Etter kvart er systema blitt meir sofistikerte og gir stadig fleire haldepunkt for korleis musikken skal lyde. I vår tid kan vi også høyre og sjå korleis komponistane tolkar sine eigne verk utan at det skal oppfattast som det einaste rette.
Det er vel særleg i orkestersamanheng at notar er eit uvurderleg hjelpemiddel i opplæringa. Her får ein felles beskjedar om noteverdiar og tolking som er naudsynte for presisjonen i framføringa og for at dirigenten skal kunne få fram sitt uttrykk i musikken.
Kreative løysingar

Det var nok ikkje alltid like lett å kome til forståing av notesystema når det ikkje fanst lærarar som kunne instruere og forklare. Men dei som var ivrige og ville finne ut av det, fann ofte råd og mange kan nok vise til salmeboka som hjelpemiddel. Alf Overøye fortel:
«Den tida var det slik at husdyrgjødsla blei køyrt ut på vinterføre. Vi hadde to sledar til dette og når øykjen var på veg langt oppover bøen, vart det ei stund som kunne brukast av den som var nede og skulle ordne med nytt lass. Denne stunda vart nytta vel. Ved inngangsporten til kjellaren var det ein mur. Her var det lagleg å sitje ei stund og studere notar. I salmeboka fann vi mykje av det vi hadde bruk for – både heilnotar, halvnotar, firedels- og åttandedels notar. Notane vart nøye lært, men så var det dette med inndelinga. Etter kvart tok vi til å få tak på det også. Dette var ein original måte å lære dette faget på, men det var greitt.»
Tamburane
Men noteopplæring frå salmeboka mellom mykralassa ville nok ikkje duge når musikantar skulle lærast opp til speling i orkester slik mange frå Stordal gjorde på slutten av 1800-talet og byrjinga på 1900-talet. Det var nokså spesielt at ei så stor gruppe ungdommar frå ei lita bygd valde å bli militærmusikarar og bruke mykje av tida si på «Moen».

Desse ungdomane trong meir systematisert undervisning og fekk fem månaders teoretisk og praktisk opplæring på musikkskulen til 5. divisjon i Trondheim. Dei kom såleis heim att med kunnskap som dei seinare kunne gi vidare til interesserte sambygdingar som etter kvart begynte å spele i Hornmusikken. Mange var og viktige medlemmer i dei forskjellige kora og orkestera i bygda.

Leif Øvrebust har teke vare på gammalt notemateriell som var i Lars Almås sitt eige. I ei av bøkene er det tydeleg å sjå at denne er brukt til instruksjon med fingersetting på kvar note. Vi ser at namnet til tamburane Lars og Jakob Georgsen Almaas er oppført på denne sida. Dei har truleg vore lærarar og ein av elevane kan ha vore Martin Almås sidan også hans namn er skrive i heftet i lag med ein Hove og ein Seljebotn.
Den solide musikkopplæringa tamburane fekk i Trondheim var også viktig kunnskap for vidareformidling av den musikk- og songskatten som Peter Jøsvold fekk samla. Her spelte tamburane Johan Talberg og Peder T. Holt ei viktig rolle med innsamling og nedskriving av tonar dei samla frå kjeldene til Jøsvold.
Opplæring innan lag og organisasjonar
Heilt fram til musikkskulen kom i gong i 1983 var opplæring innan miljøet dei skulle rekrutterast til, den viktigaste arenaen for å lære både notar og instrumentbruk der det trongst. Dette vart spesielt viktig i korpsa, medan både barne- og vaksenkor meir kunne konsentrere seg om stemmebruk og innlæring av stemmer. Heilt opptil våre dagar har såleis medlemmer av Hornmusikken stilt opp som lærarar for nybegynnarar i skulekorpset.
Opplæringsaspektet er også ein sentral del i den musikalske aktiviteten som går føre seg i kor, korps og orkester. Her har dirigentar og interne instruktørar lærarroller. Dette synest att i dei tilskotsordningar som finst innan vaksenopplæringa.
Instruktørar i Stordal

