Bakgrunn
«Kyrkjemusikken sameinar eit åndeleg og eit musikalsk siktemål. Kyrkjemusikken tolkar og formidlar kristen tru. Han er kyrkjelyden sitt felles svar på guds tale til oss, støttar og gir næring til det åndelege livet i kyrkjelyden». (Plan for kyrkjemusikk. Kyrkjerådet 2008)
Kristen song og musikk har heilt frå den første kristne tida vore ein naturleg del av det kristne livet – både i livet til den einskilde kristne og særleg i det kristne fellesskapet. Den sterke prioriteringa av det musikalske kan ha fleire årsaker.
Lovprise Herren
Bibelen har fleire visningar til at song og musikk skal brukast for å love Herren. Mange salmar og mykje musikk er laga for dette føremålet, og det synest å ligge ekstra glede i å kunne hylle Gud i eit kristent fellesskap.
«Halleluja! Lovsyng Gud i hans heilagdom, lovsyng han i hans himmelborg! Lov han for hans mektige verk, lov han for hans store velde! Lov han med gjallande horn, lov han med harpe og lyre! Lov han med pauke og dans, lov han med strengespel og fløyte! Lov han med tonande symbalar, lov han med klingande symbalar! Alt som har ande, skal lova Herren. Halleluja! (Salme 150).
Nærvær med Gud gjennom kyrkjeliturgi

Liturgien er ei ramme for kyrkjelege handlingar, som definerer rollene til prest og kyrkjelyd med føremål å skape nærvær med Gud. Dei første kristne hadde med seg tradisjonar frå jødedomen inn i si gudsteneste. Gregorius blei pave i år 590 og utforma grunnpilarane i den kristne liturgien som sidan har vore i bruk. Den type song som vart viktig del av liturgien, gregoriansk song, er oppkalla etter han. Mykje kyrkjemusikk og -song er laga for å forsterke liturgien.
«Den universelle Kirkes musikalske tradisjon har skapt en uvurderlig skatt. Når ingen annen kunstnerisk uttrykksform har frembragt noe som kan sidestilles med den, skyldes dette først og fremst at kirkesangen, som jo er knyttet til ordene, utgjør en nødvendig eller integrerende del av den høytidelige liturgi.» Sancrosanctum Concilium, 1870.
Den protestantiske kyrkja gav etter reformasjonen rom for større deltaking i kyrkjesongen enn i den katolske liturgitradisjonen.
Musikk og song i kyrkja har òg eit diakonalt perspektiv, som handlar om å vere til hjelp i ulike fasar av livet, til trøyst og oppmuntring i sorg og til glede i gode tider.
Trusopplæring
«I salmane møter vi Evangeliet i heile sin rikdom, lagt til rette i kunstnarleg form. Den bibelske bodskapen i alle sine fasettar er samla i ein einskap av to kunstverk; eit dikt og ein komposisjon». (Den norske kyrkja – om Norsk salmebok 2013)
Salmane kan tilpassast ulike mottakargrupper og i innhald femne om heile den kristelege bodskapen. Dette gjer salmane sentrale både i forkynning og trusopplæring. Det er tidlegare vist til at i skulelovene frå 1827 og 1860 vart salmesong sett så viktig at det vart nemnt før lesing og rekning i planverket.
«Glede til menneskesjela»
Peter Jøsvold fortel:«Når gamlekarene møttes i bryllup til dømes, kunne de mangen gang bli sittende i timevis og synge gamle salmer, sanger og viser… Det var ikke bare det at de kunne mange melodier, men de kunne også ei mengd vers, — utaboks sjølsagt. Tekstene og melodiene var mangesteds fra. De var fra Svee-Nils-boka, Evangelisk kristelig salmebok, …»
Denne forteljinga ber bod om at det å samlast om songen vart opplevd som gjevande, kjekt og til glede.
”Eg skjemst ikkje over å seie det offentleg at nest etter teologien finst det ikkje nokon kunstart som kan måle seg med musikken. Berre musikken kan skape det som teologien på anna vis gjer, nemleg å gi ro og glede til menneskesjela.” (Martin Luther)
Musikk og song som del av kristenlivet i Stordal
Song og musikk i kyrkja
Det finst ikkje noko historisk materiale frå Stordal som fortel om korleis det var med salmesongen i kyrkja i gamal tid. Jøsvold skriv at: «I gamlekirka var det nemlig ikke orgel, og det var mangen gang vanskelig for kirkesangeren å få kirkelyden med seg». Kanskje var dette særleg vanskeleg den tida det berre fanst få og danske salmebøker, slik at dei fleste måtte kunne salmane utanboks for å delta. Måtte dei i tillegg synge dei originale melodiane i si nokså låste form, var dette kanskje ekstra lite motiverande sidan mange av desse vart opplevde som uvante og framande for dei som likte betre dei lokalt tilpassa tonane.

Jøsvold: «Når en minnes den mengda av gamle melodier til religiøse tekster som er samla i Stordal, både av Catharinus Elling og nedskriveren av dette, må en med stor visse gå ut fra at Stordal også var en av de bygdene som for 100 år siden fann at de tyske og danske koralmelodier var så lite tilfredsstillende at en i steden nytta stedegne folkemelodier.»
I 1835 blei det ved kongeleg resolusjon slått fast at den siste danske koralboka, Zincks, skulle avløysast av ei norsk. O. A. Lindemanns koralbok blei dette året autorisert «til utelukkende bruk ved gudstjenesten i rikets kirker.» Jøsvold skriv vidare
«Så kom M. B. Landstad i 1870 med sin nye salmebok, og i 1871 laga L. M. Lindeman melodier til den. Lindemans koralbok ble autorisert i 1877 til bruk ved gudstjenesten. Om denne koralboka ble det temmelig hard strid. Somme syntes det var for mye nytt i harmoniseringa, og andre ville ha salmesangen tilbake til den opprinnelige lutherske sangmetoden, der det var mer rytmisk fridom».
I den nye reviderte koralboka frå 1925 var det teke inn ei mengd folkemelodiar som kyrkjelydane utover landet hadde teke i bruk på eiga hand allereie for 100 år sidan til salmar av t.d. Brorson og Petter Dass.
Lars Petter Almås framførte eit døme på slik salme (Koralboka nr. 108) i Folkemusikkhalvtimen 1955.
Salmen som du kan høyre her, O Søde Evangeli Lyd, nyttar ein gammal folketone frå Sunnmøre og teksten er også lokal – forfatta av Nils Olsen Svee.

