Å halde på med song og musikk er på mange måtar ein sjølvberande aktivitet. Det personlege utbyttet med å synge og spele gjer at folk er aktive enten åleine eller møter på øvingar og samkomer for å dyrke sine interesser i lag med andre. Det må då finnast øvingslokale, og for mange er det ekstra stas om det også er arenaer der andre kan få høyre kva songarane og musikarane kan og kva dei har øvd på.
Arenaer knytt til heimen
Dei viktigaste arenaene for utøvinga var i eldre tider knytt til familien sitt liv – til daglege aktivitetar og livet sin gong med sorg, fest og høgtid. Vi har i fleire kapittel vore innom korleis budeier og gjetarar brukte song og instrument som nyttige reiskap for deira arbeid med buskapen på sætra. Det var i heimen det meste blei lært og også praktisert. Som når kvinnene sat ved rokken, når dagen vart avrunda med forteljing, song og musikk eller når ungdomen samlast på fritida til dans og leik.
Før skulehusa kom, lydde songen i stovene når omgangsskulen kom til gards. Den haugianske vekkinga opna bestestovene for forkynning og song. Og når det vart bydd inn til bryllaup, vart det ekstra stas med innleigde spelemenn og ritual der ulike typar song og musikk var sentral.

Bryllaup
Peter Jøsvold gir ei grundig skildring av bryllaup i eldre i tider i boka Stordal i tekst og toner. Det er lett å skjøne at dette var storhende spesielt når det var brudefolk frå dei største gardane med stor slekt og utkome til å feire stort.
Bryllaupa varte då vanlegvis frå ein laurdagskveld til neste tysdagskveld. Det vart leigd inn ein kjøkemeister, to kokkar og ein kjellarmann, som alle var velkjende med oppgåvene sine. I tillegg vart det leigd inn spelemann – helst to i dei store bryllaupa og då var det ofte ein med fele og ein på klarinett.
Kjøkemeisteren måtte kunne både spesielle kjøkemeisterviser og rituelle songar t.d. som bordvers, helsingssongar til brudeparet m.m. Spelemennene var aktive både når brudefølgjet skulle til kyrkja, med speling til dans og i andre samanhengar.
Det var såleis mykje song og musikk både som del av det rituelle og som underhaldning for brudepar og gjestar. Kanskje kunne dette vere inspirasjon for å både lære song og spel for dei som var til stades?
Peter Jøsvold fortel vidare at det var vanleg at også andre enn dei innleigde underheld i slike bryllaup. Var ein av storsongarane til stades, samla folk seg gjerne rundt han som gjerne gav til beste frå sitt repertoar. Då hivde også andre seg frampå slik at dei kunne bli sitjande å synge i timevis. Det var mest menn som stod for dette, fortel Jøsvold, men skriv samstundes at kvinnene var like flinke, men kanskje mindre framfusne.
Bryllaupa var nok endå viktigare som storhende for dei som vara til brurefolket i eldre tider, men også no legg vi opp til at dette skal vere ei stor og minnerik hending og då høyrer song og musikk med.
Kyrkjene
Vi har i eit tidlegare kapittel sett på religiøs song og musikk i kyrkjene som del av kyrkjelege handlingar i gudsteneste, bryllaup, dåp og gravferd. Vi har og nemnt at høgtidene og spesielle festdagar har hatt ekstra vektlegging av det musikalske med deltaking av kor og også musikarar.

Men kyrkjene har også vore og er arena for mange andre song- og musikkarrangement som ikkje er knytt til det kyrkjelege arbeidet, men og for tilstellingar som er i samarbeid med sokneråd eller kyrkjeadministrasjon. Siste åra er det spesielt Rosekyrkja som har vore arena for konsertar sidan dette var hovudarenaen til Kyrkjehola Kulturbeite.
Kyrkjene er utforma slik at akustikken ofte er svært god og ber tonane ut på ein måte som gjer desse lokala ekstra veleigna for både større og mindre konsertar. Mange artistar ønskjer difor å bruke kyrkjene som konsertarena når dei reiser rundt i landet med sine program. Utanom sommartida er det berre Stordal kyrkje som er aktuell sidan det der er mogleg å få oppvarma lokale. Siste gjestane som konserterte i denne kyrkja i 2018, var Ålesund strykekvartett.

