Føreord til bokversjonen

Noko etter 2000-årsskiftet vart vi tre som har utarbeidd dette attersynet, kontakta av Peder Holt på vegne av Stordal sogelag. Laget ønskte å få til eit hefte som kunne skildre musikk- og songlivet i Stordal. Alle av oss meinte at det var viktig at ei slik historie kom til, men det vart ikkje til at arbeid vart starta på det tidspunktet. Ikkje lenge etter døydde Peder Holt og sogelagsarbeidet syntest å vere sett litt på vent. Vi vart ikkje masa på.
I 2016 kom vi saman og begynte arbeidet. Vi kjende alle på alderen og innsåg at om noko skulle bli gjort, var tida no.
Arbeidet starta med at vi prøvde å samle det vi kunne finne av stoff frå eksisterande kjelder. Dette gjaldt t.d. tidlegare skriv frå sogelaget, Stordalssoga, bøkene til Peter Jøsvold og Petter S. Dyrkorn og elles bøker av Jostein Fet, artiklar frå museum m.m. Vi leitte også på nettet etter aktuelt stoff. Vi har og har hatt tilgang til møtebøker og årsmeldingar frå nokre lag. Svært viktig har vore protokollane til Stordal ungdomslag, som har kommentert mykje av det som har skjedd i bygda på 1900-talet.
Komen til vår tid, er utøvarane sjølve kjelder enten gjennom samtale, skriftleg eller t.d. via stoff lagt ut på sosiale medium. Vi har og nytta oss av stoff i aviser og dei ulike heimesidene til Stordal kommune og Stordalshallen. Dessverre forsvann desse sidene etter kommunesamanslåinga. Alt stoff og bilete som vi hadde sett oss ut til å bruke, var brått borte. Dette har medført bruk av svært mange ekstra arbeidstimar og utsett og svekka sluttproduktet. Heldigvis har Storfjordnytt hjelpt oss med nokre alternativ.
Det vart eit tidsskifte i kjeldematerialet frå laga då datamaskinene gjorde sitt inntog. Dei handskrivne protokollane vart historie og møtereferat og årsmeldingar vart skrivne ut når dei skulle brukast, men kanskje ikkje lagra på måtar som gjorde at dei kunne hentast ut til vårt bruk.
Vi vil sterkt oppmode lag og organisasjonar til å ha prosedyrar for å ta vare på sine oppteikningar om drifta. Om ikkje det synest viktig i dag, kan dette vere med å fortelje vår historie for ettertida.
Dette arbeidet er ikkje laga som eit ambisiøst og profesjonelt sogeskrift. Vi har valt å kalle det eit attersyn på noko av det som har skjedd av musikk og song i Stordal og på Dyrkorn. Vi fortel m.a. om drifta til kor og korps, men dette er ikkje ei historie for kvart lag. Det må laga sjølve ta seg av.
Mangt er nok ikkje kome med, men vi har ei von om at dette attersynet er starten på eit prosjekt, som etter kvart vil ha sin eigen nettstad innafor sogelaget sine heimesider der det som her er samla, kan utfyllast med fleire opplysningar og etter kvart nytt stoff. Det finst også mange lydklipp som kan gi ytterlegare breidde i framstillinga.
Alf Overøye gjekk bort like før vi avslutta dette arbeidet. Han var sjølv med på mykje innan musikklivet og var i tillegg svært historieinteressert. Alf leverte eit stort tal på handskrivne notat og har vore ei av dei viktigaste kjeldene til dette attersynet.
Stordal, februar 2021
Leif Arne Dybdal
Olaus Overøye
Litt om arbeidet med attersynet og nettstaden
Dei tre som står ansvarlege for innsamlinga og utforminga av dette attersynet laga i fellesskap ein plan for kva som burde kome med i framstillinga. Kvar har hatt sine ansvarsområde for innhenting og presentasjon av stoff, men har også vore delaktige i drøfting om innhaldet i dei fleste kapitla.

Alf budde i eigen bustad første tida vi arbeidde med attersynet. Han skreiv då ned mange sider om strykemusikk spesielt, men også om folkemusikk og personar som har vore viktige for musikklivet i kommunen. Alf sat med mykje kunnskap om alt som hadde skjedd i hans levetid. Han delte både som hovudansvarleg for kapittelet om strykemusikk og som informant om det som har skjedd av arrangement. Han hadde også mange anekdoter og forteljingar om artige hendingar som vi gjerne skulle hatt med, men som diverre ikkje blei notert tidsnok. Alf gjekk bort før vi hadde ferdig heile manuset, men fekk fortalt eller lese det meste av innhaldet.

Olaus hadde allereie utarbeidd eit flott temahefte «Misjonsforeningane i Stordal» for Sogelaget. Den delen som vedkjem musikk og song, er i sin heilskap teke med i Kap. 5: Song og musikk i kyrkja og kristne foreiningar. Han har i tillegg vore med å utvida stoffet fram til 2020 og forfatta nokre av personskildringane for viktige personar i dette miljøet. Kona, Marna, har heile tida vore med både i drøftingar, nedskriving av notat og kome med viktige innspel med sin kunnskap om mange sider ved musikklivet i bygda. Olaus har også vore sterkt delaktig i utforming av kapittelet om strykemusikk og fleire andre av områda som er omhandla.

Leif har lagt inn dei handskrivne notata til medforfattarane og skrive manuset, samla dei fleste bilda og funne fram til lyd- og videofilane som er nytta. Store deler av dei siste seks kapitla er skrivne i koronaperioden. Då var det mindre høve til samråding så desse kapitla er mest hans ansvar. Leif har i samarbeid med kulturkonsulent Hallgeir Hove og Sogelaget bunde inn fem eksemplar av manuset til arkivering i forfattarfamiliane, kommunen og hjå oppdragsgjevar Stordal sogelag. Leif har også lagt ut manuset på nett slik at det kan vere til bruk for ålmenta.

John Kristian Hjelle har som leiar i Stordal sogelag og administrator for sogelaget sitt domene, lagt til rette for at Leif kunne bygge opp nettstaden ved å installere aktuell programvare og plassere innhaldet som del av sogelaget sitt virke. John Kristian har gitt råd når Leif sin kompetanse ikkje strakk til og gjort tilpassing av lay-out med siktemål å gjere nettstaden lettare tilgjengeleg og meir brukarvennleg.