Songane og salmane etter Niels Olsen Svee var populære mellom folk, og det er rimeleg å tru at dei også vart brukt i kyrkja. Strandaren Sve-Niels var skulehaldar og særleg gåverik. Han var født Sve, men mest nytta er den danske skrivemåten, Svee, i samband med hans salmar. Han vart gift til Iva-garden på Storheim, men drukna i 1789 i Storfjorden, berre vel 30 år gamal. Han og kona Berthe fekk ei dotter, som vart gift til Ebbegarden på Øvrebust.
Broren Ola, som og var skulehaldar, sytte for å få salmane hans utgjevne i bokform. Første utgåva kom i 1792. Sidan kom 21 opplag til! Ein av dei tekstane vi høyrer Lars Petter Almås framføre i Folkemusikkhalvtimen, omtala i kap. 2, er av Niels Olsen Svee.
Sivert Overøye har i eit større upublisert historisk dokument filosofert også om bruken av språk i salmesongen:
«Ein ting må ein merka seg; Alle religiøse tekstar til dei gamle folketonane er på bokmål. All religiøs opplæring i skulen, og alle preiker i kyrkja var på dansk! Det var også vanleg at religiøse talarar, også komne frå bonderot, bruka same målføret, bokmålet. Dette målet var nemleg rekna som rette måten å ordleggja seg på når det galdt religiøse ting – noko anna var reint «Gudsspotting». Mange gamle rekna denne målforma som den Jesus bruka. … Det er ikkje til å koma frå at dette la noko stivt og bunde over både song og tale. Men folk var ikkje klåre over dette – det skulle så vera. Så då ein kom fram i slutten av 1900 talet og over i dette hundreåret og det vart spursmål om å få vårt eige mål inn både i undervisning og som kyrkjemål, skapte det ikkje lite motstand særleg av gamle – så sjølvsagt, for dette «bogmålet» var det dei hadde lært. Dei hadde det i bøker, dei n fekk u det frå preikestol og talarstol – eit hellig mål.
Men for ungdommen var det onnorleis. I den tida som er nemnt ovanfor, hadde ungdommen teke til å vakna og fått sett verdet av dette å ha eit eige mål – sitt mål – eit norskt mål. Difor var det på mange vis ei herleg vakning både når det galdt song og songglede då me fekk Blix-salmane, Aasen, Vinje og Garborg-songane. Ein hadde kjensla av å vera komen «heim» – endeleg. Men – diverre – folketonane fylgde ikkje med her.»
«Gamleklokkaren» Peter P. Hove var ei lokal kulturell drivkraft og med sin posisjon som kyrkjesongar fekk han i stand eit blanda kor av ungdom frå heile bygda, som også skulle vere kyrkjekor. Jøsvold: «Etter at sangkoret begynte å synge i kirken, ble menighetssangen ganske bra».
Rosekyrkja vart ombygd i 1860 etter at det kom ei ny lov som kravde at fleire måtte få plass i kyrkja. Mellom anna førte dette til at korgittera måtte takast ned og dei vart flytta til eit utvida galleri for å skilje av ein plass til kyrkjekoret. Dette skiljet er enno på plass.
Frå Farne tider: «Koret kom gjerne i hop eit par timar føre preika og øvde inn stemmene på nye salmar som dei ikkje hadde frå før. Elles øvde dei inn alle svara i liturgien. I gamlekyrkja hadde koret sin faste plass oppe i «lemmen» til venstre – og der fekk ingen andre enn koret kome.
I kyrkja sat dirigenten framme i kordøra, og det var nok visse vanskar med å «gje tonen» derifrå. Men da var det greitt å ha ein hjelpedirigent, kring 1900 var det alltid Peder T. Holt. Han song elles tenor i koret og hjelpte til med innøvinga. Fleire av dei som var med i koret hadde røynsle som musikarar i regimentsmusikken. I nykyrkja var det ingen særskild plass for koret, men om dei sat spreidd så song dei stemmene sine like fullt. Overøye fortel at koret song i gravferda til den gamle dirigenten sin … Mange var komne godt oppi åra, men «ennå tona det like godt det som var lært for over ein mannsalder sidan».
Ein av grunnane til at det var vanskeleg å halde oppe kyrkjekoret på starten av 1900-talet, var at mange emigrerte til Amerika. Amerikafararane viste at dei framleis hadde heimstaden kjær ved å samle inn pengar som vart til orgel i nykyrkja. Dei komande organistane skulle bli viktige ressurspersonar for song og musikk ved å vere sentrale i korarbeid og med tonefølgje i foreiningslivet.
Kor har i snart 150 år vore med å leggje til ein ekstra dimensjon på gudstenester og høgtidsfeiringar. Dei mange tamburane, mange av dei også kormedlemmer, spelte til korsongen saman med det første kyrkjekoret ved spesielle høve. Denne tradisjonen gjeld enno t.d. når Stordal Hornmusikklag spelar ved gudstenesta i gamlekyrkja kvar 17. mai. Fram til rundt år 2000 var og Hornmusikken, som tidlegare nemnt, fast innslag kvar andre juledag med Jøsvolds arrangement av «Julefantasi» som postludium.
Dei siste tiåra har kor, korps, grupper og einskildpersonar sunge og spelt ei av dei siste helgene før jul for å setje tilhøyrarar og deltakarar i denne rette stemning før høgtida. Kyrkja er alltid fullsett på denne konserten, som synest å vere mykje omtykt mellom både unge og gamle.
Kyrkjene har elles vore sentrale arenaer for konsertar med så vel lokale utøvarar som nasjonale og internasjonale musikarar og songarar.
Song og musikk i kristne foreiningar
Kristelege foreiningar kom tidleg i gong i Stordal. Med den sterke vektlegging song og musikk hadde både i det kristelege fellesskapet og for den einskilde, var det naturleg at ein sentral del av aktiviteten i dei ulike laga som vart starta rundt i grendene våre vart bygd rundt det musikalske. Olaus Overøye har i eige skrift for Sogelaget fortalt om Misjonsforeiningane i Stordal og det meste av stoffet om musikk og song i foreiningslivet er henta frå dette heftet.
Den første kristne ungdomsforeininga i Stordal

Den første misjonsforeininga i Stordal vart starta i 1888 og fleire lag kom til dei neste tiåra. Dei fleste var misjonsforeiningar og det er uvisst kor sentral plass song og musikk hadde når dei hadde møte og samlingar. Mathias Orheim var med på å stifte den første kristelege ungdomsforeininga i Stordal i 1907. Han er m.a. kjend for sine songar og salmar. Då er det ikkje rart at song vart viktig når medlemmene møttest. Jørgen Midtbust (1875-1929) frå Ola-garden refererer frå eit møte i 1908 i denne foreininga at det var fleire innslag ved «sangforeningen». Referata frå desse ungdomsmøta syner at både fellessong og korsong var ein viktig del av møta. Seinare, i 1920-åra, finn vi at det var i gang eit blandakor, leia av Jørgen Midtbust. Vi veit ikkje kor lenge dette var i gong.
Musikklaget i Nøredalen
Første opptaket til musikklaget i Nøredalen kom om lag samstundes med initiativa til Jørgen Midtbust. Nokre jenter var elevar ved Møre ungdomsskule vinteren 1918 -19. To av desse var ifrå Almåskrinsen, og då dei kom heim tok dei til å synge av songane dei hadde lært. Dette greip om seg, og etter vekkinga var dei ein bra flokk som song, akkompagnert av strengemusikk.
Medlemmane i dette musikklaget var så langt vi veit berre i frå «dalen» eller stort sett Almås skulekrins. Det var sagt at Stordal musikklag var det første i sitt slag på Sunnmøre, Men det er ikkje dokumentert.
Dei var i mange bygder og song, og var også med på årsmøte/stemne til Sunnmøre Indremisjon. Musikklaget gjekk i første omgang fram til 1929. Då døydde ein av songarane, Petter Olaus Almås, som også var fast stemmar av alle instrumenta. Musikklaget kom likevel i gang att noko seinare, og held fram til mot slutten av krigen.

