Stordal Hornmusikklag (SHL) vart det andre korpset på Sunnmøre, starta berre rundt 25 år etter det første amatørkorpset vart skipa i Noreg. Dette hadde klar samanheng med den tette tilknyting mange stordalsungdomar fekk til Bataljonsmusikken på Setnesmoen og med det opplæring i Trondheim. Etter kvart som militærmusikken vart mindre aktuell, måtte opplæringa av nye musikarar til SHL ordnast lokalt. Første tida vart ungdomar gitt opplæring individuelt og tekne med i korpset når dei kunne nok til å delta.
Nyoppstartinga av SHL i 1936 var kanskje meir å sjå på som eit rekruttkorps i opplæringsfasen då mange kom med samstundes. Etter krigen vart det skipa gutemusikkorps etter initiativ frå Hornmusikken for å få nye medlemmer i vaksenkorpset.
Gutemusikkorps var godt etablert kring i landet på denne tida. Allereie på 1890-talet skipa fråhaldslag og losjar dei første korpsa. Føregangsmannen William Farre starta så det første skulekorpset i 1901 på Møllergata skole i Oslo. I 1918 var det blitt så mange skulekorps at det vart teke initiativ til skiping av Norske guttemusikkorps landsforbund som seinare skifta namn til Norges Musikkorpsforbund (NMF) i 1956.

Det første jentekorpset vart starta på Ila skole i Oslo i 1947 og i 1950 fekk så jentene lov til å begynne i gutekorps. Etter kvart vart nemninga skulekorps nytta i staden for gutekorps.
Avdelinga for NMF i Møre og Romsdal vart skipa i 1947. Sunnmøre hornmusikklag hadde vore aktivt sidan 1930 og året før skipinga arrangerte dei musikkstemne på Skodje med fire vaksenkorps til stades. Her møtte også eit gutemusikkorpset «Lurlåt» frå Ørskog som deltok på stemnet. Dette korpset var stifta av Ole Lukkedal i 1928 (sjå meir om Lukkedal i Kap. 4).
Det var såleis tidleg gutemusikk også på våre kantar, men desse korpsa er ikkje rekna med når stiftingsdatoane til skulekorpsa blir oppgitt. Dette har nok samanheng med at dei tidlege gutemusikkorpsa var sett på som «underbruk» av vaksenkorps og som rekrutteringstiltak. Ørskog var nok eit unnatak sidan «Lurlåt» der starta som tilbod for unge og gjekk over til vaksenkorps.
I vårt område kom skulekorps med eigne styre og lover etter krigen med sterk vekst i tal på 1950- og 60-talet.
Den første gutemusikken i Stordal
Heller ikkje det første gutemusikkorpset i Stordal er registrert i NMF sine arkiv. Hornmusikken hadde hatt gode år med fin utvikling etter at dei begynte på att. Etter krigen var dei fleste medlemmene i sine beste år, men nokre flytta frå bygda etter krigen og det var behov for fleire medlemmer. I 1946/47 vart det gitt tilbod til gutar i storskulen og oppover om å begynne i det dei kalla Stordal guttemusikk. Leiar og dirigent var Harald Midtbust og Petter H. Busengdal, som hadde med seg fleire andre engasjerte medlemmer frå Hornmusikken.


Karl Øvrebust var ein av dei forventningsfulle gutane som møtte opp på gamle Breidablik til startmøte med dei to nemnde hornmusikkmedlemmene som møteleiarar. Om lag 15 gutar møtte og fekk utlevert instrument. For Karl og Oddvar Støle skulle dette bli starten på eit langt engasjement i Stordal Hornmusikklag. Fleire andre som Leif Busengdal, Einar Øvrebust, Oddmund Vad, Sigurd Moe og Karl Eivind Støle vart med i SHL i kortare eller lengre periodar. Andre gav seg då gutemusikken vart lagt ned, medan nokre flytte ut av bygda til utdanning eller arbeid.
Ein utdanna musikkinstruktør, Willie Vieth, skulle og bli introdusert for Stordal og gi sine første timar med undervisning for denne gruppa. Skulen stilte rom til disposisjon og det vart i periodar halde notekurs rett etter skuletid.
Det vart pugga notar og laga lyd i instrumenta frametter vinteren og våren. Ei av dei opplevingane som blir hugsa, er spelinga på 17. mai 1948.
Men det var Harald og Petter som var dei berande kreftene i korpset og leia musikkøvingane, som vart lagt i forkant av øvingane til Hornmusikken. Dei eldste og lengst komne fekk med tida lov til å vere att og spele saman med dei vaksne ved starten av øvinga og for nokre etter kvart som medlemmer i SHL.

Harald Midtbust var ein pådrivar for å få med nye medlemmer i Hornmusikken. Allereie i 1951, eit par år etter den første guttemusikken, vart det prøvd å starte med ei ny gruppe. Willie Vieth blei igjen henta til Stordal for å gi nye rekruttar notekunnskap. Dette var sjølvsagt tiltenkt berre for gutar. Jenter var ikkje sett som aktuelle for speling i korps og då var kanskje ikkje notar heller så viktige for dei. Dette synest Alfhild, dottera til Harald, var blodig urettferdig og ho fortel at ho ville gå på notekurset og fekk etter kvart foreldra med på dette og møtte opp som einaste jente. Gongen etter fekk ho følgje med nesten alle jentene både i hennar klasse og dei som var litt yngre. Som karakterane på diplomet viser, var det ikkje noko i vegen med læreevnene til denne jenta – og sikkert ikkje til dei andre jentene heller. Det vart likevel ikkje nytt korps etter dette kurset truleg fordi det var for få gutar med. Tanken på å få med dei kvinnelege kursdeltakarane i korpset var heilt fjern, og det skulle gå nye 12 år før dei første jentene kom med i korpset. Og nye 20 år deretter før statuttane til Hornmusikken gav innpass for kvinnelege medlemmer. Då hadde rett nok nokre damer begynt i korpset. I dag synest dette underleg, men den tidas kjønnsroller var nok svært annleis enn det som er opplevd som sjølvsagt for dei som no veks opp. All ære til Alfhild og alle andre som kjempa for likestilling!
På midten av 1950-talet var det igjen prøvd å skaffe ny rekruttering til Hornmusikken. Nok ein gong var det Harald Midtbust og Petter H. Busengdal som tok ansvar med leiing av gutemusikken. Willie Vieth vart igjen henta inn for å halde notekurs og knapt 15 gutar deltok. Når oppstarten var er litt usikkert. Vi veit at dei eldste som var med var fødd i 1943 og dei yngste i 1947. Etter drøfting med Per Arne Søvik, kom vi fram til at han sannsynlegvis gjekk siste året på folkeskulen det året korpset vart starta. Då gjekk dei yngste i 3. klasse, som også seinare har vore sett på som eit alderssteg som var gunstig for å begynne med note- og instrumentopplæring. Startåret var då 1956.
Dette korpset var i drift eit par-tre år med den besetninga som då starta. Mellom anna minnest medlemmer speling på 17. mai både i tog og på Bedehusfest. Per Arne var då så gammal at han fekk lov til å gå på Ungdomshuset for å sjå teaterstykket 17. maikvelden, og han huskar at han var utolmodig etter få unnagjort spelinga på Bedehuset slik at han nådde framsyninga. Truleg var dette i 1958.

Jakob Øvrebust, Leif Dybdal, Rolf Vinje og Per Arne Søvik fekk lang fartstid i Hornmusikken og også Olgard Øvrebust, Per Kjell Holtleite, Svein Terje Holtleite og Lars Steinar Midtbust var med der.
I gutemusikken var det mykje salmar og lettspelte arrangement i starten. Men etter som dugleiken vaks, kom marsjar som Guttene kommer av tidlegare omtalte William Farre og Sol og Vår på programmet. Willy Vieth hadde laga nokre enkle utgåver av forskjellig type musikk, som vart mykje brukt. Eitt av desse var Hellig, hellig, hellig som klang fint og vart spelt m.a. på Bedehuset.
Det er noko usikkert kva som var av speling i perioden mellom 1958 og 1963. Ola Stavseng meiner å hugse at han begynte i korps då han var i 10-årsalderen. Han begynte først med skarptromme og gjekk seinare over til trompet. Ola hugsar at dei møttest i Prestestova og at Harald Midtbust hadde noko med dette å gjere. Også Kjell Talberg var i Prestestova for å prøve seg på eit instrument, men det blei aldri noko meir med han enn nokre få frammøte. Også han nemner at Harald Midtbust styra med dette.
John Peder Aarflot kan også minnest at han var med på øving i Prestestova. Han skulle få seg instrument, ein diger bass, som nesten nådde ned i golvet når han skulle spele. Han sat for det meste og høyrde på dei andre øve, men i pausane tok Griggås-Harald han med seg ut på gangen for å lære han puste- og blåseteknikk. Instrumentet vart altfor stort for ein så liten gutekropp og kravet om luft sette nok ein stoppar for karrieren som bassist. Etter kvart enda han som trompetist i Skulekorpset.
Utifrå dette er det klart at Harald Midtbust og kanskje fleire frå Hornmusikken frå rundt 1960 gav opplæring og fekk i gong eit nytt gutekorps etter at gruppa som var i aktiv fram til ca. 1958 gav seg.

Ola og broren Trond har prøvd å minnest den første tida og hugsar at Willy Vieth var den første dirigenten. Dei øvde på fleire stader både på Bakeriet og heime hos Stavsenggutane. Trond spelte på ein gammal B-klarinett som bestefaren på Stavseng hadde brukt. Ola nytta i starten ein utsliten ess-kornett, som han trur kom frå Liabygda. Men Willy Vieth fekk overtalt faren til å kjøpe ein trompet som Vieth hadde for sal. Dei minnest at John Peder Aarflot, Andreas Hauge, Petter Bjarne Øvrebust og Erling Busengdal var med tidleg saman med fleire av deira jamaldringar. Dei meiner det var aktivitet i denne gruppa frå rundt 1960.
Skulekorpset
Skulekorpsa med både jenter og gutar var på starten av 60-talet begynt å bli vanlege i kvar bygd og gjerne knytt til skulane i byane. Føresetnaden over alt var at det fanst eldsjeler som kunne ta tak og skipe den organisasjonen som skal til for å drifte eit slikt korps. Instrument til ein stor del av barneflokken i 10-15-årsalderen krev mykje pengar og kunne vere ei vågal investering om tiltaket skulle feile og gå i stå.
I møteboka for Skulemusikken kan vi lese:

På eit møte på Vinje skule 24. januar 1963, som vart halde av musikkinteresserte foreldre i Stordal, vart det vedteke å stifte ei foreining som skulle taka seg av musikken for dei yngre i bygda.
Det vart valt eit styre som straks sette i gong innsamling i bygda. Pengane skulle gå til instrument til skulekorpset som då vart starta med 13 medlemmer. Pengane som kom inn var kr. 2173. Det kom og gåver frå Husmorlaget, Stordal Sparebank og Stordal kommune.