Var det ein songar eller spelemann på ein gard, var det store sjansar for at døtrer eller søner også følgde i deira fotspor. Dette ser vi m.a. på Almås, Stavdal, Talberg, Jøsvold, Storheim og Holt. Det musikalske går i «arv» med opplæring i heimen. Men ikkje alle heimar var i ein slik situasjon at dei hadde sine eigne lærarar, og kom det musikkinteresserte frå slik bakgrunn, måtte dei ut for å få lære.
Alf Overøye fortel at han var ein av fleire som fekk opplæring i fløytespel av Johan Talberg. Elevane tok seg fram til heimen hans på Talberg og fekk undervisning der og øvingsoppgåver til lekse. Han var ein svært dugande musikar, som kunne bli utolmodig dersom elevane ikkje viste nok innsats. Ville dei ikkje nok, fekk dei vite det og nokre fann seg nok ein annan hobby.
Alf fekk etter kvart cello som sitt hovudinstrument. Den første innføringa fekk han av Johannes Storheim, som var ein dyktig musikar som beherska både fele og cello i tillegg til messinginstrument, som han spelte i bataljonsmusikken. Han hadde også orgel som han spelte på. Johannes hadde fleire brør som også var flinke musikarar slik at det var eit sterkt musikkmiljø i Ivagarden. Alf meiner at Johannes hadde fleire elevar. Ottar Storheim fortel at dei kjende aviskarane Dagfinn og Magne Flem ofte var i Stordal i oppveksten og at dei besøkte Johannes. Ottar meiner at dei kom dit for å få undervisning på strykeinstrument.
Alfred Busengdal var også ein svært musikalsk mann, som var tambur på Setnesmoen. Han spelte i tillegg orgel og gav undervisning til mange elevar. Marna Overøye hadde timar med han, og sonen Inge Busengdal kan minnest at det stadig var folk innom for å få opplæring.
Det var nok fleire lokale musikarar enn desse som lærte frå seg, men vi kjenner ikkje til om det var nokon som dreiv dette som inntektsgjevande arbeid.
Under krigen var Kåre Storheim busett i Stordal i lange periodar. Han lærte opp fleire i Hornmusikken. Også ein annan bykar var evakuert til Stordal ein periode. Han budde på Risvollen og var ein dugande klarinettist, som m.a. gav Risvoll-Petter og Tore Busengdal opplæring.

Marna Overøye fortel at søstera, Alma, lærte å spele piano av Jenny Øvrebust, som pleidde å opphalde seg på hytta deira på Øvrebust om somrane. Jenny Øvrebust var pianolærar i Ålesund, der ho hadde eit godt ry og fleire vidarekomne elevar. Som ein kuriositet kan det nemnast at ho er nemnt i ein artikkel i Klassekampen då dei portretterer electrosoul-musikaren Sampha. Han spelte inn plate på Giske og gjorde eit litt uvant val av piano under innspelinga.
«… valgte Sampha på nettopp denne låta å gå for en gammel tysk skatt de også har stående: Et Hamburg-produsert Gothrian-Steinweg fra 1929, som ble hentet nyprodusert til Ålesund via en leverandør i Oslo.

Frem til slutten av sekstitallet brukt i undervisningsøyemed av pianolærer frøken Jenny Øvrebust. En av elevene til Jenny Øvrebust, senere pianostemmer Odd Gunnar Myklebust, kjøpte pianoet på nittitallet. Før sønnen Gunnar, dagens eier, tok over pianoet og det endte opp i Ocean Sound Recordings, hvor det fortsatt står på syvende året. Holdt på å si: «Om et piano kunne snakke …» Men det kan det, jo – bare hør på hvordan Sampha håndterer pianoet på skiva si. Det vil si, det tar jo noen måneder før du kan gjøre det. (Essay av Martin Bjørnersen, Klassekampen 21.11.2016)
Kanskje hadde velrenommerte Simon Flem Devold også vore elev hos Jenny sidan han nemnde henne i ein avisartikkel. Jenny var født i Ålesund som dotter til kjøpmann Peter Bendik Øvrebust frå Ebbegarden. Kor mange elevar ho hadde i Stordal sommarstid, er ukjent, men dei ho hadde fekk oppleve undervisning frå profesjonell pedagog.
Med song- og musikkopplæring som profesjon
Hornmusikken hadde nytt godt av tenestene til Ole Larsen Stavdal og Peter Jøsvold, som begge hadde militær utdanning innan musikk. Vi veit også at fleire einskildpersonar har fått opplæring av både profesjonelle musikarar og spesielt dugande amatørar. Dette gjaldt særleg på stryke- og tangentinstrument. Vi har som døme nemnt dyrkornbygdarane Stein Halvard Dyrkorn og Kjell Ekre, som reiste til Ålesund og fekk pianoopplæring av organist Solem og Svein Dyrkorn, som tidleg begynte med feleopplæring hos Iversen i Ålesund.