Nokre lokale tilstellingar vert også lagt til kyrkjene. Ein minnerik konsert var fellesopplegg mellom Tonika og Stordal hornmusikklag med gjestane Rose Iren Stave på orgel/piano og Stine Merethe Hole Ulla som songsolist. Denne konserten gjekk 25. april 2010 og var avskilskonsert med dirigent Lars Kaggerud, som leia kor og korps i fellesnummer.
Eit av dei aller mest populære arrangementet i kommunen, er adventskonserten like før jule der dei fleste song- og musikklaga deltek i lag med solistar og grupper som ønskjer å lage god førjulsstemning. Dette har vore ein fast tradisjon sidan siste del av 1900-talet. Arrangør har gått på omgang mellom kor og korps, men siste åra har det vore korpsa som har teke på seg dette ansvaret. Kyrkja er alltid fullsett på dette arrangementet. Mange har fått sin debut for eit stort publikum på denne tilstellinga som har gitt godt rom for dei yngste til å vise seg fram.

Skulane
Etter at omgangsskuletida var blitt historie, kom det etter kvart til skular i kvar krins i kommunen. Dette hadde samanheng med at det i 1860 vart lovpålagt å ha eit eige skulebygg i ein krins når elevtalet kom over 30 elevar. Stordal fekk sin første skule på Vinje i 1868. Denne vart flytta til Kirkebø i 1895, men heldt på krinsnamnet Vinje skule. Her gjekk elevane som budde framover til og med Storheim. Dyrkorn fekk sin skule i 1886, same året som Stavåa skule vart bygd. Røysetdalen bygde skule på Hagardshaugen i 1891. Stavåa skule dekte heile Nørdalen i starten, men i 1907 var det så mange elevar fremst i dalen at krinsen fekk bygd skule på Almås.

Desse skulebygga vart snart naturlege samlingsstader for folket i grenda både når viktige avgjerder skulle takast og når folk skulle samlast til lagsaktivitet eller feiringar av ymse slag. Stavåa skule var t.d. svært hyppig brukt av Stordal ungdomslag når dei hadde sine føredrag og drøftingsmøte. Almås skule vart nytta som møtelokale for kristelege lag og øvingsrom for musikklaget i grenda. Vi veit også at skulane elles var viktige arenaer for korøvingar og andre musikkaktivitetar. Men skulane hadde nok meir betydning som samlingsstader og identitetsskaparar for grenda enn som musikkformidlingslokale.

Det var avgrensa med plass i skulane slik at det var vanskeleg å få lage arrangement for eit større publikum i skulestovene. Men som øvingslokale var klasseromma greie og som vi har skrive tidlegare, vart dei t.d. stilte til rådvelde for bandøving på Dyrkorn og notekurs for Skulekorpset.
I den nye Vinje skule som vart teken i bruk på slutten av 1950-talet, fekk bygda sin første gymnastikksal, som var så stor at han også kunne vere eit rommeleg forsamlingslokale. Dette vart eit godt øvingslokale for eit stadig større skulekorps, og vart i tillegg brukt til konsertar og andre tilstellingar.

Med innføring av 9-årig skule vart nytt byggetrinn lagt til det gamle skulebygget og ein større gymnastikksal kom til med endå betre føresetnader for førestillingar av ymist slag. Her var det investert i hevescene som kunne løfte aktørane slik at heile publikum kunne sjå dei. Sceneteppe var og på plass. Dette lokalet vart svært viktige for bygda frå slutten av 1980-talet og til 1997. Mange aktivitetar som tidlegare var lagt til ungdomshuset, vart flytta hit fordi Breidablik ikkje lenger var eigna for bruk.
Bedehusa

Vinje skule vart mykje brukt av kristelege foreiningar spesielt i samband med den store religiøse vekkinga rundt 1900. Dei held mykje til i andre etasje, men etter kvart vart elevtalet så høgt at også dette rommet måtte brukast til klasserom. Pågangen på bruk av skulen vart såleis så stor at alle som ønskte plass ikkje kom til. Dette starta drøftingar om det skulle byggast eige bedehus for krinsen. Det vart bestemt at det skulle byggast og avtale vart inngått med murar Smith frå Sykkylven. Kirkebø bedehus vart vigsla i 1910 i følgje Olaus Overøye i sogelaget sitt hefte om misjonsforeiningane i Stordal.

