
Mange personar i Stordal har merka seg ut med å bruke mykje av tida si og evnene sine til beste for song- og musikklivet i Stordal. Dei som har gjort ein spesiell innsats innan eitt av områda som er skildra i Kap. 3 til 9, er omtala der. Mange har vore knytt til fleire av musikkområda eller har vore spesielt viktige for songen og musikken i kommunen. Nokre har også valt musikk som yrke. Desse vil bli presenterte i dette kapittelet.
Vi får nok ikkje her gitt alle den omtale dei fortenar for deira innsats og virke, men mange av eldsjelene som skaper og som har skapt glede og opplevingar, får og har fått oppleve folks takksemd for arbeidet og er på det viset verdsett som viktige aktørar i bygdene sitt liv. Det er vel den beste tillitserklæringa å få.
Mellom desse var mange lærarar. På slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet var fleire av desse svært sentrale spesielt for korrørsla. Mellom desse var det ein som særleg merka seg ut med ein utrøytteleg og langvarig innsats for stordalssamfunnet.
Peter P. Hove (1852-1936)

Peter P. Hove var fødd i Toregarden på Hove i 1852. Han tok lærarutdanning i Tromsø og vart tilsett som kyrkjesongar og lærar i Stordal i 1874. I 1875 skipa han til juletrefest i Stordal, noko som var så spesielt at det er nemnt av folkloristen og etnologen Lilly Weiler Aall. Sikkert ein av dei første julefestane med juletre på våre kantar og kanskje også på landsbasis sidan dette er omtala i eit hefte om juleskikkar i Noreg.

Peter var ferdig med lærarskulen i 1872 med «Meget godt af 1ste Grad» både på teoretisk prøve og i praktisk arbeid. «Det bemærkes at han har meget god Sangstemme – godt Øre for Musik; at han ikke har nydt Undervisning i Orgelspil; …»
Før han fekk arbeid i Stordal, hadde han lærarpostar i Furset, Lid og Fausa krinsar i Stranda.
Det var allereie eit mannskor i bygda då Peter kom heim. Han syntest også damene måtte vere med og fekk i 1877 skipa Stordal blandakor, som kanskje vart kalla Stordalens Sangforening, eller Stordalens Kirkekor, sidan begge er brukt i kjeldeskrift.

Det synest som om dette koret var nært knytt til hans stilling som kyrkjesongar. I fleire tiår framover skulle dette koret lyfte fram songen i kyrkja.
Ved sida av sitt arbeid som gardbrukar, lærar og kyrkjesongar, var Peter Bendik Pedersen Hove ein samfunnsbyggjar i den ånda både lærarutdanninga og norskdomsrørsla på slutten av 1800-talet la opp til.

Han la ned eit stort arbeid mellom ungdomen i bygda også utanom song og musikk og var m.a. ein pådrivar for å starte opp Stordal ungdomslag, som vart skipa i 1892. Peter P. Hove, eller Gamleklokkaren, som han han gjerne vart kalla på sine eldre dagar, fekk tildelt Kongens Fortjenstmedalje den 1. juli 1922 for sitt viktige arbeid for ungdomen.

Begge foreldra til Alf Overøye hadde Peter P. Hove som lærar. Dei fortalde Alf at Gamleklokkaren var ein alvorsam mann med stor autoritet, som likte å ha orden og ro rundt seg. Dei mintest ein episode då ein av elevane hadde funne på eit litt for drygt fantestykkje. Hove plasserte eleven ved omnen med oppgåve å halde på ei vedskie til læraren syntest han hadde fått nok påminning om kva som var sømeleg åtferd.
Han gifte seg i 1881 med Marthe Georgsdtr. Almås som kom frå ein musikalsk familie i Framigarden på Almås. Dei busette seg på Risvollen, som vart utskifta frå Pegarden på Øvrebust i 1882. Jøsvold skriv at gravferda til Peter var i 1938 medan dødsåret er oppgitt til 1936 i ættesoga til Stordal (Bjørlykke: Gard og ætt, 2002, s. 219).
Støle-Knut (1845-1937)
Knut var fødd sju år før Peter P. Hove og nok allereie etablert som spelemann då dei første kora og det som kan kallast det organiserte song og musikklivet i Stordal, kom i gong. Spelemennene var viktige samfunnsaktørar og sentrale særleg i festlege samanhengar som bryllaup og dans. Dei som var særleg gode, fekk spesiell status og Støle-Knut kan kanskje omtalast som Stordal sin første musikk-kjendis.

Bilde frå Jøsvoldsamlinga, Digitalt museum
I kapitla om spelemenn (Kap. 2) og opplæring (Kap. 9) er det gitt brei omtale av Støle-Knut. I følgje Jøsvold var han ein spelemann med særleg fin tone i spelet og i tillegg ein karismatisk og særs likandes kar som var vel omtykt overalt – også mellom sine spelemannskollegaer.
Det vert fortalt at han kvart år pleidde å ta seg ein tur til Syltemartnaen i Tresfjord. Det var kort veg dit med turen over Kleiva. Han fekk støtt losji med dei same kjentfolka og når opphaldet var over, brukte han alltid å seie: «Ja, så kjem eg att neste år om helsa held og det stend til liv. Og det gjer det vel…»
Støle-Knut fekk eit langt liv og døydde i 1937 – 92 år gammal.
Peter Jøsvold (1865-1953)
Peter Joakim Jøsvold var fødd 25. oktober 1865 i Olagarden på Jøsvold. Faren Ole gifte seg med Marie frå Jogarden på Midtbust og dei fekk to born. Ho døydde berre 31 år gammal. Han gifte seg så med systera til Marie, Pauline, og dei fekk åtte born. Nummer tre i rekkja var Peter Joakim.

I dei to bøkene som han skreiv, fortel han levande om ein barndom og ei tid med opplevingar som prenta seg inn eit vitelystent barne- og ungdomssinn. Han måtte vere både særleg nyfiken og observant for å få med seg alt han formidlar i bøkene. Mykje av hans musikalske tradisjonsvørdnad må han ha fått med seg frå mor si, som både kunne synge og fortelje og fekk han til å sjå det store i det daglege. Også søskena hans var musikalske og fekk med seg både tonar, vers og historier inn i sine liv, tradisjonar som Peter seinare skulle nedteikne med dei som kjelde.
Sjølv om han vaks opp i ein musikals heim, var det neppe mange frå eit lite bygdelag i same situasjon, som ville finne på å søkje utdanning som militærmusikar. Men det gjorde Peter og knapt 18 år gammal blei han elev ved brigademusikken i Trondheim. Her fekk han offisersutdanning og stilling i divisjonsmusikken.
Ved sida av denne stillinga var han lærar ved Gløshaugen blindeskole. Han lærte seg blindeskrift og notasjon og stakk i papp alle notar som blei brukt på skulen. Etter kvart fekk han fram eit orkester ved skulen som hadde 12 medlemmer – gutar og jenter. Dette var nybrotsarbeid. Alt måtte sjølvsagt lærast og spelast utanåt.
I 1899 fekk han stilling som musikkinstruktør ved Troms Stifts Forsvar der han utdanna musikarar til det som skulle bli Divisjonsmusikken i Harstad. Han dirigerte korpset frå starten i 1911 til 1918. Då flytte han til Halden og tok over leiinga av 1. divisjons musikkorps der. Peter tok over etter korpslegenda Oscar Borg, som det seiest slett ikkje hadde lyst å gi seg og ikkje gjorde det lett for musikkløytnant Jøsvold å kome i gong.
Peter Jøsvold studerte militærmusikk både i Sverige og Tyskland og laga hundrevis av korpsarrangement av forskjellig musikk i tillegg til at han også sjølv komponerte m.a. marsjar. Han arrangerte også for mange typar besetningar og for kor.
Alf Overøye fortel at han fekk eit hefte av Johannes Storheim der det stod Skalaer for cello av Peter Jøsvold. Her var det nedteikna relativt avansert fingersetjing, som berre kunne gjerast av ein som kunne dette instrumentet. Så i tillegg til tuba og messinginstrument, som var hans instrument i militærmusikken, spelte han piano, kontrabass og truleg også dei andre strykeinstrumenta.
Han flytte til Ålesund då han vart pensjonert i 1928 og budde jamleg i Stordal om sommaren. Han brukte fleire av desse åra til å samle stoff til bøkene sine og folkemelodiar til den store samlinga si. Vi viser elles til omtale av Peter Jøsvold i Kapitel 1.
Peter Jøsvold fekk kanskje ikkje den heideren medan han levde som han fortente for sitt store arbeid, men på 80-årsdagen vart han feira med denne prologen (levert av Einar Midtbust).