Frå midten av 1900-talet kom også skulerte instruktørar inn i opplæringa – m.a. hadde Norges Musikkorpsforbund tilsette instruktørar, som reiste rundt i landet og deltok i opplæring i korpsa. Ein av desse var Willie Vieth, som er nemnt i samband med oppstart av gutemusikkane og Skulekorpset i Stordal.
Wilhelm August Vieth (1905–1968)
(Tekstmaterialet er henta frå boka «Norsk pop- og rockleksikon» frå Vega Forlag (2013). Redaktørar for boka er Jan Eggum og Jon Vidar Bergan.)
Willie Vieth var orkesterleder, komponist, instruktør og musiker (trompet), født i Bergen.
Willie Vieth ble regnet som en av Norges beste jazzsolister på trompet i perioden 1930–40, inspirert av Louis Armstrong
Vieth begynte sin musikalske karriere i Divisjonsmusikken i Bergen. Med Ole Bull-stipend tok han utdannelse innen musikk ved Franz Liszt Musikkhøyskole i Budapest, og turnerte rundt i Europa som trompetsolist med den tidens populære danse- og tangoorkestre (bl.a. ungarske Jolly Boys).
Fra slutten av 20-tallet virket han som musiker i Oslo, bl.a. var han en periode med i Sixpence Jazzband, regnet som et av Norges første jazzband. Etter hvert ledet han flere orkestre, bl.a. Sorrow Breakers på Røde Mølle i Oslo ca. 1928–30. I sin bok, Moderne Dansemusikk (1945), omtaler Øivind Bergh Sorrow Breakers som et orkester av høy klasse og forut for sin tid.
Vieth satte preg på jazzmusikkens tidligste år i Norge, og ble regnet som en av Norges beste jazzsolister på trompet i perioden 1930–40, inspirert av Louis Armstrong. Han ledet Kabaorkesteret i 1934–36 og spilte i Bristolorkesteret i 1936–39. Vieth turnerte også med flere band rundt i Norge. Han virket som instruktør for Norges Musikkorps Forbund, foruten å være dirigent og pianostemmer i mange år.

I de senere årene av sitt liv drev han som musikkpedagog og hadde eget musikkforlag, med fast tilholdssted i Åndalsnes. Det ble mange grammofoninnspillinger på 30-tallet, bl.a. for og Rex. Blant innspillingene hans for Rex kan nevnes «Honululu-lulu» og «Hvergang månen går bort» (1936). For Columbia «Hokus Pokus» og «Med litte grann Humør» (1935) og «Melodien går rundt omkring» (1936). «Med litte grann Humør» finnes også på LP Jazz/Hot Dance In Norway og på Jazz Hot & Swing Jazz In Norway 1920–1940. «Melodien går rundt omkring» finnes på Jazz In Norway Vol 4.
Willie Vieth var truleg først ein periode i Stordal rundt 1947 og seinare nokså ofte frå slutten av 1950-talet til våren 1963. Han hadde både opplæring av korpsmedlemmer i gutemusikk og skulekorps og yngre barn i kor. Kanskje hadde han også elevar på piano?
I historia til Stordal hornmusikklag kjem det fram at laget hadde hjelp frå ein musikkinstruktør Hauge på 1960-talet. Vi har prøvd å finne meir opplysningar om han, men han synest ikkje å vere kjent for personar som hadde med kommunal drift å gjere på denne tida. Truleg er også dette ein instruktør som var tilgjengeleg gjennom NMF slik Willie Vieth var. SHL hadde vel det til felles med mange liknande korps at dei måtte bruke eigne krefter til instruksjon og direksjon, og då var kunnskap og kompetanse kjærkomne bidrag inn i korpsa sine opplæringssystem.
Asbjørn Søvik
Asbjørn Søvik vart tilsett som musikkinstruktør i «storkommunen Ørskog» i 1968. Han vaks opp på Stranda, som var ei av dei første kommunane som hadde tilsett musikkinstruktør. I denne tida var det korkje TV eller Ipad som la beslag på tida til barna og svært få vaksne som såg seg høve til å legge til rette for fritidsaktivitetar. Asbjørn og jamaldringane hans kasta seg på det som var av tilbod enten det var sport eller musikk. Musikkinstruktør Lund visste å utnytte dette og starta strykeorkesteret Veslefrikk. Asbjørn fekk ei fele som han skulle bruke på ein konsert like etter han begynte. Grep kunne han ikkje, men stryke med opne strengar greidde han. Dette var gøy, og han bestemte seg for å fortsette med fela. Han hadde også lært seg å spele trompet, som broren spelte og gav han litt opplæring i. Han kallar seg sjølvlærd på dette instrumentet.