17. mai var det tombola og skytebane, og det kom inn kr. 1263,25. Dirigent frå starten var Willie Vieth, og han var ut skuleåret 1963 til 1. juni.
Stordal skulekorps var i gong. Lovise Aarflot fortel at foreldra frå starten spleisa på utgiftene til dirigenten. Etter kvart som det kom inn pengar frå ulike kjelder vart drifta organisert som anna lagsarbeid.
Atter ein gong var Willie Vieth henta til Stordal for å vere korpset sin første dirigent og stå for instrument- og noteopplæringa.
Kirsten Ludvigsen minnest notekursa. Ho var ei av tre jenter som tidleg fekk vere med i musikken. Sjølv gav Kirsten seg etter kort tid, men dei to andre vart med vidare.

Marit Holt Sund fekk også vere med på notekurs sjølv om ho ikkje var gammal nok til å vere med i korpset frå starten. Ho likte svært godt å vere med på kursa og fekk i tillegg vere med i barnekoret som Willie Vieth leia. Men våren 1964 troppa ho og fleire nye opp for å få instrument og bli med i korpset. Marit fortel:
Eg huskar at både Peder Breivik og Randulf Hauge, som var formann, tok i mot oss som ville begynne og delte ut instrumenta.
Eg minnest at det hang eit korpsbilde av Hornmusikken heime på Holt. Der stod far med ein Sousafon over skuldrene. Trur at det var dette som inspirerte meg, for eg minnes at eg ønska også å spele Bass ein gong.
Eg vart spurt om kva eg ønskte å spele, og svarte Tuba eller Sousafon, for det hadde eg tenkt på lenge, som sagt. Og det spela far. Då lo dei godt begge to. Så gav dei meg ein heilt ny Noblet-klarinett med desse ord sånn omtrent: Tenker det at du som bor så langt framme i dalen og er så lita av vekst får ta denne. Den kan du ha på sykkelen. (Far hadde ikkje bil, og det å bli skyssa i dei tider var utenkeleg). Så kan du spørje Peder og Ole Magnar Øvrebust om gode råd og hjelp. I tillegg fekk eg ei instruksjonsbok. Dei to karane hjelpte meg mykje den sommaren, for læringskurva var bratt når eg ikkje kunne spørje far min som kunne tuba og trekkspel.
Men når hausten kom, troppa eg opp og spela i skulekorpset i mange år.
Etter at eg har vorte vaksen, spelar eg framleis. No har i tillegg Kulturskulen dukka opp, så eg har timar med lærar. Det er rein luksus!

Med Randulf Hauge som forman og styremedlemmene Johan Helland, Lovise Aarflot, Jorunn Holt og Gunvor Midtbust med vara Ruth Vinje og Leif Midtbust, hadde korpset ei godt oppegåande leiing som visste å få med seg folket. Dei tok også attval det neste året og fekk kjøpt både nye instrument og uniformer.
Peder Lande vart skulekorpset sin andre dirigent. Han var arbeidsformann på Stoppen på Hellandfabrikken og hadde dirigenterfaring som korpset drog nytte av andre hausthalvåret 1963.
2. juni 1963 reiste korpsmedlemmer og styre saman med nokre andre interesserte til eit stort korpsstemne på Molde. Å få sjå og høyre kva som der gjekk føre seg, var til stor inspirasjon for alle og la grunnlag for målsetjingar for vidare arbeid.
Såleis vart det på styremøte hos Lovise Aarflot 25. april 1964 bestemt at det skulle kjøpast uniformer til Skulekorpset. Men på deira første stemne i Sykkylven, var uniformene kvitskjorter.
I møteprotokollen står det:
Dirigent i 1964 har vore Peder Breivik, og han vonar vi å få ha lenge.
Tospannet Randulf Hauge og Peder Breivik var no på plass og dei skulle vere svært sentrale i både oppbygginga og drifta av korpset i ei årrekkje.
Det hadde vore ein stor skepsis i mange korps om jenter eigentleg hadde nokon plass i korps – også her starta det med berre gutar – men her sette Peder Breivik klare føresetnader om at korpset skulle ha med både gutar og jenter dersom han skulle ha noko med korpset å gjere.
Møteboka: I september fekk korpset uniformer. Det var Kåre Solhjell konfeksjonsfabrikk som leverte dei. Kr 3000 vart betalt med ein gong. Resten kr. 2889 skulle betalast om 18 månader.

Pinsehelga 6. og 7. juni 1965 kunne så korpset få vist seg fram utanbygds på stemne i Volda med sine nye, fine uniformer.
Møteboka om våren 1966:
Den 17. mai spelte korpset i barnetoget. Kl. 12 reiste dei til Dyrkorn. Så spela dei i folketoget kl. 14. Etterpå reiste dei til Liabygda og spela der. Om lag kl. 7 var dei ferdige. Det vart ein travel dag, men sikkert også ein koseleg dag.
I pinsa var skulekorpset på musikkstemne i Sykkylven. Alle deltakarane lika seg godt. Sjølv om veret ikkje var det beste.

Den 21. juni 1966 var mødreforeninga samla på kommunehuset. Det var programmet for jonsokkvelden som skulle drøftast. Rjomegrauten som har vore tradisjon dei siste åra, vart sløyfa. I staden serverte vi kaffi og kaker på kommunehuset. Det vart arrangert fiskekonkurranse på kommunekaia og Torekaia. Premien var ein pjakk som vart vunnen av Staurset.
Vi hadde pølsevogn og det vart selt støttemedlemskort til Skulekorpset. På øyrane var det stort bål. Skulekorpset spelte ved kommunehuset og på Øyrane. Der var det også kappsymjing mellom Randulf Hauge og Svend Snerling iført kjeledress fullsett av lakk. Dei var litt av eit syn.
Sidan var det leikar ved bålet. Det var lodda ut 4 bløtkaker og ei vart auksjonert, På Holt vart det også tilstelling jonsokkvelden med bål, rjomegraut og leik av leikarringen m.m. – også til inntekt for Skulekorpset.
Denne utskrifta frå møteboka samanfattar mykje av det som synest å ha vore styret sitt fremste virke i oppstarten og som vel er den raude tråden i alle protokollane frå styret i Stordal Skulekorps i åra framover – å skaffe midlar – gjerne på ein måte som gir noko att til dei som støttar med midlar.
I oktober 1966 vart det formelt starta ei mødreforening som skulle hjelpe styret. Dei hadde faste møte første tysdagen kvar månad. Nokre år seinare vart det bestemt at denne foreininga skulle endrast slik at også fedre kunne vere med å støtte korpset.
Korpset vaks og med det behovet for instrument. På styremøte i oktober 1966 vart det bestemt å kjøpe 12 nye instrument til ein samla sum av 6300 kroner. Møteboka:
Styret bestemte og at Breivik skulle få full rett til å ommøblere korpset slik som han ville. Også og kutte ut dei som ikkje duger.
I 1967 deltok korpset på musikkstemne i Ålesund. Dei blei stadig fleire og hausten 1967 måtte det kjøpast endå fleire instrument. Møteboka:
Breivik setter opp korpset slik han vil ha det. Det blir tatt ut dei beste dei beste av aspirantane, og resten skulle fortsette som aspirantar. Men dei skulle få anledning til å begynne i korpset etter kvart som dei blei flinke nok. Og så skulle det bli nytt notekurs viss dei fekk tak i ein som kunne vere lærar.
Styreprotokollane inneheld lite om medlemmene i korpset, men eitt unntak finn vi på slutten av 1960-talet då styret gav Randulf Hauge i oppdrag å snakka med foreldra til eit par gutar, som laga så mykje bråk på kvar øving at dei forstyrra dei som hadde interesse for øvinga. Etter samtalen møtte ikkje gutane opp meir.
Møteboka fortel elles om stadig like travle 17. maispelingar og kjekke stemne. I 1968 var stemnet på Skodje. Ei veke etter stemnehelga, kom Fiskarstranda skulekorps på besøk til Stordal. Møteboka:
Det var ein dag med strålande sol og varme. Det skulle no gjerast så festleg som muleg den dagen så alle mødrene til dei som er med i Stordal skulekorps gjekk saman om å lage mat og å pynte opp på skulen. Det var smørbrød, varme pølser og brus som vart servert.
Gjestekorpset kom i middagstida søndag og då møttest dei oppe ved skulen til samøvingar. Etter det vart det servert smørbrød, pølser og brus til musikarane og kaffi og smørbrød til dei vaksne. Så skulle det vere friluftskonsert på Øyrane kl. 3. Korpsa marsjerte frå skulen og ned til Øyrane. Det var masse med folk som budde på campingplassen og elles så var visst alle bygdafolk som kom seg ut der borte og høyrde på. Det heile skulle vere ferdig til kl. 5 for då var det fotballkamp på Mo.
Korpsa spelte nokre nummer kvar og til slutt spelte dei saman «Ut mot havet» av Edvard Fliflet Bræin. Vi køyrde då alle opp til Mo og då fekk gjestekorpset spele i pausen av fotballkampen og det syntest dei var stor stas. Det sette ein spiss på dagen. Dei fekk litt knapp tid då dei skulle heim att så det blei ikkje noko servering av mat. Men den maten som var att, fekk dei med seg i bilane så dei kunne ete på turen.
Det gjekk berre greitt å få avvikla den festlege sammenkomsten.
I 1969 var det kretsstemne i Kristiansund. Full forpleiing kosta kr. 31 per deltakar på dette stemnet. Så kom i tillegg ferje- og bussutgifter slik at kostnaden samla vart 80 kr. Per person. Det vart bestemt at kvar husstand skulle skyte til kr. 30 og så skulle korpset dekkje resten. Korpset hadde dette året med 32 musikarar til stemnet. Dei hadde med seg fire vaksne for å sjå til medlemmene.
1970-åra
Uniformer
Med den store auken i medlemstalet vart det for få uniformer til alle og nye løysingar måtte finnast. Ei nemnd vart sett ned i 1970. Dei skulle få hjelp frå Solhjell med tilpassing av eksisterande uniformer og produksjon av dei nye som trongst. Dei fekk i første omgang ordna dette, men i 1972 var det komen så mange nye at ei større oppgradering måtte til. Korpset trong no 40 uniformer.
Frå møteboka 17.04.1972:
Også denne gang var alle møtt fram pluss to damer som har dei gamle uniformene til oppbevaring. Så var Ugelstad der og han hadde med fleire prøver og forskjellige fargar,
Det vart då prata om att og fram om kva vi skulle gjera. Vi skulle få alle uniformene til same pris uansett alder og størrelse. Så vi vart då samde om å kjøpe heilt nye og farge blei sennepsgul med svarte band på bukser og jakker. Og så skulle det vere høge luer. Det blei då bestemt å få bukser til både gutane og jentene. Det skulle då bli tatt mål og uniformene skulle vere levert til 17. mai. Så bestilte vi 60 meter stoff ekstra til nye uniformer om det blir aktuelt. Dei gamle uniformene blei selt til Åse der dei hadde stifta nytt korps. Dei skulle betale kr. 2000.
Fane
Eit skikkeleg korps måtte ha fane og det vart sett i gong arbeid med det i 1970. Elias Hove hadde høyrt nyss om at ein kar på Skodje laga faner. Styret bestemte at Randulf og Elias skulle reise ut ein kveld og snakke med han og høyre om han hadde idear om utforming og kva prisen var. Møteboka seier ikkje meir om korleis dette gjekk, men fane vart det etter kvart.

