I møtebøkene til alle lag og organisasjonar les vi om stadig kamp for å overleve økonomisk. Det kostar å drive lagsarbeid og kanskje særleg for dei som i tillegg skal bygge og drifte eigne lokale slik t.d. Stordal ungdomslag (SUL) har gjort. Ein måte å få inn pengar på er å invitere eller leige ut lokale til kulturaktørar, som kan lokke eit publikum og gi aktør og arrangør overskot. Men det kunne også vere kjekt å tilby kunstopplevingar til medlemmer og bygdefolk elles ved å presentere kjende kunstnarar. Fleire lag har gjort dette gjennom tidene.
Stordal og Liabygda konsertlag og Kyrkjehola Kulturbeite hadde slik kunstformidling som sentralt føremål med si verksemd.
Ungdomslaget
Frå 1892 og i meir enn 100 år har Stordal ungdomslag stått for ulike kulturarrangement med aktørar utanom eige og andre lag frå kommunen. Særleg i dei første 60 åra etter at Breidablik vart bygd, var SUL det sentrale kulturelle samlingspunktet i bygda.
Besøkande spelemenn, songarar og musikarar på Breidablik fram til 1945

Møtebøkene til SUL er omfattande og detaljrike om lagsarbeidet. Men arrangementa der utanbygds spelemenn er med, er lite omtala den første tida. Men vi veit at fleire spelemenn, trekkspelarar og andre musikarar var på turnear og kom innom Stordal.
Ein av desse var Ivar Kjelstad. Han held konsert i 1909 og laget si inntekt skulle gå til nedbetaling av lån til Huset. Meisterspelemannen Haldor Meland frå Ullensvang i Hardanger, var ein annan berømt felespelar som reiste rundt og heldt konsert i ungdomslaga. Han vitja også Stordal på tidleg 1900-tal.

Den 1. november 1915 var det konsert med spelemannen Torfinn Litlere. Han var frå Naustdal og spelte «slåttar og kunststykkje av vidgjetne namn» for 40-50 betalande som gav stor fagnad for framføringa. Litlere var ein god spelemann som også var solist med Harmonien i Bergen.
26.11.1916 var det konsert med songarinna Synnøve Solheim. Ho var «gild å synge» og omtykt av alle dei ca. 100 som høyrde på. I desember tre år seinare opptredde songarinna Seva Solheim til nesten fullsett hus. Ho var også med på julefesten 1.1.1920 i lag med mannskoret.
På haustfesten 20. oktober same året spelte eit musikklag frå Oterøya. Her var det med fem fiolinistar og to på klarinett under leiing av Bendik Holt. Dei spelte også til dans, som det ser ut var kome på programmet litt ut på 1900-talet.
SUL arrangerte stemne 26. juni 1921. Etter gudstenesta var det konsert med Sykkylven songkor.

Ein annan vidgjeten spelemann, Ketil Flatin, vitja Breidablik 3. mars 1923. Han var ein av dei fremste spelemennene i Noreg.
Vi manglar møtebøkene for åra 1924 til 1933. Det var sikkert mange gode konsertar arrangert også desse åra utan at det kan dokumenterast. Vi veit at den svenske spelemannen Knut Ove Ekvall held konsert her fordi han også var her i 1934. Om denne konserten heiter det at han spelte både svensk og norsk folkemusikk. Han spelte også slåttar på hardingfele. Så står det notert at spelinga var bra den, «men det var mykje det same som sist».
I 1934 var det også i mai konsert med Ålesund korforening, som leigde huset, og i september spelte Anna Tandstad fele, Karl Vassbotn, orgel og Torny Sunde song.
Utover på 1930-talet er det mest referert til underhaldning og konsertar med lokale aktørar på ungdomslagsmøte, festar og tilstellingar ved andre lag. Men trekkspelarar kan høyrast og opplevast. Den 17.9.1938 vart huset leigd ut til ein omreisande trekkspelar. Så leiger trekkspelaren Svensby huset til konsert laurdagskvelden 2.12.38 frå kl. 10-12. Det var lite folk på konserten, men etterpå var det dans og då var det fullt hus. Møteboka: «Svensby spelte for så vidt godt, vi er ikkje so godt vandt her no i det siste.» Peter Svensby held ny konsert den 11.2.1940. Lite folk.
Bruteig hornmusikklag leigde huset 1.6.41 og held konsert med Stordal hornmusikklag som gjestar.
Dei harde 30-åra, som det heiter, og krigsutbrotet gjorde nok sitt til at besøk frå utanbygds aktørar ikkje skjedde så ofte, og i oktober 1942 vart ungdomslaget midlertidig nedlagt.
Etterkrigsåra i gamle Breidablik
Også i åra fram mot opninga av det nye ungdomshuset var det hovudsakleg lokale krefter som er nemnt i møteprotokollane. Standarden på huset freista vel ikkje så mange potensielle besøkande, men trekkspelaren Svensby kom fleire gongar. «Bra konsert» er kommentaren etter spelinga 26.1.1954.
17. mai 1951 var det musikk ved eit omreisande orkester på festen om kvelden. Noko meir konkret om kven og kva for orkester dette var, er ikkje nemnt.
Nabobesøk vart det den 14.5.1953 då Liabygda hornmusikklag og Liabygda blandakor held konsert.
Nye Breidablik gir ny giv