Utgivaren (Ålesund Museum) av boka hans Stordal i tekst og toner oppsummerer:
«Peter Jøsvolds store fortjeneste er at han har forstått det verdifulle ved bygdekulturen og gjort sitt til å gjøre den fruktbringende for kommende generasjoner.»
Peter Jøsvold døyde i 1953.
Peder Holt (1866-1950)

Bilde frå Jøsvoldsamlinga, Digitalt museum
Peder Torstein Holt kom til verda i Oppigarden på Holt i 1866. Han skulle kome til å prege musikklivet i Stordal på mange område. Han var dugande klarinettist og spelte mellom anna til dans saman med Støle-Knut. I bryllaup og på storfestar var det ofte to spelemenn der den ein kunne vere klarinettist. Dei spelte ofte obligatstemme til melodiføringa til fiolinisten – sjølvsagt utan nedteikna notar.
I 1891 er Peder Holt ein av dei mest sentrale i stiftinga av Stordal Hornmusikklag. Her skulle han bli ein viktig musikar heilt fram til slutten av 1930-talet då han la trommestikkene på hylla. Peder kom tidleg med i bataljonsmusikken på Setnesmoen og fekk opplæring i Trondheim. Sjølv om klarinetten hadde vore hans hovudinstrument i tidleg ungdom, blei tromma hans tamburinstrument i det militære, der han truleg veksla mellom tromme og klarinett når bataljonsmusikken spelte som korps.
Vi finn og Peder Holt som kormedlem både i mannskoret til Dyrkorn rundt år 1900 og i blandakoret, som også synest å vere kyrkjekor så lenge Peter Hove var dirigent og klokkar. Medan klokkaren utførte sine plikter framme i koret i kyrkja og leia songen derifrå, var Peder Holt fast mellommann i kommunikasjonen med «lemmen» i Gamlekyrkja der blandakoret hadde fast plass.
Peder Holt var kyrkjeverje frå 1903 til 1939. Han gifte seg i 1890 med Johanne Georgsdatter Almås og tok over garden i 1905. Han var fastløna tambur på Setnesmoen i fleire tiår.
I tillegg til å vere utøvande musikar og songar var Peder Holt ein viktig medhjelpar for Peter Jøsvold i innsamling og nedteikning av folkemelodiar både frå andre og som han sjølv hadde lært.
Ole Larsen Stavdal (1885-1968)

Bildet levert av Marna Overøye
Ole Stavdal vart fødd i 1885 i Larsgarden på Stavdal som den fjerde i ein søskenflokk på ni. Mor hans, Maren, var søster til Peter Jøsvold og Ole hadde eit nært forhold til onkelen. Det er såleis ikkje så rart at Ole tok turen til Harstad for å få opplæring i militærmusikk då Peter var leiar for denne utdanninga. Hovudinstrumentet til Ole var kornett, men han spelte også orgel og var m.a. organist i bryllaup i hovudkyrkja i Harstad.
I Harstad vart 6. divisjons musikkorps etablert i 1911. Utgangspunktet for korpset var den militære musikkskulen som blei etablert i Harstad 1899 under leiing av furér Peter Jøsvold. Musikkskulen vart primært oppretta for å utdanne hornblåsarar til kompania og bataljonane. Skulen blei etter kvart treårig og gav brei musikalsk opplæring.
Peter Jøsvold blei utnemnt til sekondløytnant og blei korpsets leiar og dirigent, medan dei åtte elvane hans utgjorde stammen i det første orkesteret som bestod av 20 mann. Elevane frå skulen blei sersjantar. Ein av desse var Ole Larsen Stavdal.
Før korpset vart etablert med faste stillingar, kan det sjå ut som at dei som skulle inn i stillingane, måtte ha arbeid ved sida av for å ha nok utkome. I 1908 finn vi Ole i Sulitjelma der han m.a. var medlem i Sulitjelma orkester. Då dei fann store mengder malm i fjella rundt Sulitjelma, vart det ei total endring i dette lokalsamfunnet.
Folketalet i steig frå ca. 45 i 1885 til over 1000 i 1900. I 1910 hadde det kome opp i nesten 3000. Ein slik enorm auke i folketalet skapte mange problem. Korleis skulle alle desse menneska husast? Det budde folk på loft, i kjellarar, på brakker, i verkstader og i maskinhus. Over alt budde det folk. Mange personar var trengt saman på små buareal. Familiar, ofte med mange barn og lite husrom, måtte ha såkalla lauskarar buande hos seg. Lauskarar var personar som ikkje hadde familie i Sulitjelma. Verket åtte alle husa og alle som blei sagt opp frå arbeidet, blei samtidig sagt opp frå husværet. Alle som ikkje lenger kunne arbeide, fekk kort frist på seg til å flytte ut av husa.
Med folk så tett på kvarandre var det ikkje rart at sjukdom smitta, og det var kanskje her Ole vart råka av tuberkulose. Etter ei tids speling i divisjonsmusikken i Harstad, måtte han gi seg. Det er ikkje godt å spele horn med slik sjukdom. Ole vart frisk att etter behandling på Grefsen sanatorium i Oslo.
Etter dette kom han heim att til Stordal. Her vart han med i Hornmusikken og spelte og i musikken på Setnesmoen. Han var dirigent for Hornmusikken i Stordal frå 1918 og utover på 20-talet og i fleire periodar seinare og var sentral også i opplæringa av dei nye medlemmene ved nyoppstartinga av Hornmusikken i på slutten av 1930-talet.
Sjurs-Peder hugsar godt at han som dirigent dreiv karane hardt før dei skulle spele ved byjubileet i Ålesund i 1923, men det var verdt det for dei fekk mykje godord for framføringa.
Også i 1944 var Ole dirigent. Dagfinn Flem skreiv:
«No teller korpset 22 musikarar og for vinteren har enno ein annan av Stordals velrøynde militærmusikarar, Ole Stavdal, teke over leidinga. Ogso i han har korpset ein sers habil dirigent.«
Det er frå denne tida Petter H. Busengdal fortel om ein tur til Stranda der dei skulle spele på ei tilstelling. Då dei skulle legge til kaia, begynte nokre av karane å blåse og etter kvart følgde resten på – utan at dirigenten var med. Då kom det frå Ole: Nei kara, no e døkke no plent…!
I alle dei år etterpå er dette uttrykket blitt brukt på øvingar når noko høyrdest staurgale ut.
Ole er far til Marna Overøye, svigerfar til Olaus Overøye og bestefar til Odd Johan Overøye, som alle har vore svært sentrale i song- og musikkmiljøet i Stordal. Ole Larsen Stavdal døydde i 1968.
Jens Mo (1890-1968)

Bilde frå Jøsvoldsamlinga, Digitalt museum
Jens Mo vart fødd i 1890 i Jensgarden på Mo. Far hans, Peter Olaus, var ein dugande kar som dreiv snikkarskule og hadde mange viktige verv for bygda. Det vert fortalt at han sette seg ned og teikna ei heilt ny bru i tre over Storelva då den gamle tok til å forfalle. Han tok med teikninga til vegvesenet på Molde, og fekk beskjed om at han kunne setje i gong å byggje denne nye Storebrua etter teikninga. Og det gjorde han.
Då Jens tidleg synte interesse og talent for musikk, fekk han tinga eit pedalharmonium frå Isachsen og Renbjør i Levanger. Han hjelpte og til slik at Jens Mo tok utdanning i orgelspel. Det var slett ikkje vanleg at ungdomar fekk reise så langt av garde som til Bergen der Jens tok eit halvårig kurs ved ein orgelskule. Samstundes lærte han seg bokbinding.