Veslefrikk vart etter kvart eit stort orkester som konserterte i regionen. Asbjørn var ofte solist og desse erfaringane gjorde at han bestemte seg for å studere musikk. Ikkje lenge etter avslutta realskule var han å finne på Musikkonservatoriet i Oslo. Her tok han både grundig teoriutdanning og instrumentopplæring med fele som hovudsatsing og piano som instrument nummer to. I studietida spelte han i eit ungdomsorkester knytt til NRK og i konservatorieorkesteret. Her vart han konsertmeister mot slutten av studietida.
Etter han slutta i Oslo, vart han tilsett i Stranda kommune. Her var han fram til han skulle avtene verneplikt. Både i tida han var på Stranda og i militære, reiste han jamleg til Oslo og konservatoriet for vidare opplæring på fela.
Det vart utlyst musikkinstruktørstilling i Ørskog kommune som tidsmessig passa fint med avtent verneplikt. Han fekk denne stillinga og hadde tenkt å halde på denne ein periode før han ville vidare. Men så trefte han Marit, og då enda det opp med at han blei i Ørskog heile resten av yrkeskarrieren.
Ørskog kommune omfatta denne tida både gamle Skodje og Stordal kommunar i tillegg til Ørskog. Det var såleis eit stort område med mange potensielle elevar og undervisningsobjekt.
I Stordal hadde han mest pianoelevar, men var også engasjert med aspirantopplæring i Skulekorpset. Han var og innom Hornmusikken som instruktør ved nokre høve. Asbjørn var og til hjelp ved den første revyoppsetjinga til Hornmusikken då han arrangerte pausemusikken til revyorkesteret. Han var og innom Stordal strykekvartett som fiolinist i periodar. Vi kan og lese av møtebøkene til Ungdomslaget at han var til hjelp med ny oppstart av Blandakoret i 1972.
I 1976 var storkommunen historie, men Stordal fekk framleis kjøpe litt teneste frå musikkinstruktøren, men ikkje nok til at behova vart dekte. Asbjørn Søvik hadde det meste av arbeidet sitt i Ørskog der han både dirigerte kor og korps. I tillegg underviste han elevar på fele ved musikkskulen i Ålesund.
Med den breie musikalske bakgrunnen og meistring av instrument, hadde Asbjørn dei ideelle føresetnadene for å dekkje ei åleinestilling som kommunal musikkinstruktør, men med stadig fleire elevar og auka krav om differensiert musikkopplæring, var ikkje ein person nok. Tida var komen for musikkskular også i vårt distrikt.
Musikkskulen / Kulturskulen
Musikkskular hadde vore i drift sidan 1950-talet. Dei første var private hadde helst tilhald i byar. På 1960-talet starta den første kommunale musikkskulen og utover 1970-talet kom mange nye til. Erfaringane frå desse skulane var svært gode. Unge talent fekk vise seg fram med ferdigheiter som forbløffa og imponerte folk flest. Det blei snakka og skrive mykje om dette og mange ønskte at slike tilbod burde finnast over alt.
Musikkskule i Stordal
Grunnskulerådet utarbeidde ei utgreiing Samordnet kommunal musikkopplæring. Forsøk og utvikling. Modeller for statstilskot. Stordal skulestyre sette ned ei nemnd 18.10.1981, som skulle gå gjennom denne utgreiing for å vurdere om dette kunne vere noko for Stordal kommune. Konklusjonen frå gruppa var at dette burde ein bli med på.
Under skulestyresak 59/82 vart følgjande medlemmer valde til musikkskuleutval: Kirsti Almås, Olav Bratland og Leif Dybdal med skulesjef Per K. Remme som sekretær for utvalet. Utvalet sitt mandat var å førebu og tilpasse samordna kommunal musikkopplæring i Stordal
Kvifor musikkskule
Frå nemnda si utgreiing: Situasjonen på instruktørsida innanfor song-. og musikklivet i kommunen er no svært vanskeleg. Deler av aktiviteten på denne kultursektoren ligg for tida nede på grunn av dette. For å bøte på dette meiner utvalet at ein må inn med offentlege midlar, og ein vil peike på ein del faktorar som tilseier at ein kommunal musikkskule vil vere den beste løysinga for song og musikklivet i Stordal:

Desse faktorane omhandla moglegheita for at det kunne giast statstilskot (ei generell statsstøtteordning med øyremerkte tilskot blei vedtatt i 1982, og oppretthalde fram til 2004), krav i Mønsterplan for grunnskulen om musikkopplæringa i skulen og administrativ hjelp til å drive lag- og organisasjonar frå profesjonelt hald. Men mest framheva var
Behov for instruktør i kor og korps.
- Om lag 10% av innbuarane i Stordal kommune er aktivt med i song- og musikklivet. Desse får stort sett instruksjon frå sjølvlærde instruktørar som gjer eit svært godt arbeid. Likevel viser det seg at det ikkje finst instruktørar til alle grupper og lag (m.a. ligg Stordal Blandakor nede av denne grunn).
- Vi har ikkje instruktørar innan piano/orgelspel (vi har kostbar undervisning frå privat musikkskule)
- Vi har ikkje instruktørar for vidarekomne
- All undervisning må leggast til kveldstid med instruktørar som har andre yrkje.
Ein kommunal musikkskule vil ha lærarkrefter som kan dekkje desse punkta.
Nemnda kom med framlegg om retningsliner for drifta, stillingsinstruksar og budsjett og Stordal skulestyre vedtok i sak 63/82 at kommunal musikkskule skulle skipast og kombinert stilling som musikkskuleleiar og musikklærar skulle lysast ut. Fred Røyseth vart tilsett, og musikkskulen kom i gong hausten 1983.
Om oppstarten 1983
Det var store forventningar til den nye rektoren som starta opp musikkskulen. Denne tida var fokuset på musikk og song og ikkje andre kulturformer, slik det skulle bli på eit seinare tidspunkt. Rektor skulle løyse dirigentproblema og gi både nybegynnarar og vidarekomne elevar opplæring på sine instrument i tillegg til å bygge opp skulen og administrere undervisninga. Dette var sjølvsagt uoverkomeleg for ein person, og det var naudsynt å bygge vidare på lokale instruktørar og å prøve å få til samarbeidsopplegg med nabokommunane om opplæring på instrument som Stordal musikkskule ikkje kunne stå for sjølve. Dessutan hadde skulen lite av naudsynt utstyr slik at dette måtte byggast opp for å kunne gi elevane tilbod på musikkskulen.

Dei fleste elevane som melde seg på første året, hadde El-orgel som instrument. Gunnar Nakkens musikkskule hadde gitt tilbod i bygda og samstundes selt mange instrument til sine elevar. Musikkskulen hadde piano, og måtte investere i ein synthesizer som kunne dekkje behovet for tangentinstrument der piano ikkje høvde. Å planlegge og gjennomføre slike innkjøp vart viktig den første tida. Budsjetta var lave og oppgåvene mange. For å spe på økonomien, vart det naudsynt å legge noko av stillinga inn i grunnskulen slik at det blei pengar nok til heil stilling.
Finansieringa vart då ei mindre avgift frå elevane, lønsmidlar for nokre timar frå grunnskulebudsjettet og kommunal løyving som inkluderte statstilskot. Utgangspunktet for å få til eit breitt og godt tilbod slik skulestyret hadde sett for seg, var nok ikkje det beste med dei økonomiske rammevilkåra musikkskulen vart tilbydd.
Første åra med eigen rektor
Fred Røyseth kasta seg ut i arbeidet med stor iver og entusiasme. Han tok straks over som dirigent for Stordal skulekorps, som han leia i 11 år. Han tok også på seg dirigentjobben i Stordal blandakor. Dette vart delvis i regi av musikkskulen og også av Fred si fritid sidan alt arbeidet med dette ville ta for mykje av tida til musikkskulen.