For si tid i 1955 var det nyopna Breidablik eit særsyn i vår region. Tilsvarande storleik på scene med sminkerom, garderobeanlegg og matsal var ikkje å finne korkje i Ålesund eller bygdene rundt. Det er ikkje rart at dette gav eit oppsving for arrangement i bygda. Det som syntest best, var dei gjestande teaterførestillingane. Scena tilfredsstilte Riksteateret sine krav og den ein store førestillinga etter den andre rulla inn i Stordal. Folk kom milevis frå og det var fulle hus og store opplevingar både for små og store. Mange fekk sterke inntrykk som kanskje påverka både verdiar og livssyn sidan dei store livsspørsmåla vart sett under lupa i dei store klassikarane og samfunnsaktuelle drama og komediar. Ikkje minst var dette til stor inspirasjon for dei lokale skodespelarane i Ungdomslaget, som var svært aktive med spelestykkje midt på 1900-talet.

Men det skulle også bli mykje song og musikk i åra framover. Songkor som blandakoret Lysglimt frå Ålesund, Ørskog damekor og mannskoret Varde held konsertar på slutten av 1950-talet. Også orkester var på vitjing med konsertar. I 1957 var både Ørskog guttemusikk med dirigent Peder Lande og Ålesund ungdomsmusikkorps på besøk. Det var jazzkonsert med sigøynarorkesteret Hungaria og Ålesund symfoniorkester med dirigent Frode Fagerlund leigde Breidablik til konsert med den meritterte franske pianisten Raymond Trouard som solist.
På slutten av året vart det arrangert stor amatørkonkurranse. Slike konkurransar var svært populære på denne tida og samla mange deltakarar i ulike sjangrar. Heile 30 aktørar var med i konkurransen som drog heile 500 tilhøyrar. Mellom dei som var med, var Jon og Ole Aasen. Liva Muri tok bilete av deltakarane (m.a. Aasen-brørne, vist i kap.8) og folkelivet, som m.a. var brukt i avisene.
I 1958 vart det etter mykje diskusjon og omfattande utprøving innkjøpt eit piano til heile 4500 kr. Dette vart brukt for første gong då barneorkesteret Veslefrikk frå Stranda var på besøk. Dette var eit svært populært tiltak og Breidablik var overfylt, står det i møteboka. No var konsertlaget komen i sving og dei kunne by på konsertar først med Per Aabel og seinare Ålesund symfoniorkester med solist Bergljot Havnevik på piano. På dette arrangementet var det bra med folk.

Det store arrangementet i 1959 må vel seiast å vere Edderkoppen revyteater med Leif Juster i spissen. Den 1. mai gjennomførte dei to førestillingar med eit samla publikumstal på 450. Dette året spelte dei revyen Hoppla vi bor på teateret med Lalla Carlsen, Leif Juster, Sverre Holm, Anita Thallaug, Arve Opsahl, Unni Bernhoft m.fl. Det er kanskje rimeleg å tru at det også var denne revyen dei turnerte med.
Leif Juster var mellom dei aller mest populære underhaldarane i Noreg den tida og i mange år framover. I tillegg til sine verbale ferdigheiter var han også ein dyktig pianist. Ungdomslaget serverte ofte mat og kaffi til dei gjestande artistane, noko dei sette stor pris på. Dei som ordna med mat og hus, huskar godt at Juster underheldt på pianoet etter matøkta.
Siste del av 1900-talet
Breidablik fekk etter kvart konkurranse om dei store arrangementa frå andre scener, men mange flotte konsertar og arrangement vart likevel lagt til Stordal. Konsertlaget nytta såleis lokala ei tid framover m.a. til ein hyggekveld med mange fine musikkinnslag frå lokale utøvarar og ein Norsk aften, men så syntest dei at leiga av pianoet vart for dyrt og dei søkte til andre lokalitetar.
I åra framover held mange kor og orkester frå nærområdet konsertar. Vatne skuleorkester, Ålesund ungdomsmusikkorps, Stranda orkester, Tresfjord blandakor, Romsdal spelemannslag og Tomrefjord musikklag var mellom desse.