På Almås var dei i gong med grunnarbeid for nytt bedehus då ein brann i eit våningshus sette stopp for vidare byggearbeid. Almås skule har vore samlingsstad for kristne lag i ettertida.
På Moe vart det ved stor dugnadsinnsats bygt eige bedehus som stod ferdig i 1933. Bedehuset på Dyrkorn stod ferdig i 1940. Dette bedehuset er også nytta til gudsteneste og er omtala som bedehuskapell.
Bedehusa var først og fremst ein møteplass for det kristelege arbeidet misjonsforeiningane gjorde og eit rom for alle aktivitetane som dei la opp til enten det var innsamling til misjonsarbeid i ulike land og for ulike målgrupper, eller tilbod om deltaking i aktivitetar for barn og unge eller i eit kristent fellesskap for alle.
Mange av aktivitetane omfatta song og musikk. Dette er omtala i eige kapittel.
Mange har såleis fått høyre fine musikalske innslag på basarar, møte og tilstellingar på bedehusa og svært mange av dei som har vakse opp i kommunen, har teke del i barne- og ungdomskor som eldsjeler frå bedehusmiljøet har stått for.
Men bedehusa vart også arenaer for fleire aktivitetar som ikkje er del av kristeleg foreiningsarbeid. Vi veit at Stordal strykekvartett og trioen på Dyrkorn hadde sine øvingar på bedehusa og ikkje minst vart fleire av dei flotte rikskonsertane som Liabygda og Stordal konsertlag arrangerte i Stordal, lagt til Stordal bedehus.

Såleis har bedehus vore både ein viktig arena for musikalsk utvikling og oppleving.
Ungdomshusa
Ungdomslag vart skipa både i Stordal og på Dyrkorn. Stordal var først ute allereie så tidleg som 1892 med tetningsliner for drifta underteikna i 1893. Pådrivar for oppstarten var lærar og kyrkjesongar Peter P. Hove. Det står i §1 at «Stordalens Ungdomslag er dannet paa kristelig grund, og sætter sig derfor som maal at hjælpe ungdommen frem til et frisskt, rent og sædeligt ungdomsliv, og skabe dens interesser for anliggender som gjør livet inholdsrigt og lykkeligt.»
Alle dei gode intensjonane og måla i laget sine lover skulle nåast gjennom førelesingar, føredrag og diskusjon «og naar forholdene tillater det, sang og lek.» Det vart vedteke at møta skulle starte og slutte med song, men hadde elles ikkje som mål å vere song- eller musikklag.
Stordalens Ungdomslag hadde ikkje eige hus ifrå starten, men alt frå 1895 vart det drøfta om ikkje slikt måtte byggast. Før det blei noko av dette, var skulane oftast nytta som møtestad. Særleg Stavåa skule vart mykje brukt. Det var svært god oppslutnad om laget frå starten av og godt frammøte. Eit bilete frå eit møte på Stavåa skule i 1905, viser at det trongst eit stort lokale for å hyse alle.

Her har tydelegvis Hornmusikken delteke på ungdomslagsmøtet med speling. Alle stiftarane av hornmusikklaget er til stades saman med fleire av dei som blei medlemmer der i ettertid.
Breidablik
Aktiviteten i ungdomslaget gjekk litt i bølgjedalar rundt 1900-talet. Det var ei sterk religiøs vekking i bygda, og mange ungdomar reiste til Amerika. Men eldsjeler tok opp att arbeidet kvar gong det stilna og i 1906 vart det endeleg vedteke at laget skulle bygge seg eige hus. Dette skapte stor diskusjon og også splid innfor laget. Men ein byggekomité med Peter T. Holtleite som formann, vart sett ned etter at det var bestemt at huset skulle ligge på Øvrebustreiten og vere 23 fot breitt og 46 fot langt. I dette skulle det vere gang, kjøkken og galleri i den eine enden, sal i midten og scene med siderom i den andre enden. Grunnflata (7,2 x 13,5 m) er på storleik med den dei fleste husbankhusa i Stordal har i dag (ca. 97 m2) så plassen var avgrensa, men mykje større enn klasseromma i skulane.

Det var stor aktivitet på Breidablik frå starten, men økonomien var tyngande slik at dei måtte bruke alle høve til å arrangere inntekstgjevande tilstellingar. Ei av desse var ein konsert med kjendisspelemannen Ivar Kjelstad i 1909.