Medlemmer av Stordal Hornmusikklag stilte framleis opp som instruktørar no også i musikkskulen. Dette gjaldt messinginstrument og fløyte. Rekrutteringa til Skulekorpset var ein viktig del av tilbodet. Rektor stod sjølv for mesteparten av opplæringa på klarinett og saksofon i tillegg til tangentinstrument. Dessutan hadde han nokre grupper i sving som hadde med fleire instrumenttypar som orgel og gitar.
Det blei no lagt opp til årlege avsluttingsfestar for musikkskulen der elevane fekk vist fram kva dei hadde lært. Her kunne stolte foreldre, søsken og besteforeldre sjå og høyre sine håpefulle framføre musikk enten åleine eller i lag med medelevar. Økonomien i musikkskulen tillét ikkje å gi einetimar til alle som ønskte det, slik at fleire ofte hadde timar i lag. Det hadde og vore eit ønskjemål at det kunne utvekslast teneste mellom kommunane slik at breidda i tilbodet kunne aukast, men med stort sett ein person til å få unna alt, ikkje minst den administrative delen, så vart det umogleg å dekkje alt som ein gjerne ville få til.

Det vart såleis ikkje den musikkskulen Skulestyret hadde sett føre seg med lærarkrefter nok til å skape eit opplæringssenter som kunne dekkje både behova til kor, korps og grupper og til elvar som hadde spesielle instrumentønskje. Når stillinga i tillegg måtte brukast i skulen for å få økonomien på plass, vart det altfor lite att til undervisning. Musikkskuleutbygginga i Noreg gjorde også at det vart utarbeidd regelverk for dette kommunale tiltaket med stillingsinstruksar og rammer både for administrasjon og pedagogar. Dette innebar at lesetida for den kombinerte rektor og pedagogstillinga vart låg og at meir tenester enn føresett måtte kjøpast for å få dekt opp behova til kor og korps.
Men til trass for dei vanskelege rammevilkåra, fekk mange høve til å utvikle seg musikalsk. Dei fleste lærte blåseinstrument og hamna i Skulekorpset, men det var også fleire som kom seg langt både på piano og orgel. Musikkskulen under Fred Røyseth, som la ned eit stort arbeid, gav såleis eit musikalsk løft til Stordal kommune om enn ikkje i det omfang som eit optimistisk skulestyreutval hadde sett føre seg.
Fred Røyseth var og med på mange av musikkaktivitetane i bygda som triveleg deltakar i t.d. Stordal Storband og i aktivitetar i hornmusikkregi.
Vi har dessverre ikkje fått tak i årsmeldingane for musikkskulen i åra Fred var rektor. Meir detaljert om drifta må såleis kome på eit seinare tidspunkt.
Musikk- og kulturskule

Då Fred Røyseth forlèt Stordal til fordel for Giske, vart det bestemt at denne rektorstillinga skulle leggast ned og denne funksjonen overførast til rektor ved Stordal skule. Kommunen meinte at for stor ressurs gjekk til administrasjon med den organiseringa som hadde vore, og at samanslåing av funksjonane ville gi meir midlar til opplæring.
Dette har blitt den løysinga kommunen har gått innfor heilt til året før kommunesamanslåinga då det vart tilsett felles rektor for kulturskulane i Norddal og Stordal med tanke på den komande kulturskulen i Fjord kommune.

Rektor Bjørnar Midtbust utarbeidde årsmeldingar for Musikk- og kulturskulen der gjennomgangstemaet i nær alle meldingane var at det er dårleg stell. Dei første åra var budsjettet vel 100 000 kroner med driftsutgifter på om lag det doble med halvparten i inntekt frå brukarane av skulen. I årsmeldinga for 2004, der vi merkar oss at det berre skal brukast 86 000 kroner på denne sektoren, kjem frustrasjonen til rektor godt fram:
2005

2006

Stordal kulturskule
I tråd med endra planinnhald i skulen, vart nemninga skifta frå musikk- og kulturskule til berre kulturskule i dei fleste kommunane. Dette tilbods- og namneskifte er skjedd også i Stordal når rektor legg fram årsmelding for 2007/2008. Vi ser at elevtalet har auka dramatisk, men at budsjettet er på same nivå. Det synest ikkje vere lett å drive dette utifrå det som kjem fram i meldinga.