Jens Mo var organist i Stordal i rundt 40 år. I tillegg spelte han fast på bedehuset på Mo og i andre samanhengar. Han var ein dugande kordirigent og starta kor i regi av ungdomslaget. Samstundes var det i sving eit kor som lærar Hjelle hadde starta. Det begynte som mannskor, men damene ville bli med og slik blei det etter kvart eit blandakor knytt til godtemplarrørsla. Det viste seg ikkje å vere rom for to kor, og dei vart slegne saman med Jens Mo som leiar. Dette vart starten på ein god periode for koret som arrangerte stemne i Stordal i 1914.
Jens Mo var ein av deltakarane i STOM-kvartetten der også Ole A. Storheim, Sivert Overøye og Johan Talberg var med. Dei spelte klassisk musikk som Johan Talberg arrangerte for denne besetninga og konserterte både her og utanbygds m.a. i Tresfjord.
I 1911 vart Jens Mo tilsett som landpostbod. Han dreiv garden og var i tillegg organist, som også av og til måtte vikariere i både i Vaksvika og på Sjøholt. Då hende det at han gjekk fjella for å kome på jobb. Eit slikt oppdrag med tur over fjellet var eit bryllaup i Sjøholtkyrkja. Og brudeparet fekk sin Mendelsohn…
Jens var morbror til Alf og Olaus Overøye. Skulane i dalane hadde felles sløydopplæring i Stavåa skule. Det kunne vere både kaldt og ufyseleg med veret den tida sløydopplæringa føregjekk. For å få kortare og mindre strabasiøs skuleveg, budde Alf og Olaus tidvis i Jensgarden på Mo. Det var spennade tider og for dei musikkglade brørne ei oppleving å høyre onkelen spele både Haydn, Händel, Mozart og Bach på orgelet. Like kjekt var det å høyre på dei mange gode historiene han hadde å fortelje, og han var ein flink forteljar, fortel Alf.
Spelemann og folkeminnegranskar Jostein Fet gjenoppdaga som nemnt samlinga på om lag 900 folketonar nedteikna av Peter Jøsvold ved Norsk Musikksamling i Oslo.
«Eg vart forundra då eg såg at organisten i Stordal rundt førre århundreskiftet, Jens Mo, hadde laga ein reinlender. Det seier litt om det frilynde miljøet som var i Stordal», skriv Jostein Fet.
Sivert K. J. Overøye (1893-1977)
Sivert K. J. Overøye var født i Oppigarden på Overøye i 1893. Han var den førstefødte og såleis odelsgut til bruket. Relativt tidleg blei det klart at han heller ønskte anna yrke enn å bli bonde. Dette var nok både skuffande og opplevt som lite forståeleg frå faren.

Faren Arnt gifte seg med Kastine Johannesdtr. Holt. Ho og hennar søsken skulle etter kvart bli foreldre til fleire sentrale personar i song- og musikkmiljøet i Stordal.
Sivert var levande oppteken av alt som skjedde rundt han og engasjerte seg i det meste. Han viste tidleg spesiell interesse for musikk og tok som så mange andre stordalingar, utdanning på 5.divisjons musikkskule i Trondheim. Hovudinstrumentet var kornett. Men han var og ein kløppar på fele, og fortalde til nevøen Alf at det kunne hende at læraren hans sa at «nå legger vi vekk kornetten, Overøye, og tar oss en stund med fela.».
Sivert spelte nokre år i bataljonsmusikken på Setnesmoen. I denne perioden var han også aktiv både som den første formannen i Stordal Idrettslag og som dirigent for blandakoret eitt år. Då hadde han med seg koret på stemne i Valldal.
Sivert ville vidare og tok lærarutdanning i Volda. Han fekk etter kvart stilling i Øystese i Hordaland. Her var han ei drivande kraft i musikkmiljøet i ein mannsalder. Han var først og fremst mangeårig dirigent for musikkorpset i bygda. Han skreiv ein marsj til korpset, Øystese-marsj, som han også gav til Stordal Hornmusikklag.
Sivert Overøye var også dirigent for eit misjonskor i Øystese i mange år. Skulle det vere fråfall for organisten til gudsteneste eller andre kyrkjelege tenester, tok han gjerne på seg å vikariere.
I Øystese var han også ein pådrivar på andre område enn musikken. M.a. var han sterkt delaktig i oppretting av ein statleg realskule, og han engasjerte seg i ungdomslagsarbeid.
Sivert var ein kunnskapsrik og humoristisk mann som gjerne kasta seg ut i diskusjonar. Han kunne nok «ta litt plass» når slekt og vener var samla, men var ein flink forteljar som det gjerne vart gitt øyre til.
Sivert gløymde nok ikkje heilt at han var jordagut og kom heim att i feriane for å hjelpe til med slåtten. Då kunne han også gjerne finne fram fela og spele saman med dei andre musikantane på Overøye.
Med si innsikt i idrettslag, ungdomslag og musikkliv og interesse for sin barndoms heimbygd, skreiv han ned fleire hundre sider om det han hugsa og begynte på ei bygdehistorie, som vart ei viktig kjelde både for oss og for forfattaren av bygdeboka Farne tider.
Johan Talberg (1896-1977)
Johan Talberg var født i 1896 som son til Peder frå Framigarden på Talberg. Peder var gift med Anne Jacobine Johannesdtr. Holt og Johan var såleis søskenbarn til Sivert Overøye.
Peder og Anne fekk åtte born der Johan var nummer tre i rekkja. Ein eldre bror døydde berre fire år gammal og Johan vart jordagut og skulle etter kvart ta over garden. Anne fekk ikkje noko langt liv. Ho døydde i 1916. Peder gifte seg opp att og det kom endå to barn til i det ekteskapet.