I 1971 hadde korpset ein stortur. Dei reiste på landsstemne i Gjøvik. Då hadde dei også fått seg nye notemapper og regnkapper til turen, som vart ei stor oppleving for alle.
Jubileum 1973
Det blei arbeidd mykje med å lage ei god markering av 10-årsjubileet. Framleis er det økonomien som er i sentrum og eit nytt inntektspotensiale vart sett i bingoarrangement. Det vart sendt søknad til politiet for fire tilstellingar. Midlar trongst m.a. for å få kjøpt inn medaljar til dei som hadde vore med 5 år eller meir. Desse skulle bli delt ut på ei jubileumsmarkering på «ein festleg kveld med musikk og kaffikos», som det står i møteboka.
Den store jubileumsfesten vart halden 10. mars 1973 med helsingar, gåver og medaljeutdeling i tillegg til mykje god musikk. Randulf Hauge delte ut medaljar til heile 17 «veteranar».
Det var frå kretsen bestemt at dei store stemna skulle utgå slik at det no berre skulle vere 5-10 korps per arrangør. Stordal ville ha fem korps i tillegg til seg sjølve. Nemnder vart sett ned og alt var klart for stemnet då ei stor tragedie stoppa arrangementet. Formannen Randulf Hauge gjekk bort i ei ulukke og korpset såg seg ikkje syn med å gjennomføre eit slikt arrangement berre eit par veker etter gravferda til Randulf.
Breivik ville at korpset skulle spele i kyrkja under gravferda.
Randulf Hauge var formann dei ti første åra og svært sentral i oppbygginga av korpset og organisasjonen. Han var ein handlekraftig person med evne til å finne løysingar og få ting unna. Møte protokollen er full av døme på kor sentral han var. Randulf Hauge skulle få tilbod på ny tuba, snakke med foreldre, ordne med medaljane osb. Å erstatte han var ikkje mogleg, men heldigvis hadde han og dei ulike styra bygt ein god organisasjon som eit fundament for vidare arbeid.

Nesten alle med i korps
Hausten 1973 hadde korpset 42 medlemmer. Talet skulle auke. I 1975 fortel årsmeldinga at korpset hadde 52 medlemmer og 15 aspirantar. Dette omfattar ein stor del av elevflokken i aktuell alder.

Skuleåret 1975/76 hadde dei heile 75 øvingar. Det er ikkje rart at det vart bra kvalitet på spelinga med så stor innsats. Det går fram av møteboka at det kunne vere litt misnøye mellom foreldre og musikarar når dei ikkje alltid fekk oppfylt sine ønskje om instrument eller å kome opp frå aspirantkorpset til det rette korpset. I samråd med styret måtte dirigenten gjere sine vurderingar sjølv om det ikkje alltid var like populært.

Det store korpset hadde behov for instruktørar og medlemmer fekk tilbod om ulike kurs både med tanke på dette og for å utvikle medlemmene musikalsk.
Så skulle det endeleg bli arrangert stemne i Stordal. Møteboka:
Største arrangementet i året 1975/76 var stemnet som vart halde i pinsehelga her i Stordal. Vi hadde besøk av 8 korps. Innkvarteringa var på skulen, og matstellet føregjekk på Bedehuset. Alle foreldre var med i ein eller annan komite. Det heile gjekk knirkefritt – det einaste som svikta var vergudane.
Med auka medlemstal var det nok ein gong behov for fleire uniformer og instrument og nye notekurs. Musikkinstruktør Asbjørn Søvik hadde stått for desse kursa ein periode, men ved oppløysing av storkommunen i 1976, måtte Peder Breivik ta seg av dette også i tillegg til mykje anna i korpset.
Korpset hadde no innført hyggekveldar der dei inviterte foreldre og søsken. Dette var populært. Det var også samarbeidet med andre skulekorps som Åse, Valldal, Stranda og fleire. Desse kom på besøk og hadde felles opplegg med stordalingane eller dei besøkte andre på deira heimstader.
Også stemna var viktige. Møteboka fortel t.d. at musikktreffet på Vatne i mai 1977 var eit ekstra fint stemne. Men dei nøydde seg ikkje berre med det: Laurdag 18. juli starta dei på tur til Janitsjarfestivalen på Hamar. To var blitt sjuke så reisefølgjet bestod av 58 personar. Denne gongen var dei heldige med veret og dei fleste korpsa, også Stordal, fekk gå i skjorteermane under defileringa. Vellukka tur!
I 1978 gjekk turen til stemne på Kongsvinger og i 1979 nok ein gong til Hamar.
1980-åra
Nye uniformer igjen
Dei sennepsgule uniformene var ikkje like populære mellom alle medlemmene. I tillegg var det behov for fornying. Det blei då mykje drøfting i styret om kva som skulle gjerast. Det var nære på at framlegget om å skifte ut buksene til svart vart vedteke. Men også innan styret var det meir oppslutning om å sjå på uniformsopplegget heilt på nytt. Atter ein gong kom firmaet Kåre Solhjell med seljaren Ugelstad inn som produsentar. Det vart i lagt fram eit forslag om modell 126 i stoff 1907 og farge 535 til netto kostnad 43 900 kr. Eit ekstraordinært årsmøte 2. mars 1982 gjekk inn for realisering med 16 mot 12 røyster. Det var og manglande semje om jentene skulle ha skjørt. Dette vart vedteke med 18 mot 10 stemmer og med 24 mot 4 stemmer at det skulle vere kvit skjorte med slips.

Usemje til trass: 17. mai 1982 stilte korpset i splitter nye uniformer.
Ny dirigent

Peder Breivik var framleis lærar for aspirantane og dirigent for korpset, som fekk tur til skulekorpsfestivalen i Heimdal i Trøndelag i 1980. Korpset hadde gruppeøvingar på tysdag og fellesøving på fredag. I tillegg kom aspirantopplæringa og også notekurs. Med eit slikt program over år er det ikkje rart at Peder syntest det begynte å røyne på ved starten av 1980-talet. Med nesten 20 års samanhengane korpsarbeid hadde han fått utvikle born frå aspirantar til nesten vaksne musikarar og gitt mange eit utgangspunkt for ein kjær hobby for livet. Den siste konserten han hadde ansvar for, var på julefesten 1981. Han vart gitt ei gåve «til minne om alle kveldar og turar med korpset gjennom 18 – 20 år», som det står i møteboka

Den fjerde dirigenten for Stordal vart Peder Vikenes. Han fortel at han vart kuppa ein dag han møtte på øving og vart noko motviljug plassert framføre korpset. Peder hadde ikkje noka dirigenterfaring, men hadde vore aktiv i korps frå han begynte som aspirant som 6-åring på tenor. Han hadde også spelt baryton og trombone i skulekorpset og i tillegg til å ha vore profesjonell musikar i ei årrekkje.
Han tok på seg oppdraget for våren, men leverte oppseiing nokså fort då han eigentleg ikkje hadde tid til dette oppdraget. Han var i ferd med å bygge nytt hus og fjøs og skulle starte opp gardsdrift. Han var i tillegg i full jobb hos Olav Bratland, som kanskje var med og overtalte Peder til å ta ein tørn til. Det skulle feirast 20-årsjubileum og eit stort korps var godt i gong med førebuinga og Olav Bratland var leiar for stemnekomiteen.

Peder fortel at korpset la ekstra stor vekt på marsjering og å kunne spele skikkeleg medan dei gjekk. Dei marsjerte heilt fram til Mo og ned att på ei av øvingane.
Peder minnest godt det vellukka stemnet i 1983 med mykje folk og god speling frå korpset. Han heldt på heilt fram til jul 1983. I møteprotokollen kan vi lese at skulekorpsmedlemmene gjerne ville hatt han med lenger då han var svært godt likt.
Jubileumsstemne 1983
Kretsen bad Stordal skulekorps om å arrangere sonestemne i 1982, men styret takka nei for dei ville heller lage eit større jubileumsstemne i 1983. Her vart igjen alle foreldre og fleire til engasjerte i mange slags komitear for å legge til rette for gode opplevingar for alle korpsdeltakarane.

Grete Øvrebust fortalde om stemneavviklinga i samband med jubileet i 2013. Denne skildringa (i tekstboksen) fortel om ei flott helg med gode minne. Tilbakemeldingane frå gjestane var svært positive og i tillegg tilførte stemnet laget ein foreløpig netto på 35 000 til 40 000 kroner, som det står i referatet frå styremøtet 21. 6.1983. Jobben var gjort så godt at korpset fekk ein fire dagars stortur til Karlstad i Sverige som belønning.
Musikkskule og ny dirigent
Stordal kommune gjorde vedtak om at det skulle skipast musikkskule der born og unge kunne bli tekne opp som elevar på forskjellige instrument. Fred Røyseth vart tilsett som rektor på musikkskulen og hadde sjølv elevar på tangent- og treblåseinstrument. I tillegg skulle han sørgje for å tilsette andre lærarar på instrument som han ikkje meistra.

Dette medførte at Skulekorpset ikkje lenger trong arrangere aspirantopplæring og notekurs. Dette skjedde i regi av musikkskulen, men korpset måtte stille med instrument dersom elevane skulle vere aspirantar i korpset. Heile 18 melde seg på og dette vart stor utgift for korpset som måtte gå til innkjøp av fleire nye instrument.
Då Peder Vikenes sa at det definitivt var slutt til jul 1983, fekk Fred Røyseth førespurnad om dirigentjobben, som han tok på seg. Årsmeldinga fortel om eit aktivt musikkår som toppa seg med svært vellukka tur til Landsfestivalen for skolekorps i Trondheim. Korpset fekk skryt både for speling og framferd.