I tillegg vart tidas populære underhaldarar presentert. I 1964 var det kjempeshow med mellom andre Roger Engvik, som hadde ein storslager med Kem he tatt min fena?, og Marie Lovise Vidnes, kjent med Gangdøra, som var fast gjengangar i Ønskekonserten. Slike arrangement var godt omtykte.
Det måtte også showa til Jack Dailey vere. Han var amerikansk, men budde lenge i Noreg. Han gav ut fleire plater og hadde en stor slager i 1962 med No øl, no vin, no dram. Han var på besøk på Breidablik både i 1969 og 1970 og seinare m.a. i lag med Johnny Burger og i 1972 også med det engelske bandet Big Diamonds. Han pleidde elles å samle ein gjeng med unge musikarar kvar sommar og reise rundt til mange småplassar rundt i heile landet med sine countrylåtar. Han opptredde både i radio og på TV.
På 1970-talet var det mange flotte arrangement med både song, musikk og anna underhaldning. M.a. var visesongaren og kulturarbeidaren Lars Hauge på besøk seinhaustes 1972. Han var ein sterk talsmann for visekulturen og langt framme i media. Ikkje minst er han kjend for sin medverknad i skipinga av Ungdommens kulturmønstring.

Det var stor stemning på tilstellinga, og resultatet av besøket var at det vart skipa ei vise- og lyrikkgruppe i Ungdomslaget i 1973. Denne gruppa såg til at det kom fleire besøk innan denne sjangeren. Såleis var Gro og Kjell Skeide gjestar den 24. mars.
Innan revysjangeren er også ord og tonar sentrale. Møteboka til ungdomslaget fortel om besøk frå fleire lag med slike førestillingar. Revyane til Sunnmøringen i Oslo var svært populære. Dei trekte fulle hus kvar gong- sprengfullt i 1973! Det siste besøket synest å vere i 1974 då dei vitja med Song of Sunnmøre – 4. vers. Mellom deltakarane var stordalingen Odd Kvammen. Han gjorde nok sitt til at dette vart slik suksess her i bygda.
Vi ser at både Tresfjord ungdomslag, Tresfjord blandakor og Tresfjord felleskor har arrangert programkveldar med mykje song og musikk. I 1980 hadde Breidablik besøk av Teateret Vårt med ei førestilling der visene til Hartvig Kiran vart framført.

Det var og nokre reint musikalske konsertar på slutten av 1970-talet. Den slovenske oktett vitja Stordal både i 1975 og 1977.
Rikskonsertane hadde fleire besøk i Stordal. Eit som var lagt til Breidablik, var konsert med Sigbjørn Berbhoft Osa og Finn Nielsen i 1971. Osa var nærast som ei popstjerne å rekne på denne tida. Hans versjon av Fanitullen og Per Bolstads Meistervalsen var gjengangarar på Ønskekonserten. Pianisten Finn Nielsen var også frå Hordaland og framførte ofte folkemusikkprega verk både av Grieg og Geir Tveit.

Vestnes musikklag hadde konsert i 1978 medan Ole Ivars og Nordre Sving spelte til dans i 1976.
På 1980-talet går Breidablik si stordomstid som lokalitet for arrangement med utanbygds songarar og musikarar mot slutten. Fasilitetane som var så gode for 30 år sidan, er ikkje lenger konkurransedyktige og andre arenaer blir valt. Også ungdomslaget strevar med mykje av energien brukt til vedlikehald og reparasjon av huset og mindre til lagsaktivitet.
Idrettslaget
Sidan ungdomslaget hadde lokale til disposisjon, var det først og fremst dei som både arrangerte eller la til rette for konsertar og førestillingar med utanbygds aktørar. I andre bygder blei det etter kvart vanleg å arrangere forskjellige slags festivalar der kjende artistar vart hyra inn. I 1972 fekk leiinga i Stordal idrettslag ideen om å lage Stordalsfestivalen. Denne vart gjennomført 29. april med nokre av dei aller mest folkekjære artistane på den tida – Kirsti Sparbo, Benny Borg, Nora Brockstedt og Eivind «Rattiti» Løberg deltok på Stordalsfestivalen


Dette året hadde Kirsti Sparbo gitt ut En sommer er over som stadig vart spelt på radioen i lag med fleire av låtane på albumet. 1972 var også året då ho gifte seg med Benny Borg, som om lag på same tid lanserte Balladen om Morgan Kane. Dei var årets kjendispar og på høgda i popularitet.