Johan var ein svært gåverik gut. Han utmerka seg med å vere flink på skulen og hadde mykje kunnskap på mange område. Han vart ein dyktig gardbrukar som stelte både jord og dyr på ein god måte. Alf Overøye overhøyrde ein samtale mellom nokre gardbrukarar, som snakka om å kome i gong med slåtten neste dag. Johan sa då at han måtte vente litt fordi det var så mykje kløver i enga. Mykje kløver vart det berre på jorde som var særs godt ivaretekne med plog og gjødsel.
Han hadde god innsikt og var den som stakk ut vegen framover då den skulle få ny trase. Johan laga også kunstnarlege askebeger og små skålar av bjørkeknortar som han fann ute i skogen.
Johan var i mange år mjølkekontrollassistent og farta rundt med mopeden sin for å ta prøver og gi råd om fór m.m. Ein overordna sa at han hadde svært god innsikt i korleis fóret påverka mjølka og kunne gi presise råd om kva som måtte til av gjødsel og ekstra fór for å betre kvaliteten.
Men det var i musikken Johan skulle merke seg mest ut. Han er utan tvil ein av dei mest talentfulle musikarane Stordal har fostra. Som så mange andre fekk han opplæring i Trondheim og vart tambur på Setnesmoen. Dirigent Rypdal tok han til side ein gong, fortalde han, og sa at Johan burde satse på å bli profesjonell musikar med den dugleik og musikalitet han viste. Johan sa at dette var gode ord å få, men at han slo slike tankar frå seg fordi han ikkje hadde tru på at han kunne greie det.
I tidleg ungdom reiste han ut i byen for å få seg arbeid der og han begynte på ein bøkkerverkstad. Johan kom då i kontakt med musikkmiljøet i Ålesund. Her vart han teken med i fleire grupper og fekk erfaring frå forskjellige orkestertypar. Ei av gruppene var Jolly Jazz, som spelte alt etter notar. Johan fortalde Einar Midtbust at desse karane var svært flinke musikarar. Dei bladspelte stykke med stor vanskegrad og intrikate rytmer.
Kanskje dette var ein av grunnane til at han stod i bresjen for å starte Stryken (sjå eige kapitel) då han kom heim att og Hornmusikken streva med å halde aktiviteten oppe på slutten av 1920-talet. Han var leiar for Stryken fram til det kom til sin slutt i starten på 1950-åra. Han arrangerte mykje av musikken dei spelte berre med utgangspunkt i øyre og fløyta.
Det seiest at Johan hadde absolutt gehør. Dette gjer det lettare å forstå at han t.d. kunne skrive ned akkorder når han høyrde dei spelt og arrangere når han kjende akkordane. Dette kom og særs godt til nytte når han reiste rundt og nedteikna melodiar for samlinga til Peter Jøsvold.
Johan er nemnt som instruktør for ein strykekvartett som truleg kom saman og øvde på Dyrkorn, og han var viktig i Hornmusikken både då denne var på sitt mest aktive frå rundt 1915 og ut 1920-talet, og som hjelpar med å få i gong det nystarta korpset på slutten av 1930-talet og under krigen. Han både spelte og dirigerte i Hornmusikken.
Han var og med i STOM-kvartetten med fløyta i lag med Jens Mo (orgel) og søskenbarna Sivert Overøye (fiolin) og Ole A. Storheim (fiolin) – alle fire bataljonsmusikarar.
Sjurs-Peder spelte i lag med Johan både i Hornmusikken og i Stryken. Han sa om Johan: «Han va’ go’, also! «
Johan tok i mot elevar til undervisning i stova på Talberg. Dei måtte vise interesse for å vilje noko med musikken sin om han skulle halde på. Alf Overøye prøvde seg ei tid som fløytist, og fekk timar med Johan. Han minnest desse søndagsøvingane med stor glede og fekk oppleve kor dyktig Johan var på instrumentet. Det var faste, stramme opplegg på timane med krav om heimeøving. Siste timen på Talberg fekk han dette rådet frå Johan: «Du må spele til husets folk blir lei og til du sjølv blir lei og endå ei god stund til – då kan det bli noko av det.»
Johan sleit med helsa dei siste åra. Han måtte amputere eit bein og hadde mykje smerte. Siste åra budde han på aldersheimen. Han døydde i 1977.
Johannes Storheim (1901-1956)
Vi har skrive om Sivert Overøye og Johan Talberg. Begge hadde mødrer som var døtrer til spelemannen Johannes Holt. Også Ole, son til Johannes, var ein dugande musikar. Han var tambur og ein av stiftarane av Hornmusikken og støttespelar der i ein mannsalder. Ole gifte seg og flytte til Ivagarden og tok etternamnet Storheim i tråd med tradisjonane ved inngifte eller overtaking av gard. Ole blei far til fleire born som var dugande musikarar.
Den som sette mest spor etter seg var Johannes, født 1901, som i det daglege vart kalla James. Bakke-Ottar fortel at det var vanleg at folket i Storheimsgrenda hadde ekstra kallenamn.

Også Johannes fekk opplæring på den militære musikkskulen i Trondheim. Her var instrumentet tuba. Han fekk også med seg nokre år som tambur på Setnesmoen og som medlem i Hornmusikken, der han var dirigent saman med Johan Talberg etter nyoppstarten. Men han var nok mest oppteken av strykeinstrument og spelte cello i Stryken. Han nådde eit godt nivå på dette instrumentet, men var kanskje minst like flink på fela.
Johannes underviste interesserte på fele og cello og hadde godt ry på seg som lærar. Alf Overøye var både hans elev på cello og spelte i lag med han i Stryken. Han fortel om interessante timar der dei ofte spelte frå eit notehefte med duettar. Alf minnest ein time då Johannes la frå seg celloen og tok fram fela, Han gjekk rundt på golvet og spelte eit Mozartstykke utanåt med stor dugleik og innleving. Etterpå sa han at «Det er no fela som er det likaste instrumentet!»
Ottar Storheim minnest at dei kjende avismennene Magne og Dagfinn Flem i sin ungdom var innom i Ivagarden. Dei var mykje i Stordal ein periode, og han trur dei fekk opplæring på fele av Johannes.
Sjølv om det var litt forskjellig med øvingsstader for Stryken, var den mest brukte plassen gamlestova i Ivagarden. Søndagane gjennom heile året samla musikantane seg, og dette gjekk framføre mange andre aktivitetar som kunne vere aktuelle for dei mange gardbrukarane som var med. Sjølv om veret var på det mest laglege for turrhøykøyring, måtte det utsetjast. Det kom også mange andre som både ville høyre på og ha seg ein prat når dei visste at dette var plassen der noko skjedde.
Johannes vart på denne måten ein av dei viktige administratorane for Stryken. Alf Overøye fortel at det låg att mykje notar på stabburet i Ivagarden etter at orkesteret vart nedlagt.
Han var også glad i høyre på musikk. Då verdsstjerna Fritz Dietzmann skulle kome til vesle Ålesund for å halde konsert like etter krigen, gledde Johannes seg til denne storhendinga. Vonbrotet vart stort då cellisten blei sjuk og måtte avlyse konserten. Dette trega Johannes i lang tid etterpå, fortel Alf Overøye.
Johannes var ein roleg, sindig, flink og sympatisk mann som hadde evner også på andre kunstariske område enn musikken. Han måla oljemaleri og har mellom anna laga sidevangane til scena på gamle Breidablik. Ottar Storheim meiner dett vart gjort på byrjinga av 1930-talet. Finerplater var skorne ut og vakker bjørkeskog vart måla. Scenedekorasjonane vart pussa opp att til opninga av nye Breidablik og pryda scena i alle år huset var i bruk.

Han hadde god innsikt i oppbygging og bruk av instrument slik at han ofte vart brukt til å reparere både korps- og strykeinstrument. Sonesonen John Kjell Storheim fortel at han ikkje berre reparerte instrument, men at han også bygde nye til seg sjølv. Fela han laga har god kvalitet og er enno i Ivagarden, medan celloen var på utlån då han døydde og er ikkje komen attende.
I tillegg måtte han trø til dersom det vart for krevjande for andre t.d. å stemme ein harpeleik. Han var alltid systematisk og nitid i sitt virke.
Johannes omkom i tragisk ulukke i 1956 då han på kabel skulle krysse Storelva med stor vassføring.
Kåre Storheim (1917-1974)
Iver Storheim kom frå Ivagarden Storheim. Etter eit opphald i USA, gifte han seg med Caroline Larsdtr. frå Hauaplassen under Gurågarden. Dei slo seg til i Karolinastova ved Sjøabrauta. Før han reiste til Amerika, hadde dei fått sonen Joakim f. 1879. Mor til Caroline kom frå Langhaug. Rundt 1900 flytta familien til Ålesund.
Joakim gifte seg med Helga Humlen frå Ålesund og dei fekk fleire born mellom dei sonen Kåre, som blei fødd i 1917.