Sparebanken i Stordal såg dette prosjektet som for vågalt å yte lån til, men Sparebanken Stranda innvilga lån på kr. 1200. Huset stod ferdig i 1909.
Elles var huset brukt av mange lag og organisasjonar i bygda. Hornmusikken la sine konsertar hit og ikkje minst var Helselagsbasaren eit storhende kvart år. Ottar Storheim minnest at dette var noko han gledde seg mykje til. Denne dagen tok dei seg tidleg fri på gardane i dalen. Etter middag sette damene i gong med å lage dei finaste nistepakkane som dei skulle ha med seg til basaren. Så barst det i veg til Breidablik. Der leverte dei inn nistepakkane som seinare kunne kjøpast til nonsmat. Ottar huskar at Stryken var fast innslag med flott musikk på desse basarane, som skaffa helsestellet i Stordal mange nyttige hjelpemiddel. Han ergrar seg enno over at mykje av dette utstyret vart flytta til Ørskog då storkommunen vart oppretta i 1965 og håper ikkje det skjer noko liknande når Fjord kommune vert ein realitet.
Huset vart snart for lite og stetta ikkje krava som etter kvart vart stilte til scene og rom. 19. mars 1955 vart det halde stor opningsfest på nye Breidablik, og i 1956 var også vegen opp laga til slik at alt var klart til å ta i mot til storstilt fest i samband med opning av vegen til Dyrkorn. Gamlebygget vart med vidare og bygd saman med det nye for å kunne fungere som småsal/matsal. Kjøkken og inngang vart behalde medan scenedelen vart fjerna for å gi rom for foajeen i nybygget.
Nye Breidablik hadde scene og fasilitetar som var i tråd med krav til riksteaterframsyningar. Eit kinorom gjorde at bygdekinoen fekk gode tilhøve og romsleg galleri gav saman med storsalen sitjeplass til over 300. Stordal hadde fått ei gild storstove som opna for nye kulturelle opplevingar for bygdefolket.

Storleiken på scena, sminkerom og moderne toalettforhold gav såleis Riksteatret – for den tida – gode arbeidsforhold, og dei kom hit med fleire teaterstykke. Det er nok mange i bygda som framleis minnest den streke opplevinga det var å sjå Anne Francks dagbok. Det er nok litt spesielt at det var sett opp bussar frå Ålesund og distriktet så folk også derifrå kunne få oppleve dette skodespelet. På den tida var det ikkje scene stor nok til at dette stykket kunne visast i byen. Det måtte settast opp tre førestillingar på Breidablik med i alt 800-900 tilhøyrarar.

Leif Juster var ein av Noregs aller mest kjende komikarar og underhaldarar. Han hadde sine årlege revyar på faste scener i Oslo, men turnerte store delar av året over heile landet i lag med tidas mest populære norske artistar. Han vitja Stordal fleire gongar med sine show.
Ottar Storheim kunne fortelje at også Ålesund symfoniorkester besøkte Stordal. Dei held konsert på Breidablik minst to gongar, men med varierande publikumsframmøte.
Mange ville gjerne bruke desse gode lokalitetane og lag og organisasjonar både frå kommunen og utanfrå leigde huset. M.a. vitja Sunnmørslaget i Oslo Breidablik med fleire av sine revyar. Det same gjorde ungdomslaget på Vigra – og mange fleire.
Det var ungdomslaget som oftast brukte huset, men lag frå bygda var elles hyppige leigetakarar. Det var ofte dans med mange gode band og orkester og festar med flotte programinnslag i ulike sjangrar. Dette vil bli nærare omtala i andre kapittel.
I tillegg til å vere festarena, var Breidablik også nytta som øvingslokale. Her var fleire grupper i sving og huset vart i tillegg ein møteplass etter arbeidstid for spesielt arbeidarane som kom utanbygds frå. Dei både høyrde på folk øve, spelte plater og prata, fortel Trond Arnes.
Forsamlingssalen i Murgården på Dyrkorn
Vi kan lese i sogeboka for kommunen, Farne tider, at ungdomslaget «Vårdraum» på Dyrkorn vart stifta i 1915. Det vart allereie på første møtet vedteke at laget skulle ha eige blad «Nordljos». Det vart også gjort vedtak om at møta skulle starte med song. Av referata og innlegga i lagsbladet ser vi at aktiviteten var bygd opp på same måten som i ungdomslaget i Stordal. Også på Dyrkorn vart møta lagde til skulen.
Same året starta bygging av Murgården, som skulle gi bustad til arbeidarane. Dette murbygget på tre etasjar og 170 m2 inneheldt også ein rommeleg forsamlingssal, som både losjen og ungdomslaget etter kvart fekk bruke som fast møtestad.
Etter at Petter S. Dyrkorn vart leiar i 1921, tok aktiviteten seg godt opp og mange arrangement vart avvikla også med musikkinnslag. Lokalet var og brukt til dans og sjølvsagt til festlege samkomer av ymist slag. Det kan nemnast at ungdomslaget sette opp fleire skodespel i denne salen.