I tillegg hadde dei fått med Nora Brockstedt. Dette året gav ho ut ei juleplate og ei med Prøysenviser. Ho var enno ein av våre mest omtykte artistar som beherska eit mangfald av sjangrar.
I eit av Erik Bye sine show i 1971 fekk nordmøringen Eivind Løberg opptre med visa Rattiti. Det vart kjempesuksess, og han måtte sjølvsagt inviterast. Saman med han stilte faren sitt band Løbergs danseorkester som både spelte til dans og akkompagnerte.

Inntektene vart kanskje ikkje så gode som dei håpte, for det blei ikkje arrangert liknande festivalar i ettertid.
I staden valde Idrettslaget å satse på Stordalscup. Dette var i starten ei turnering med berre fire herrelag. Cuphelgane vart kombinert med dans og ofte servering og litt underhaldning. Når damefotballen kom i sving, vart det også plass for dameklasse under cupen. Stort sett var det danseband frå regionen som stod for musikken.

Etter kvart vart cuphelga retta mot barnefotballen. Det vart lagt opp til mange kjekke aktivitetar for barna og meir kremmeraktige tilbod for foreldra og vaksne som møbelauksjon, sal av ulike varer og sjølvsagt bevertning.
Ikkje minst bidrog Stordalshallen til at arrangementet vart langt meir innhaldsrikt enn før. Både i og ikring Stordalshallen var det standar, kafé, loppemarknad og underhaldning frå scena. Om veret ein sjeldan gong ikkje var det aller beste, utgjorde Stordalshallen også på det viset den store forskjellen.

Cupdansane vart framleis arrangerte med populære orkester. Etter at Stordalshallen vart opna, opna dette for ein annan type arrangement. Her var det no mogleg å arrangere stordansar inne med eit mykje større publikum enn det som var råd tidlegare.
Medan eit stort regionalt publikum kunne finne glede i eit vidtfemnande programkonserttilbod gjennom Kyrkjehola Kulturbeite, kunne no Idrettslaget presentere dei fremste aktørane innan danse- og konsertbandsjangeren for dei som likte slik musikk. Eitt av desse banda var Vassendgutane i 2003. Dei hadde gitt ut plater både i 2000 og 2002, men hadde vel enno ikkje fått det namnet dei har i dag. Arrangørane torde ikkje å lite på dei åleine så dei hadde engasjert Fredrik Knutsen med standup som ei oppvarming og Gunnar Fjeldset Band som hovudattraksjon. Kenneth Strømsøy i skriv i Storfjordnytt 29.03.2003:
«Det var nok eit bra sjakktrekk å starte dansegallaen med Fredrik Knudsen: Då Vassendgutane kom på scena, var allereie eit par hundre av andleta glade og oppglødde av stand-up-komikaren. Attpå kom alle dei forventningsfulle ungdomane som ikkje hadde teke seg bryet med å betale for middelalder-humor.
Påskeøl
Det ser ut som Vassendgutane har fått ein solid tilhengarskare i fylket, og fleire ungdomar hadde teke med seg cowboyhatten langvegsfrå. Musikksjangeren var ei form for opprocka country, ein eller annan stad i fotefara til Hellbillies, utan samanlikning elles. Når det gjeld tekstane, var lyden for dårleg til at dei var heilt enkle å få med seg. Men det eg registrerte, høyrde heime ein stad mellom DDE og Luxus Leverpostei. Ein av melodiane handla om påskeøl, om ikkje øyro svikta meg heilt.
Vassendgutane fekk brukbart med folk på dansegolvet, men det var først då Gunnar Fjeldseth Band tok til å spele at det vart skikkeleg trongt om plassen. Gruppa vert rekna å høyre til i den norske elitedivisjonen for danseband, og har vunne dansebandmelodikonkurransen til NRK dei tre siste åra. For ein som ikkje soknar til dansebandlauget var det likevel vanskeleg å skilje Gunnar Fjeldseth Band frå andre grupper i same sjanger. Det var enkle melodiar og endå enklare tekstar, og dansebandfolket laut til å kose seg aldeles storveges.»
Desse dansegallaene byrja same året som Stordalshallen vart opna. Då var det Hellbillies som vart leigde inn. Saman med Vassendgutane er dei mellom dei mest kjende orkestera som har vore her meir enn den eine gongen. Alpingruppa i Idrettslaget fekk dei hit att også i 2007. Storfjordnytt er igjen på plass og Alfred Nilsen skriv den 24.10.2007:
«Inne i salen var det rigga til med to scenar. På den eine scenen spela Dansebandet før og etter konserten med Hellbillies. Hallen var laga til med småbord, øl- og vinsal og butikk med Hellbillies-effektar og musikk.