Musikkskulen fekk sitt tilhald i den gamle gymnastikksalen i den eldste delen av Stordal skule. Rektor Røyseth fekk delt av ein liten del av salen slik at han kunne ha eit kontor med utstyr for administrativt arbeid og høve til å låse inne verdfullt utstyr. Resten av salen vart brukt til nesten all undervisning i tillegg til å fungere som øvingsrom for kor og korps. Det er vel litt med desse lokalitetane som det var med budsjetta – nokså kummerlege tilhøve – langt frå dei fasilitetane som ein ønskjer i dag. Dette til trass vart det lagt ned eit stort og godt arbeid frå dei som stod for opplæringa.

Det siste tiåret har kulturskulen fått knytt til seg mange dugande lærarar og instruktørar, og stillingsrammene er blitt auka slik at tilbodet har blitt betre. Kulturskulen har vore styrt av rektor ved Stordal skule mesteparten av tida etter Fred Røyseth slutta, men lærarkreftene har vore tilsett i kulturskulen. Perioden før samarbeidet med Norddal vart formalisert, fungerte Torill Brastad som rektor for kulturskulen. Den første årsmeldinga frå Gøril Mathiesen Vidhammer, felles rektor for Stordal og Norddal kommune, har ein noko mindre problematiserande tone enn det som kjem fram ovanfor.
«Stordal Kulturskule: Hausten 2018 har kulturskulen hatt 49 elevar. Det vil seie at elevtalet har halde seg stabilt på om lag same nivå som skuleåret før. Kulturskulen har hatt tilbod om opplæring på messinginstrument, treblåseinstrument, slagverk, piano, fiolin, gitar, song og «Musikksprell». Gruppetilbodet «Musikksprell» for 1. og 2. klassingar har vore populært, og denne gruppa har bestått av 11 elevar. Ein har også hatt ei aktiv songgruppe med 5 elevar. Ellers er det undervisningstilboda på korpsinstrument og piano som har hatt flest elevar. Hausten 2018 var det ingen elevar på venteliste. Seks lærarar har vore tilsett i ulike stillingstorleikar, frå om lag 4,5 % – 18 %, i tilsaman 0,7 årsverk. Frå 1. mai vart det tilsett felles rektor for Stordal og Norddal kulturskular, der Stordal sin del av stillinga utgjer 20 %. Totalt har kulturskulen då hatt om lag 0,9 årsverk, inkludert administrasjon.