Prestestova og Løsetstova

Prestestova i Stordal har lang tradisjon som kulturarena. Huset vart bygd rundt 1850 for at presten skulle ha ein tilhaldsstad før og etter sitt arbeid i kyrkja, som ikkje hadde varme og heller ikkje rom for omkleding m.m. Presten kunne også overnatte der. Huset vart i tillegg nytta som venterom for dåpsbarn og som varmestove for kyrkjegjengarar.
Men Prestestova fekk andre bruksområde då nykyrkja kom. I mange år brukte skulen huset til opplæring m.a. som sløydsal. Under krigen vart det gjort ombygging slik at det vart plass til folkebibliotek i eigne rom.

Hornmusikken og gutemusikkorpsa hadde Prestestova som øvingslokale i mange tiår. Også andre musikkgrupper øvde der.
Då vegen skulle leggast om, var det stor diskusjon om kva som skulle skje med bygget. Mange meinte det burde rivast og fjernast for godt, men det var fleire som ville at det blei teke vare på. Dette synet vann fram, og huset vart flytta over vegen og renovert. Plasseringa er nær kyrkjegardsmuren rundt Rosekyrkja, som er eigd av Fortidsminneforeininga, som også eig Prestestova.

Prestestova er no ein del av Stordal bygdetun i lag med Løsetstova og eit stabbur frå Busengdal.
Løsetstova vart bygd og sett opp på Løset på 1790-talet. Då det ikkje lenger var tidhøveleg hus til bustad, vart det demontert og lagt til lagring. I staden for å plassere stova på museum, vart Stordal bygdetun ein viktig attraksjon rikare med dette bygget, som fortel mykje om korleis livet var på 1700 og 1800-talet også ved at eldre reiskap har fått plass i huset.
I tillegg til det historiske vitnemålet er Løsetstova blitt nytta til lokale for mange programinnslag i Kyrkjehola Kulturbeite. Særleg veleigna er lokala til ulike kunstutstillingar, men også føredrag, eventyrstunder, litteraturpresentasjon og fleire konsertar har vore avvikla i desse unike lokala.
Stabburet frå Busengdal har vore nytta til utstillingar, men er for lite til å kunne vere konsertlokale.
Fjordgløtt kafé

Då møbelindustrien trong meir arbeidskraft, måtte folk stille rom til disposisjon for arbeidarane som kom til bygda. Dette kunne vere eit lite rom på eit loft eller i ein kjellar. Her var det ofte korkje innlagt vatn eller høve til matlaging. Heile fire kaféar var i drift ein periode for å gi desse arbeidarane den maten dei trong. Her hadde dei full pensjon og møttest til frukost, middag og kveldsmat. Dei fleste hadde litt brød og pålegg på hybelen slik at dei kunne stille svolten om det skulle trengast.
Den siste av desse kaféane held ope til rundt 1970-talet. Ingen av dei hadde så store lokale at det var naturleg å legge konsertar dit, men Jukebox med dei siste popmelodiane var eit godt alternativ. Inga, på nabokafeen til Kafé Nystad, hadde investert i eit fjernsyn med kroneautomat. Det var få som hadde TV heime på den tida. Ved å putte på pengar kunne ein m.a. følgje VM i fotball i England i 1966. Leif Dybdal minnest at kroneverdien var brukt og bildet vart borte akkurat då Eusebio sende av gårde eit skot. Då ny krone begynte å virke og bildet kom att, vart det klart at ballen hadde hamna i mål.
Ved utvidinga av Stordal Handelslag, vart det bygd ein større sal i andre etasje av nybygget. Tanken var å leige dette ut til kafédrift og dette kom i gong i 1971. Første verten var Karl Eivind Støle. Her var det mogleg å få kjøpt seg mat, men i tillegg var desse lokale så store at mange slags arrangement kunne avviklast der.