Stor fanskare
Mange av dei som kom til Stordalshallen denne laurdagen, var ihuga fan av bandet. Og av dei finn ein mange yngre menneske. Sverre Ulstein Fjørtoft frå Brattvåg var endeleg blitt 18 år og kunne sleppe inn på konsert med heltane.
– Kvar ei plate av dei har eg, og eg berre diggar dei, seier han og trippar framføre scenen før dei startar å spele.
Kvart på elleve entrar dei scenen og klemmer i veg med kjende og mindre kjende låtar frå sitt repertoar. Dei har nettopp kome med ny plate og dette er den andre konserten dei held etter det. Og media er sjølvsagt til stades, dei som er å rekne med: Bygdebladet, VG og Storfjordnytt.
Tettspelt band
– Det er ti år sidan vi var her sist, og dokke ser ikkje ein dag eldre ut, heller tvert i mot, kunne Aslag Haugen fortelje.
Og det kan ein som publikum merke, at dette bandet har halde i hop ei god stund. Det er eit tett driv som kjem frå scena, lyden er bra og eit herleg lys skaper det som måtte mangle. Og bandet triller ut den eine låta etter den andre og gitarist Lars Håvard Haugen imponerer med sitt gitarspel og si framferd. Han har ein eigen stil og ein fandenivoldsk måte å få lyden ut av gitaren på. Og ikkje berre ein gitar, men mange.
I to stive timar var bandet på scena og kom inn og spelte fire ekstra låtar til slutt, og aller sist den mange hadde venta på heile kvelden: Krasafaren steinbu.
Det blir dansa, digga og drukke øl. Publikum i alle aldrar storkosar seg i Stordalshallen denne kvelden. Og alle desse folka, om lag 700, vert passa på av eit smidig, effektivt og synleg vaktkorps. Etter at Hellbillies gjekk av scena var Dansebandet der igjen og spelte for alle dei som ikkje hadde fått dansa frå seg»
Det største publikumsframmøtet var nok då DDE vitja Stordalshallen. Då var det rundt 1000 til stades. Tor Endresen, Dance with a Stranger, Ole Ivars mfl. har skapt stemning og gitt sitt publikum dei gode opplevingane dei kom for.
Kommunale instansar
Kommunen har i fleire samanhengar gjennom sine etatar stelt til arrangement der songarar og musikarar utanfrå har vore med. Døme på dette kan vere Stordalstrøkk (omtala i førre kapittelet) der band frå omliggande kommunar har vore med ved sida av stordalingar. Etter Stordalshallen kom, har kommunen ved Stordalshallen teke over rolla som utleigar av lokale slik Ungdomslaget gjorde med Breidablik. Eksempel på dette er dei omtala dansegallaene som grupper i Idrettslaget har stått for.
Men Stordalshallen har også vore delaktig i andre konsertar der Stordalshallen er blitt leigd av artistar med eigne show. Vi viser eit par døme på dette.

Randi Flø, Storfjordnytt 23.12.2015:
«Godt over 300 personar forlet Stordalshallen tysdag kveld varme om hjartet over den opplevinga dei hadde fått under konserten med Jenny Langlo og Knut Marius Djupvik.
Mange strålte og prøvde å finne ord for det dei hadde vore med på då konserten var over.
”Du store mi tid” hadde Jenny og Knut Marius sett som tittel på eit utval songar dei framførte, nokre reine julesongar, andre ikkje så vaskeekte. Felles for alle songane var at dei har tekst til ettertanke.
Under konserten song dei saman, kvar for seg og til og med saman med André Gussiås i bandet. André Gussiås Band må nemnast spesielt, dette er musikarar som kan sine ting, og som verkeleg var med på å gjere opplevinga fullkomen.
……. Den ståande trampeklappen ville ingen ende ta. Dei to på scena invititerte eit ståande publikum til å synge inn jula saman med dei med songen ”Deilig er jorden”.
Ei flott oppleving rikare og med litt meir julestemning kunne publikum ta seg ut i kuldegrader og ein flott stjernehimmel, nesten likt ein god gammaldags vinter. Saman med bandet gjorde dei to vokalistane eit mektig inntrykk som det skal ta litt tid å fordøye. Samstundes med at framføringa var andektig og profesjonell, klarte dei å lage ei litt avslappa stemning og kontakt med publikum gjennom dei korte og humoristiske innslaga innimellom.»

