Bakgrunn
Peter Jøsvold skriv at det er uråd å vite når den første fela kom til bygda. Under punktet om spelemenn i kapittel 2, vert det nemnt at den første ein veit som spelte fele, var Knut (Kjølås) Vinje, som kring 1830 kom til Gurågarden på Vinje, og han Gurå-Knut skal ha vore ein flink felespelar. Den neste som er nemnt er Martinus Stavdal som var i sving før Johannes J. Holt, som er omtala som ein svært dugande spelemann. Om lag jamaldra med han er Støle-Knut og dei tre Vidhammerbrørne som alle spelte fele.
Det ser ut som både nokre etterkomarar av desse og naboar både på Holt, Storheim og framme i Nøredalen har fått interesse for og opplæring i felespel. Ikkje alle spelte til dans. Såleis finn vi to felespelarar i det kristelege musikklaget i Nøredalen – Olav Almås og Emil Seljebotn. Det var felespelarar både på Dyrkorn, på Hove, i Rødsetdalen og truleg også andre stader. Det var såleis eit miljø for strykarar i Stordal på 1920-talet. Det synest som om Johannes Storheim, som hadde musikkutdanning frå Trondheim og der han også hadde spelt strykeinstrument, var sentral både i opplæring i spel og i å ordne, sette opp og reparere instrument. Bror hans, Ole Andreas, var og ein flink felespelar og tenorist i Hornmusikken. Ein annan soneson av Johannes J. Holt, Bendik Holt, var også dyktig felespelar, men ikkje nokon dansemusikar.

Johan Talberg hadde vore i Ålesund og som den dugande musikarane han var, blitt henta inn i orkester der. Han hadde såleis erfaring både frå militærmusikk og anna type orkestermusikk då han kom attende til Stordal. I 1919-20 var Johan Talberg (fløyte), Ole A. Storheim (fiolin), Sivert Overøye (fiolin) og Jens O. Moe (orgel) ilag om ein kvartett «STOM», namnet henta frå førebokstavane i etternamna. Sivert Overøye fortel i sine nedteikningar at denne kvartetten ofte var ute på oppdrag på forskjellige festar rundt i bygdene med eit repertoar som var hovudsakleg klassisk. Kvartetten fekk bra med skryt, men det var kanskje ikkje så rart sidan alle var «fagmusikarar» (frå si militære utdanning) om dei kanskje, som han skriv, ikkje var toppmusikarar.
Johan Talberg vart og eit sentralt medlem i Stordal Hornmusikklag, som var i god drift til godt ut på 1920-talet. Då meinte Forsvaret at dei hadde behov for færre tamburar og ville ikkje betale dei som var med på same måten som før. Fleire av militærmusikarane frå Stordal hadde også nådd aldersgrensa for militært personell og kanskje også gått trøytte.
Men Johan Talberg og nokre andre var framleis spelesugne og då dei kjende til at det var fleire strykemusikarar i bygda, fann dei at dei kunne setje saman eit litt annleis orkester.
Jøsvold skriv: «Men så fikk vi ei hærordning som meinte å greie seg med ganske få hornblåsere, og da gikk musikklaget i Stordal i stå. Ei tid etter at dette laget var gått i stå, ble en del eldre og yngre musikkinteresserte samde om å danne et strykeorkester. Leier ble Johan Talberg.»
Strykeorkesteret
Orkesteret vart kanskje meir eit salongorkester enn eit reint strykeorkester. Johan Talberg på fløyte og Peder Øvrebust, klarinett var med på treblåseinstrument og dei tidlegare tamburane Peter Holtleite (kornett), Ole J. Lianes (basun) og Ole J. Holt Storheim (bass) med på messinginstrument. Desse var som nemnt erfarne musikarar med utdanning frå Trondheim. Seinare deltok også Almar Sæter på baryton og Bjarne Sæter, som alternerte mellom althorn og fele etter behov. Dette er opplysningar henta frå det upubliserte dokumentet til Sivert Overøye. Han skriv der at «Stryken» kom i gang i 1928 eller 1929.
I møteprotokollen til Stordal ungdomslag ser vi at eit strykeorkester er i sving allereie i 1922. På denne tida var det mange som spelte strykeinstrument i Stordal – fleire av desse på Holt og Storheim. Desse hadde sett saman eit orkester som spelte både på julefesten 1. nyttårsdag og på ei tilstelling som samla inn pengar til naudstilte i Russland. Måten dette er skrive på, tyder på at Strykeorkesteret er ei etablert gruppe og ikkje noko eingongsføretak. Kor lenge desse held på og kven som var med, er ikkje kjent. Diverre er møteprotokollane frå 1924 til 1933 komne bort og andre kjelder synest ikkje å finnast.
Nokre av dei som spelte i det omtalte strykeorkesteret, var sikkert med også i «Stryken» då dei kom i gong på slutten 1920-talet. Kven som var med på strykeinstrument ved oppstarten, er ikkje kjent, men Gustav Stavdal og Petter Søvik på fele, Peter Stavdal på bratsj og Johannes Storheim på cello var sikkert med i lag med fleire.
Alf Overøye var med i den siste perioden strykeorkesteret var aktivt. Han fortel:
«I 1920-åra, kanskje heilt mot slutten av tiåret, vart det sett i gong med å få til eit strykeorkester i Stordal. Det har vore gjort forsøk på å kome litt nærare tidspunktet for når dette fann stad, men det har vore vanskeleg å tidfeste det meir presist..