Vi har tidlegare nemnt at skulekorpset fekk god inntekt gjennom å arrangere Bingo, som føregjekk der. Kaféen arrangerte dansefestar, og også andre lag og organisasjonar hadde tilstellingar med musikkinnslag. Kosekveldar med musikk og song var populært.
Kaféen låg svært sentralt til med lett tilkomst og blei ein naturleg samlingsplass for mange typar samkome. Såleis var dette ein attraktiv stad å legge arrangement til særleg fordi dette kunne kombinerast med servering både av mat og drikke. Kafeen hadde skjenkeløyve. Storbandet hadde fleire konsertar her og også Blandakoret og andre opptredde i desse lokala. Det vart slutt med kafédrift i Handelslagsbygget rundt tusenårsskiftet.
Stordalshallen

På slutten av 1980-talet var det god aktivitet i mange lag og organisasjonar i kommunen. Hornmusikken såg fram mot 100-årsjubileum og hadde populære revyframsyningar, kora var i godt gjenge og mange var aktive i fotball, alpint, langrenn og hopp i tillegg til at damelag gjorde det svært godt i volleyball. Alle hadde behov for øvings- og treningsrom og arenaer for framføring og kampar. Alt dette kunne ikkje få plass i gymnastikksalen, og det var stort behov for ei storstove både for idretten og anna kulturaktivitet.
Representantar frå kommunen, hornmusikken og idrettslaget hadde allereie i 1987 ei uformell samråding i lag med arkitekt for å fram ei skisse over korleis eit slikt bygg kunne sjå ut, kvar det kunne plasserast og kostnaden for å bygge det. Det vart laga ei teikning av eit bygg på framsida av grusbana på Kirkebø. Kostnaden syntest på det tidspunkt for høg og det vart stopp i vidare planarbeid.
Men behovet for meir plass berre auka spesielt etter at Breidablik ikkje kunne brukast lenger, og det ikkje var aktuelt med å vøle og vidareutvikle ungdomshuset. Det vart bestemt at hall skulle byggast i tilknyting til skulen, og eit fantastisk flott bygg kunne opnast 27. januar 1997.
Byggenemnda hadde 2,68 million kroner til disposisjon frå kommunen. Resten av midlane – om lag 10 mill. – måtte skaffast frå statlege tilskot, pengegåver og ein dugnadsinnsats på meir enn 30 000 timar. Budsjettet heldt og Stordal kommune hadde fått si kulturelle storstove. I frå starten mangla mykje utstyr, men ein måtte greie seg med det som var og med bistand frå private og lag som disponerte t.d. lyd- og lysutstyr. Stordal Storband hadde kjøpt eige PA-anlegg og stilte etter kvart dette til rådvelde for Stordalshallen, men dette var både velbrukt og slite og hadde sine manglar.

Kulturkonsulent Charles Tøsse oppmoda litt etter opninga alle med interesse for band om å kome til eit møte på i Stordalshallen. Fleire stilte opp og Stordal Rockeklubb vart skipa. Klubben skulle legge til rette for at dei som ville øve hadde det utstyr som trongst. To av dei som møtte var Per Magne Øvrebust og Håvard Remme, som hadde prøvd seg med band i forskjellige samansetjingar. Dei skjønte at det var behov for eit betre PA-anlegg i Stordalshallen. Bassforsterkar fanst og dei løyste behovet for høgtalarar med å reise til Oslo for å handle inn to slike pluss ein forsterkar. Dei måtte handle på kreditt, men dei hadde vel tru på at dei skulle få att noko av utlegga sine ved å leige ut til dei som hadde behov. Det vart vel slik at dei heller lånte ut enn fekk pengar for bruken. Når det var bruk for meir lokalt utstyr, stilte også Arild Hove opp med utlån av leidningar og mikrofonar m.m.
For Stordalshallen vart dette ein god start. Å få god lyd er heilt naudsynt for eit så stort lokale som ein idrettshall. Stig Ove Aas, trommis i fleire band, budde denne tida i Stordal og var med å skaffe utstyr. Utover på 2000-talet kom det så stadig meir på plass: Eiga scene på 90 m2, trosserigg, fire sveivetårn, lyd og lysanlegg. Dette har spela ei avgjerande rolle både i høve til arrangement i regi av lag og organisasjonar og ikkje minst også for Stordal skule sine flotte juleavslutningar. Kulturkonsulent Hallgeir Hove fortel at Per Magne har lånt ut og laga utstyr til Stordalshallen og elles vore ein god støttespelar i alle år. Stig Ove Aas og Peter Johansen produsere lyd når ikkje andre firma var innleigd så lenge Aas budde i bygda. Etter det overtok Per Magne og Peter.