Storfjordnytt 14.12.2017:
«Dei som hadde teke turen til storstova i Stordal sist søndag fekk oppleve eit skikkeleg juleshow med storband, kor, strykarar og flinke vokalistar. Maria Holand Tøsse og Odd Fossum i Big Odd band starta planlegginga av juleshowet i januar. Utgangspunktet var konsert med storband og vokal, men voks undervegs med strykarar og kor og to vokalistar.
Det var eit skikkeleg juleshow i Stordalshallen sist søndag. På scena sat Big Odd Band og Indre Strøk med stor musikkforståing og speleglede og Big Valley Voices gjesta scena ved fleire høve og med fine songar og flotte stemmer.
Vokalistane Maria Holand Tøsse og Trygve Sætre kunne sine ting og song tradisjonelle storbandjulesongar med trøkk og gleda publikum. Det var ei mektig oppleving med kor, storband og strykarar og i tillegg var det mange fine enkeltprestasjonar. Big Odd Band, leia av Odd Fossum, spelte presist og med trøkk på songar med avanserte arrangement. Det var vel slik dei hadde tenkt det skulle bli. Eit skikkeleg juleshow med fint pynta sal, ei lyssett scene, god lyd og glade menneske. Undervegs i programmet var det ei pause så folk kunne prate og kose seg med kaffi og kaker. Dei som hadde teke turen til storstova i Stordal sist søndag fekk oppleve eit skikkeleg juleshow med storband, kor, strykarar og flinke vokalistar.»
Stordal og Liabygda konsertlag
På grunn av at det er lite å finne att av skriftleg informasjon om dette laget, har Lars Stavseng og Alf Overøye saman med fleire andre prøvd å få litt system i arbeidet til konsertlaget. Dei arbeidde med dette i 2017. Første spørsmål det måtte finnast svar på var når dette laget vart skipa. Kjelder viser at laget kom i gong vinteren 1958, og at det gjekk mot slutten med dette tiltaket rundt 1980. Dei hadde denne tida besøk av svært mange folk på høgt nivå. Det var ordninga med Rikskonsertane som gjorde det mogleg.


I møteboka til SUL ser vi at Konsertlaget den 11. februar 1958, før den offisielle skipinga, leiger Breidablik til konsert med den landskjende fiolinisten Bjarne Larsen akkompagnert av Ebba Isene på piano. Begge var musikarar på internasjonalt nivå og var ofte å høyre på radio. Det møtte fram 70 tilhøyrarar.


Denne hendinga gav tydelegvis meirsmak for 30. mars same året leigde Stordal og Liabygda konsertlag småsalen på Breidablik til skipingsmøte. Etter dette fekk publikum høve til å høyre og sjå mange av våre fremste musikarar.


Skipingsåret baud på førestillingar med Per Aabel med akkompagnatør (både i Stordal og Liabygda) og Ålesund symfoniorkester med solist Bergljot Havnevik på piano. I 1960 var det norsk aften med pianisten Ingebjørg Gusvik og skodespelar August Oddvar.
I det følgjande vert nemnt namn på andre som var her, men rekkjefølgja kan vere feil. Det viktigaste synest likevel å vere at namna på dei som gjesta oss, er komne med. Lista er rett og slett imponerande:


- Stephan Barrat Due (fiolin) og Soon-Mi Chung (bratsj)
- Arve Tellefsen med akkompagnatør. Dei var to gongar i Liabygda i tillegg til Stordal
- Einar Steen Nøkleberg
- Knut Skram
- Jens Harald Bratlie
- Bjarne Buntz
- Ørnulf Boye Hansen
- Aage Kvalbein
- Eva Knardahl
- Camilla Wicks


Konserten i Stordal med Arve Tellefsen og Einar Steen Nøkleberg var i det nye bedehuset i Stordal. Tellefsen var i kjent form både med speling og gode historier. Salen var stappfull. Derte var i storkommunen si tid og Alf minnest at mange av medlemmene i kommunestyret var til stades på denne konserten.

Ørnulf Boye Hansen og Jens Harald Bratlie hadde og ein minnerik konsert.
I 1974, 11. februar, hadde ungdomslaget i samarbeid med Konsertlaget fått tak i Ketil Bjørnstad og Ole Paus. Dei held konsert på Breidablik. Berre 80 billettar vart selde, med det var svært god stemning.
Alf Overøye minnest: «Så litt om den siste konserten som fann stad her. Det var ei ugløymande stund. Alle konsertane var topp, men denne, kanskje var det fordi at eg hadde høyrt mykje bra i denne tida, eller det var fordi at eg meir hatt fått øyrene opp for denne overmåte vakre forma for kunst.