17. mai 1988. Rundt 40 medlemmer feirer dagen og er i godt slag etter jubileumsfeiring helga før og klar for stortur til England i juli. Dirigent Fred Røyseth hadde ofte fri denne dagen for andre oppdrag. Her ser det ut til at det er gamledirigenten, Peder Breivik, som held orden på korpset.
25-års jubileumstur
Åra midt på 80-talet synest å vere ein god periode for korpset. Mange nye kom til og det var stor aktivitet med mange konsertar, øvingshelger både her og på besøk hos andre. Fellesopplegg med andre korps held fram og stemneturane var nok årlege høgdepunkt. Vi ser at Averøy, Holmestrand og Ålesund var reisemål.
Det var semje i styret om at 25-årsjubileet måtte markerast ekstra. Det vart sett ned ein jubileumskomité som skulle planlegge feiringa. Eitt vilkår vart sett av styret: Utgiftene for tur måtte ikkje overskride 800-1000 kroner per musikant. Til formann i jubileumsåret vart vald Jens Tobias.
Det vart bestemt at turen 1988 skulle gå til Scarborough i England frå 10.- til 17. juli. Då hadde dei fleste fri og også foreldrevakter hadde ferie.
Men ekstra pengar trongst og det vart bestemt at korpset skulle arrangere dagstemne 12. mai i samband med at det skulle vere jubileumskonsert 11. mai. Stemnegeneral var nok ein gong Olav Bratland.
Til jubileumsfesten vart det samla inn annonsestøtte og det vart sendt flygeblad til alle i bygda der dei fekk høve til å støtte englandsturen med midlar. Ekstra lynlotteri måtte også til. Æresmedlem Peder Breivik var sjølvsagt invitert både til jubileumsfesten og turen. Han deltok på begge.
Det var ein spent gjeng som sette seg på bussen til Vigra for å ta fly til Bergen for så å reise vidare med båt derifrå til Newcastle. Båtturane begge vegar vart nok litt meir urolege enn ein kunne håpe på i midten av juli både for store og små. Mange kjende på sjøsjuke og nokre vart skikkeleg sjuke, men alle kom seg etter dei var komne på land.

Vel framme i Scarborough vart dei eldste plasserte hos vertsfamiliar for at dei kunne få praktisert litt meir av engelsken og lære meir om engelske skikkar og levemåte. Dette var ein del av turopplegget og var eit vellukka tiltak for dei fleste. Dei yngste og vaksne som var med, budde på Hotel Talbot, som og var basen for alle og staden der lunsj og middag vart servert.

Dei tilsette på hotellet tok svært godt i mot gjestane, men stilte klare krav om god framferd. Det nytta ikkje å prøve å få kjøpt seg brus i baren utan å seie «please». Etter kvart skjøna nok alle at slik høflegheit var ein del av omgangsforma i England.
Det var slett ikkje gode tider for mange i denne delen av England på slutten av 1980-talet – spesielt for unge. Korpsdeltakarane fekk vite at lokale ungdommar kunne vere misunnelege på vår tilsynelatande gode velstand. Hotellbeteninga ga våre medlemmer klar beskjed om at dei ikkje måtte opptre provoserande og helst gå mange i lag når dei skulle vere ute i gatene utan vaksne sitt tilsyn. Dette vart teke omsyn til og opphaldet gikk greitt. Det vart ein god del besøk på forskjellige spelebuler med ulike slags underhaldningstilbod langs strandpromenaden. Litt annleis tilbod enn dei var vane med heimanfrå.
Serien «Med hjartet på rette staden» er filma i nordre del av regionen Yorkshire der korpset hadde tilhald på turen. Men det skulle framleis gå nærare ti år før serien kom på TV i Noreg etter at første episode blei sendt i 1992 i England. Mange av dei som var med minnest nok turen til Whitby, som er den hamnebyen politimennene i serien ofte besøker og som har eit litt større politikammer. Landskapet er fasinerande og det var spesielt å oppleve den store skilnaden på flo og fjøre. Vegen til Whitby gjekk over the Moors med dei tronge vegane vi kjenner så godt frå serien.

Whitby er kjend som tilhaldsstad for smuglarar i eldre tider, men blir no meir assosiert med Dracula ettersom forfattar Stoker fann den vesle byen med dei gamleklosterruinane perfekt som gravstad for den berykta vampyren. Så vidt vi veit kom musikantane attende til Scarborough utan spesielle merke på halsen.

Det var og lagt opp til besøk og speling i York. Denne historiske byen med den store katedralen er sentral i britisk historie. Her hadde mektige kongsslekter sine gods og kampar mellom rivaliserande stormenn kosta tusenvis av liv.

Men det var kanskje meir interessant med parallellane til vår eiga historie når mange, etter timelang venting i kø, endeleg fekk oppleve Jorviksenteret med vising av livet i vikingtida.

Jubileumsturen syntest å vere ei kjekk oppleving for korpsmedlemmene og også for stolte foreldre, som både kunne gle seg over fin speling og god framferd.
1990-talet
Vi er no komne så langt i historia til Skulekorpset at barna til dei som var med frå starten, er blitt medlemmer i korpset. Dette ser vi utifrå namna på medlemmer i styre og komitear. Fred Røyseth hadde vore dirigent i seks år då det nye tiåret starta. Framleis var det god storleik på korpset sjølv om mange av dei eldste gjekk ut etter jubileumsturen. Mange hadde også begynt å vere med i vaksenkorpset frå dei var rundt 16 år.
Dirigenten syntest det var på tide å få prøvd seg mot andre korps og melde deltok i Korpscup vinteren 1990. Dette gjekk ikkje så bra, men korpset fekk tilbakemelding om at det var mykje å bygge på og lite som skulle til før det vart betre. Ei trøyst var at Bjarte Almås vann solistprisen då han på piano spelte Til Ludvik i lag med korpset, som dette året hadde knapt 30 medlemmer.
Musikkskulen held fram med å fostre nye medlemmer gjennom sitt tilbod og det var stadig mange aspirantar. Det trongst fordi mange var komne i alder for vidaregåande opplæring og etter kvart gav seg i Skulekorpset. Men mange av desse held fram nokre år i Hornmusikken, som hadde 100-årsjubileum i 1991. På jubileumsfesten fekk Peder Breivik v/dottera Solveig, utdelt Norges Musikkorps Forbund sin fortenestemedalje, ei utmerking som heng svært høgt. Samtidig fekk han og den høgste utmerkinga som kretsen kan gi. Peder Breivik gjekk bort året etter, og Skulekorpset heidra han med å møte fram i uniform i gravferda, der leiar Palma Flåen Øvrebust la på krans.
Nye dirigentar
Det begynte å bli dårlegare med frammøte på øvingane sesongen 1991/92. Mange hadde slutta og det kom fram ønskje om endringar på øvingane. Det var semje om at det kanskje var på tide med ny dirigent, og leiaren ga beskjed til Fred Røyseth om at dei ønskte skifte frå sesongen 1992/93.

Etter mykje leiting vart Eldar Bergmann engasjert som dirigent. Han var med i to sesongar. Han fekk inn 17 nye aspirantar og fleire av dei eldste hadde no gitt seg. Men besetninga var framleis god og arbeidet med å bygge opp ein ny generasjon medlemmer, kunne starte. I styremøte 10.2.93 orienterer dirigent Bergmann om arbeidet. Han er ikkje særleg nøgd med innsatsen mange legg for dagen. Dei øver for lite heime og tek for lett på det slik at det ikkje blir nøyaktig nok det dei gjer. Det skal vere fest i samband med 30-årsjubileet og då må det bli betre. Korpsmedlemmet i styret, Ann-Lisbeth Kalland, er med på å lage eit opplegg for å få betre framdrift.
Det vart nok slitsamt for dirigent Bergmann, som hadde håp ein meir innsatsfull og innordnande gjeng, og det vart etter kvart slik at det kom ønskjemål om ny dirigent.
Jubileumsfesten vart halden i april 1993 og var svært vellukka. Det var om lag 140 personar som var inviterte til festen. Det var synd at færre enn ønskjeleg av desse møtte. God mat, fin speling og presentasjon av nye aspirantar var mellom programinnslaga.
Konsert med Ole Edvard Antonsen
Sesongen 1994/95 var det Ann-Lisbeth Kalland som fekk oppdraget. Ho hadde vore på fleire kurs m.a. dirigentkurs i Ørsta og sa seg viljug til å ta jobben eitt år. Eitt av dei store prosjekta på 1990-talet var konserten i Ørskogkyrkja der også Larsgården skolekorps og Stordal Hornmusikklag deltok. Stordal hadde ikkje eigna lokale til eit slikt storopplegg på den tida.

Publikum fylte Ørskogkyrkja til siste plass og fekk høyre gjesteartistane i samspel og Ole Edvard som solist både med skulekorps og vaksenkorps. Ole Edvard var instruktør på øvingane til skulekorpset før konserten og instruerte også Hornmusikken som akkompagnerte han på eitt av «bravurnummera» til trompetistane.
Det var store utgifter til denne konserten sidan honorara til gjesteartistane var høge. Det gode publikumsframmøtet gjorde likevel at kvart av dei tre korpsa sat att med eit fint overskot.
Ole Edvard Antonsen (som då var svært populær blant alle og stor kjendis med sine plateinnspelingar på trompet) var det store trekkplasteret saman med akkompagnatøren Håvard Gimse (piano).

Skuleåret 1995/96 var det Kari Dyrkorn som dirigerte korpset. Dette korpsåret starta med tur til Hausttreff i Trondheim dit dei reiste med 27 medlemmer , dirigent og seks foreldrevakter. Sjåfør var som så mange gongar elles Knut Hjelle. Han er ein av dei mange som har gjort ein stor innsats for korpset.
Som Kari uttrykte det var dette året eit heilt vanleg korpsår med 37 øvingar, øvingshelgar og samarbeidsopplegg med nabokorps og gjestekorps. Som mange andre år var det også dette året litt for mange som gjekk lei og slutta. Årsmeldinga seier at det er ein trend over alt at korps ikkje er in, og dette merkast også i Stordal.
Jarle Helgesen dirigerer
Hausten 1996 tok Jarle Helgesen over som dirigent. Dette var starten på ein periode på åtte år med hans leiing av korpset. Dette skulle bli ein god periode for korpset med mange med.
Denne hausten var det nesten berre ein ting stordalingane var opptekne av: Få ferdig Stordalshallen. Tidleg i 1997 skulle hallen opnast med ein stor fest med heile bygda som publikum. Det var no optimisme om at det skulle bli mykje betre arbeidsforhold for dei som satsa på musikk og idrett.