Oddny Nakken Bergmann fortel:
«Eg veit at bestefar min, Ole Seljebotn, kjøpte instrument til alle sine seks born. Petter fekk mandolin, Emil fiolin, Sverre trøorgel, Lovise og Pernille gitar og Gudrun harpeleik. Så leita dei seg fram på instrumenta, og lærde seg sjølve å spele. Dei likte godt å spele ilag, og dei song også både to- og trestemt. På Almås var der fire søsken som også spelte og song, og desse to familiane pluss nokre gode songarar som forsterkning, danna så Øvre Stordal Musikklag. Dei gjekk til fots nedover i bygda for å opptre på bedehusa, på søndagsskulestemne og andre kristeleg samlingar. Det hende også at dei deltok på kristeleg stemne i andre bygder, i alle fall har eg blitt fortalt at dei var i Sykkylven ein gong. Det var ei lang reise den gongen!«
Song og musikk i kristne foreiningar fram til 1970
Når det gjeld omgrepa kor og musikklag i denne samanheng, kan ein vel seie at musikklaga den første tida representerte ein enklare og meir folkeleg songstil, samanlikna med den tradisjonelle korsongen. I tillegg vart gjerne musikklaga akkompagnert av «folkelege» instrument som trekkspel, harpeleik, fele og gitar etc. I Stordal viser historia at det har veksla mellom musikklag og songkor i kristen regi. I periodar var slike grupper i gang parallelt.
Utover musikklaga og kora skal det også nemnast at fleire mindre songgrupper, som duoar og trioar, til tider var aktive i bygda vår. Eit døme på dette var Tora Midtbust (Griggås-Tora) og Marie Seljehaug (Iver-Meia) som song mykje saman på 1930 og -40-talet. Tora Hove (Nyvoll-Tora) akkompagnerte på trøorgel, og var tidvis også med og song.

På 1960-talet var Stordal Yngreslag i full aktivitet, og mange av desse ungdommane var også med i eit musikklag. Det var både unge og litt eldre med i dette musikklaget som hadde tilhald på Stordal bedehus. Fleire av ungdommane var solistar, og musikklaget var også fleire turar til nabobygdene og song.
I 1928 kom det i gang eit blandakor med Peter Kirkebøe som dirigent. Med nokre kortare opphald i samband med naturleg fornying av songarar var dette koret aktivt heilt fram til slutten av 1960-åra. Det blir omlag 40 år! Først på 1930-talet blei det også skipa eit musikklag i sentrumskrinsen. Dette gjekk parallelt med blandakoret i nokså mange år. På 1930-talet hadde også Mo krins eit kor i gang. Det var eit mannskor med Jens Mo som dirigent. Dei var aktive i mange år.
1970-åra – ei aktiv tid

1970-åra var ei aktiv tid for det kristne korarbeidet i Stordal. Her må «Stordal mannskvartett» nemnast, ein dobbelkvartett som gledde mange med sin song både i Stordal og til dels utanfor bygda. Medlemmar den første tida var Karl S. Hove (Syver-Karl), Tore Holtleite, Martinus Moe, Knut Rødset, Kåre Tafjord og Olaus Overøye.
Eit damekor, leia av Karin Holt, var også aktivt på bedehuset frå midten av 70-talet. Etterkvart blei det stemning for å slå saman desse to kora til eit blandakor, og «Stordal Misjonskor» vart namnet på det nye koret, framleis med Karin Holt som dirigent.
Inspirert av ten sing-rørsla starta Karin Holt i 1975 opp eit gospelkor med namnet «Gosplus». Koret vart ein frisk pust inn i song- og musikklivet på bedehuset, og talde på det meste nærare 40 ungdommar.

Med dette gjorde slagverk og elektriske gitarar sitt inntog i det kristelege korarbeidet også i Stordal. Koret var innmeldt i Norges Kristelege Ungdomsforbund, og deltok ved fleire høve på konsertar og treff også utanfor Stordal. Koret skifta seinare namn til «Light», og gjekk fram til 1980. Etterkvart svikta rekrutteringa fordi mange av ungdommane no var blitt elevar ved vidaregåande skular utanfor bygda. Restane av koret gjekk over i ein ungdomsklubb, «kjellarklubben». Her blei det drive eit fint ungdomsarbeid gjennom mange år. Dei reiste på leirar og hadde også god kontakt med ungdommar frå andre bygder.

I 1976, året etter oppstarten for gospelkoret, kom Stordal Unge Røster i gang. Rolf Håheim, som då var lærar i Stordal, var initiativtakar og inspirerande leiar for dette barnekoret. Dette var innmeldt i Misjonssambandet, og såleis ein del av deira mangfaldige barne- og ungdomsarbeid. Håheim reiste frå bygda i 1980, og siste tida Unge Røyster-koret var i gang i denne perioden, var Karin Holt og Kirsti Almås leiarar.

Nye spirar – glimt frå arbeidet dei siste åra

Midt på 1980-talet fekk Stordal misjonskor, som no hadde vore aktivt i mange år, ein vanskeleg periode. Det vart etterkvart lagt ned. Men korsongen skulle likevel leve vidare. I 1987 flytta Gunvor og Jarle Tafjord attende til Stordal. Same året tok Gunvor initiativet til å få i gang att blandakoret. Det nye koret fekk namnet «Tonika», og den sjølvskrivne dirigenten vart Gunvor Tafjord.
Dei hadde eit stort repertoar som også omfatta musikk frå fleire sjangrar, men høgst prioritert var den kristne songarven, Mange av melodiane dei framførte var arrangert av Odd Johan Overøye. Eitt eksempel på dette er Olivia Busengdal sin versjon av Nu la oss takke Gud, som vart framført på jubileumskonserten for 25 år i november 2012.
Dette koret, som held fram heilt til slutten av 2015, har vore svært aktivt. Det har teke del på songarstemne, festar og møte i mange bygder, i tillegg til eit stort tal av samkomer innan bygda.

Tonika har også gjeve ut ein kassett.


Bygda vår har gjennom dei siste 30 åra også vore velsigna med ei rekkje ressurssterke innflyttarar som har budd her i kortare eller lengre tid. Mange av desse har teke aktivt del i det kristelege foreinings- og korarbeidet i bygda. Stordal Unge Røyster kom i gang att i 1999, etter initiativ frå Ragnhild Fauske. Med seg i dette arbeidet hadde ho Kari Dyrkorn og Kirsti Almås. «Stordalskvartetten» er det nyaste skotet på song- og musikkstamma. Dette er ei syngjande mannsgruppe med Roger Lillebø som pianist og leiar.
Eit av dei populære innslaga på julekonsertane er Se så fin med to solistar frå Barnekoret og Stordalskvartetten.

Unge Røyster og gospelkoret var som nemnt tilknytt kvar sin organisasjon. Utover dette, har så langt vi kjenner til, ingen av kora og musikklaga hatt tilsvarande medlemskap.
Barnekor og grupper på 2000-talet
Det har samanhengande vore aktivt barnekor sidan det kom i gong att i 1999. Då kom Ragnhild Fauske til Stordal som lærar ved skulen. Ho hadde ein sterk visjon om å starte barnekor i bygda. I eit samrådingsmøte vart ein samde om at det ikkje var plass til to barnearbeid jamsides, og leiarane i Søndagsskulen, Marna og Karin, kunne avslutte sitt arbeid der og hjelpe til i barnekoret.