Det var truleg Johan Talberg som tok initiativet til dette, men han hadde nok god hjelp av fleire. Det ligg nær å tru at nokon av slektningane hans tidleg var med på dette. Ein av desse var Johannes Storheim. Han var nokre år yngre, men var tidleg komen godt i gong med fela. Sikkert andre også og så kom dette tiltaket i gong etter kvart. Interessa vart etter kvart stor. Dei som kom med her, hadde oftast øvingar i gamlestova i Ivagarden. Det blei så populært at dei øvde kvar søndag ettermiddag året i gjennom. Fleire gardbrukarar var med og det kunne sjå ut som om tørre hesjar midt på sommaren måtte vike for spelinga i Ivastova.
Eg var innom dørene til dette orkesteret og då på slutten av dette tiltaket. Eg tek her med det eg kan minnest om «Stryken», som det gjerne vart kalla den tida. Starten for mitt vedkomande var at eg hadde hatt nokre timar med Johan Talberg. Eg prøvde med litt speling på fløyte den tida. Desse timane hos Johan heime på Talberg var trivelege stunder, og eg oppdaga at han var ein betydeleg musikar og langt komen på sitt instrument som var fløyte. Han fortalde om «Stryken» og det var nok grunnen til at eg tok turen til Ivagarden på Storheim.
For meg vart dette ei oppleving. Eg tykte det var så vakkert det desse folka kunne få til. Det var også slik at eg denne tida hadde teke til å pjaske med noko øving på cello. Det var nemleg slik at orkesteret hadde to celloar. Den eine var nokolunde bra, men det kunne ikkje seiast om den andre. Denne skulle eg ta til med. Tanken bak dette var at «Stryken» ikkje hadde kontrabass og no skulle dei prøve å få ein person til lære kontrabassen å kjenne slik at dei kunne få fram basstemma på cello. Ja, ja – eg prøvde og karane rundt meg i gamlestova i Ivagarden var tolmodige.»
Alf fortel vidare om det han hugsar frå denne tida. Dei som var med i «Stryken» dei gongane han møtte der var: Peter Søvik, Gustav Stavdal, Martin N. Hove og Harald Midtbust på fele. Så var det Peter Stavdal på bratsj og Johannes Storheim og Alf på cello. Peder Øvrebust spelte klarinett og Nils Øvrebust harmonium. Johan Talberg var fløytist og leiar.

Musikken dei hadde teke fatt i var mangfaldig. Sivert Overøye:
«Det var helst klassisk og seriøs musikk som var på programmet, og når ein ser på somme av dei nummera dei hadde spela, lyt ein seia at det står respekt av repertoaret. For å nemna nokre av dei stykkja dei hadde:
Bellini: Norma, ouvertyre; Rossini: Barberen i Sevilla, overtyre; Keler Bela: Lystspillovertyre; Suppe: Dikter og bonde, overtyre; Bouldieu: Kaliffen av Bagdad, overtyre; Flotow: Martha, potpouri. Elles hadde dei også mykje norsk musikk — her ein del av Grieg og Nordråk.
Musikkløytnant Jøsvold var til ovstor støtte for laget, med heilt gratis å senda eigne komposisjonar og mange stykke elles som var arrangert særskild for den besetning laget var på. Orkesteret var mykje ute på ferder og spela på festar – også i gravferder og liknande.«
Då Alf kom med var det «Norges Melodier», ei samling folkeviser og liknande arrangert av Oskar Ingemann Måseide, som var på programmet. Så kunne det vere utdrag av operamusikk som stod på notestativet. Han fortel vidare:

«Men litt til om norske melodiar. Det var også teke med musikk av H. Kjerulf – Brudefærden i Hardanger, og Ole Bull – Seterjentens søndag. Men vidare framover kan ein seie det var mykje musikk frå kontinentet. I tillegg til utdrag frå operamusikk gjekk det mykje på sonatar for klaver og musikk for fiolin og klaver. Mykje av Mozart, men også frå andre store i musikkverda. Alt dette utvalt og laga til for «Stryken» av Johan Talberg.
Eg har ofte tenkt på at det kunne vere mogleg utan tangentinstrument å legge til rette mykje av dette for «Stryken» slik Johan Talberg gjorde. Men slik var det.»
Sist i 40-åra eller kanskje først på 50-talet bar det mot slutten for strykeorkesteret. Mange av musikarane hadde teke til å dra på åra, sjukdom kom til og etter kvart kom siste dagen for tiltaket. Eit viktig kulturtiltak i bygda var slutt.
«Så eit artig minne. Ein gong, truleg i 1938, fann øvinga til «Stryken» stad på Overøye. Det var slik at ein av musikarane, Peter Holtleite, hadde eigedom i Overøye. Han var ikkje ferdig med slåtten, men med det første skulle «Stryken» til Stranda ein tur og spele på ei tilstelling der. Og då måtte det øving til. Ja, dette var ei stor hending som eg hugsar godt,» minnest Alf Overøye.
Ottar Storheim hugsar godt desse søndagane med øving i Ivagarden. Han fortel at det pleidde å vere folksamt og mange som møtte opp og han trur også andre fekk vere med å spele, ikkje berre dei faste medlemmene. Han minnest særleg Ole J. Lianes – han var den vissaste som møtte opp med instrumentkassa si uansett ver. Om vinteren kunne han av og til mest likne ein snømann når han kom. Det skulle spelast!
Peder Øvrebust syntest det var kjekt å spele i «Stryken» og hadde både gode og spesielle minne frå deltakinga der:
«Der var det mange gode skrønemakarar, så det var ikkje langt mellom historiene og storskratten. Vi øvde på omgang rundt på gardane, og der vanka det både kaffi og kaker. Ein gong «Stryken» spelte på ein basar, skulle Ole Lianes spele tenor i eit vanskeleg stykke. Det gjekk ikkje betre enn at han «kom ta» som vi seier, og dermed sette han i ei pipe medan vi andre spelte vidare. «Stryken» hadde elles ein minnerik tur til Dyrkorn. Det var jubileum for Dyrkornanleggene med mange prominente gjester. Det var ein varm dag og «Stryken» spelte på kommando mellom andre innslag og talar utover heile dagen. Langt på dag var karane skikkeleg svoltne og dei fekk ete opp det som var att av laksemiddagen. Det viste seg at laksen hadde blitt sur i varmen, så mange av musikantane blei klein av heile laksemåltidet.»
At «Stryken» var kjent utover grensene til Stordal, ser vi når journalist, redaktør og av og til vikarierande konsertmeister i Ålesund symfoniorkester, Dagfinn Flem, nemner orkesteret i ein artikkel frå Stordal skriven i januar 1944:
«Stordal har gode musikktradisjonar frå gamalt av. Millom anna er bygda kjend som ei rik kjelde for gamle folketonar. Millom musikktiltaka i seinare år kan elles nemnast eit strykeorkester, som arbeidde jamnt og godt i 10-15 år og der ikkje minst Johan Talberg har vore den drivande kraft. Dei siste åra har dette strykeorkester lege nede.»
Først og fremst var «Stryken» eit orkester for bygda. I den perioden Hornmusikken låg litt i dvale, var «Stryken» sentral i feiringa av nasjonaldagen, på julefestane og andre festlege samkome spesielt på Breidablik. Dei var fast innslag på sanitetsbasarane, som var eit årleg storhende i bygda. I møteprotokollane til SUL står det nesten alltid om stor fagnad for vakkert spel og fine nummer. Ikkje sjeldan vart dei klappa fram att for ekstranummer. Mot slutten av 1930-talet og inn i krigsåra hadde dei fast øvingsstad på Breidablik, som både dei og Hornmusikken fekk bruke gratis. Huset vart stengt då ungdomslaget la ned arbeidet sitt i oktober 1942 fordi myndigheitene sine påbod om retningsliner for drift av laget ikkje samsvarte med laget sine lover. Kanskje dette også stoppa drifta av «Stryken», som synest å ha hatt pause delar av krigsåra.
Strykeorkesteret kom raskt i gong att etter krigen. Dei var med på mange tilstellingar både i 1947 og1948. Fleire minnest at dei spelte m.a. Träumerei i gravferda til Gustav Stavdal i 1949. Det er også mange som huskar framføringar med Stryken på gamle Breidablik rundt 1950.
Orkester på Dyrkorn