Jarle skulle førebu skulekorpset til deira innslag på festen, og han fekk ny giv i korpset som hadde ein fin opptreden med god kvalitet i framføringa.
Det første tiåret på 2000-talet
Korpset var no inne i ein god periode med mykje aktivitet og mange medlemmer. Vi kan t.d. sjå på kva årsmeldinga fortel om korpsåret 2001/2002.
Første øvinga var 29. august og allereie første helga i september spelte korpset ved friluftsgudsteneste på Langsætrane.

I oktober arrangerte dei øvingshelg der Nørvasund skulekorps og Hessa skulekorps deltok. Full aktivitet i hallen laurdagskvelden med alt frå skyting til klatring. Kafékonsert søndagskvelden.
Første søndag i advent spelte korpset ved tenning av julegrana, og kvart medlem var ute i bygdene og selde 2 julestjerner og 2 julegleder til inntekt for korpset. Det vart også laga kalender med bilete av korpset, som vart selt inn mot jula.
Etter jul var det stort samarbeidsopplegg med Hornmusikken og felles konsert til inntekt for Skulekorpset. Kjekk konsert ein onsdagskveld midt under OL! Der vart det også delt ut medaljar til 12 musikantar som hadde vore med i 5- eller 7 år.
Frå årsmeldinga:
Helga 20.-21. april arrangerte SSK øvingshelg. Deltakande korps var Blindheim Skulekorps og oss. På den sosiale delen laurdagskvelden var det ein masse aktivitetar i hallen , grendasalen og på skytebana. Til den sosiale aktiviteten var også Valldal Skulekorps inviterte. Frå dei var det berre 12 som kunne delta, men dei sette stor pris på å bli invitert.

17. mai spelte korpset i tog frå sentrum til Gamlekyrkja og etterpå spelte dei i toget på Dyrkorn. Kvelden deltok korpset på kulturkveld i Stordalshallen. Korpset sto for sal av is og brus ved Gamlekyrkja, kiosk på «bana» ved 15-tida og sal av smørbrød, kake, is etc. i hallen om kvelden.
No var tida komen for å reise til «det store utland». Fredag morgon den 21. juni var alt klart og nokre av medlemmene tjuvstarta til Danmark. Hakk i hæl kom resten av korpset og turen gjekk med fly frå Vigra via Gardemoen til Billund. Korpset budde i Oksbøl og hadde utflukter og speleoppdrag på ulike stader. Laurdag gjekk turen til stranda ved havet. Mange medlemmer og nokre vaksne koste seg i bølgene før vi spiste lunsj og drog tilbake til Oksbøl. På ettermiddagen spilte korpset bursdagsangen og nokre marsjar i eit bursdagslag som blei halde på staden der vi budde; ståande applaus frå alle… Søndag gjekk turen til Legoland der vi alle storkoste oss. Mandag hadde SSK konsert i Oksbøl sentrum før vi drog vidare til Varde sommarland. Der spelte korpset medan dei sat på eit tog som frakta dei rundt på området, stor stas.
Utanlandstur gav meirsmak og etter uttalelsen fra korpsmedlemmene er dette god «lokkemat» for vidare medlemskap.
Styret ser tilbake på eit aktivt korpsår og vil rette ei stor takk til dirigent Jarle Helgesen for hans innsats.
Korpsmedlemmene har delteke aktivt og styret vil takke dei og oppfordrar alle til å vere med vidare.
Til slutt vil styret rette ein stor takk til dei ymse undergrupper, foreldre og andre som har tatt mange tak og stått på for å gjere det mogeleg for korpset og gjennomføre alle aktivitetane i korpsåret.
Styret har halde 9 møter og handsama 49 saker.
Korpset har no 43 medlemar og 11 aspirantar.
Stordal den 2. juli 2002
For styret i Stordal Skulekorps
Hilde Dyrkorn
-leiar-
To nye dirigentar med eitt års teneste kvar
Etter åtte år som dirigent syntest Jarle Helgesen at det var nok, og han ønskte avløysing. Det var eit omfattande arbeid å finne fram til aktuelle kandidatar, men til slutt sa Roar Gangstad seg viljug til å ta ansvaret for korpsleiinga. Korpset hadde no noko færre medlemmer enn på starten av 2000-talet, men framleis var det relativt stor del av barna i aktuell alder som var med – 25 i korpset og 4 aspirantar i følgje årsmeldinga.
Neste skuleår var ein ungdom frå Ørskog, Åsmund Gjære, tilsett som dirigent. Medlemstalet var no 25.
Lars Kaggerud dirigerer
Frå skuleåret 2006/2007 vart Lars Kaggerud hyra som dirigent. Det første året fekk han avløysing av Jarle Helgesen når han sjølv ikkje kunne møte. Lars leia korpset fram til sommaren 2010. Han hadde samstundes dirigentjobb i Hornmusikken og det fall naturleg å ha samarbeid mellom begge desse korpsa både på tradisjonelle konsertar og tilstellingar og i ulike prosjekt.

Lars har dirigert mange korps både med barn og vaksne. Han hadde med seg mange idéar om konsertar som andre hadde gjennomført og stor suksess med. Etter kvart vart nokre av desse gjennomført også her. Men vi kjenner at hovudtrekka i arbeidet også i Lars Kaggerud si leiing når vi ser aktivitetsoversynet som vart lagt fram i årsmeldinga for hans første dirigentår:
- Sosialt treff på Ungdomsklubben
- Øvingsdag 19. nov. saman med Hornmusikken
- Konsert og korpskafé
- Speling på Aldersheimen og ved julegrantenninga.
- Julekonsert i kyrkja, 17. desember
- Kafésal på skuleavslutninga
- Øvingshelg 09 – 10 – 11. februar, med konsert og konsertkafé. Også eigen aspirantgruppe, felles med Hessa og Harøy.
- Konsert 1. mai saman med Hornmusikken og ei nederlandsk klarinettgruppe. Konsertkafé.
- Speling 17. mai.
Sal av kaker, kaffi og liknande under dagarrangementet.
- Korpstur til Lillehammer. Søre Ål Aspirantfestival. Dei eldste medlemmene i korpset, opptrådde med eige nummer på underholdningskvelden. Konsert inne i Lillehammer og felles konsert i Hunderfossen som avslutting.
Stordal Skulekorps har hatt fleire lotteri i løpet av sesongen.

Eitt av samarbeidsprosjekta til Skulekorpset og Hornmusikken var framføring av Astrid Lindgren-songar som dei fleste kjenner frå seriar på TV. Her fekk Hornmusikken og nokre skulekorpsmedlemmer utfolde seg som orkestermusikantar medan andre frå skulekorpset fekk solistoppgåver som songarar. Her måtte også foreldre stille på i lag med eit par innleigde songarar.

Det er sjølvsagt å ønskje at musikken i seg sjølv og dei arrangementa korpset spelar, skal gi motivasjon til øving og trivsel nok til å oppretthalde interessa for korpsdeltaking. Gode arrangement av kjende melodiar og gjerne dagens poplåtar kan kombinerast med høvelege nummer frå korpslitteraturen slik at medlemmene både skal synest det er kult og spennande. Men ofte må det kome tilleggsinspirasjon gjennom andre tiltak. Vi har sett at det t.d. er sett av tid til sosiale aktivitetar i pausar og på spesielle kveldar, felles øvingshelger med andre korps, deltaking på stemne osb.
Det å gi medlemmene høve til å eksponere seg på andre måtar t.d. som songsolistar, er eitt slikt motivasjonstiltak. Astrid Lindgren-konserten var godt besøkt og møtt med svært gode tilbakemeldingar både mellom publikum og deltakarar.
2010-talet med 50-årsjubileum 2013
Hausten 2010 fekk Stordal Skulekorps ny dirigent, Nick Ost. Han hadde solid utdanning, dirigenterfaring frå elitekorps og er sjølv i den øvste klassen mellom instrumentalsolistane på euphonium. Det var nok ein del spente både barn og vaksne som lurte på korleis møtet skulle bli mellom ein slik merittert musikar og meir eller mindre motiverte korpsmedlemmer. At han dirigerte korpset i 10 år, fortel sitt om ein vellukka kombinasjon.

Nick stilte krav til sine elevar om at dei måtte øve og ville utvikle seg. For nokre vart dette for store krav, slik at dei valte å trekkje seg. Dirigenten ønskte heller kvalitet enn kvantitet i gruppa si og har lagt vekt på at dei som deltek skal vekse musikalsk og bli flinke på sine instrument. Kanskje har han i større grad enn det som er vanleg i skulekorps, lagt vekt på tolking og uttrykk i musikken.
Det er ikkje lett å konkurrere med andre attraktive aktivitetar som t.d. fotball og ski når det kan vere vanskar med å kome over alt. Dette er vel erfaringar som korpset har gjort i alle år og også denne dirigenten har opplevd at dugande musikarar har gitt seg altfor tidleg. Men fleire har vore med over tid og korpset har vakse både i tal og kvalitet. Framføringane har ofte hatt intonasjon og uttrykk som ikkje er vanleg å høyre i skulekorps. Det synest og på medlemmene at dei set pris på den oppleving av meistring som spelinga gir dei.

Etter kvart som medlemmene er blitt flinkare på sine instrument, har dei fått vere med på deler av øvinga til vaksenmusikken som og har Ost som dirigent.

Dette har vore motiverande og høgst velkome i Hornmusikken som har fått færre medlemmer og treng fleire med. Skulekorpset og Hornmusikken har også hatt fleire fellesnummer og spelt i lag på mange konsertar. Døme på slike samarbeidsprosjekt er 17. maispelinga, som ingen av korpsa hadde greidd å fullføre åleine på ein god måte.
Stordal Skulekorps 50 år 2013
Dirigent Ost hadde ikkje meir enn eit par år på seg før Skulekorpset skulle ha si store jubileumsfeiring. I starten av jubileumsåret hadde korpset 17 medlemmer og dei fleste av desse hadde vore med sidan Ost tok over den musikalske leiinga.

Hilde Dyrkorn var styreleiar i jubileumsåret og kunne fortelje om eit aktivt korpsår, der både det musikalske og det sosiale hadde sin plass. Det har vorte ein tradisjon for korpset i Stordal at dei tek ein sosial tur til Moldebadet på etterjulsvinteren. Slik var det også i år.
«Vårsesongen vart avslutta med blomsterlotteri og minikonsert i Grendasalen. Der vart det fullt hus og det var ei kjekk oppleving, seier Hilde.
Turen til Belgia gjekk i tida 18.-22.august. Både ungane og vi vaksne som var med lærte veldig mykje på turen og med det opplegget som var på International Music Academy. I tillegg er Dinant ein flott by å vere i, mykje å sjå og mykje å oppleve.»