Stordal Barnekor er på mange måtar blitt ein suksess. Takka vere svært positiv vilje frå foreldre, dyktig leiing og organisering i koret, har kvaliteten auka år for år og blitt ein døropnar for Bedehuset.
Ragnhild stilte krav til barna den timen i veka øvinga varte. Barna fekk ikkje gjere som dei ville. Det var oppvarming og øving, men ho prøvde å variere så det ikkje skulle bli kjedeleg. Kirsti Almås var trufast med i koret heilt til ho følte ho ikkje makta meir. Det var ei svært god hjelp og støtte.
Koret hadde m.a. karneval og operaøving, og barna var med på alle kreative påfunn. Det kjekkaste var nok likevel musikalane som vart framførte, m.a. Daniel i løvehola, Den miskunnsame samaritanen og Gabrielle, englejenta som fekk vere med då Jesus vart fødd.
Kvart år til og med 2019 hadde koret Musikalsk påskevandring i kyrkja med framføring av påskesongar og dramatiseringar. Kari Dyrkorn hjelpte mykje til og skreiv ut notar og transponerte stemmene slik at dei kunne tilpassast forskjellige instrument. I tillegg til flinke foreldre, må det nemnast at tidlegare møbelsyersker stilte opp og sydde kostymer til koret, og møbelfabrikkane gav stoff. Både Berit Vik, Magda Staurset og Solveig Kvammen må her nemnast. Solveig Kvammen stilte også nokre periodar som kor-bestemor. Per Magne Øvrebust har villig stilt opp som lydmann til ulike arrangement. Koret har sunge på julekonserten i kyrkja, på 17.mai om kvelden i Stordalshallen, på gudstenester og kvart semester på Stordalstunet.
Ragnhild seier at ho var klar over sine musikalske avgrensingar. Å vere oppvaksen i tre-fjerdedelstakt på eit bedehus, kan sitje i ryggmargen og vere vanskeleg å endre. Nesten kvart år prøvde ho derfor å ta koret med på stader der dei blei presenterte for nyare musikkstilar innanfor kristeleg song- og musikk, eller leige inn omreisande musikantar som t.d. Jarle Waldemar eller grupper frå NLM-ung. Den lengste turen var til Soul Children-festivalen i Oslo med ei av korgruppene, Aletheia, helga 16. til 18. oktober 2015. Dei syntest det var ei oppleving å få synge i Oslo Spektrum, og dei fekk lære mange nye songar. Her var det samla 2 300 unge gospel-songarar frå heile landet, i tillegg til nokre frå Sverige og Danmark.


Det vart etter kvar store aldersforskjellar i koret. Dei største ønskte å ha ei eiga gruppe, og Ragnhild var med å danne gruppa Charis (det greske ordet for nåde). Desse song i nokså ulike stilartar i starten, men var flinke å lytte til kvarandre, og song etter kvart reint og fint både med musikk til, men også a capella.
Men fleire kom opp i ungdomsskulen, og ønskte si eiga gruppe, og Aletheia (gresk for sanning) vart danna. Desse song svakare enn Charis, men hadde fine og reine stemmer, så dersom dei fekk mikrofonar, lydde det vakkert. Såleis vart det øving med tre grupper kvar veke, og på det meste var det om lag førti songarar. Medlemmene frå Charis og Aletheia stilte opp som hjelpeleiarar i barnekoret kvar sine gongar. Desse hadde gått så lenge i koret at dei visste korleis det skulle vere. Samstundes fekk dei god leiartrening. Charis har både som gruppe og enkeltvis vore innleigde som songarar i ulike samanhengar.
Robin Åsen bygde eit studio i Stordal i 2013, Playground Studio, og vart medprodusent i lag med Ragnhild til ein jule-CD: Jesusbarnet – han er jula sjølv med Stordal Barnekor. Anitas systue gav ein herrebunad til utlodding, og Sparebanken Møre og FriFond gjennom NLM-ung støtta prosjektet. Denne CD-en vart trykt opp i 1000 eksemplar. Eit lite restopplag er att, og koret sel framleis nokre CD-ar av restopplaget kvart år. Ei god støtte og hjelp i produksjonen var Odd Johan Overøye, som i tillegg til å vere ein framifrå akkompagnatør sjølv, har eit stort nettverk av musikarar. Ove Kvangarsnes vart såleis med på fiolin på enkelte nummer. Robin Åsen stilte også som akkompagnatør på piano i lag med Adrian Hoff på slagverk.

Det vart ein variert CD med tonefølgje stort sett av stordalingar. I tillegg vart det laga ei bok: Ingrid og barnekoret går i studio, der hendingar frå innspelinga vart skildra. CD-en er seld på heile Sunnmøre. Den songen Ragnhild oftast får spørsmål om er Se så fin, der to jenter syng i lag med hyrdekoret, Stordalskvartetten. Songen kormedlemmene er mest glad i, er ein som Odd Johan har skrive melodi til: Fred på jorden! Det er født et barn.
Jentene i Charis har vist seg svært interesserte og talentfulle, og gruppa har vore eit svært populært innslag på festar og arrangement både i Stordal og i bygdene omkring. Dei fem jentene vart intervjua i samband med nominasjonen til Draumestipendet, og dei fortalde at dei drøymde om å kunne halde fram med å synge saman og utvikle stemmene sine. Dei har også ein draum om å halde ein stor konsert i heimbygda, og trong difor pengar til å leige inn blant annan eit band. Vokalmessig ønskte jentene å kunne få timar saman med songpedagog. Dette har dei gjort ein gong tidlegare med Marianne Ravn Stavseng, men grunna pengemangel kunne ikkje dette gjenta seg. Draumestipendet ville vere til stor nytte for den vesle gruppa Charis, og vil lyfte gruppa til eit høgare nivå.
Dei fekk oppfylt mykje av draumane sine. Charis fekk m.a. Stordal kommune sitt kulturstipend og ein storslagen avskjedskonsert i kyrkja. Medlemmene i Charis vart etter kvart så gamle at studiar og vidare skulegang stod for døra, og Charis skulle leggjast ned. Sommaren 2017 spelte dei inn ein CD i Ørskog kyrkje. Odd Johan Overøye sa seg villig til å gå inn i prosjektet dersom han fekk skaffe ein ekstern produsent. Ingrid Hanken, dotter til Kåre Hanken, no kjend frå gruppa Nordic Voices, vart produsent. Ho var ein framifrå musikkpedagog, og lærte Charis mykje gjennom dei seminara ho hadde med dei. Denne CD-en hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre utan Odd Johan Overøye sitt musikalske nettverk og støtta gjennom m.a. Sparebanken Møre og prosjektmidlar frå Fri Fond gjennom NLM-ung, og ivrige foreldre. Fylket innvilga ein søknad om å få leige Møremusikarane. Det er Odd Johan, Ingrid og Ragnhild som har plukka ut songane i lag med jentene. I tillegg til dei norske er det folketonar frå Sør-Afrika, Frankrike, Irland og Spania. Frå vårt område er det folketonar frå Stordal, Sykkylven og Skodje.