På den tida «Stryken» vart starta var det også fleire som spelte strykeinstrument på Dyrkorn. Ole Henden spelte cello og Lars Flåen, Rasmus Flydal, og Thomas Vidhammer spelte fele. Son til Lars Flåen, Per, minnest at han høyrde snakk om at nokre av desse karane øvde i ei vegvesenbrakke som stod om lag der Kokarsteinen er i dag. Han meiner at Johan Talberg var med på dette kanskje som instruktør. Sivert Overøye nemner at Talberg hadde instruert fleire strykekvartettar. Det er ikkje kjent om kor omfattande dette tiltaket var og om dei kom så langt at dei hadde framføringar.
På slutten av 1940-talet vart det etablert eit orkester på Dyrkorn som spelte klassiske småstykke. Medlemmer var Svein Dyrkorn og Per Flåen på fele og Stein Halvdan Dyrkorn på piano og også fele. Dette var gåverike musikarar som hadde høgt nivå på spelinga. Dei vart instruert av Thomas Vidhammer. Kjell Ekre var stundom med på orgel/piano. Både Stein og Kjell tok pianoundervisning hos organist Solem i Ålesund. Gutane kunne vere rundt 14-15 år då dei begynte å spele i lag.

Hovudarena for framføringane var forsamlingslokale på Dyrkorn, men dei tre førstnemnde var også utanbygds med spelinga si. Opptreden i Liabygda og Vaksvika er nemnt og også eit fabrikkjubileum for Dyrkornanleggene på Strand kafé på Sjøholt der dei gjorde så stor suksess at disponenten tok til orde for å innreie eit eige rom for slik underhaldning på fabrikken på Dyrkorn. Det vart nok ikkje noko av tanken om Dyrkornfabrikken som konsertlokale før Kyrkjehola Kulturbeite fekk bruke lokala i sine sommarprogram.

Svein Dyrkorn begynte tidleg med feleopplæring hos Iversen i Ålesund før han tok musikkutdanning ved konservatoriet i Oslo og i København. Han kom tilbake til Sunnmøre og arbeidde som musikklærar i Ålesund med fele som hovudinstrument. Per Flåen lærte først felespel av far sin før Svein overførte noko av det han hadde lært. Så tok han til med timar hos Jens Synnes på Ørskog. Synnes fekk han med i det store fellesorkesteret, som spelte mest klassisk musikk, og som hadde med flest medlemmer frå Vestnes og Tresfjord. Per Flåen er framleis aktiv og har månadlege konsertar på Buas i Sykkylven saman med vener, som han har spelt saman med i mange år.

Stein Halvdan Dyrkorn var allereie i sin tidlege ungdom interessert i jazz. Edit Stennes Parr hugsar at han var ivrig med å fortelje sine arbeidskameratar på fabrikken om jazz og dei forskjellige rytmiske særtrekka i musikken. For å vise kva han meinte brukte han ei saks på ulike maskindelar og fekk det verkeleg til å swinge – til stor åtgaum frå dei som høyrde på. Stein flytte til Oslo der han tok utdanning. Det seiest at han vart mykje nytta som restaurantpianist då han budde i Oslo. Seinare busette han seg i Molde og fekk gode høve til å dyrke jazzinteressene sine.
Per minnest at dei mellom anna hadde melodiar som Träumerei av Schumann, Ständchen av Schubert og Ræven lå under birkerod av Kierulf på repertoaret.
Strykekvartetten
Strykemusikk i Overøye

Alf Overøye hadde allereie litt erfaring med samspel før han begynte i «Stryken». Det var slik at dei fire syskena som vaks opp i Overøye fekk interesse for song og musikk i voggegåve. Tidleg kom dette til uttrykk ved at dei fekk prøve å spele eit instrument. Dei fekk låne eit par feler og ein cello; ein gitar og harpeleik var i huset frå før. Det blei slik at syster Kjersti i ung alder tok til med å spele fele. Olaus var også interessert i dette instrumentet og tok til med øving heller tidleg. Alf prøvde seg på c-fløyte. Men så var det dette med å kunne bruke desse instrumenta. Dette var nok vanskelegast når det gjaldt fløyta. Ein greptabell frå ein kar som var langt komen på dette instrumentet, vart eit godt utgangspunkt. Det neste som så måtte lærast var notar og inndeling. Dette vart lært ved å studere notar i «Nynorsk salmebok» i huset – salmane der var trykte med notar. Nærare om dette i kapitelet om opplæring.
Dei tre syskena tok til å spele saman. Dei hadde diverse blad og bøker i huset. I desse var det av og til innteke songar med notar til. Frå desse vart det då teke ut tre stemmer. Dei øvde og jobba med det, og etter kvart vart dette interessant. Ein av dei melodiane dei vart opptekne med, har Alf seinare høyrt fleire gongar – den er frå «Tryllefløyten» av Mozart. Det var svært enkle ting i starten, men etter kvart fekk dei tak i eit hefte med duettar av I. Pleyel.