Bilde henta frå korpsbilde av Hornmusikken Kap. 4
Kåre oppheld seg mykje i Stordal og var ein svært slektskjær mann med særleg tette band til Seljebotn, der han fekk seg tomt og bygde hytte, som han brukte mykje.
Fram til Karolinastova vart riven, vart denne brukt som besøksbustad for Storheimfamilien. Her budde Kåre ei tid då han var evakuert dei to første krigsåra. Det var der Petter H. Busengdal og Olav Hove fekk opplæring på skarptromme og stortromme før dei begynte i Hornmusikken i 1940.
Kåre Storheim var rundt 23 år gammal då han begynte som dirigent i Hornmusikken. Han var på alder med mange av dei som hadde kome med i korpset etter nystarten og gjekk til dirigentoppgåva med stor interesse og iver. Han fekk med seg karane og dei heldt fleire konsertar både i bygda, på Sætrane og i nabobygdene.
Mange av dei nye var framleis svært ferske i faget, og han var vel ikkje alltid like nøgd med korleis det let. Spesielt rista han mykje på hovudet etter ein konsert ein søndags føremiddag på Puskjen. Men om det berre var manglande røynsle som senka nivået, er vel noko uvisst.
Kåre sin innsats for Hornmusikken var av vesentleg betydning for å få korpset på fote og desse åra vart karakterisert som ei blomstringstid. Etter at Kåre var flytta ut att til Ålesund, sykla han ei tid til Stordal for å ha øvingar med korpset. Men i 1942 måtte han gi seg. Han hadde då gitt etterfølgjaren Peter Jøsvold eit godt utgangspunkt for vidare arbeid.
Kåre var med i musikklag og orkester i Ålesund og fekk der interesse for direksjon. Han var også dirigent for korps i Ålesund. Men den største interessa hans var kammermusikk. Han spelte fele og bratsj og var på kurs i kvartettspel med profesjonelle musikarar – Wangkursa for strykarar. Dette var svært lærerikt og til inspirasjon både for han og for det som etter kvart skulle bli Stordal strykekvartett,
På slutten av 1950-talet hadde Kåre bygd seg hytte i Seljebotn. Hit inviterte han Overøyebrørne og Svein Dyrkorn til kvartettspel. Gjennom fleire år kom ham til Stordal kvar fjortande dag for å spele i lag med desse karane og også andre felespelarar når Svein Dyrkorn ikkje kunne vere til stades. Dette er nærare skildra i kapittelet om strykemusikk.
Kåre var ikkje så ofte med på speling for eit større publikum i Stordal, men i gravferda til Thomas Langhaug tok han farvel med ei vakker framføring av Ole Bulls «I ensomme stunde» på sin bratsj.
Kåre Storheim var ein humørfylt og svært musikkinteressert mann, som var til stor inspirasjon for sine medmusikantar. Han dreiv som handelsmann i Ålesund og fekk etter kvart kjøpt seg bil, som gjorde stordalsturane mykje enklare enn med sykkel og buss, som han brukte i starten.
Kåre Storheim døydde berre 57 år gammal i 1974.
Odd Johan Overøye

Bilde henta frå NTNU
Odd Johan er den som fyller alle kriteria for å bli nemnd i dette kapittelet. Han har musikk som yrke og har bak seg eit breitt engasjement for musikklivet i Stordal kommune både som utøvar, instruktør, komponist og som arrangør både av musikk og konsertar.
Odd Johan vaks opp i ein musikalsk familie og slekt der song og speling høyrde med i kvardag og fest. Det var såleis naturleg å finne sitt instrument i huset og kome i gong med øving. Med mor som spelte piano og gitar, far med fele og bestefar på kornett, hadde han fleire val, men hamna på pianokrakken etter i førskulealder å ha prøvd seg på eit gammalt trøorgel. Det kom så piano i huset og 8 år gammal tok han til som elev hos musikkinstruktør Asbjørn Søvik ved Vinje skule. Av seinare pianolærarar kan nemnast Yngve Espedal (Ålesund) og Jenny Tynes (Sykkylven). Den då aldrande Jenny hadde også ein undervisningsdag på Stranda, og då Odd Johan gjekk siste året ved Stranda vidaregående skule, tok han over alle elevane hennar der i bygda.
Før vidaregåande skule gjekk Odd Johan på Borgund Folkehøgskule med Ola Eide som inspirerande musikklærar. Det var fleire frå dette kullet som slo inn på musikkvegen, deriblant Magne Fremmerlid som han også har hatt mykje kontakt med i ettertid.
Impulsane herifrå støtta kanskje tanken om å satse på musikk, og han tok utdanning først på konservatoriet i Trondheim, ved Noregs Musikkhøgskule og etter kvart ved Dick Grove School of Music i Los Angeles, USA. Han studerte også hos den verdsberømte filmkomponisten John P. Smalley. Han fekk tidleg NTNU som arbeidsplass og er no førsteamanuensis ved Institutt for musikk. I tillegg arbeider han som komponist og arrangør og har så langt gitt ut eit femtitals komposisjonar, som jamleg blir framført over heile Noreg og også utanlands. Han har og delteke på mange plateinnspelingar både med eigen og andre sin musikk. Hans musikk er også innspelt av andre slik at vi kan oppleve verka også gjennom slike medium.

I Stordal var Odd Johan ofte til stades på forskjellige aktivitetar knytt til Bedehuset og minnest m.a. at ei framføring av Musikklaget til Stordal Yngreslag, der far Olaus var sentral, gjorde sterkt inntrykk. Her var Eva Vinje (noverande ordførar i Ålesund) songsolist. Sjølv fekk Odd Johan si første erfaring med samspel og rytmisk musikk i ten-singkoret Gosplus. Han var då 14 år.
I studietida var han svært velkomen som både instruktør, musikarar og inspirator i Stordal strykekvartett. I 1983 skipa han Stordal storband som han leia i mange år og som kom opp på eit anstendig nivå med både speling på Molde internasjonale jazzfestival i 1993 og med eige radioprogram same året. Alle melodiane som blei spelt på desse konsertane var komponert og/eller arrangert av Odd Johan.
Den årvisse julejazzen var eit populært og godt besøkt konsertopplegg med storbandet.
Stordal Hornmusikklag laga fleire revyar på 1980- og -90-talet. Her deltok Odd Johan både som komponist, arrangør og kapellmeister. Særleg revyen Bli med heim i 1999, vart godt motteken pga. musikken. Her skreiv Odd Johan originalmusikk som batt saman heile førestillinga i tillegg til å fargelegge songnummera. Eit 15-manns orkester gjorde ein formidabel innsats med musikk som burde hatt lenger levetid. Eit storarbeid for eit lite honorar (sjå også kap.11).

Odd Johan har i alle år vore til stades i og for Stordal. Dei siste 20 åra har Kyrkjehola Kulturbeite vore hovudarena for hans innsats. Han var initiativtakar til dette prosjektet som har ført mange av dei fremste innan musikk, song og andre kunstarter til Stordal. Desse har gitt publikum gode opplevingar, og Odd Johan sitt kontaktnett har vore uvurderleg for å få tak i dei det var ønskjeleg å ha med. Innslaga i Kyrkjehola Kulturbeite er grundig omtala i Kap. 12.

I programmet Prinsessa frå Selja i 2008 kunne vi høyre St. Sunnivas song då ho steig i land på Selja etter mange dagars flukt frå ein fælsleg stormann på Irland
Men kanskje dei mest minnerike programma er dei Odd Johan har utforma gjerne med bruk av og samarbeid med lokale krefter. Mellom mange slike kan vi nemne eit program med nynorske tekstar med fleire nye tonesettingar av Odd Johan, multimedieinstallasjonen Harpeberget og minnekonserten etter 22. juli. Det var og fleire storsatsingar med renommerte kunstnarar som programma om Niels Olsen Svee og Arnfinn Haram.
Odd Johan har gitt oss mange gode opplevingar på mange ulike arenaer og blitt verdsett for dette med applaus og takksemd i tillegg til kulturprisen for Stordal kommune i 2011.
Peder Vikenes