Det vart ein spesiell og fin jule-CD med Odd Johan sine arrangement. Øyvind Driveklepp var lydansvarleg. Denne CD-en vart den store julegåva i Stordal i 2017. CD-en vart trykt i 500 eksemplar, og koret sit att berre med eit ti-tals CD-ar. Høgdepunktet for Charis var julekonserten i ei stappfull Stordalskyrkje med Ferdafolk og Odd-Johan som konferansier. Ragnhild hadde då hatt medlemmene i Charis i kora sine frå dei var tre år til dei no skulle på universitet og høgskular.
Charis har to gongar vore med i lokalradioen, NRK Møre og Romsdal, første gongen i samband med barnekor-CD-en, og andre gong i samband med CD-en til Charis. Begge gongane song dei a capella på direkten og gjorde godt inntrykk. I den kristne nærradioen, Radio Nordvest, som vert send frå Spjelkavik, vert ulike songar frå barnekor- CD-en ofte nytta rundt juletider.

Siste utferda til barnekoret skjedde i mars 2019, då dei eldste medlemmene i koret var på leiarweekend ei helg i Trondheim i lag med kormødrene. Aktiviteten i koret er ikkje som før, men det finst framleis ei lita Aletheia-gruppe med flinke songarar. Nokre av songarane har starta i KRASP, regionskoret til NLM-ung.
Kristent barnearbeid har ein sentral plass i musikk- og songlivet i Stordal. At også den politiske leiinga i kommunen vår har syn for dette arbeidet, har dei vist ved å gi kulturprisen med diplom for vedvarande framifrå kulturinnsats i 2005, til Marna Overøye og Kirsti Almås på deling og i 2015 til Ragnhild Fauske.
Tonefylgje til forsamlingssongen
Ikkje berre songen aleine har hatt ein lang tradisjon i bygda vår. I dei eldste referata frå møtesamanheng er rett nok ikkje musikk nemnd. Men vi ser at mange instrument er med i det første musikklaget som kom i gang først på 1920-talet. Både fele, mandolin, gitar, tverrfløyte og harpeleik vart brukt som tonefylgje. Musikklaget i sentrumskrinsen i 1930-åra brukte også mange instrument. Harmonium (trøorgel), fele, klarinett, gitar og harpeleik er nemnt.
Men det er orgelet og pianoet som har hatt den viktigaste rolla som tonefylgje, både til korsong og forsamlingssong. I Stordal kyrkje hadde først Jens Mo, og seinare Peter Kirkebøe, over 40 års lang fartstid kvar på orgelkrakken! Desse to fylte med andre ord denne rolla gjennom det meste av 1900-talet. På bedehusa i bygda vart det nytta harmonium. I Mo krins var Jens Mo fast organist ei tid. I sentrumskrinsen var, så langt vi veit, Alfred Busengdal den første som spela fast. Etter han tok Peter Kirkebøe og Tora Tafjord over. Då det nye Stordal bedehus vart teke i bruk midt på 1960-talet, vart trøorgelet bytt ut med piano. I mange tiår var det Peter og Tora som spela til songen på møter, festar og basarar.
Men ingen er usliteleg. Tida kom då også desse måtte trappe ned og slutte. Og no var det Marna Overøye som etterkvart tok over denne viktige tenesta. I den seinare tid har også Kirsti Almås teke del ved fleire høve. Etter at Ragnhild Fauske og Roger Lillebø flytta til bygda i 1999, har desse inntatt pianokrakken, og spelar no både til korsongen og fellessongen på bedehuset.

Så langt vi har kjelder å vise til, ser vi at forsamlingane på bedehusa i Stordal har vore velsigna med tonefylgje til songen heilt frå før 1920. Det er eit aktivum så stort at vi neppe kan verdsetje det høgt nok.
Også på bedehuset på Dyrkorn hadde dei solide musikantar som stod for tonefølgje. Her var Hildur Parr Reite fast organist i ei årrekkje og Edith Vidhammer Parr deltok også som organist og pianist. Både Kjell Ekre og Stein Halvard Dyrkorn var akkompagnatørar ved ulike høve.
Personar som har ytt ekstra i kristne organisasjonar
Nokre av dei som har gjort ein ekstra innsats for kristen song og musikk har også vore svært viktige i andre organisasjonar. Desse blir omtala i siste kapittelet. Dette gjeld Peter Hove og Jens Mo.
Jørgen Midtbust

Jørgen Midtbust (1875-1929) frå Ola-garden ser ut til å vere den første som leia kor i regi av kristelege foreiningar i Stordal. Vi veit at Mathias Orheim var med på å stifte den første kristelege ungdomsforeininga i Stordal i 1907 og at det truleg straks vart stifta eit songkor innan denne foreininga, leia av Jørgen Midtbust, som også dirigerte eit blandakor på 1920-talet.
Jørgen Midtbust fekk skøyte på garden i 1902 og gifte seg same året med Johanne frå Halvardsgarden på Hove. Han bygde etter kvart nytt hus på garden. Dette vart ferdig tidleg på 1920-talet, og er i dag del av det våningshuset som no blir brukt. Torbjørn Hove fortel at det framleis finst ei slags fløyte i garden, som Jørgen skulle ha brukt når han skulle ta opp tonen til koret. Det er elles ikkje så mykje stoff å finne om Jørgen Midtbust, som døydde berre 54 år gammal.
Peter Kirkebøe

Peter Martinus, 1906-1992, var fødd og oppvaksen på Kirkebøe. Foreldra var Ludvik Hove frå Ellinggarden, gift med Karen Marie Kirkebøe. Alt frå barneåra la Peter for dagen musikalske evner og berre som 6-åring brukte han mykje tid til å spele på det nye orgelet som var kome i hus. Kor vidt han fekk opplæring i førstninga, er ikkje kjent. Men som ungdom fekk han som mange andre, høve til å ta pianotimar med Jenny Øvrebust som budde på hytta si på Øvrebust om somrane. Ho hadde mange flinke elevar.
Peter Kirkebøe på trappa på heimgarden ca. 1930 – litt etter han tok over som dirigent for kyrkjekoret, som han leia i 40 år
Som ungdom arbeidde Peter på garden som vanleg var på den tida, men vart tidleg interessert i å ha eit yrke ved sida av garden. Han reiste til Oslo for å få nødvendig utdanning, og vart oppteken som elev ved Oslo elementærtekniske fagskole. Peter vart elektrikar, som i hovudsak var elektrisk installasjon i hus. Då han etter Osloopphaldet kom heim, oppretta han eige firma, der han måtte ha kunnskap om rekneskapsføring. Det er truleg, sjølv om det ikkje kan stadfestast, at han fekk med kunnskap om dette under Osloopphaldet. Peter var ein dugande rekneskapsmann. Han hadde i mange år rekneskapen i Hove møbler i tida før brannen i 1972.
Det som likevel lyser sterkast for ettertida av det som Peter hadde ei god hand med, er alt han la ned i arbeid for songen og musikken i bygda. Han var organist i kyrkja i over 40 år. I 1920-åra var det i gang eit blandakor leia av Jørgen Midtbust. Dette koret tok Peter over i 1928 berre 22 år gammal. Med kortare opphald var dette koret i gang heilt til 60-åra. Det blir omlag 40 år! Ved sida av dette var Peter fast pianist på bedehuset heilt til yngre krefter etterkvart tok over. Det står stor respekt av slik vedhaldande og trufast arbeid for songen og musikken i bygda over lang tid.
I denne korte, men så langt vi veit, vonleg ei rett framstilling av det Peter stod for i bygdesamfunnet i yrke og utøvande musikar gjennom eit langt liv, er der likevel eit lite grått felt – kvar fekk Peter sin musikalske utdanning? Fekk han med dette og under opphaldet i Oslo? Eller kunne han likevel ha fått opplæring i pedalorgel med registrering og vidaregåande pianospel her heime?
Vi har fått eit lite spor–. Ei dame med namn Mollie Martinson, var pianist og dreiv ein musikkskule i California. Far hennar var frå Busengdal og heitte Ole Martinsen. Mollie hadde utdanning frå fleire europiske land, men også frå Oslo, der ho truleg tidvis budde. Ho besøkte si næraste slekt i Stordal. Dermed kunne det teoretisk vere mogleg å få litt undervisning her også. Den som kan, får knyte saman desse lause trådane. Det vi veit, er nedskrive og mange vil hugse Peter si lange teneste i bygda der han hadde nok kunnskap til å spreie glede og høgtid med musikken frå orgelet, frå pianoet og frå korsongen han fekk formidle.
Marna Overøye
Ekteparet Marna og Olaus Overøye har vore svært viktige for det kristne miljøet i Stordal. Særleg har dei hatt interesse for arbeid mellom barn og unge og ikkje minst for å få song og musikk inn i aktivitetane.
Marna fortel:

«Det fyrste eg starta å spele på etter notar, var det gamle orgelet som stod i stova til Gustav Stavdal. Foreldra mine flytta opp på Kirkebøen i 1949/50. Orgelet stod før hjå Johannes Storheim. «Stryken» brukte det når dei hadde musikkøving. Då Johannes døydde, overtok Gustav orgelet. Han var med å spelte fele i orkesteret.
Mange år seinare fekk eg Alfred Busengdal til å kome fram på Kirkebøen for å lære meg meir om fingersetjing. Alfred var svært musikalsk. Han gjekk i si tid i lære med Jens Mo. Eg hugsar godt at Alfred spelte til allsongen på det gamle bedehuset.
Etter kvart bytte vi ut det gamle orgelet med piano. No vart det mange ykter ved pianoet. Etterkvart spelte eg såpass godt at eg kunne bruke pianoet på bedehuset til forsamlingssongen når Tora Tafjord eller Peter Kirkebøe ikkje var der. Eg spelte også ein del på Søndagsskulen, men der var det helst gitaren som blei brukt. Eg fekk også glede av å synge og spele for dei gamle på Stordalstunet ved ymse høve. Dei gamle var ikkje kravstore, men takknemlege tilhøyrarar.
Eg var også privilegert som fekk synge i kor i mange år. Eg starta i koret til P. Kirkebøe det året eg var konfirmert. Med kortare og lengre opphald har eg iallefall vore med i kor i minst 50 år, noko som for meg har vore til glede og velsigning.
I 2015 vart det slutt med alt som heitte speling. Eg var uheldig med ein hofteoperasjon. Etter det greidde eg ikkje å bruke høgre foten på pedalen. Men pianoet blir heldigvis brukt av Odd Johan når han er heime, då på eit anna nivå.»
Marna hadde ei søster (Alma) som spelte ein god del piano i sin ungdom, og som hadde teke timar hos Jenny Øvrebust. Alma var nok den som gav henne den første innføringa. Marna øvde først på harmonium og så meir på piano og gitar
Marna fekk Kulturprisen for sitt store arbeid for barn og unge (saman med Kirsti Almås). Kulturprisen seier det meste om kor viktig Marna har vore for stordalssamfunnet.
Karin Holt
Eit av lærarpara som kom til bygda på 1970-talet, var Karin og Arve Holt. Begge engasjerte seg snart i kristeleg arbeid og blei viktige personar i bedehusmiljøet. Karin hadde tilleggsutdanning i musikk og røynsle som kordirigent. Misjonskoret til Petter Kirkebøe var nedlagt, men fleire av mennene hadde halde fram i ein dobbelkvartett. Mange songglade damer stod utan tilbod, og gleda var stor då Karin på midten av 70-talet tok tak i dette og starta damekor.

Det blei etter kvart stemning for å slå saman desse korgruppene og Stordal Misjonskor vart ein realitet. Rolf Håheim var med som songar og solist i koret, men vikarierte også som dirigent for koret. Litt ut på 1980-talet vart det stopp for Stordal Misjonskor.
Ten-singrørsla nådde Sunnmøre på 1970-talet og også Stordal. Karin vart førespurd av ein elev på skulen om ikkje ho kunne starte ei slik gruppe og i 1975 starta ho opp koret Gosplus, som skifta namn til Light etter ei tid. Dette vart snart eit svært populært tiltak som fekk mange med. På det meste talde gruppa 40 ungdommar i kor og orkester. No kom el-gitarar og slagverk inn i Bedehuset. Om nokon var skeptiske til dette, vart dei nok overtydde om at dette var greitt når dei såg kor dette fenga dei unge, og den gleda som låg i det musikalske uttrykket.
Mange fekk prøve seg som songsolistar i Gosplus / Light og sit att med gode minne frå tida i koret.
Karin var ein viktig bidragsytar også utanom det musikalske området. I lag med Arve la ho ned eit stort arbeid i ungdomsklubbmiljøet som vart starta på Bedehuset på 1980-talet.
Rolf Håheim

Rolf Håheim kom til bygda som lærar i 1976.
Han tok initiativ til å starte opp med barnekor, UNGE RØSTER. Koret var innmeldt i Misjonssambandet, og var ein del av deira mangfaldige barne og ungdomsarbeid.
Men Rolf tok aktivt del i lokalsamfunnet på fleire område. På den tid var det i gang to kor knytt til arbeidet på bedehuset, både eit damekor og ein mannskvartett. Rolf tok til orde for å samle kreftene til eitt kor. Han gjekk inn som songar både i mannskvartetten og seinare blandakoret. I tillegg trekkspelet han brukte når han leia barnekoret, brukte han piano eller orgel til vaksnekora. Hadde songane soloparti, var Rolf den sjølvskrivne solisten. Det var ikkje berre bedehuset og arbeidet der som fekk nytte av songaren og dirigenten Rolf Håheim. Eit bra stort frilyndt blandakor var kome i gang der Rolf var dirigent.
Som nemnt ovanfor, tok Rolf del i lokalsamfunnet på fleire område. Han bygde hus i Hovslia og var med i kommunestyret for Kristeleg Folkeparti i perioden 1977-1979. Det var på mange måtar eit stort tap for bygda at Rolf Håheim og familien fann å måtte reise frå bygda etter berre fem år. Men Rolf var ein av desse som sette gode spor i bygdesamfunnet han var ein del av.
Kirsti Almås
Kirsti Nesje Almås voks opp i ein familie som hadde nær tilknyting til folkehøgskulemiljø. Ho vart fødd i Førde der far hennar var lærar og skulestyrar på Solvang ungdomsskule (no Sunnfjord folkehøgskule). Då Kirsti var ni år, flytta familien hennar til Viken ungdomsskole (no Viken musikkfolkehøgskole) på Gjøvik. Dette at ho hadde så nær kontakt med desse skulemiljøa, gjorde at ho lærte ein heil del om song og musikk. Det kom godt med i tillegg til vanleg lærarskuleutdanning ved Oslo off. lærerskole tidleg på 60-talet.