Etter ei stund med to feler og fløyte, fann dei ut at det måtte eit djupare instrument til. Det vart cello og den skulle Alf ta seg av. Etter kvart vart dei så opptekne av denne spelinga at middagen gjekk raskt unna. Det var om å gjere å kome seg inn på stova å få gjort det dei skulle. Den tida var det vanleg å at mange kvilte middag, som det var sagt, men dei yngre kunne ikkje ta seg tid til det. Desse øvingane i ettermiddagstida var det mykje Olaus og Alf som styra med. Kjersti måtte gjere meir husarbeid.
Alf fortel:
«Men så var det celloen då. Eg kava no med det så godt som eg kunne. Eg hadde og nokre timar med Johannes Storheim. Han var komen bra langt i veg med dette instrumentet og det var mykje interessant å få desse timane med han.
Så ein dag kom det ein mann til Overøye og spurde etter hyttetomt. Dette var dr. Carl Fredrik Jensen. Eg hadde litt kjennskap til han, visste at han var ein dyktig amatør på cello. Det ordna seg då fort med denne tomta naturlegvis. Han skulle gi meg verdfulle råd om korleis eg kunne utvikle spelinga mi, og vi fekk mange trivelege øvingsstunder i lag.»
Olaus fortel at det var fleire som spelte fele rundt midten av førre århundre og som var innom Overøye. Lars Holt var ein av desse. Han arbeidde som dreng på forskjellige gardar i bygda. Drengane budde gjerne på garden dei hjelpte til på. Lars var også der framme. Han hadde alltid med seg fela og Olaus minnest at han pleidde å spele oppe på kvisten der han budde. Det var gjerne reinlenderar og anna folkedansmusikk han prøvde seg på.

Hjalmar Almås, son til Tora og Lars Petter Almås, var ein annan felespelar som Olaus og Alf spelte litt saman med. Men det var ikkje alltid like lett å få til så godt samspel då Hjalmar var mest oppteken av spelemåten innan folkemusikk og den høvde ikkje alltid med det klassiske repertoaret. Hjalmar flytta frå dalen så det blei ikkje så mykje samarbeid.
Men Olaus og Alf hadde fått kjenne på gleda av å skape vakker musikk i samspel. Dei var klare for å ta dette vidare om høvet skulle by seg. Grunnlaget for strykekvartetten var lagt.
Initiativ frå Kåre Storheim
Og høvet skulle by seg. Ein person som skulle bli svært sentral for å få i gong strykekvartetten, var Kåre Storheim. Han var frå Ålesund og hadde slekt i Øvre Stordal. Etternamnet sitt hadde han også frå Stordal. Han var ein slektkjær mann og besøkte ofte slekta si her i Stordal. Etter kvart vart også dei andre i grenda kjend med han.
Kåre Storheim var ein allsidig mann. Han var svært interessert i musikk, og han var ein dyktig utøvar i dette faget. Han var og interessert i dirigering og dirigerte ei tid korps både i Ålesund og Stordal. Han dirigerte Hornmusikken her eit par års tid.
Etter kvart vart han mykje oppteken av strykeinstrumenta fele og bratsj. Etter iherdig innsats nådde han langt på desse instrumenta. Han hadde og vore på kurs med kammermusikk framført av topp profesjonelle musikarar på desse to instrumenta som høyrer med i strykekvartettbesetning – to feler, bratsj og cello. Kåre omtala desse kursa som svært interessante og lærerike.
Kåre Storheim fekk hand om ei hyttetomt i Seljebotn, og han bygde hytte her i 1959. Han hadde fått kjennskap til at nokre ungdomar i Overøye dreiv med litt musikk i ledige stunder. Så ein dag kom han på besøk til Overøye og no med invitasjon til hytta si, Svein Dyrkorn hadde og blitt invitert. Svein var profesjonell på fele. Han var i mange år lærar på musikklinja på skule for musikkinteressert ungdom i Ålesund.
Alf fortel: «Olaus og eg tok turen til Storheimshytta og då vi kom dit var Svein komen. Vi hadde fått beskjed om å ta med instrumenta og då var det klart kva som skulle finne stad. Då vi kom inn i hytta, var det greitt lagt til rette – stolar og notestativ. På notestativet var plassert eit fyldig notehefte. På dette stod det Schuberts strykekvartett op. 125 nr. 1 i Ess-dur. Dette var jo spennande. Sjølv om Olaus og eg hadde ein viss bakgrunn for det som skulle skje, var vi nok for nybegynnarar å rekne i høve til dei to andre. Så kom vi i gong og det merkelege var at etter ei god stund tok vi til å høyre korleis dette var tenkt, for å seie det slik. Dette var verkeleg musikk og vi to som var med for første gong, fekk ei ugløymeleg oppleving.
Ein kan nok seie at dette var starten på Stordal strykekvartett. Vi to som var med på dette fekk eit varig inntrykk. Eit svært positivt inntrykk. Det som vidare skjedde var at Kåre Storheim tok turen til Stordal påfølgande vinter igjennom for å instruere og spele saman med oss. Det høyrest utruleg ut, men det er sant. Det var trivelege stunder. Han visste mykje om speling i kvartett. Desse turane til Stordal fann stad kvar fjortande dag. »
Mozart skreiv og gav ut mange strykekvartettar i 16-årsalderen. Desse er noko enklare laga og høver bra for dei som ikkje er så langt komne. Det er mykje vakkert i desse stykka, og dei blei ofte spelte i lag med Kåre Storheim.
Stordal strykekvartett
Så kom den dagen då dei måtte prøve å få kvartetten i gong med folk herifrå. Og det lukkast. Første kvartetten dei fekk i gong var Olaus Overøye på førstefiolin. Peter Søvik på andrefiolin, Sveinung Lianes på bratsj og Alf Overøye på cello. Denne kvartetten spela saman i mange år og hadde det hyggeleg med dette. Kva tid dei kom i gong er ikkje heilt sikkert, men det var kanskje i 1962. Det må også nemnast at Kåre Storheim seinare var med oss ei god stund. Det var triveleg.