Utdrag av bandbilde frå tidleg i karrieren til Akropolis
Det er vel knapt nokon person i dette attersynet som du møter i så mange musikalske samanhengar som Peder Vikenes. Han vaks opp på Stranda, men etter han kom til Stordal er han å finne mellom dei som spelar gammaldans, i førestillingane til Hornmusikken, som medlem i storband, danseband og i korgrupper som Pejolane og som dirigent for skulekorpset. Når det har vore Dalane som har arrangert Hallfestar, har Peder vore ein krumtapp. Han har ikkje berre vore viktig for musikklivet i Stordal, men i mange samanhengar naudsynt for at aktivitetar kom i gong.
Far til Peder var rektor på Vestborg handelsskule. I heimen var det mykje song og musikk akkompagnert av farens piano og moras gitar. Borna song med og fekk tidleg lære å opptre på elevkveldar på skulen og i andre samanhengar. Allereie som 6-åring begynte han som aspirant i skulekorpset og spelte tenor, baryton og trombone. Denne brukte han også i Ten Sing-koret og i fleire år i Hornmusikken på Stranda.
Men hovudinstrumentet hans skulle bli El-bass. Ein gitarist som hadde spelt i band på Austlandet, flytte til Stranda og begynte å undervise i gitarspel. Her blei Peder med og fann saman med andre og starta bandet Akropolis, som han var medlem i fram til 1981 då han flytta til Stordal. Dei fire siste åra med Akropolis levde han av bandspelinga som profesjonell musikar.
Peder hadde knapt fått installert seg i bygda før han blei henta inn som dirigent for skulekorpset. Midt i den travlast husbygginga var han heilt sentral for at Stordal Storband vart etablert i 1983 sidan eit oppegåande komp er ein føresetnad for at det skal swinge av musikken. Om lag samstundes var han medlem av vokalgruppa Pejolane både med song og komp.
Pejolane og Peder vart så svært viktige deltakarar i dei populære revyane til Hornmusikken. Peder var med både på 80- og 90-talet.
På 2000-talet held han fram med sitt store engasjement for musikklivet og sa ikkje nei til store rollar i konsertane til Hornmusikken m.a. med Elvismelodiar, 80-talsmusikk og med country, som han også fekk framføre for tidlegare sambygdingar på Stranda.

Var det behov for musikalsk hjelp, stilte Peder opp og hjelpte m.a. toradarane når dei skulle framføre gammaldansmusikken sin.
Peder tok seg tid til alt dette sjølv om han i alle år har hatt meir enn nok å styre med. Han har bygd opp sitt eige agenturfirma med kontaktar som måtte pleiast i inn og utland. Samstundes bygde familien opp Blåtind og Kokarsteinen mykje med eigen innsats. I tillegg stod han og kona Kristin for drifta i ei årrekkje ved sida av sine andre jobbar. Delar av denne verksemda kunne også vere å underhalde gjestane musikalsk.
Peder har gledd seg over å ha to søner som begge er musikalsk gåverike. Tradisjonen frå barndommens familieorkester vert vidareført når dei har tid til å sette seg ned med gitarane. Kvaliteten i framføringane har stordalspublikummet fått glede seg over i fleire samanhengar.
Kreativitet, overskot, speleglede og engasjement har vore Peder sitt varemerke og stordalssamfunnet nyt godt av dette både musikalsk og i hans grunderinnsats i næringslivet. Heldig er ein kvar stad som får ein slik ressursperson i sin midte!
Jarle Helgesen
Jarle starta som aspirant i Aspøy Skoles Guttemusikkorps hausten 1967 som niåring. Fleire av kameratane hadde bestemt seg for å starte og ville ha Jarle med. Han kunne allereie lese notar og spele blokkfløyte, så han valde å bruke den under testen for å bli aspirant i korpset. Korpset sin dåverande dirigent, Arild Rønnestad, fann fort fram ein klarinett som Jarle skulle få prøve. Sigurd Ramsli, som sjølv spelte i korpset, vart peika ut som instruktør. Det var øving kvar onsdag med ein eller to korte melodiar i lekse. Jarle øvde kvar dag, så det vart etter kvart for lite lekse. Han øvde og inn songar han høyrde, og sjølv utan notar var det spesielt songane frå Sound Of Music som fengde.
For å bli betre kjend med klarinetten og korleis den fungerte, vart det til at han ein kveld skrudde den frå kvarandre. Delane vart nøye studert og han fann fort ut korleis systemet hang saman. Så vart delane sett saman igjen, og alt fungerte. Hjelpeklaffar fekk ein ny dimensjon, og dette var starten på ein viktig forståing av samarbeidet mellom fingrar og notar.
Etter berre sju månader som aspirant skulle han no få prøve seg saman med korpset. No vart det mykje øving og speling, noko som han likte, og han utvikla seg til å bli ein svært dyktig klarinettist.
Med ”Aspøyguttane” fekk han vere med på mange turar utanlands. Spesielt var det venskapsbyane til Ålesund som var målet. Då vart det alltid store konsertar og mykje publikum. Han var ved fleire høve solist på konsertar både heime og ute.

Då Arild Rønnestad gav seg, blei Tor Haram ny dirigent, henta frå eigne rekkjer. Under Tor si leiing fekk Jarle auga, eller øyra, opp for akkordar. Harmoniane vart viktige, og han fekk etter kvart sans for å spele i små grupper der harmoniane var særs viktige. Han starta ein blåsekvintett saman med bror Dag; fløyte, Rune Karlsen; Horn, Frode Karlsen; Fagott og Gunnar Breivig; Obo. Denne kvintetten fekk ros frå både publikum og dåverande kultursjef Bjørn Keyn.
Denne oppvakninga førde til at Jarle etter kvart prøvde seg på sine første arrangement for aspirantane, då han på denne tida var blitt lærar for nye rekruttar. Jarle fekk også prøve seg som hjelpedirigent. Dette takla han greitt, men dirigentdraumen var enno ikkje vekt. Først etter at militærtenesta i Hans Majestet Kongens Gardes Musikkorps var over, vart det aktuelt med spørsmålet; Vil du bli dirigent for ”Aspøymusikken”? Tor Haram hadde fått stillinga som dirigent for ÅUM, og stillinga i ”Aspøymusikken” vart ledig. Etter at styret i korpset hadde ytra sterke ønske om å få Jarle som dirigent, og både Arild Rønnestad og Tor Haram støtta det ønsket, svara han ja, og dermed gjekk Jarle inn i ei ny verd. Den første tida vart han støtta og fekk mykje hjelp av dei to forgjengarane sine som var til stades og oppmuntra han under øvingane.
Etter første året som dirigent vart det dirigentkurs 1 i regi av Norges Musikkorpsforbund. Her fekk han kyndig opplæring av karane i Ytre Suløens Jazzensemble og gjekk ut med full score. Året etter vart det dirigentkurs 2 med same resultat.
Gjennom 1970, 80 og 90 åra vart Jarle ofte leigd inn som instruktør for fleire av korpsa i distriktet, og vart etter kvart ein kjend og ønska person innan musikkmiljøet. Utover 1980 og 90 åra var korpsa nede i ein bølgjedal, og det var vanskeleg å rekruttere dirigentar til dei korpsa som sleit. Men Jarle fekk mange tilbod og som ja-menneske vart han etter kvart dirigent for kor og fleire av korpsa i distriktet samstundes. Det vart ein tettpakka timeplan, noko som førte til at han etter kvart slutta å spele sjølv.
Som det går fram i punktet om Cor-x, i Kap. 3, har Jarle også solid bakgrunn i kordireksjon. Gjennom dei ulike dirigentkursa for korps og kor har han fått opplæring av fleire kjende dirigentar mellom anna; Alfred Reed, Trevor Ford, Morten Schultz Jensen, Carl Høgset, Steinar Eielsen og Harry Damgaard.