Men no var det den siste konsert i konsertlaget eg var på. Den var med Camilla Wicks og Robert Riefling. Camilla med sin særdeles mjuke og vakre tone og med ein overbevisande vakker vibrato. Ho var av internasjonalt format som musikar. Repertoaret var velkjende ting frå fiolinlitteraturen, til dels ganske virtuose ting også.
Så gjekk det etter kvart mot slutten med dette tiltaket. Besøket på konsertane tok til å minke, og det var ikkje så enkelt å halde på med dette lenger. Men ei fin tid var det.«
Konsertane blei framførde nokså skiftevis mellom Liabygda og Stordal.
I Stordal var det nye bedehuset ein god arena for å avvikle desse konsertane. Her var bra med plass for publikum og god akustikk. I Liabygda var arrangementa i kyrkja.
Kyrkjehola Kulturbeite

Følgjande er henta frå styremedlem Eva Hove si oppsummering om oppstarten i 2000:
Initiativ:
Odd Johan Overøye var den som i utgangspunktet tok initiativ til å få i gong denne kultursatsinga. Han lanserte først ideen overfor kulturkonsulenten i Stordal kommune.
Seinare tok han og munnleg kontakt med ein del personar. 12.juni 1999 møttest Odd Johan Overøye, Kristian Almås, Leif Dybdal, Charles Tøsse, Ola Stavseng, Sindre Helland og Eva Hove. Alle involverte viste entusiasme for prosjektet, og det vart bestemt at ein skulle prøve å få til ein programserie for sommaren 2000. Seinare kom dei same personane, med unntak av Sindre Helland, til å utgjere interimstyret for det som etterkvart vart heitande «Kyrkjehola Kulturbeite».
Idé:
Stordal har i løpet av dei seinare åra fått ei rekkje spennande og særeigne lokalitetar i bygdetunet. Desse lokalitetane kan danne ramme rundt eit breitt spekter av kunstnariske uttrykksformer og aktivitetar. Ein ser m.a. for seg intimkonsertar, kombinasjonar av opplesing og musikk i Prestestova. Temakveldar med lokalhistorie, eller kanskje lokale mattradisjonar presentert i Løsetstova, kunstutstillingar i Løsetstova og stabburet, og eventuelt konsertar av større format i Rosekyrkja.
Målsetjinga med tiltaket er tosidig: På den eine sida ynskjer ein å skape ein kulturtilvekst for fastbuande og tilreisande. Ein meiner at slike tiltak vil vere positive markeringar av bygda vår og gjere Stordal meir synleg. Sentral samfunnsforsking konkluderer med at eit breitt og kvalitativt godt kulturtilbod er eit av dei mest avgjerande momenta for folk som vurderer å etablere seg ein stad. På den andre sida har ein også som mål å profilere profesjonelle kulturformidlarar med base i vårt eige distrikt. Gjennom ei satsing på høg standard og kunstnarleg mangfald, har Kyrkjehola Kulturbeite ambisjonar om å kunne bli eit attraktivt utstillingsvindu for eit breitt spekter av kreativ aktivitet.
Kyrkjehola Kulturbeite (KKB) syntest liv laga og skulle sette opp mange program i åra som kom med følgjande føremål:
* KKB ønskjer å markere seg som ein tydeleg og offensiv kulturinstitusjon med kontinuitet og ein klar kunstnarleg identitet som siktemål
* Det kulturelle tilbodet skal vere av høg kvalitet og femne om ulike sjangrar innan musikk, litteratur, biletkunst, historie og folklore
* KKB har som målsetting å stimulere til nyskaping i kryssingspunktet ord, bilete og musikk
* KKB har eit ansvar for å profilere profesjonelle kulturformidlarar med base i Møre-regionen, og særskilt støtte lokale kunstnarar i etableringsfasen
* Lokalt ønskjer KKB å vere eit tilskot til det frivillige kulturlivet og medverke til ei synleggjering av Stordal som ein kulturkommune
Det vart planlagt i alt 127 førestillingar. 120 vart gjennomførte med dei aktørane som var oppsette. To vart gjennomført etter planen men i desse tilfella andre skodespelarar frå Teateret vårt enn dei som stod på programmet. Ei av deira barneførestillingar vart utskifta med eit lokalt program. To vart avlyste pga. akutt sjukdom og dødsfall.