I dei første teikningane av hallen var det teke med eit lager på austsida av bygget ved sida av kjøkkenet. Byggenemnda såg at dette rommet kunne utvidast noko og bli ein fin småsal med scene, sminkerom og nokre mindre lagerrom i tillegg til det som primært var planlagt til idrettsareal. Såleis kom ideen om Grendasalen til, og denne har i ettertid vist seg som spesielt viktig for musikk- og songlivet sidan dei fleste som driv innafor dette området har sine øvingar der. Både i storsalen og Grendasalen vart det gjort fleire tiltak for få god akustikk.

Grendasalen fungerer også som kinolokale, og det er laga godt surroundsystem for lyden. Her var Terje Skoglund sentral. Han hadde hjelpt til med innkjøp av kinomaskin som kunne stette fleire lydkanalar og fekk dette i funksjon.
Tanken til byggenemnda var at scena i Grendasalen skulle ha permanent lyd- og lyssystem som var enkelt å bruke og ikkje kravde for mykje arbeid å ta i bruk. Det mangla midlar til å fullføre sceneopplegget i tråd med retningslinene for slike installasjonar. Pejolane hadde eit lite anlegg som dei brukte på sine konsertar. Dette vart gitt til bruk i Grendasalen og brukt første tida, men det var tungvint å rigge kvar gong. Vaktmeister Einar Hove fekk med seg Jon Haraldsvik og Per Magne Øvrebust, og dei laga eit enkelt permanent lydanlegg, som no er i bruk m.a. på pensjonistmøta.
Med mange ønskje om øvingstider, er det og naudsynt av og til å bruke skytebana som øvingslokale. Fleire band og grupper øver der.
Etter kvart viste det seg at Grendasalen vart for liten til alle dei litt større arrangementa som lag og organisasjonar ville gjennomføre. Difor vart det satsa meir på å gjere storsalen betre til bruk også for anna enn idrett. Vert heile salen for stor, kan deleveggar gjere storleiken på lokalet meir tilpassa type arrangement.
I dag er det vel vanskeleg å tenkje seg eit kulturliv i Stordal utan Stordalshallen. Det var i starten stor skepsis til eit så stort løft for kommunen, men dei fleste er nok i dag godt nøgde med både tilbod og drifta, som i liten grad tyngjer økonomien til kommunen, men gir trivsel for ei stor brukargruppe og er ein god arena for dei som vil halde på med song og musikk.
Ungdomsklubben /frivillegsentralen
Ein skikkeleg øvingsplass er viktig for all musikkverksemd. Kanskje er det vanskelegast å finne lokale for begynnade aktivitet i rockeband sidan dette gjerne i starten kan virke bråkete for andre enn dei som driv på. Vi les t.d. om garasjeband og kjellarband som har blitt kategorisert etter kvar dei starta.
Vi har høyrt at Rudy starta på skulen på Dyrkorn og at Prestestova og matsalen på Breidablik var øvingstad for andre band. Men også fabrikkane og musikkrom på skulen var arnestader for nokre av dei som ville starta band.
I 2003 vart lokala i Aarflotfabrikken teken i bruk av kommunen og Hallgeir Hove inviterte til møte om å starte ungdomsklubb. Per Magne Øvrebust, med i styret for Stordal rockeklubb, såg sjansen til å få eit skikkeleg øvingsrom for band og fekk støtte av m.a. kulturkonsulenten og Stig Ove Aas, som hadde med seg retningslinene for drift av Vestnes musikkverkstad. Det blei bestemt at det skulle satsast på desse lokala og på namneendring frå rockeklubb til musikkverkstad med vedtektene frå Vestnes som gjeldande også for Stordal musikkverkstad. Dermed kunne det søkjast om midlar til utstyr, og det kom etter kvart på plass eit trommesett, songanlegg og forsterkarar. Endeleg hadde dei fått eit eige godt brukbart øvingslokale. Stig Ove Aas blei første styreleiar og Magne Staurset var mangeårig kasserar. Dette skulle bli øvingsplass for mange bandinteresserte. Musikkverkstaden ved Per Magne og Peter Johansen har også vore med og lagt til rette for mange arrangement i forskjellige arenaer i bygda.