Så kom Magnar Skjellum til bygda her i 1969. Han var frå Vågå i Gudbrandsdalen. Han hadde der i sin ungdom hatt opplæring på mange instrument, både stryke- og blåseinstrument. For Magnar vart det hornmusikken i første omgang her. Etter ei tid vart fela instrumentet. Han kom med og dette hadde mykje å seie for å halde kvartetten i gong dei neste åra. Etter at Sveinung slutta, vart det vanskelegare på bratsjsida. Ola Seljebotn var med oss ei stund på bratsj og etter han slutta, vart Johan Arnt Overøye med på dette instrumentet. Men då han var med var det oftast stryketrio. Kjell Gunnar Overøye kom med på fele ei tid, og han vart seinare vikar på førstefela når Magnar Skjellum ikkje hadde høve. Elin Dyrkorn var og ei stund saman med oss på fele.

Alf fortel: «Ei tid – eg er ikkje sikker på når – gjekk det mykje på barokkmusikk. Det var Magnar på fele, Ola Stavseng på blokkfløyte og Alf på cello. No var det sonatar av Händel og Telemann det gjekk på. Dette var også interessant og fint å halde på med.
Så vart det tilsett musikkinstruktør i storkommunen. Dette var mot slutten av 1960-talet. Han som fekk jobben med dette var Asbjørn Søvik. Han kom snart i lag med oss og då var det tilbake med full kvartettbesetning. Det som hadde skjedd litt før, var at Magnar hadde teke over førstefela og Olaus gått over til bratsj. Noko seinare kom Sverre Lied frå Liabygda med på fele.
Det som vidare hende var at det kom piano til. Andre Skjellum, son til Magnar, kom med. Han var ung då, men interessert og lærde fort. Han vart med oss i fleire år. Å ha med piano var fint og interessant. Kvartetten vart klaverkvintett og det er også ei fin besetning.
Så kom det ny organist her. Den første av desse var Jostein Maude. Han var organist i Ålesund kyrkje og det skulle vise seg at han var mykje interessert i kammermusikk av det klassiske slaget. Vi hadde mange fine stunder i lag med han.
Ei stund etter han slutta, kom Rune Molvik hit som organist. Det var også ein interessert og dyktig mann med kammermusikk. Mange trivelege og lærerike stunder i lag med han. Etter ei tid kom ein tredje organist, også han flink og dyktig med kammermusikk. Dette var Berseth.»
«Så litt om det som stod på programmet saman med disse ovanfor nemnde organistane. Det var Mozarts kyrkjesonatar. Kven som kom med desse, er ikkje lett å minnast. Kanskje var det Maude. Dei blei ofte spelte saman med han. Sonatane var skrivne for to feler, cello og orgel. Nokre av desse var heller enkle og blei framførde ved ymse høve. Det var mykje vakkert i dei. Så må det takast med at Johan Talberg viste interesse for kvartetten. Han arrangerte også ein del for den. Det var vakre ting teke frå rolege satsar frå diverse sonatar, for det meste av Mozart. Mot slutten av tida i kvartetten blei det også fine stunder saman med noverande organist Varmedal. Han er også interessert i klassisk musikk for strykarar. Han var pianist saman med kvartetten.»
Alf fortel vidare: «Så kom Odd Johan Overøye i lag med oss. Dette var ei god stund. I studietida, når han kunne ha litt fri og han var på heimlege trakter, besøkte han oss ofte. Dette var for oss andre svært interessant og lærerikt. Også etter studietida, når han var heime, tok han gjerne turen og var med når vi øvde. Det vart etter kvart større ting å jobbe med og no ein av dei store klaverkvintettane av Mozart. Det var første satsen vi mest arbeidde med. Ei noko stor sak for oss strykarane naturlegvis, men svært vakker musikk. Og det må nemnast at sjefen ved pianoet var temmeleg tolmodig. Noko Odd Johan mykje tok tak i var dette med foredraget, kva som måtte leggjast vekt på for å få dette til.