Jarle er utdanna innan elektrofag og var ferdig med skulegangen i 1978. I 1981 gjekk vegen til Trondheim kor han tok utdaning ved Teleskolen. Etter utdanning fekk han fast stilling i Televerket si avdeling på Molde. Då valde han pga. musikklivet å pendle frå Ålesund til Molde kvar dag. Det vart lange dagar. Opp kl. 0500, i seng kl. 2300. Jobb først, så musikk. Dette heldt fram i fire år, men då telemonopolet vart oppheva og private aktørar kom på bana fekk han jobb hos Telcom AS som drei med sal av mobiltelefonar, alarmar og anna elektronikk. Deretter vart han henta til eit nyetablert selskap; Norsk Telefonsystem AS som importerte telefonsentralar for sal i Noreg. Då selskapet i 1992 valde å flytte verksemda frå Ålesund til Oslo, valde Jarle å ikkje følgje med vidare.
Jarle jobba framleis med fleire dirigentoppdrag og i 1993 kom Stordal Hornmusikk på bana. Han tok ved som dirigent og fekk då enda ein kveld med pendling frå Ålesund. Samstundes fekk han i skuleåret 1992-93 arbeide som vikar ved fleire skular i Ålesundsregionen, med særs gode tilbakemeldingar.
Han vart ved fleire høve oppmoda til å ta lærarutdanning. Med yrkesfagleg utdanning mangla Jarle nokre fag for å kunne søkje, så det blei Fagerlia Vidaregåande skuleåret 1993-94. Han starta lærarutdanning hausten 1994.
Med dette avgjerande valet vart det etter kvart nødvendig å trappe ned på dirigeringa. Jarle hadde no møtt Diana og busett seg i Stordal. Av alt han hadde jobba med, stod no berre Hatlehol Skulekorps att. Planen var å pendle mellom Volda og øvingane med korpset.
Dette skar seg allereie første dagen på lærarskulen. I den fullstappa aulaen på skulen sat han og høyrde på opningstalen til rektor då ein person kom inn, gjekk langs rekkjene, og spurde etter Jarle Helgesen. Jarle gav seg til kjenne og vedkomande bad han følgje han ut. Ute i vestibylen presenterte vedkomande seg som Bjarte Humberset, leiar for Volda Hornmusikk. Dei trengte ny dirigent og dei hadde høyrt at Jarle skulle studer ved skulen. Jarle forklara situasjonen for han, men det vart etter kvart til at han sa seg villig til å ta stillinga. Korpset ordna med ein rimeleg hybel, og dermed var studia og dirigentkarrieren i Volda i gang. Etter eit år med studering og dirigent for to korps, valde han å seie frå seg stillinga i Hatlehol Skulekorps.
I tillegg til dei obligatoriske studiefaga valde Jarle å fordjupe seg i matematikk, naturfag, kunst & handverk og sjølvsagt musikk. No fekk han endeleg formalisert sin store musikkunnskap, og han vart etter kvart særs dyktig i satslære, arrangering, koralharmonisering og komposisjon. Fleire av arrangementa heldt så høg kvalitet at læraren i faget, Olav Dahle som sjølv dirigerte kor, spurde om å få bruke dei på sine konsertar. Det fekk han sjølvsagt lov til.
I 1996 under ei praksisperiode i Stordal vart Jarle kontakta av Lars Joranger. Lars var leiar i Stordal Skulekorps og var på jakt etter ny dirigent. Etter ein del overtaling gjekk Jarle til slutt med på å overta korpset. Han hadde framleis to år att på lærarskulen så da vart det meir pendling. Denne stillinga hadde han fram til 2007. I 1997 vart det lyst ut ei stilling som musikklærar ved Stordal skule. Med berre eit år att av studia valde Jarle å søkje på stillinga. Han fekk stillinga, og tok til med undervisning i musikk hausten 1997. Det vart tilrettelagt slik at undervisninga vart lagt til fredag då Jarle hadde fri frå lærarskulen denne dagen.

Dette var starten på ein særs stor innsats for song- og musikklivet i kommunen. Provet på det ser vi i mange av kapitla ovanfor der noko av det han har vore med på er presentert.
Han leia Skulekorpset i åtte år med stor aktivitet og høgt medlemstal. Han starta også mannskoret Cor-x, som hadde mange gode år med flotte framføringar. Han fekk der med seg både røynde korsongarar og andre musikalske karar med erfaring både frå korps og band.
Han skipa også fleire mindre grupper m.a. ein lokal variant av gitarkameratane, som i nivå var langt over det jamne.
Minst like viktig er hans innsats i skulen der han har tatt initiativ til store oppsetjingar som har gjort musikkopplæringa svært motiverande og har gitt eit stort publikum høve til å oppleve kor flinke lokale barn- og unge kan bli med god instruksjon.
Dette fekk også andre enn stordalingar sjå då rockemusikalen We Will Rock You hausta stor suksess både her, på Stranda og i Ålesund. Dette oppsettet hadde dei driftige ungdommane som starta prosjektet neppe fått til utan Jarle si kyndige hjelp.
Det var eit lukketreff å få ein kapasitet som Jarle til bygda, og vi er sikre på at han framleis vil vere med å gi bygdefolket gode opplevingar både som utøvar og gjennom opplæring og instruksjon.
Marianne Ravn Stavseng

Bilde er henta frå hennar Facebookside
Marianne Ravn Stavseng kjem frå Ålborg i Danmark der ho vaks opp og fekk si første utdanning innan musikk ved Universitetet i Ålborg. Det var klassisk song som var hovudinteressa til Marianne og ho valde å reise til Roma for å ta høgre utdanning der. Der trefte ho Ola, og etter kvart flytta dei frå Italia til Stordal – Marianne med diplomgrad i song.
Marianne fekk etter ei kort tid arbeid som songpedagog på musikkskulen i Ålesund og har hatt sitt virke der i alle år. Ho tok tidleg på seg oppdraget med å leie operakoret i Ålesund og har innstudert fleire store førestillingar med koret og solistar frå Operaen. Carmen og Hoffmanns eventyr er eksempel på slike oppsetjingar. I seinare år har dei produsert sine eigne førestillingar med «Disneys magiske verden» som det mest omfattande opplegget. Koret er fast samarbeidspartnar med Ålesund symfoniorkester seinast med ein kritikarrost nyttårskonsert no i 2020. På denne konserten hadde Marianne ei berande solistrolle slik ho har hatt i eit mangfald av oratorie- og klassiske konsertar i og omkring Ålesund.

Folket i Stordal har hatt mange høve til å oppleve songen til Marianne. Ho meistrar det meste innan klassisk song og hennar kompetanse som koleratursongarinne er på særs høgt nivå. Ho har trollbunde publikum med sine tolkingar. Ho har heller ikkje takka nei til å framføre anna musikk som t.d. jazzinspirerte låtar når det har vore behovet t.d. på tilstellingar som årsfestane for Stordalshallen. Marianne har sunge på fleire julekonsertar også i duett med sonen Kristoffer Olai og samspel også med dottera Kristina Malene og elles ved mange andre høve.
I 2005 fekk vi høyre Marianne i lag med tenoren Harald Bjørkøy og Odd Johan Overøye i Kyrkjehola Kulturbeite sitt program «I skuggen av Grieg».
Mange av dei håpefulle talenta innan song i Stordal har fått hjelp med teknikken av Marianne både på timar her og ved skular i Ålesund. Ho har også akkompagnert på piano når elevane hennar har framført songar på ulike tilstellingar. Det er ein stor ressurs å ha ein kapasitet som Marianne i bygda.
Maria Holand Tøsse
Når ein kjennar slekta til Maria, er det slett ikkje overraskande at Maria begynte med alpint og fotball og at ho presterte på eit høgt nivå på begge desse områda. Då var det meir uventa at ho etter kvart skulle la song og musikk heilt ta over som hovudinteresse. Som dei fleste musikkglade i Stordal, var også Maria klar til å gå inn i Skulekorpset og lærde seg å spele saksofon. Men hennar interesse var ikkje der. Ho ville synge og også kunne kompe seg sjølv på tangentinstrument. Saman med jamaldringar skipa ho tidleg band, men vi treffer henne mest som soloartist i mange ulike samanhengar gjennom skuleåra i Stordal og også etter ho flytta ut..

