«I alle de aar, jeg har reist omkring, har jeg ingensteds stødt paa en sådan samling musikalske mennesker som netop i Stordalen…» (Catharinus Elling, Morgenposten 2. april 1906)
Innsamling av tonar og vers
Det er mykje som tyder på at det i eldre tider var ei sterkare vektlegging på bruk av song og musikk i Stordal enn i andre bygder rundt oss, men det er uråd å seie dette for sikkert. Men det vi kan seie med visse, er at Stordal merka seg ut ved at innsamlarar av tonar og vers fann eit breiare utval av originale melodiar her enn i andre bygdelag. Det kan vere at innsamlarane var særleg heldige med dei kjeldene dei fann i Stordal. Her var mange med svært gode musikalske evner og fleire slekter som verdsette song og musikk høgt, som hadde stor kunnskap og sette si ære i å få overlevert slekta og bygda sin song- og musikktradisjon mellom generasjonane. Slik vart kanskje musikken meir synleg og levande her enn i mange andre bygdelag.
Peter Jøsvold skriv i boka si Stordal i ord og toner (Ålesund museum, Skrift nr. 4, 1948):
«Når så endelig seint på kvelden arbeidsdagen var slutt, samla huslyden seg omkring grua, og så ble det sang, fortelling av småhistorier og oppramsing av regler og rim. Det var liksom et fortrinn hos en mann eller kvinne om han eller hun var flink til å synge og fortelle.»
Når det å vere kunnig og flink vert sett som eit fortrinn hos ein person, vert det iallfall ikkje sett stengsler for den som hadde interesse og gjevnad. Dette var eit godt utgangspunkt for å skape eit miljø for song og musikk i Stordal som igjen forsterka seg ved at utøvarane fekk positiv merksemd og status for det dei stod for. Når innsamlarane kom til bygds, fanst det såleis personar som hadde investert mykje tid i å lære seg tonar og vers som var og hadde vore i lokal bruk, og desse personane kvidde seg ikkje for å vidareformidle denne skatten til komande generasjonar. Dei var trygge på at dei hadde noko å fare med og visste kor viktig det var å føre vidare det dei hadde fått i arv.
Catharinus Elling

Catharinus Elling (1858 – 1942) skulle treffe nokre av desse gåverike formidlarane på sine mange besøk i Stordal. Han var norsk komponist, folkemusikksamlar, musikkmeldar og lærar i komposisjon. Han hadde sjølv ein stor produksjon av komposisjonar. I dag er vel ikkje Elling sine verk framført så ofte, men vi kjenner alle hans tone til Sporven av Arne Garborg. Under kan du spele av Ann-Helen Moens versjon.
Han har og laga ein fiolinkonsert som Oslo Filharmoniske Orkester med dir. Mariss Jansons og solist Arve Tellefsen har spelt inn. Under høyrer du litt av 2. sats Andante.
Men her er vi først og fremst oppteken av samlaren. Han var den første etter L.M. Lindeman som samla og behandla folkemusikk systematisk. Det er usikkert kva som låg til grunn for Ellings lidenskap for å finne folketonar. Det kunne både handle om å ta vare på vår folkekunst, som var ein berande tanke den tida i Noreg, og vere inspirert av at han var ein stor beundrar av Brahms, som hadde stor interesse for folkemusikk som vart samla inn på hans tid, og som han brukte i sine komposisjonar.
Ellings innsamling og utgjeving av folketonar var eit resultat av løyvingar frå Stortinget. Den første fekk han i 1898 og var på 400 kroner. Ein lærer frå Sogn, Olav Sande, som også samla folketonar, reiste i området frå Lista og nordover til Sogn, medan Elling skulle ta for seg resten av landet. Ved innsamlingsarbeidet i Sunnfjord, Nordfjord, Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre fann han først og fremst alminnelege verdslege folketonar. Men dette endra seg då han på nytt kom til vår landsdel i 1903 – her fann han langt fleire religiøse folketonar enn han hadde gjort tidlegare.