Hilde fortel vidare: 17. mai var korpset sjølvsagt på plass i toget saman med hornmusikken med marsjar og nasjonalsongar. Seinare på våren var det øvingshelg i Valldal, der dei budde på skulen. I tillegg til musikkøving vart det og tid til både bowling og bading. Spelet Gruble var framme i alle pausar og engasjerte både dei yngste og dei eldste. Øvingshelga gav eit godt musikalsk utbytte og ikkje minst var det sosialt samlande.
Skulekorpset inviterte til jubileumskonsert i Stordalshallen 27. oktober saman med Ørskog skulekorps og Skodje skulekorps, som stilte saman som eitt korps denne gongen, og Stordal Hornmusikklag. Kvart av korpsa hadde sine avdelingar og til slutt spelte alle skulekorpsa to fellesnummer. Helsingar og medaljeutdeling høyrde sjølvsagt med. Det vart ei minneverdig og fin jubileumsmarkering.

Ekstra stas var det for publikum å få eit påkosta programhefte som inneheld historisk attersyn, helsingar og tilbakeblikk på turen til Belgia. Det meste av innhaldet i heftet er teke med på ulike stader i dette kapittelet om skulekorpset
Det kom til to nye medlemmer på hausten 2013 og styreleiaren oppsummerer året:
Eg er ekstra glad for at vi no har så mykje som 19 musikantar i korpset og 11 aspirantar under opplæring i kulturskulen. Det vert jobba godt blant både born og vaksne i korpset, og det har gitt resultat etter ei periode med svakt medlemstal.
Saft og kjeks i pausen på øvinga er no bytta ut med ulike aktivitetar ein gong i månaden. Då øver dei først, og så vert det klatring, bading, trampoline eller andre aktivitetar etterpå. Desse dagane vert avslutta med felles kveldsmat. Eg vert så glad når eg ser kor kjekt ungane har det i lag! Dei er jammen ein fin gjeng, avsluttar Hilde.
Jubileumstur til Dinant i Belgia 18.-22. august
Om jubileumskonserten kanskje må seiast å vere høgdepunktet for Stordal skulekorps si feiring av sine 50 år, vil nok mange av medlemmene meine at turen til Belgia var det kjekkaste og mest minnerike.
Også dirigent Nick Ost opplevde turen som viktig og vellukka: Belgiaturen var positiv på fleire måtar, og ei god oppleving for heile skulekorpset. Alle fekk undervisning på sine instrument, og vi hadde ein god konsert der. Det gav oss ein kickstart på ny korpssesong!
Rett før skulestart gjekk turen med fly frå Ålesund til Brussel og vidare med tog til byen Dinant.
Anne Berit Løset samla nokre av deltakarane for å høyre korleis dei hadde hatt det på turen:
«Eg samlar seks av dei som var med til Belgia, og spør kva dei hugsar best frå turen. Dårlege do(!!!), kjem det kontant frå fleire. Heldigvis er det andre minne som strøymer på også, til dømes den flotte brua som er der med saksofonar på begge sider. Dei har opplevd tur i kalksteinsgrotte med glatte trapper og skumle formasjonar i fjellveggen, og mykje meir.
Pensjonatet dei budde på heiter Splendid Palace. Derifrå kunne dei gå til skulen der musikkøvingane vart haldne. Kvar instrumentgruppe hadde eigen lærar. Musikklærarane var flinke, men alle var ikkje like god i engelsk, fortel dei. Det var øving på skulen kvar dag. Til neste dag måtte dei sjølve øve på lekse. Slik gjekk det til at det vart to korpsøvingar på balkongen. Ein dag dei hadde øvd på rommet, tok dei like gjerne ein liten minikonsert i hotelltrappa. Bakgårdskonsert var ein anna variant. Siste dagen før heimreise var det flott avslutningskonsert med belgiske forsterkningar.

Skulen dei øvde på kunne ikkje samanlikne seg med den flotte, nye skulen i Stordal. Det var ein stor, gammal skule med gitter framom vindauga og ein tom skuleplass utføre. Men – det var kjekt å spele biljard og fotballspel der.
Ein dag var dei på båttur på elva Maas, som mellom anna tok dei med under saksofonbrua i byen. Den turen vart avslutta med belgisk vaffel og is på uterestaurant, noko som var veldig godt!
Dei besøkte og den gamle borga i byen, der det var eit spennande interaktivt museum. Dei fekk sjå fangehol, torturinstrument og måtte gå i dekning for å unngå skuddvekslinga dei kom inn i. Det var skummelt, sjølv om det ikkje var på rett. Dessutan er det slik at korps på tur ofte vert actionfylt uansett. Ved eit togbytte var det to jenter som nesten vart att på det første toget, og på Gardermoen måtte dei legge på sprang for å rekke flyet til Ålesund!
Jentene fortel ivrig om turen, og det er ikkje tvil om at korpsmedlemmene har hatt rike opplevingar i Belgia denne sommaren, både musikalsk og på andre måtar
Jentene eg snakka med var Herdis Kamp, Josefine Dyrkorn Alne, Marie Larsen Stavseng, Olivia Hove Busengdal, Hanna Sørås og Yasmin Öcalan.»

Nick Ost – dirigent for Stordal skulekorps i jubileumsåret
Korpset feirar 50 år. Kva tankar gjer du deg om det?, spør forfattaren av heftet:
«50 år er lenge, og med tanke på medlemsmasse har korpset hatt både opp- og nedturar. Han opplever at det no er ein god stamme i korpset, etter at korpset hadde svært få medlemmer for nokre år tilbake.

Korpsdrift i ei lita bygd
På mange måtar kan det vere lettare å drive korps på ein liten plass enn på ein stor plass. Miljøet er lite og oversiktleg, og alle kjenner kvarandre. Det er mykje positivt med det. Dugnadsånda står ofte sterkare i ei lita bygd, og alle i foreldregruppa kjenner kvarandre. Ei aktiv og god foreldregruppe er motoren for korpset.
Rekruttering til korpset kan vere ei utfordring i ei bygd med ganske små barnegrupper. Alle må få mogelegheita til å vere med, men musikk er kanskje ikkje like enkelt å motivere alle til å halde på med.
Framtida til korpset
Nick har målsetting om at det skal bli enda fleire medlemmar i korpset, og at dei skal bli enda flinkare til å spele. Han legg vekt på at ei god begynnaropplæring er eit viktig grunnlag for den musikalske utviklinga i korpset. Nick meiner vidare at musikalsk kvalitet bør settast framfor kvantitet. Set ein krav til den musikalske kvaliteten, så vil også medlemsmassen i korpset gradvis vekse.
Han ønskjer no sette i gang eit større samarbeidsprosjekt for skulekorpset og hornmusikken, med felles konsert til våren. Slike tiltak meiner han kan vere med på å gjere det meir motiverande og inspirerande, spesielt med tanke på dei eldste i korpset.
Ønske for korpset
Vi har eit fantastisk utgangspunkt i mange flotte born som gjerne vil lære å spele eit instrument! Nick ønskjer at alle skulekorpsmusikantar skal vere stolte av det dei kan, og det at dei spelar i korps!«
Førstepris i 2. divisjon janitsjar!
Det heimlege publikummet har merka seg framgangen skulekorpset har hatt under Nick Ost si leiing. Sjølv om dei var svært få i starten, let korpset fint og betre etter kvart som dugleiken auka. I 2016 deltok dei i konkurranse. Bjørg Jacobsen la ut følgjande på Stordal kommune si heimeside etter deltakinga:

«Stordal skulekorps deltok laurdag 9. april (2016) på den årlege konkurransen Nordvesten Møre og Romsdal for skulekorps. Arrangementet var lagt til Tomra Ørskog Festivalen (TØF) for vaksenkorps og generasjonskorps, der også Vatne/Stordal Hornmusikklag deltok.
Blant 20 påmelde skulekorps, gjekk Stordal skulekorps til topps i 2. divisjon janitsjar, med 93 av 100 mulige poeng. Dirigent Nick Ost leia korpset gjennom fire ulike nummer, «White Canyon», «A River’s Fury», «River City» og «Call to Victory». I tillegg til å innhente største pokalen i sin divisjon, fekk skulekorpset pris for beste framføring av musikkstykke med «A River’s Fury». Dei unge musikantane (16 medlemmar med snittalder på 10 år) imponerte ikkje berre dommarane, men også publikum i Gomerhuset på Skodje.»
Også i tida etter denne konkurransen har korpset hatt positiv utvikling. Dette lover godt for framtida og er nok til glede for alle i bygdene våre og kanskje spesielt for dei som begynte i korpset på starten av 1960-talet, som hadde barn i korpset på 1980- og 90-talet og som no har barnebarn med som fylgjer opp familietradisjonen.
Solistar og mindre blåsegrupper

Fram gjennom tida har vennar møttest for å spele i lag, men det synest ikkje å ha vore noko meir enn heimleg trivselsaktivitet før musikkskulen (etter kvart kulturskulen) starta opp. Der fekk elevar opplæring ofte i grupper, og det vart etter kvart tradisjon at semestera vart avslutta med elevkonsertar. Då var det gjerne solistinnslag frå elevar og det var vanleg at dei som fekk opplæring i lag, også opptredde i lag. Det ser ikkje ut til at nokon av desse konstellasjonane vart etablerte som band eller faste blåsegrupper.
Også innan Skulekorpset har det blitt gitt utfordringar til medlemmer både med solistoppgåver og i gruppespel. Også aspirantane får prøve seg som vi ser eksempel på frå konsert med Hornmusikken og Skulekorpset i 2017.