Så var det dette med noteverdiane. Var det ein halvtone, så skulle den nøyaktig haldast. Tilsvarande var det med dei andre noteverdiane. Vi hadde eit arrangement som vi ofte brukte. Det var nokre variasjonar over Glade jul. Eg hugsar godt første gongen vi spelte dette. Det var på ei øving. Odd Johan var til stades og han fann mykje å rette på.
Så var det Panis Angelicus. Her også grundig rettleiing frå Odd Johan. Desse to nemnde stykka framførte vi på julekonserten i kyrkja.»
Alf meiner så at det er rett å nemne at strykekvartett som musikkform er svært krevjande. Fagfolk på dette området meiner at både stryketrioen og strykekvartetten er så krevjande at amatørar bør ha dette som hobby og ikkje framføre dette for andre. Det er nok mykje sant i det. Men som hobby er dette utruleg fint å halde på med.

Likevel blei det til at kvartetten av og til spelte for andre. Det kom ofte fram ønskje om dette, særleg frå bedehushald. Det blei slik at kvartetten lova å prøve dette og dei gjorde nok den erfaring at å spele i ei forsamling var noko anna enn å spele for seg sjølve.
Speling for andre fann oftast stad i kyrkjene her omkring. Dei var såleis både i Valldalskyrkja og i kapellet i Liabygda, i Stranda kyrkje, Stordal kyrkje og Ørskog kyrkje. Kvartetten var også ein tur til Ålesund, der i kyrkja i Volsdalen. I kyrkjene blei det gjerne framført nokre av desse kyrkjesonatane som før nemnt, men også heller enkle og rolege ting som kan liggje føre og nyttast i slike høve. Dei spelte og i gamlekyrkja her nokre gongar og då i samband med gudsteneste olsok. I gamlekyrkja blei det og spelt i samband med brudevigsle og barnedåp. Det opplevde dei som hyggjeleg. Det var ikkje orgel i gamlekyrkja så kvartetten si oppgåve var å spele til salmesongen.
Alf: «Så til slutt; døra til Bedehuset sto alltid open for oss. Det var her vi hadde svært mange av øvingane våre og det var her vi for første gong spela for ei forsamling. Vi hadde ei stund jobba med den kjende menuetten i G-dur av Beethoven. Og den sto på programmet, men også andre ting som eg ikkje hugsar no.
Etter mange år og mange hyggelege stunder bar det no mot slutten for Stordal strykekvartett. Alderen drog på for nokre av oss og vi hadde ikkje lenger trotten til å halde på med dette som før.
Vi som fekk halde på med dette, er takksame for tida med strykekvartetten. Stor takk til dei mange som tok mot oss med velvilje og takk for gode ord.
Vi tre Olaus, Magnar og eg har hatt to samkome der vi drøfta og minte oss på ting som fann stad i tida med Stordal strykekvartett. Så er det også slik at fleire enn dei som er nemnde i dette skrivet var med for kortare tid. Vi fann at det vart for vanskeleg å ta med alt.»
Det er mange som er glade for at strykekvartetten ikkje høyrde på ekspertane som meiner at slike amatørgrupper ikkje burde opptre offentleg. I mange samanhengar har denne kvartetten gitt til beste musikkopplevingar av høg kvalitet. Nesten ei heil kammerorkestergruppe av feler har vore innom kvartetten og fått gleda og opplevinga av samspel i øving og framføring. I tillegg til det Alf har skrive om tida i Stordal strykekvartett, finn Olaus Overøye og Magnar Skjellum det rett å ta med den rolle Alf hadde utover det dei andre stod for. Det var han som for det meste kjøpte inn komplette hefte med kvintettar, kvartettar, trioar og duettar, også ein stor klaverkvartett. Av desse verka blei det plukka ut det dei klarte best å få til. I tillegg skreiv Alf ned ei mengd med notar for hand i små linjerte hefte. Det var allsidig musikk frå ei rekkje komponistar frå inn og utland. Vakker kyrkjemusikk for orgel hadde ein stor plass i desse hefta.
Ein kan seie at Alf var limet i kvartetten. I tillegg til å spele cellostemma, hadde han som nemnt ei god hand med å få tak i god musikk på stativa. Frå han begynte i «Stryken» på slutten av 1940-talet til han la ned bogen i Stordal strykekvartett, er det ein periode på over 60 år.
Storfjord Strykeorkester
Det var ikkje berre Stordal som hadde musikarar med interesse for klassisk musikk. Både i Valldal, Norddal, Liabygda, Stranda, Sykkylven, Hornindal og andre bygder fanst det aktive strykemusikarar både i spelemannslag og andre konstellasjonar som ønskte å spele i eit større orkester.
Magnar Skjellum meiner å huske at det var ein heimattkomen tannlege oppvaksen på Stranda, som hadde budd og vore yrkesaktiv på Austlandet, som var initiativtakar til orkesteret. Han hadde spelt fele i eit liknande orkester og ville spele meir. Dette førte til skipinga av Storfjord strykeorkester, som hadde med både strykarar og blåsarar. Orkesteret kom i gong rundt 1995 og vart frå starten dirigert av Vidar Skogly.
Kari Dyrkorn kom heim att til Dyrkorn i 1995 og begynte då å spele i dette orkesteret på sin Bass-klarinett. Ho spelte fagottstemma. Ho minnest at det var med nokre på klarinett og fløyte, der ein av fløytistane spelte obostemma. Det var og med brassmusikarar både på trompet og horn.
I 1997 vart det vanskar med å halde på medlemmene på blåseinstrument då det oftast var lite «å gjere» på desse stemmene. Det vart då bestemt at orkesteret skulle gå over til å bli eit reint strykeorkester. Dette var interessant for dei fleste medlemmene og Storfjord Strykeorkester hadde ein god periode med øvingar kvar fjortende dag med godt frammøte. I årsmeldinga for 1997/98 kan vi lese at dei opptredde m.a. på 90-års kyrkjejubileum i Stordal og på julekonsert i Stranda kyrkje. Musikalsk leiar dette året var organist Rune Molvik.
Vidareføring av strykemusikken
Skulekorpset i Stordal har sidan oppstarten rekruttert dei fleste barn og unge som har hatt interesse for musikk. Korpset har hatt interne opplæringstilbod før musikkskulen kom og vidareførde undervisninga i offentleg regi. Då vart det og plass for fleire typar instrument, men det var få som valde strykeinstrument kanskje fordi avstanden til tilbodet var for lang for dei fleste.
Dette stoppa ikkje søskena Kristoffer Olai og Kristina Malene Ravn Stavseng, som er dei som mest har stått for vidareføring av strykemusikken i Stordal. Medan Kristoffer Olai i tillegg til opplæring på cello også spelte tenorsaksofon i skulekorpset i mange år, valde Kristina Malene å lære piano- og gitarspel i tillegg til fiolin.
Søskena fekk si første opplæring på strykeinstrument ved kulturskulen i Ålesund i samarbeid med kulturskulen i Stordal. Kristina Malene hadde Ove Kvangardsnes som lærar. Ho opptredde på kulturskulekonsert som 6-åring og blei allereie då lagt merke til. Foreldra har meint at det var viktig å kome tidleg i gong med opplæringa fordi kroppen er mjuk og tilpassingsdyktig.
Begge søskena kom snart med i barneorkesteret Indre strøk, som samla mange av dei som fekk opplæring på strykeinstrument. Med dugande leiarar var dette til stor inspirasjon.