Rommet er no ein del av arealet som Ungdomsklubben og Frivilligsentralen disponerer. Etter kvart vart også musikkverkstaden inkludert i Stordal ungdomsklubb. Det var stor stas då dei her kunne presentere eiga scene i sine lokale i 2013. Her kunne ein både høyre på musikk og spele play-back slik at den som ville t.d. kunne synge til desse. I lag med andre arenaer i bygdene våre er lokala i Stordal ungdomsklubb med på å gi gode tilhøve for dei som ønskjer å prøve seg med song og musikk.
Ungdomsklubben sine lokale har vore mykje nytta til øving og til opplæringstilbud innan song og dans også i regi av Barnas kommune og med scene låg også tilhøva betre til rette for konsertar.
Nilsgardstunet
Det var eit svært positivt tilskot for bygdefolket sin trivsel då Nilsgardstunet opna dørene til påska 2004. Både stordalingar og gjestar kunne få servert lokal mat i beste gardstradisjon i flotte lokale. Men tilbodet gjaldt ikkje berre mat, men også arrangement som pub-kveldar med trubadurar og dans med forskjellige typar orkester – alt i frå einmannsband til Storband.

Lokale artistar har hatt konsertar og også andre har fått sleppe til som t.d. Side Brok, dei felespelande brørne Larsen med folkemusikk og Hulbækmo & Jacobsens familieorkester med venner i regi av Kyrkjehola Kulturbeite. Det var til og med plass til teaterførestillinga Bunnlinja med Marianne Måløy og pianisten Trygve Brøske.
Dyrkornfabrikken

Det nyaste tilskotet til arenaer i kommunen er Dyrkornfabrikken. Det er Flakk-gruppa som no eig bygget og dei har utsal av Devold-produkt på sommarstid. Dette er i grunnetasjen. Dei store romma i andre og tredje etasje har vore brukte til lager. Det var Kyrkjehola Kulturbeite ved Odd Johan Overøye som først tok kontakt med eigarane av bygget for å få bruke lokala til deira arrangement. Akustikken i deler av bygget hadde ein klang som minner om den ein høyrer i store katedralar. Dermed var det ikkje unaturleg at namnet Dyrkornkatedralen vart brukt om desse lokala.
Det førte byggesteget på om lag 500 m2 fabrikken stod ferdig med dei første maskinene installert i 1914. Dette vart snart for lite og byggesteg to vart sett opp med eit treetasjers tilbygg, som blei ferdig i 1918. No var fabrikkarealet 1500 m2. Dette er såleis lokale med ein storleik som gir rom for førestillingar både med mange artistar og for eit stort publikum.

«Dyrkornkatedralen» blei introduert som konsertsal for Kyrkjehola Kulturbeite i 2012. Mange var nok nyfikne på korleis dette ville bli, for publikum kom i større mengd enn det salen kunne ta i mot på grunn av brannsikringsreglar slik at nokre måtte høyre på frå naborommet. Det var berre godlæte frå publikum og i dobbel forstand frå dei fantastiske musikarane Arve Henriksen, Trio Mediæval og Terje Isungset. Vakkert og spennande!

Dyrkorn velforeining har vore viktige hjelparar for å få realisert ønsket om å bruke desse lokala til konsertføremål og delteke både med servering, pynting og trafikkavvikling.

I tillegg til å bruke Strekken er også både andre og tredje etasje i nybygget brukt til konsertar. 9. august 2014 fekk vi det heilt store formatet på Dyrkornfabrikken med fullt symfoniorkester, profesjonelle kor og framståande solistar som mellom anna framførte Mozarts Requiem og O.J. Overøyes stykke Arise, shine! Ein fullsett sal visste å setje pris på at slike musikalske storhende også kan skje på våre kantar.

Andre arenaer
Fabrikkane har ved fleire høve stilt sine lokale til rådvelde både for øving og tilstellingar.

Det er og flotte lokale for musisering både på Blåtind og Kokarsteinen. Desse lokala blir brukte til tilstellingar og evenement mest i regi av drivarane, men vert også brukt av lokale grupper både til konsertar og festlege samkome.
Stoda i dag
Det må seiast at det no er både mange, gode og veleigna lokala til det meste vi kan tenkje oss av musikk- og songaktivitetar i Stordal kommune. Det finst både øvingslokale og arenaer for framføring, og då er det berre opp til utøvarane å fylle lokala med tonar og ord.