Bilete henta frå hennar Facebookside
Etter Stordal skule blei det musikklinja ved Fagerlia vidaregåande skule der ho kom i kontakt med mange medelevar som ho spelte saman med i ulike konstellasjonar før ho kasta seg ut i den store musikkverda med deltaking m.a. i Idol, «Det store Korslaget» og X-faktor. Maria har journalistutdanning og arbeidde for Radio Ålesund og NRK Møre og Romsdal, men så valde ho til glede for mange å satse for fullt som songar og konferansier, med hovudfokus på arrangement. No er Maria ein etablert artist med eit svært breitt repertoar, som gjer at ho kan ta på seg alle typar oppdrag.
Maria starta tidleg med songtimar med Marianne Ravn Stavseng og hadde Grethe Kielland på vidaregåande skule. Ho hadde også eit langt og nært samarbeid med Solveig Håvik. Etter at Maria flytta til Oslo, hadde ho kvar veke tett oppfølging av songpedagog Tonje Stenberg. I etterkant av vidaregåande har ho halde fram samarbeidet med Solveig Håvik og pianisten Johan Sewerin, som har vore hennar faste pianist på oppdrag.
Maria si karriere er omtala i Kap. 8. Vi finn også mykje om hennar deltaking på arrangement i Stordal i Kap. 10 og også i andre delar av dette attersynet.
Men det er ikkje berre eigne framføringar som er verdt å trekkje fram. Maria har i ei årrekkje vore ein svært sentral person i det musikalske miljøet i Stordal. I regi av Barnas kommune har Maria årvisst hatt work-shops for våre barn i samband med Stordalscup og elles vore trottug inspirator på musikkverkstaden og ungdomsklubben. Maria er sertifisert og utdanna NLP coach. Det er ikkje få born og unge som har gjort sin musikalske debut på songscena etter Maria si opplæring – til glede for stolte foreldre og sambygdingar og til personleg utvikling for deltakarane. I tillegg til gode opplevingar er det god førebuing for komande utfordringar å stille seg fram for publikum for desse elevane til Maria. Kanskje fleire av desse vil bli framtidige korsongarar. Då kan dei begynne i Big Valley Voices – eit damekor som vart skipa i 2014 og hadde Maria som sin første dirigent. Også her kunne vi sjå korleis Maria sin energi spegla seg i kormedlemmene si framferd og framføring på scena. Trivselsfaktoren i koret såg ut til å vere på topp!
Ho fekk også med seg mange både yngre og eldre frå bygdene våre på dei særs kreative videoane Happy in Stordal og Stordalsamba – to flotte presentasjonar av Stordal på sitt beste.
Sjølv om dette attersynet gjeld fram til 2020, må vi ta med at coronakrisa dette året har skapt store utfordringar for alle som lever av å framføre musikk. Å misse moglegheitene til yrkesutøving over natta, har ikkje vore lett for artistane og skapt eit stort sakn for alle dei som likar å høyre på og oppleve konsertar. Maria sitt svar på dette er vel typisk for henne. Ho tilbyr alle å kome inn til seg via nettet å ta del i «Stuekonsert med Maria» på Facebook. På desse konsertane er det på jamne rundt 200 personar samla i kvar sending, men det har vore over 1000 personar samtidig på det meste. Fleire har gitt tilbakemelding på at det har vore eit lysglimt i ei mørk coronatid. Maria ville gjere dette for å skape håp, energi og glede inn i heimane til publikummet sitt.
Maria er mellom dei som har gjort song og musikk til eit gode for våre innbyggarar gjennom å by på seg sjølv og sitt talent, si inspirerande hjelp til dei som vil lære og som idol for born og unge som sjølve vil synge og spele.
Jenny Langlo
Song og musikk er viktige element i dagleglivet til dei fleste. Å lytte og forhalde seg til musikk skaper trivsel i kvardag og fest og gode opplevingar når vi har tid til å lytte og leve med. Dette gjeld for alle, men det er slett inga ulempe å ha fått vore med å musisere sjølv og fått innsikt i musikken «innanfrå» med eigne erfaringar. For mange kan deltaking i musikalsk aktivitet bli eit livslangt engasjement, men også opne for ei vidare kulturell interesse utover det musikalske.

Foto: Stephen Butkus
Dei siste femti åra har Skulekorpset i Stordal vore ein døropnar til musikken for mange born og unge. Men dagens ungdom har i tillegg TV, strøymetenester og sosiale medium som kan drage dei inn musikkverda. Her finn dei sine sjangrar og sine idol. Mykje av drivet for å kome med og halde fram med musikk er å ha førebilde som er så nær at du kan identifisere deg med dei. Ei av dei som har blitt idol for våre barn og unge er Jenny Langlo.
Jenny vaks opp i ein heim med sterke musikktradisjonar. Mange i slekta var dugande musikarar og det ville nok vore rart om ho ikkje følgde tradisjonen og begynte i Skulekorpset. Etter kvart plussa ho på med andre instrument og begynte å lage eigne låtar som ho framførde for eit stadig meir lydhøyrt publikum. Jenny tok også tak administrativt både i korps og i andre samanhengar for at ungdomane i bygda kunne få bruke interessene sine i gode øvingslokale og få framføre på eigna arenaer.
Jenny fortel: «Eg huskar veldig godt den første tida eg gjekk til undervisning i saxofon med Arild Hove som lærar, før eg begynte i korpset (eg gjekk vel i 3. klasse eller noko slikt). Vi spelte kjekke songar frå Disney og eg blei svært inspirert til å øve på saxofon. Så dette hugsar eg godt som det første møtet med eit instrument eg ville øve på og som veldig kjekk undervisning! Uten saxofonen og tida mi i korpset hadde eg neppe gjort musikk-karriere seinare. Og generelt opplevde eg at eg fekk svært mange moglegheiter og støtte i Stordal til å utforske det å drive med musikk i barne/ungdomsår, spesielt på arrangement og arenaer som UKM, musikkverkstaden, Stordalstrøkk og ungdomsklubben.»

Fagerlia vidaregåande skule blei neste stopp etter at Jenny var ferdig på Stordal skule. Her fekk ho møte mange andre talentfulle ungdommar, som deltok på tilstellingar rundt om i forskjellige konstellasjonar og i store oppsetjingar i regi av musikklinja på skulen.
«I Ålesund hadde eg fleire inspirerande lærarar på musikklinja som blei viktige – eg kan trekke fram Grethe Kielland som sangpedagog og Sigve Klevberg og Georgie Paskalev som gitarlærarar. Svært talentfulle og pedagogiske lærarar som betydde mykje for meg på musikklinja», seier Jenny.
Så kom tida med Idol, og Jenny stilte godt førebudd på å møte ulike sjangrar gjennom heimlege erfaringar:
«Eg fekk min tidlege kjennskap til musikk gjennom platesamlinga til mor og far. Dei hadde begge stor interesse for musikk. Eg ser nok at eg spesielt har arva musikksmaken til min far, med blant anna enorm fascinasjon for Queen og ei rekke store musikalar. I tillegg brukte eg svært mykje tid på internett og å utforske både ny og gammal musikk. På den tida var jo for eksempel Youtube nytt, så dette blei på sett og vis min aller fyrste gitarlærar, aleine på jenterommet i Stordal», fortel Jenny.
Vi har fortalt meir om Jenny si karriere i Kap. 8. Også i Kap.10 er Jenny hyppig omtala m.a. som deltakar i UKM, på Stordalstrøkk og mange andre tilstellingar. Etter 2011 er ho hovudattraksjon på fleire arrangement. Det er mange unge stordalingar og dyrkornbygdarar som med stjerner i augo har sett henne opptre og tenkt at ho gjekk på same skulen som eg og i same korpset. Betre inspirasjonskjelda for å begynne med og stå på med song og musikk kan knapt finnast! Eit sant Idol med bakgrunn som våre neste håpefulle kan identifisere seg med.
Du kan sjå og høyre mykje meir av det Jenny har vore med på om du besøker hennar Facebookside.
Den neste på lista?
Kriteria for å kome på denne lista er enten ein uvanleg brei og stor innsats for song- og musikklivet i Stordal eller å arbeide profesjonelt med musikk. Vi har fleire aktuelle i begge desse kategoriane og ved neste revisjon vil kanskje fleire kome med.