Om Ellings måte å samle folketonar på har sonen, Johnny Elling, peika på at faren i særleg grad klarte å skape eit tillitsfullt forhold til sine kjelder. Resultatet blei at Elling nedteikna rundt 1400 folkemelodiar og forfatta ei rekkje skrifter om dei forskjellige typane folkemelodiar. Dei mest sentrale er Vore folkemelodier (1909), Vore kjæmpeviser belyst fra musikalsk synspunkt (1914), Vore slaatter (1915), Norsk folkemusik (1922), Vore religiøse folketoner (1927), Nye bidrag til belysning af norsk folkemusik (1933). (Opplysningar henta frå Store Norske Leksikon)
Catharinus Elling i Stordal
Catharinus Elling møtte mange songarar i Stordal. Den viktigaste kjelda hans var Ole Elias Talberg (1834-1906). Kristian Almås fortel om han i skildringa av bustaden hans, Ole Elias-plassen på Talberg:

«Han var kjend fordi han var flink å til å syngje. Han kunne ei mengde stev, lokkar, bånsullar, kjærleiksviser og religiøse viser. Catharinus Elling var på vitjing hos Ole Elias minst to gonger tidleg på 1900-talet. Denne samlaren av tekstar og melodiar fekk med seg mykje av verdi til samlinga si frå Ole Elias-plassen, som ein elles ikkje nett kan forbinde med materiell rikdom og velstand.»
Jøsvold: «Da Catharinus Elling første gang var i Stordal for å skrive opp gamle melodier, besøkte han også Ole Elias Talberg. Da de møttes, spurte Elling om Ole Elias ville være så gild å synge noen gamle melodier til religiøse tekster. Ja, Ole Elias sang flere sanger. Det var reint betagende å høre den vakre sangstemmen hans. «Du har vel en del gamle melodier til verdslige tekster også, tenker jeg,» sa Elling. Han Ole Elias sang noen slike også. «Du har kanskje en eller annen skøyervise også,» sa Elling. Da smilte Ole Elias og sa at det var kanskje ikke fritt for det heller. «Men går det an at jeg synger noe slikt da,» sa han, og så sang han om Ola i Dala.
Ola i Dala de’ e’ no mitt namn,
de’ stend båd’ i skrift og i rulla.
E’ drikk mine dramma so titt so e’ kan
enten e’ stend enn e’ trilla.
Drikke å danse, drikke å danse,
å banke mi kjerring når tynna e’ tom.
Catharinus Elling sa om Ole Elias Talberg at når det gjaldt gamle melodier, kunne han alt mellom himmel og jord.»
Det finst rimelegvis ikkje opptak av Ole Elias Talberg, men barnebarnet Lars Petter Almås var i studio i Oslo hausten 1954, og han song fleire viser og salmar som han hadde lært av Ole Elias.
Dette programmet i Folkemusikkhalvtimen oppteke 15. oktober 1954 og sendt 16. januar 1955, har følgjande innleiing til sekvensen som handlar om Stordal. Programleiar dr. philos. Ole Mørk Sandvik informerer (høyr eller les):
«At Stordal har eid en mengde musikk, det vet vi fra Catharinus Ellings undersøkelser der borte. Sommer etter sommer var han der. Man kan si at han elsket denne dalen frem for andre.
Omkring 1915 samtalte vi to oftere om sommerens melodihøst og en gang lot han denne begeistrede setning unnslippe seg. «Jeg tror de er genier alle sangerne jeg har hørt der bort i Stordal! I et av sine skrifter uttrykker han seg like varmt: Bygden er tytende full av musikk – religiøse toner i hopetall, skjemteviser, seterviser, bånsuller, slåtter – og de rareste musikalske innfall finner man år etter år her på denne lille flekken. Og hvilke melodier! Han sammenligner den åndelige fruktbarheten han har møtt med naturens og sier: Man kommer uvilkårlig til å tenke på med hvilken hurtighet kornet modnes i disse mellom høye fjell inneklemte dale hvor luften formelig dirrer av solvarmens glød.»
Dette må seiast å vere litt av ein attest til bygda og også eit prov på at musikklivet her var særleg rikt.
Peter Jøsvold

Peter Jøsvold var fødd på garden Jøsvold i 1865. Han vaks opp i ein musikalsk heim i ei musikalsk bygd så det var kanskje ikkje så rart at han skulle vie livet sitt til musikken. Dette skriv representanten frå Ålesunds Museum, som gav ut boka hans Stordal i ord og toner i 1948. Jøsvold blei elev ved musikkskulen til brigademusikken i Trondheim i 1883, underviste lenge i Trondheim før han i 1899 blei musikkinstruktør og utdanna musikarar til divisjonsmusikken i Harstad, der han var busett til 1918. I 1911 vart divisjonsmusikken etablert og Jøsvold leia korpset til han flytte. Då overtok han 1. divisjons musikkorps i Halden. Der blei han til han pensjonerte seg i 1928 og flytte til Ålesund.