Så skulle det bli ektepar av henne og Kristian Almås og etter kvart flytting til Stordal saman med familien i 1977. Ho hadde på den tida eigne born i grunnskulealder, og det vart ei tid med mange gjeremål framover ettersom ho straks tok til i lærarstilling ved Stordal barne- og ungdomsskule (no Stordal skule).
Med sin bakgrunn hadde Kirsti gode føresetnader for å drive med undervisning i song og musikk i skulen, og desse erfaringane skulle snart kome godt med også i arbeidet med kor i Stordal. Ikkje lenge etter at Rolf Håheim reiste frå bygda, tok ho på seg å vere ein av leiarane for Unge Røyster. Dette koret skifta seinare namn til Stordal barnekor, og Kirsti var med som leiar heilt fram til 2014 då ho måtte slutte på grunn av helsa – over 30 år med barnekorarbeid tok då slutt. Ho var også med som medlem av koret Tonika frå det vart stifta. Tonika vart leia av Gunvor Tafjord frå starten like etter ho kom til Stordal att i 1987.
Det blei også sett stor pris på at Kirsti spelte piano til vanleg allsong i skulen og andre stader.
Kirsti slutta i skulen i 1999, men heldt fram som leiar for Stordal barnekor og medlem av Tonika.
Ho var også med i anna kommunalt og sosialt arbeid i Stordal, som medlem i sokneråd, skulestyre, kulturstyre og ymse andre nemnder og komitear – m.a. var ho med å utarbeide planane for musikkskule i kommunen.
I 2005 fekk ho saman med Marna Overøye, særs velfortent, tildelt kulturprisen frå Stordal komme for innsatsen for kulturlivet i bygda.
Gunvor Tafjord

Gunvor er den yngste i ein musikalsk søskenflokk frå Oppigarden på Overøye. Alle dei tre andre spelte strykeinstrument, men Gunvor var meir interessert i song og var ikkje så oppteken av å kunne spele som søstera Kjersti og spesielt brørne Alf og Olaus. Mor deira hadde same interessa for song som Gunvor. Det var kjekt å høyre søskena spele kjende feleduettar. Men når Gunvor og mora etterpå arbeidde i fjøset, song dei duettane saman slik dei lydde frå felene. Alf fortel at onkelen, organisten og korleiaren Jens Mo ein gong sa at Gunvor kanskje var den mest musikalske i familien.
Musikk og song vart viktig for Gunvor. I 1973 reiste ho på eit kurs i direksjon medan ho song i kor i Ørskog. Ho hadde ikkje noko tankar om at ho skulle bli kordirigent, men var interessert i å lære meir om harmonisering og tolking av songane. Kormedlemmene ønskte at Gunvor skulle praktisere den nye lærdommen sin, og det var så vellukka at dei ville ha henne som fast dirigent. Ho leie dette koret til ho flytte til Stordal i 1987.
I Stordal hadde Karin Holt og Rolf Håheim teke opp arven etter Peter Kirkebøe og starta opp att og leia Stordal misjonskor, men dette låg nede då Jarle og Gunvor flytta attende til bygda. Gunvor tok initiativ til å starte opp att blandakoret, men ønskte at dette ikkje skulle vere ei vidareføring av misjonskoret. Ho såg føre seg eit kor som kunne appellere til alle songglade og ha eit namn som viste dette. Såleis vart TONIKA skipa med Gunvor som dirigent. Koret var knytt til Bedehuset med øvingar der og vektlegging på deltaking i det kristelege arbeidet, men skulle og ha rom for andre oppdrag.
Tonika har gjennom nesten 30 års samanhengande virke med Gunvor som dirigent, gitt mange kormedlemmer høve til å få uttrykke seg gjennom songen og ikkje minst vore til stor glede for bygda med deltaking på viktige festdagar og i det kristne arbeidet.
Koret har hatt fleire samarbeidsprosjekt med Hornmusikken og andre, som har gitt publikum gode opplevingar. Gunvor har mange gode minne frå tida i Tonika og synest det har vore mange høgdepunkt. Frå siste åra trekkjer ho fram ein adventskonsert der Jostein Maude var solist med koret i O, Helga natt. Ho synest det let bra og fekk stadfesta dette ved at den nye dirigenten til Hornmusikken, Nick Ost, kom bort til henne og sa «Bravo!» Dette er ei av dei mange gledene ho ser tilbake på.
Gunvor er nok altfor beskjeden når ho seier at ho ikkje ser på seg sjølv som nokon stor dirigent, men ho trur ho har hatt evne til å få andre til synge ut og glede seg over å vere med i kora hennar. Vi andre veit at du ikkje får stå som dirigent i 40 år utan at du har noko spesielt ved deg, og Gunvor har sett varige spor etter seg i korhistoria til Stordal.
Ragnhild Fauske
Ragnhild Fauske vaks opp i ein familie på Valderøya der faren hadde eit Vestreorgel som han spelte litt på i tillegg til mandolin og gitar. Han hadde eit sterkt ønske om at døtrene skulle lære seg å spele orgel, og Ragnhild starta i orgellære hos ei kanadisk dame, Sandra Giske, som budde på Valderøya hos slektningar nokre år. Sandra var streng, og forlangte både rett handstilling og rett fingersetting. Ragnhild ville slutte, men mora sa nei. Kvar øving slutta etter dette med vaflar og kakao. Ragnhild held fram med eit par andre lærarar då Sandra hadde reist. Det var då kome piano i heimen, og Ragnhild hadde gått over til å spele piano, og fekk begynne å ta timar med organist Kåre Hanken i Ålesund. Ho vart verande i lære der ut realskulen. Ho høyrde til kullet på gymnaset i Ålesund som flytta frå Latinskulen inn til Gymnaset i Fagerlia, og vart ho spurd om å spele på innviinga av bygget. Ho spelte då Kjempeviseslåtten av Sæverud. Etter dette syntest ho skulearbeidet vart så krevjande at ho slutta å ta pianotimar. Ho har seinare undervist sjølv ein del pianoelevar.