I kulturskulen kan både nybegynnarar og vidarekomne få opplæring med forskjellige lærarar utifrå kva for instrument dei spelar. Kulturskulane i området samarbeider slik at kompetanse på instrumentet til elven skal vere til stades. Her ser vi at begge fløytelærarane på kulturskulen deltek i lag med fløytegruppa på adventskonserten i Stordal 2018.
Konkurransar for barn i kulturskulen
Mange synest det er kjekt å måle seg mot andre og å oppleve spenninga med å konkurrere. I Stordal er deltaking i Ungdommens Musikkmesterskap (UMM) eit tilbod som kulturskuleelevane får av sine instruktørar/lærerar i kulturskulen. Det er særs lærerikt og utviklande. Her er litt av begrunninga for å arrangere slike konkurransar slik det vart forklart i programmet til UMM i Ålesund 2016:
«Ungdommens Musikkmesterskap er en konkurranse i fremførelse av klassisk musikk for alle under 26 år i regi av Norsk kulturskoleråd, Norske Musikklæreres Landsforbund og Norges Musikk-korps forbund.
I 2015 er UMM for deltakere på piano, slagverk messingblås, treblås og kammermusikk.
Å konkurrere i musikk er en sammensatt prestasjon, hvor bl.a. tekniske ferdigheter, musikalsk uttrykk og stilforståelse er en del av de kriterier som danner grunnlaget for juryens endelige helhetsvurdering.
Alle som deltar spiller for en jury, og blir juryert etter et poengsystem. Alle deltakerne vil få skriftlig tilbakemelding fra juryen. Det pleier også å være publikum i salen.
Som arrangører ønsker vi at deltakernes arbeid fram mot det regionale mesterskapet skal være en positiv utvikling. I denne sammenheng er veien like viktig som målet.
UMM har som formål å:
– stimulere unge musikere til å utvikle sitt talent
– være en god arena for kunstnerisk utfoldelse
– gjøre unge musikere synlige i samfunnet
– bygge fellesskap mellom unge musikere
– utvikle samarbeid mellom Norge og Europa»
Hallgeir Hove publiserte følgjande på heimesida til Stordal kommune 26.11.2015
Unge musikktalent med på Musikkmesterskap
«Seks unge frå Stordal, deltok på Ungdommens Musikkmesterskap i Ålesund, laurdag den 21. november. Arrangementet fann stad i Storsalen ved Ålesund kulturskole. Alle herifrå gjorde framifrå innsats og det vert meldt at dei har «stø kurs mot toppen!
Det som er sikkert, er at nivået på konkurransen er særs høgt og når vi då veit at deltakarane herifrå var tett på å bli sendt vidare til Oslo, ja så er dette imponerande bra!
Stordal kulturskule var representert med fire solistar og ei kvartettgruppe. Solistane var:
Lisa Vindsnes Arnes (kornett) 10 år, deltok for andre gong – lærar Nick Ost Sanne De Vrieze (euphonium) 12 år, deltok for andre gong men første gong som solist – lærar Nick Ost Maja Vindsnes Arnes (piano) 12 år, deltok for første gong – lærar Inna Krinicka Sinne Eisma (piano) 12 år, deltok for første gong – lærar Inna Krinicka
Kvartettgruppa – Music Girls;
Lisa Vindsnes Arnes (kornett) 10 år, deltok for andre gong – lærar Nick Ost
Sanne DeVrieze (euphonium) 12 år, deltok for andre gong – lærar Nick Ost
Julia Øie (kornett) 10 år, deltok for andre gong – lærar Nick Ost
Ailin Reiten Vidhammer (althorn) 10 år, deltok for andre gang. – lærar Nick Ost Med unntak av Sinne Eisma, er alle ovanfor også medlemmar av Stordal Skulekorps. Vi gratulerer både deltakarar og instruktørar med den flotte innsatsen og takkar også for at de er så flotte ambassadørar for Barnas kommune!»

Men det stoppa ikkje i Ålesund! Nok ein gong måtte heimesida til Stordal kommune få plass for Hallgeir Hove sin kommentar den 15.11.2016:
«To talentfulle stordalsjenter med topplasseringar i England!
Lisa Vindsnes Arnes og Sanne de Vrieze, har nyleg delteke på ein internasjonal musikk-konkurranse i Manchester. Jentene spelar til dagleg kornett og eufonium i Stordal skulekorps og går også på Stordal kulturskule. Det er Nick Ost som er instruktør og læremeister begge stadane og det var han som ga dei to, tilbod om å delta på Fodens Annual Solo & Quartet Contest. Når jentene endåtil kjem heim med to tredjeplassar, er det verkeleg grunn til å gratulere!

Det å oppleve slik suksess, i konkurranse mot ungdomar i alderen 12 til 16 år – og det når ein veit at deltakarane kjem frå fleire andre land – er ganske enkelt imponerande. I tillegg til at turen til England var både lærerik og inspirerande for dei sjølve, vil dette utvilsamt også kunne ha ein positiv verknad ved at jentene fekk vist at det korps og kulturskule held på med her i Stordal ikkje er til hinder for at ein kan nå toppen også i internasjonal samanheng. I tillegg til dei mange timane under leiing av Nick, er det nok ikkje fritt for at det vert ein heil del øving både i Hovslia og fram på Øvrebust.»
Mange barn og unge får utfalde seg på ulike måtar innan musikken i Stordal. Det er å vone at det vil halde fram og at folketalet vil auke og barnetalet gå opp slik at det blir betre grunnlag for å oppretthalde korps og kulturskule med kvalifiserte lærarar. Både for dei som veks opp og for bygda, er eit levande korpsmiljø og speleglade barn og unge eit gode som påverkar livskvaliteten på ein positiv måte.
Styreleiarar
Ein organisasjon som Stordal Skulekorps kan ikkje drivast utan vaksne tek del. Alle som har hatt born med i korpset har på ulike måtar hjelpt til slik at dei som speler får konsentrere seg om det. Nokre har gjort ein særleg innsats som korpssjef, styremedlem eller i ulike nemnder. Leiarane av styret har måtta teke det tyngste taket og vi markerer dette med å namngi desse:
1963-1973: Randulf Hauge | 1973-1975: Per Sørvik |
1975-1976: Petter H. Busengdal | 1976-1978: Sigrunn Hove |
978-1979: Magda Staurse | 1979-1980: Leif E. Heggen |
1980-1982: Johan Dyrkorn | 1982-1983: Olav Bratland |
1983-1985: Johan Vinje | 1987: Svenn Tore Busengdal |
1987-1988: Jens Tobias | 1988-1989: Jens Åge Øvrebust |
1989-1991: Ottar Røren | 1991-1993: Palma Flåen Øvrebust |
1993-1995: Johan Dyrkorn | 1995-1996: Lars Joranger |
1996-1997: Solveig Holmelid | 1997-1998: |
1998-1999: | 1999-2000: |
2000-2001: | 2001-2002: Hilde Dyrkorn |
2002-2003: Peder Øie | 2003-2004: Ola Stavseng |
2004-2005: Hilde Dyrkorn | 2005-2006: |
2006-2007: Jarle Hove | 2007-2008: Jarle Hove |
2008-2009: Anne Berit Løse | 2009-2013: Ruth Janne Vinje |
2013-2014: Hilde Dyrkorn | 2014-2015: Elin Vindsnes |
2015-2016: Hilde Dyrkorn | 2016-2018: Silje Reiten |
2018-2019: Hilde Rødset | 2019-2020: Silje Reiten |
Vi har ikkje funne årsmeldingar for åra der leiar manglar og heller ikkje fått svar etter mange førespurnader til styre og sentrale personar innan korpset.
Randulf Hauge
Ungdomslaget kom i gong att etter krigen i oktober 1945. Det vart god aktivitet i laget og ein av dei som deltok med song og anna underhaldning var Randulf Hauge. Han er nemnt fleire gongar i møteboka til Ungdomslaget. Første gong 8.12.1946 som songar i lag med Norleiv Rødset. Men det er ikkje for si songstemme vi gir Randulf ekstra plass i dette kapittelet, men for hans ekstraordinære innsats for å få Skulekorpset opp å gå.

I omtalen av skipinga av Skulekorpset i 1963 ser vi at det var ressurssterke personar som stod for oppstarten av korpset. Randulf Hauge var formann frå starten. Han hadde ikkje sjølv røynsle som korpsmusikar, men bror hans var både musikant og ivrig bakmann for skulekorpset i Haugsbygda, der Randulf vaks opp. Engasjementet rundt korpset og gleda borna der synte som korpsmedlemmer, gjorde sterkt inntrykk på Randulf, og han ville at også stordalingane skulle få slike opplevingar.
Gjennom dei neste ti åra stod Randulf i spissen for det administrative arbeidet med korpset. Med sterk handlingskraft og stor evne til å løyse alle utfordringar var han heilt sentral for å utvikle korpset til å bli eit sentralt tilbod for storparten av dei som vaks opp i Stordal og på Dyrkorn. Gjennom arbeidet sitt på fabrikken hadde opparbeidd seg eit stort nettverk som han gjorde seg nytte av både for å skaffe naudsynt materiell og få støtte til gjennomføring av tiltak. Med ein leiar som tok tyngste taka og det største ansvaret, var det ikkje vanskeleg å få med resten av styret i målretta arbeid for å bygge korpset.
Etter det første oppstartsåret kom Peder Breivik inn som dirigent. Med Randulf som styreformann og Breivik som dirigent, fekk korpset leiing som skulle stå for ei framgangsrik og god utvikling av korpset både i storleik og kvalitet.
Korpset stod føre ei stor 10-årsfeiring då Randulf omkom i ei tragisk ulukke. Dei som skulle ta over styreleiinga etter han, fekk snart oppleve kor mykje arbeid han hadde lagt ned for at korpset skulle få konsentrere seg om å spele.
Stordal skulekorps sine dirigentar gjennom 50 år
Willie Vieth Vår 1963
Peder Lande Haust 1963
Peder Breivik 1964-1982
Peder Stavdal Vikenes 1982-1983
Fred Røyset 1983-1992
Eldar Bergmann 1992-1994
Ann Lisbeth Kalland 1994-1995
Kari Dyrkorn 1995-1996
Jarle Helgesen 1996-2004
Roar Gangstad 2004-2005
Asmund Gjære 2005-2006
Lars Kaggerud 2006-2010
Nick Ost 2010-2019
Paul Bennett 2019-2020
Dirigentar omtala i dette kapitelet
Ved å følgje lenkene i tabellen kjem du til omtala av dirigentane:
Peder Lande | Peder Breivik | Eldar Bergmann |
Ann-Lisbeth Kalland | Kari Dyrkorn | Roar Gangstad |
Åsmund Gjære | Nick Ost | Paul Bennet |
Willie Vieth (våren 1963)var første dirigenten og stod for den første opplæringa av medlemmene både om speling og notelære. Det er gitt nærare omtale av han i kapittelet om Opplæring.
Peder Lande
Peder Lande arbeidde i ei årrekkje som formann på stoppeavdelinga på Helland-fabrikken. Han hadde lang fartstid (40 år då han gav seg) som dirigent for skulekorpset på Ørskog og var også initiativtakar, dirigent og æresmedlem i Ørskog brass. Lande var dyktig trompetist, men trakterte også cello, som han spelte i orkesteret til Jens Synnes.