I 12-års alderen begynte ho også å reise til Oslo for å ta privattimar på Barrat Due Musikkinstitutt. Dit reiste ho om lag annakvar veke. Ho reiste fredagskvelden og fekk overnatte med slektningar. Ho hadde time fredagskvelden og felles øving med Barrat Dues Juniorensemble laurdag, fortel Kristina. Dei fleste elevane kom frå Oslo-området, men det folk frå heile landet og til og med frå Danmark. Ho held fram med denne opplæringa i fleire år.

Her heime deltok begge i Ålesund symfoniorkester der dei øvde ein gong i veka og fekk vere med på store orkesteroppsetjingar. Begge har delteke på mange konsertar i ulike samanhengar og mange arenaer i heimbygda. Dei har også vore aktive i andre konstellasjonar t.d. under UKM, der dei både har både brukt sine hovudinstrument og bidrege ned song m.m. Kristina var den første frå Stordal kommune som kom til landsfinalen i UKM i 2006. I lag fekk dei Stordal kommune sitt kulturstipend, som blir delt ut til gåverik ungdom på ulike område. I kap.11 om UKM kan du høyre og sjå Kristina spele i landsfinalen.
Kristina Malene satsa lenge på musikken, men bestemte seg for ei anna yrkeskarriere. Også Kristoffer Olai har valt anna yrkesveg, men begge har musikken med seg og vil vonleg halde fram med å glede andre med sitt spel slik dei gjorde i mange år i heimbygda.