Vi er svært godt nøgde med å ha lærarar med høg fagleg og pedagogisk kompetanse for stort sett alle tilboda våre. Ein har frå hausten 2018 teke i bruk SpeedAdmin som administrasjonsprogram for kulturskulen, gjennom delt brukarlisens med Norddal Kulturskule. Dette er eit nettbasert program som gir oss høve til å arbeide effektivt med dagleg drift av kulturskulen. Her foregår m.a. søknad om elevplass og opptak av elevar, oppsett og oppfølging av undervisning/timeplanar for einskildelevar og grupper, og ein har eit elevregister med all nødvendig kontaktinformasjon og kan via meldingsfunksjonar kommunisere effektivt med elevar/føresette. Elevar og lærarar har gjennom året hatt fleire ulike konsertar og framføringar, m.a. sommarkonsert, skulekonsertar på Stordal skule, minikonsertar på Stordalstunet, og dei har delteke på adventskonsertar i kyrkja og også gudstenester.»
Som det går fram av denne meldinga, var ny rektor i funksjon frå 1. mai 2018. Det skal no formast eit nytt tilbod i regi av Fjord kommune. Det er å vone at det vil vere god nok kommunal økonomi til at opplæringstilbodet på kultursida blir godt og mangfaldig slik at dei som skal berre arven vidare også for det som gjeld song og musikk, kan få motiverande og profesjonell opplæring.
Fred Røyseth
Fred Røyseth var musikkskulen i Stordal i 15 år. Han deltok aktivt på mykje av det som skjedde i bygda på det musikalske området, og har sett varige spor og vore viktig for mange si musikalske karriere. Fred fortel:
«Jeg startet min musikalske karriere som 6-åring. Gikk og lærte å spille piano hos Astrid Rønneberg som bodde i den ærverdige Rønnebergvillaen på den mye omtale Rønneberghaugen i Ålesund sentrum . Gikk der til jeg var 10, Byttet da til ny pianolære Ester Furmyr og spilte hos henne til jeg var 13-14 år.
Første opptreden var faktisk som 6 ½-åring, da jeg spilte julesanger på barnehagen til juleavslutningen. Da jeg var 9 år begynte jeg som korpsaspirant i Aspøy skoles guttemusikkorps. Etter 3 måneders aspirantopplæring var jeg på plass i korpset med Ess-klarinett som instrument. Var med i skolekorpset i 6 år. Deretter gikk jeg til Nørvøy Ungdomskorps der jeg var med til jeg var 17 år. Da hadde jeg gått over til tenorsaxophone. Som 13 åring begynte jeg å spille i bandet Purple. Vi spiller fortsatt og 4 av originalmedlemmene er fortsatt med – 8 manns orkester med blåserekke. Av store opplevelser med Purplebandet var Talentkonkuransen Talent 71, som gikk på TV og ble tatt opp i Chateau Neuf i Oslo. Bandet var også på europatoppen der vi bl. annet slo gruppa «Slade». Som 18 åring var jeg første års elev på den nye folkehøyskolen «Toneheim» og hadde selveste Odd R. Anthonsen som lærer (far til Ole Edvard). Etter Toneheim ble det 3 års studier på Veitvet Musikkonservatorium. Var med i konservatoriestorbandet m.m. spilte med Jens Wendelboe, Odd Greni, Bjørn Rørstad, som nå er saxophonist i Sambandet til Åge Aleksandersen. Etter endt utdanning fikk jeg jobb som treblåslærer i Rauma Musikkskule, samtidig som jeg avtjente verneplikt på Setnesmoen. Ble rektor der etter ett år og til sammen arbeidet jeg der 3 skoleår. Så bar turen til Skodje der jeg var musikkinstruktør i ett år. Fikk i oppdrag å greie ut planer for oppstart av musikkskule i Skodje. Da det skulle voteres i kommunestyret, sto det mellom kyrkjelydssekretær eller musikkskule. Det ble ikke musikkskule. Da sa jeg opp stillingen min.

Jobbet deretter i privat næringsliv i 3 år før jeg fikk stillingen som rektor i nyoppstartede Stordal Musikkskule. Ble første årene midlertidig ansatt da jeg manglet pedagogikk. Men etter jeg tok årseining i musikk ved lærerskolen i Levanger (Over 2 x 8 ukers sommerstudier), ble jeg fast tilsatt. Var tilsatt i til sammen 15 år. De aller fleste elevene hadde El-orgel som hovedinstrument. (Gunnar Nakken hadde vært på Salgsturne). Jeg underviste i Piano, saxophone, klarinett og orgel. I tillegg til meg var det en ansatt i en mindre stilling som messingpedagog. Jeg dirigerte Stordal skulekorps i 12 år og dirigerte også Stordal Blandakor i flere år. Var en kort periode også dirigent for Stordal Hornmusikk. I tillegg hadde jeg musikk-undervisning i skolen. Både på barne- og ungdomstrinnet. Startet som regel arbeidsdagen i 13. tiden og var hjemme i 22-tiden. Var ung og frisk den gangen. Som en humoristisk ting har jeg sagt i ettertid. Det var ikke en stillingsannonse, men en dødsannonse. Veldig mange oppgaver å forholde seg til. Etter min tid som rektor i Stordal Musikkskule har jeg vært tilsatt som rektor i Giske Kulturskule. I 2018 tok jeg master i administrasjon og ledelse. Jeg regner med å avslutte min yrkeskarriere april 2021, da fyller jeg 67år. For tiden dirigerer jeg Tennfjord Mannskor og Odd Fellowkoret i Ålesund. Ser tilbake på tiden i Stordalen som en veldig fin og kjekk tid. Fikk mange vennskap som jeg har hatt med meg siden. Eneste negative med jobben i Stordal var at jeg var litt faglig ensom. Her jeg er nå har vi 360 elever i Kulturskolen og 12 lærere. Så det blir litt mer fagmiljø.»