Johan Helland var med i det førte korpsstyret og då er det kanskje ikkje så rart at Peder Lande, som var arbeidsformann på fabrikken, vart førespurt om å hjelpe til med dirigering hausten 1963 etter at Willie Vieth hadde takka fir seg. Peder Lande var som nemnt sterkt engasjert i musikkmiljøet i Ørskog og såg seg ikkje syn med å ta på seg meir dirigering i Stordal etter denne hausten.
Det må nemnast at Peder Lande sitt namn står svært sterkt i musikkrørsla i vår region. Han vart tildelt den høgste utmerkinga for dirigentar frå Musikkorpsforbundet og fekk Kongens fortenstmedalje for sitt virke.
Peder Breivik
Borna til Peder fortel at han vart født på Harøya i 1917 og vaks opp der i ein søskenflokk på 6. Berre 16 år gammal begynte han i arbeid på Øyehaug leiketøysfabrikk, og nokre år seinare flytta han til Ålesund å begynte som lærling på Johs. Maaseide’s møbelfabrkk. Under krigen var Peder stasjonert på Setnesmoen på Åndalsnes. Det var i den perioden han møtte Oddlaug, som var hushjelp der og butikkhjelp hos søstera si. Dei gifta seg i 1945, og flytta så til Ålesund. Nokre år seinare flytta familien til Innfjorden, der han var med å starte møbelfabrikk (seinare Grande møbelfabrikk). Men i 1954 gjekk vegen til Stordal, Oddlaug si heimbygd, og her bygde dei hus og busette seg. Med på flyttelasset frå Innfjorden var maskiner og utstyr, og på nytt vart det oppstart av møbelfabrikk – P. Breivik & co.

Peder si store interesse i livet var musikk! I periodane Peder budde i Ålesund var han aktiv i både kor og korps. Han spelte fleire år trombone i Ålesund ungdomsmusikk, og tida der snakka han mykje om. Det var gode minner for han.
Den første musikalske noteringa vi finn om Peder er i møteboka til Ungdomslaget. Her står det at han dirigerte Stordal mannskor på den store opningsfesten til nye Breidablik den 18. mars 1955. Dette mannskoret var starta av Arnljot Estensen året før. Han flytta frå bygda og Peder tok over taktstokken, og denne festen var første framføringa til koret under hans leiing. Koret vart ikkje langliva, men dei fleste blei med i blandakoret som vart oppstarta i 1956 med Johan Fremmerli som dirigent. Peder spelte og ei tid i Hornmusikken og dirigerte også korpset inn i mellom, men hadde ikkje fast dirigentansvar over lengre tid. Kanskje fekk han gjennom desse erfaringane lyst til å satse meir på dirigering for han tok etter kvart dirigentopplæring, og i 1964 starta han som dirigent for Stordal skulekorps.
Barna fortel at han likte dette arbeidet godt, og med god hjelp frå Randulf Hauge og andre foreldre gjekk han sjeldan trøtt. Han likte også godt å reise på musikkstemner i lag med born og foreldre. I heimen var det notar! Han plystra og dirigerte etter nye notar, sorterte notar utover bordet og transponerte notar frå B- til Ess-instrument og frå F- til G-nøkkel m.m. I heimen spelte han også gitar og song viser og han var også glad i klassisk musikk. Han gjekk knapt glipp av nokon av Broman sine program Kontrapunkt, og han gjorde det skarpt i konkurransen med deltakarene på TV.
Men det var janitsjar og korps som var hans store glede og interesse gjennom heile liver, og sjølv etter at han seinare i livet vart sjuk, var det ikkje lett for han å legge taktstokken på hylla. Han slutta som dirigent for Stordal skulekorps i 1982. I 1983 fekk vart han utnemnd til æresmedlem i korpset, og fekk då ein diplom teikna av kunstnaren Ola Stavseng. I 1991 vart han heidra for sin innsats i Stordal skulekorps med Norges Musikkorps fortenestemedalje.
Ingen har lagt ned så mykje arbeid og vore viktigare for Stordal skulekorps enn Peder Breivik.
Peder Stavdal Vikenes 1982-1983 (sjå siste kapittel om personar i musikklivet)
Fred Røyset 1983-1992 (sjå under kapittelet om Opplæring)
Eldar Bergmann
Fred Røyseth hadde dirigert Skulekorpset i ein 10-årsperiodeog fekk avløysing av Eldar Bergmann hausten 1992. Han dirigerte korpset to sesongar.

Eldar hadde lang fartstid som kornettist i Lurlåt. Han hadde også dirigert fleire korps før han tok over dirigentjobben i Stordal skulekorps. Eldar hadde på førehand god kjennskap til musikklivet i Stordal sidan han og familien har vore trottige gjestar på hytta på Langsætrane og blitt informert om kva som gjekk føre seg i bygda. Han hadde også sett korleis sonen Rune, onkelbarna og deira medmusikantar i mange samanhengar hadde skapt gode musikkopplevingar.
Ann Lisbeth Kalland
Styret synest det kunne vere greitt å få ein ung dirigent i korpsåret 1994-95 for å sjå om dette kunne gi ny giv for medlemmene. Ann Lisbeth Kalland vart tilsett for eitt år. Ho hadde vore tillitsvald i korpset i fleire år og kjende på kva medlemmene ønskte av både musikk og sosiale aktivitetar. Medan ho var i korpset tok ho både på utøvarkurs, instruktørkurs og dirigentkurs i Ørsta.

Ann Lisbeth fekk vere med å førebu korpset til den store konserten i Ørskog kyrkje der Ole Edvard Antonsen var solist med både skulekorps og Hornmusikken og ikkje minst var instruktør for skulekorpset.
Ann Lisbeth likte å vere pedagog for korpsmedlemmene og kanskje var denne erfaringa med på å bestemme hennar yrkesval. Ho arbeider no som lærar i Vesterålen og er aktiv både som korpsmusikant, songar og dirigent.
Kari Dyrkorn

Kari Dyrkorn dirigerte Skulekorpset sesongen 1995-96. Ho begynte på notekurs i 1975 og var fast med i korpset frå 1976. Allereie etter nokre få år blei ho til god hjelp for dirigentane med å ta på seg instruktøroppgåver for dei yngre medlemmene. Ho var sjølv med så lenge at ho fekk 10-årsmedalje og har heile tida medan ho har vore busett i kommunen, hatt instruktør- og opplæringsoppgåver.
Medan ho var i korpset gjekk ho gjennom utøvarkursa M1 og M2 i Ørsta og seinare instruktørkursa I1 og I2 medan ho budde i Surnadal.
Kari spelte fem år i kretskorpset og tre somrar i det nasjonale representasjonskorpset til NMF.
Kari har gjort ein stor jobb for både Skulekorpset og Hornmusikken gjennom mange år og er ein av dei personane som har hatt størst betydning for drifta av korpsa.
Jarle Helgesen 1996-2004 (sjå siste kapittel om personar i musikklivet)
Roar Gangstad
Roar Gangstad dirigerte skulekorpset sesongen 2004-2005. Roar har lang røynsle frå brassmiljøet og var også godt kjent for mange stordalingar etter å ha spelt basstrombone i Stordal Storband i mange år.

Dette året starta opp med 25 medlemmer. Fire slutta ved juletider og fire aspirantar kom til. Årsmeldinga fortel om eit år med eit nokså omfattande haustprogram med øvingshelg på Leikong i starten av september, ny øvingsweekend med konsert i november der korps frå Hessa og Larsgården deltok. Julegranstenning og tradisjonell julekonsert stod på programmet i adventstida.
I april deltok korpset på konkurranse og fekk tredjeplass i 2. divisjon for skulekorps. Året vart avslutta med kjekt stemne i Sykkylven og Roar fekk applaus og blomster frå medlemmer og styre då han takka for seg.
Åsmund Gjære

Åsmund Gjære dirigerte skulekorpset sesongen 2005-2006. Han vaks opp på Sjøholt og fekk si opplæring på musikkskulen og i skulekorpset der. Han fekk og praktisert på tuba i Ørskog brass før han prøvde seg som dirigent i Stordal skulekorps.
Dette gav tydelegvis meirsmak for han reiste til Stavanger og tok bachelorgrad i klassisk musikk og dirigerte fleire korps i den regionen i åra framover. Han tok vidareutdanning i solospel med tuba som hovudinstrument før han tok mastergrad i matematikk og er i 2019 doktorgradsstipendiat med matematikkundervisning som tema. Frå 2007 til 2014 hadde han sitt eige firma med instruksjon og speling, arrangering og komposisjon som arbeidsfelt.
Lars Kaggerud 2006-2010 (sjå kapittelet om blåsemusikk for vaksne)
Nick Ost

Nick Ost blei født i Antwerpen, Belgia i 1976 og starta sine musikkstudier i ein alder av 11 år ved musikkhøgskulen “Jozef Pauly” Ekeren. Etter fem år drog han til Kunsthumaniora i Antwerpen, der han studerte euphonium og ved Royal Conservatoire of Gent der han tok Bachelorgrad i musikk. Dei tre påfølgande åra var han student ved Det kongelege flamske konservatorium i Antwerpen og mottok sin Master i musikkutøving ved Royal Flemish Conservatoire of Antwerp. Seinare I 2006 og 2008 tok Nick mastergrader i musikkharmoni og direksjon ved høvesvis the Royal Conservatory i Brussel og Lemmens Institute i Leuven.
Nick Ost har ei lang rekkje med prisar både som utøvande musikar på euphonium og som dirigent. Han har også gjort fleire CD-innspelingar.
Det var vel ingen som hadde venta at ein person med slik CV skulle kome inn i musikklivet i Stordal kommune. Nick fekk arbeid som dirigent i Tomra brass og hadde behov for å fylt opp jobben sin med fleire oppdrag. Då både Hornmusikken og Skulekorpset trong dirigent hausten 2010 og musikkskulen mangla undervisningspersonale, vart dette eit tilbod han kunne ta imot.
Dette vart starten på eit 10-årig engasjement som har gitt begge korpsa musikalske løft og medlemmene musikalsk utvikling. Dessverre er vi i ei tid der barnetalet i kommunen har gått ned og med det har konkurransen om å få med barna på aktivitetar blitt større. Musikk og korps blir ikkje alltid prioritert høgst mellom barn og foreldre. Innan vaksenkorpset har også utviklinga vore negativ med stadig nedgang i medlemstalet. Når Skulekorpset og Hornmusikken likevel har kunne by på gode opplevingar for publikum, er dette mykje på grunn av samarbeidsopplegga både mellom dei to korpsa og med Vatne Hornmusikklag, som alle har hatt Nick som dirigent. Mange både mellom medlemmene og blant publikum har gledd seg over desse samarbeidsprosjekta med vektlegging på mykje originalskriven musikk for korps.

Paul Bennett

Etter Nicks mangeårige leiing var turen komen til Paul Bennett hausten 2019. Han dirigerte korpset eitt år. Bennett kjem frå England og flytta til Vestnes for å arbeide og Tomra brass var sjølvsagt særs nøgde med å få ein merittert solohornist i bandet. Paul har spelt med dei aller beste brassband i Storbritannia, er Besson-artist og regjerande Foden Solo Champion og New Zealand Horn Champion. Skulekorpset fekk såleis ein svært dugande instrumentalist til dirigent dette året.