Ragnhild vart spurt om å spele til forsamlingssongen på Søndagsskulen då ho gjekk i femte klasse. Dette sa ho ja til, og ho har alltid likt å akkompagnere i ulike samanhengar, men mest i bedehussamanheng, og gjerne til musikklag. Slik møtte ho også mannen sin, Roger Lillebø, som dirigerte Volda musikklag der ho spelte piano medan ho gjekk på lærarskulen.
Oppveksten i eit aktivt bedehusmiljø på Valderøya har nok gjort sitt til at Ragnhild har sett det som si oppgåve å vere med i barne- og ungdomsarbeid der ho bur. Då ho gjekk på lærarskulen, var ho med i Unge Røyster på bedehuset i Volda, og då dei seinare flytta til Torvikbukt på Nordmøre, var ho med i barnekoret på Bedehuset der.
Då dei kom til Stordal, var alt barne- og ungdomsarbeid på bedehuset nedlagt, og Ragnhild var med å starte opp eit barnekor i 1999 i lag med Kirsti Almås og Kari Dyrkorn. Då Ragnhild seinare vart lærar på barneskulen, og borna kjende henne, førte det til god rekruttering i koret. Ragnhild såg på korarbeidet som ei forlenga dåpsopplæring. Koret skulle vere med å bevare barna i trua på Jesus, men også vere med å styrke musikaliteten deira. Desse føremåla la ho aldri skjul på overfor foreldra, og foreldra brukte å seie: «Vi tek det praktiske, berre du tek deg av det andre.» Foreldra var flinke til å organisere og ordne ut, og tok større del i aktiviteten enn på andre stader Ragnhild hadde vore med på kordrift.
Ragnhild stilte krav til barna, som ikkje fekk gjere det dei ville. Ho hadde gode hjelparar både mellom vaksne og dei eldste kormedlemmene. Det var viktig å variere så det ikkje skulle bli kjedeleg. Korarbeidet er skildra i eige kapittel ovanfor.
Det er eit svært imponerande arbeid Ragnhild har lagt ned i korarbeidet i Stordal. I store periodar leia ho tre kor samstundes som ho hadde sitt daglege virke på Lærarhøgskulen i Volda. Dette arbeidet er høgt verdsett ikkje minst mellom foreldra til dei mange som har delteke i kora, men også av det «offisielle Stordal». I 2015 fekk Ragnhild kommunen sin kulturpris for innsatsen med barnekora.
Roger Lillebø
Roger fortel:
«Min musikalske karriere starta på ein juletrefest i Dravlausbygda då eg var 3-4 år gammal. Det var ei nabokone som fekk ordna det. Eg song Min båt er så liten, og fekk ein sjokolade i løn for innsatsen. Eg hugsar endå kvar i salen eg stod og song, i kjellaren på gamleskulen som no ikkje er meir.
Eg tok til på skulen i 1955, og fekk ein lærar som hadde eksamen frå konservatoriet som SKULESONGLÆRAR. Denne utdanninga finst ikkje i dag. Han spelte orgel, og var flink å synge sjølv. Det var ikkje musikktimar i skulen då, men songtimar, noko som det burde ha vore i dag også!
Vidare opp gjennom skuleåra var det opptreden saman med dei andre elevane, spesielt på juletrefestar. Vi song då 2-stemt, og eg song alltid 2.-stemme. Vi fekk ny lærar rundt 1960. Han var ivrig songlærar, og øvde inn 2-stemde songar, sjølv om han spelte orgel med berre ein finger.
I 8-årsalderen vakna interessa for orgelspel. Det var ingen kulturskule då, men bestefar hadde eit orgel, der han spelte koralar. Han viste meg c’en på orgelet og på notane, og så fekk eg hjelpe meg sjølv best eg kunne. Kvar bidige sundag til eg var 16-17 år sat eg ved orgelet til bestefar og gnåla og spelte. Det kunne ikkje alltid ha vore så vakkert, men bestemor og bestefar tolde det, og eg høyrde ikkje eit vondt ord. Så når vi hadde ete middag på søndag, brukte søskena mine å gå til fjells, medan eg sette kursen til bestemor og bestefar for å spele orgel. At dei heldt ut! Ein gong eg syntest eg hadde spelt bra, bad eg bestefar å kome og høyre på. Når eg var ferdig med framføringa, sa eg: «No høyrest det vel ut slik som når du spelar?» Øyrene mine meinte det. Men bestefar svara på spørsmålet med ein retteleg gapskratt. Det var pedagogikk, det!

Korarbeid har eg vore med i så lenge eg hugsar: Yngres musikklag i heimbygda mi, med Sveinung Lianes som inspirator og tidvis leiar, og Kretsungdomskoret som Sveinung var primus motor i. I studietida leia eg Musikkoret på Volda bedehus, og Volda misjonskor på same stad, og starta blandakor i Dravlausbygda med om lag 20 songarar, i tillegg til vikariat og delvis fast tilsetjing som organist. Eg gjekk årseining i musikk, og tok grunnfag i 1976 – første året det var årseining i musikk i Volda. På gymnaset var eg med i Vårvon-koret – med dirigentar som organist i Volda-domen, Arne Haukås, og den kjende Hareids-dølen Ingolf Håkon Teigene. På lærarskulen fekk eg synge i Venelagskoret og Skulekoret, der eg saman med Per Oddvar Hildre, Alf K. Vatne og Liv Hilde Tennfjord Ekker fekk synge solo, og bryne meg på tenorpartia i Messias av Händel. Det var utfordrande!»
Roger Lillebø kom til bygda sommaren 2000. Då hadde kona hans, Ragnhild Fauske, og gutane, Lars Andreas og Jan Magnus, budd her sidan hausten 1999. Han kom fort inn i arbeidet på Bedehuset og anna kristeleg arbeid, mellom anna i Kristeleg Folkeparti og kyrkja, både som fast vikarorganist, og ei tid medlem i soknerådet.
Som lærar på folkehøgskule dirigerte han kor i 15 år og fekk i rikt mon bruke sin musikalitet og kreativitet. Herifrå tok han med eit velkome driv då han kom inn i stordalssamfunnet.
Det låg til rette for å vere med i korarbeid på Stordal Bedehus, der blandakoret Tonika var aktivt. Der vart han med som songar og seinare akkompagnatør. Av og til song han også solo i Tonika. Kona Ragnhild var også med i koret, men etter kvart kravde barnekorarbeidet på Bedehuset for mykje tid og arbeid til at ho kunne halde fram i Tonika. Ei tid hadde Barnekoret 3 ulike grupper – Barnekoret, Aletheia og Charis.
Etter ei tid i Tonika fekk mennene i Tonika lyst til å danne eit lite mannskor. Sidan dette var karane i Tonika, så fekk mannskoret namnet Karane. Dette namnet vart seinare utskifta med Stordalskvartetten. Koret opparbeidde seg eit repertoar på fram imot 30 songar, mykje på grunn av at dei fleste hadde vore med i kor i fleire tiår, og var derfor nokså lettnæme. Stordalskvartetten vart relativt mykje nytta, både i bygda og bygdene omkring. Ei gruppe på 6-7 mann er nokså mobil, og var lette å flytte på. Etter kvart vart det av helsemessige årsaker på grunn av alder litt for uregelmessig med øvingar, så koret vart lagt ned.
Både Roger og kona Ragnhild har vore mykje nytta til å spele til fellessong både på bedehuset og andre stader. Roger var ein lang periode fast vikar i kyrkjene kring Storfjorden når organisten hadde frihelg, eller det var sjukdom mellom organistane i Storfjorden, og på den måten behov for akutt hjelp. Av og til skjedde dette på svært kort varsel. På denne måten har han spelt i dei fleste kyrkjene i Storfjorden – berre i Sunnylven kyrkje og i Geiranger kyrkje har han ikkje spelt til gudsteneste.
Roger er eit godt eksempel på at det framleis er lærarar som ser på rollen som samfunnsbyggjar som del av sitt virke. «Læraren hadde høge hugmål, og var engasjert i fråhaldssak, målsak, norskdom og kristendom. Han levde med folket i glede og sorg, og han var kyrkjesongar, og forsongar ved gravferder og slikt. På 17de mai var han sjølvskriven talar.» (Rune Slagstad, 2013). Det er mykje av dette som karakteriserer Roger, og heldig er det samfunn som får del i ein slik ressurs. Mange både i og utanom det kristne miljøet set stor pris på Roger og hans innsats for bygda.
I det vi arbeidde med digitalisering av dette kapittelet, kom bodskapen om at Roger var gått bort. Vi minnest med glede all positivitet vi vart møtt med i vårt arbeid og er glade for at han gav ei så brei og god skildring av sitt engasjement for song og musikk.