Nokre av arrangementa kunne ha vore plassert i fleire av kategoriane fordi dei omfatte både litteraturinnslag, lokalhistorisk innhald og musikk og/eller song. Fleire enn fem av programinnslaga hadde barn som målgruppe, men var også tilbod for vaksne. Eit betre inntrykk av innhaldet blir gitt i oppsummeringa av programpostane år for år. Medrekna alle medlemmer i kor og orkester har rundt 500 aktørar vore med å gi publikum frå heile Nordvestlandet store kunstnarlege opplevingar.
Program 2000

Programbrosjyre Kyrkjehola Kulturbeite 2000
Program 2001

Programbrosjyre Kyrkjehola Kulturbeite 2001 – del 1
Programbrosjyre Kyrkjehola Kulturbeite 2001 – del2
Program 2002

Programbrosjyre Kyrkjehola Kulturbeite 2002
Program 2003

Programbrosjyre Kyrkjehola Kulturbeite 2003
Program 2004

Programbrosjyre Kyrkjehola Kulturbeite 2004
Program 2005

Programbrosjyre Kyrkjehola Kulturbeite 2005
Program 2006

Programbrosjyre Kyrkjehola Kulturbeite 2006
Program 2007


Programbrosjyre Kyrkjehola Kulturbeite 2007
Program 2008


Programbrosjyre Kyrkjehola Kulturbeite 2008
Program 2009


Programbrosjyre Kyrkjehola Kulturbeite 2009
Program 2010


Programbrosjyre Kyrkjehola Kulturbeite 2010
Program 2011


Programbrosjyre Kyrkjehola Kulturbeite 2011
Program 2012


Programbrosjyre Kyrkjehola Kulturbeite 2012
Program 2013



Programbrosjyre Kyrkjehola Kulturbeite 2013
Program 2014


Programbrosjyre Kyrkjehola Kulturbeite 2014
Program 2016


Programbrosjyre Kyrkjehola Kulturbeite 2016
Program 2018


Som ledd i Fortidsminneforeininga si markering av ei nyrestaurert Rosekyrkje, inviterte Kyrkjehola Kulturbeite denne olsokkvelden til konsert med songaren Unni Boksasp.
I Rosekyrkja tok Unni for seg vakker folkesong frå Møre og Romsdal, ein tradisjon ho kjenner godt frå sin oppvekst på Tingvoll. På bass medverka hennar faste musikalske samarbeidspartnar Magne Vestrum. Det blei ein stemningsfull kveld med Rosekyrkja som perfekt ramme!
Program 2019
Dei blei avvikla eitt program sommaren 2019:
Sommarsong i Rosekyrkja på olsokkvelden
Tone Oline Knivsflå og Kristin Lundemo Overøye er to unge, nyutdanna skodespelarar og songarar med sterke røter i vårt distrikt. Saman med pianist og komponist Odd Johan Overøye har dei plukka ein fargerik bukett av vakre dikt, viser, songar og salmar der sommaren – vår kjæraste årstid – er gjennomgangstema. Publikum blir også invitert med på allsong. Kyrkjehola Kulturbeite ynskjer velkommen til ein stemningsfull sommarkonsert av godt, gammalt merke i vakre Rosekyrkja (etter olsokgudstenesta).

Tone Oline (opphavleg frå Geiranger) er utdanna ved Bårdar Akademiet / Bårdar International Musical Theatre.
Kristin er trondheimsjente med aner i Stordal. Ho har ein Bachelor i Actor Musicianship frå Rose Bruford College i London.
Odd Johan (Stordal / Trondheim) er komponist / arrangør og pianist, og har hatt musikken som levebrød sidan slutten av 80-talet. Han underviser i komposisjon og teori ved NTNU-Institutt for musikk, og har hatt diverse tillitsverv i norsk musikkliv – m.a. som komitémedlem i Statens Kunstnarstipend. Odd Johan er gründeren bak Kyrkjehola Kulturbeite som med varierande aktivitetsnivå har halde det gåande sidan 2000.
I 2015, 2017 og 2020 var det ikkje program i Kyrkjehola Kulturbeite. Både manglande publikumsoppslutning siste åra, trøyttleik hos styremedlemmene og ein travel arbeidskvardag for krumtappen i KKB, Odd Johan Overøye, har gjort at dette kulturtilbodet truleg er historie. Men KKB har gitt varige minne og gode opplevingar for både aktørar, arrangørar og eit stort publikum frå heile regionen vår.