I boka si har Jøsvold med både tekstar og notar som er blitt brukt av mange utøvarar gjennom tidene. Ei av visene vi finn der er Sætervise med tone notert av Peder Holt, som m.a. Ferdafolk har spelt inn og som Olivia Busengdal song til utflytta stordalingar si julefeiring på nyåret 1953. Opptaket var gjort i jula 1952 då Olivia nyss var fylt 85 år.
Peter Jøsvold laga ei mengd arrangement til korpsa han dirigerte, men hadde også eigne komposisjonar som blei framførde. Mest brukt er vel Festmarsj som du kan høyre her.
Stordal Hornmusikklag spelte inn Russemarsj i 1981:

Peter Jøsvold var ein heimekjær mann som var levande oppteken av segn og historier, gamle skikkar og av levemåten i bygda han kom frå. Men mest av alt var han engasjert i den unike folkemusikken som han meinte måtte takast vare på og skrivast ned. Han og medhjelparar noterte ned ei mengd melodiar og vers. Nokre av desse vart presentert i bøkene han skreiv. Han donerte også ei samling på 300 melodiar som Jøsvold noterte, til Sunnmøre Museum. Men det skulle finnast meir enn det frå Jøsvold. Folkemusikkgranskaren Jostein Fet gjorde store auge då det gjekk opp for han kva som var gøymt vekk i Norsk Musikksamling i Oslo. Her fann han ei samling med 900 til dels ukjende folketonar. Mellom 400 og 500 av dei 900 folketonane er frå Sunnmøre. Ein stor del av dei er frå Stordal. Samlinga i Oslo var tre gongar større en samlinga i Sunnmøre Museum. «Samlinga til Jøsvold var mykje større enn eg visste om. Oppdaginga gjer dette til den største samlinga vi har i Møre og Romsdal,» sa Jostein Fet, som var styrar for folkemusikkarkivet i fylket. «Ein god del av desse tonane var nye for meg. Her er vokalmusikk som spenner over eit stort register, frå religiøse folketonar til verdsleg visemusikk. Her er ei svært verdifull samling av kjøkemeisterviser, som spenner frå det høgtidlege til komiske bygdeviser, nokre av dei delvis lokale frå Stordal».
Fet fortel at det er mange slåttar etter Støle-Knut, som Jøsvold kjende godt. Det er også mange andre slåttar frå ulike spelemenn rundt om på Sunnmøre. Jøsvold har berga ein god del frå lokale slåttemakarar som levde på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. I samlinga finst heile spekteret frå gamle springdansar og bruremarsjar til «moderne» dansar som polka, masurka og reinlender. Jostein Fet er fascinert av dei rike folkemusikktradisjonane i Stordal. «Når det gjeld song og folkemelodiar har Stordal den rikaste tradisjonen på Sunnmøre,» seier Jostein Fet.
Grunnlaget for at Jostein Fet kan ta så sterkt i, er klart knytt til Catharinus Elling si innsamling men i endå større grad til at Peter Jøsvold såg verdiane i dei musikalske skattane dei mange songarane i Stordal kunne framføre. Få bygder har hans like og dette set Stordal i ein unik posisjon.
Mellom dei første songkora, korpsa og misjonsforeiningsorkestera
Det synest å vere ein beredskap i folket gjennom song- og musikktradisjonane, som gjorde at dei var tidleg klare for å starte kor og orkester då dette begynte å bli del av kulturen rundt i landet. Mindre enn 30 år etter skipinga av det Den norske Studentersangforening, det første koret som opptredde offentleg i Noreg, var det mannskor i Stordal. Etter kvart kom fleire kor i aktivitet. På det første songarstemnet i 1900 i regi av Sunnmøre songarlag, var det fire kor frå bygdene – av desse var to frå Stordal. To brør av Peter Jøsvold, Lars og Ole, drog i lag med fleire andre stordalingar til Trondheim og fekk opplæring på 5. brigades musikkskule, for etterpå å bli tamburar i bataljonsmusikken på Setnesmoen. Nokre av desse starta og Stordal Hornmusikklag i 1891, som det andre korpset på Sunnmøre etter Volda.
Det ser og ut som dei orkestera som vart starta som del av aktiviteten i kristne foreiningar, var mellom dei aller første slike på våre kantar.
Det rike folkemusikktilfanget, dei mange flinke utøvarane, statusen til dei som song og spelte, det tidlege fokuset på samsong og samspel og viljen til opplæring, har lagt viktige føresetnader og skapt tradisjon for det som skulle bli eit mangfald av song og musikk i Stordal kommune frå 1800-talet og heilt fram til våre dagar.