Bakgrunn
Song i kyrkjene og i kristne forsamlingar
Kort tid etter at Olav Haraldsson døydde og vart martyren og helgenen Olav den heilage i 1030, kom dei første pilegrimane til Trondheim. Song av unge gutar vart alt frå den tida del av den kyrkjelege kulturen og held fram som fast innslag i messer og tidebøn i fleire hundreår framover. Nidarosdomens guttekor har såleis ein snart tusenårig tradisjon og reknar seg som Noregs eldste kor. Det har såleis vore korsong i kyrkjene sidan mellomalderen. Etter reformasjonen vart salmesong ein endå viktigare del av gudstenesta no med kyrkjelyden som meir aktive i songen.
Verdsleg korsong
Det kom kor knytt til skodespel- og operascener frå 1700-talet då det også førekom fleirstemt song i private heimar, men kor som folkerørsle kom ikkje før i andre halvdel av 1800-talet. Det første koret som opptredde offentleg, var Den norske Studentersangforening, som blei stifta i 1845. Ein viktig motivasjon for stiftinga var at koret gjennom sitt repertoar skulle uttrykke nasjonale og skandinavistiske idear, noko den første dirigenten til koret, Halfdan Kjerulf, gav dei rikeleg høve til. Han arrangerte og komponerte fleire av verka som koret framførte, og eit av paradenumra blei ”Brudefærden i Hardanger”, med tekst av Andreas Munch, inspirert av Tidemand og Gudes maleri. Verket ble uroppført i Christiania Theater i 1849, under ei førestilling som skulle bli eit av nasjonalromantikkens høgdepunkt.
Norskdom og nasjonsbygging var sentralt på andre del av 1800-talet. Innsamling av t.d. folketonar, segn og eventyr og leiting etter det norske fekk også komponistar og forfattarar til å lage nasjonale verk m.a. for kor. Desse vart framførde til entusiastisk publikumsmottaking og etter kvart vart det populært for kora å setje kvarandre stemne rundt i landet. Dette vart insitament for nye kor. Vestlandet og Møre og Romsdal merkte seg ut ved at det der vart starta særleg mange kor mot slutten av 1800-talet.
Lærarutdanning
Fram til siste delen av 1800-talet hadde lærarane oftast lite formell utdanning og tente knapt til føda dersom dei ikkje hadde anna innkome ved sida av. I 1827 kom ei lov som sa at når klokkarane etter kvart gjekk av, skulle kyrkjesongarar tilsetjast i deira stad. Desse skulle også vere lærarar. I denne lova vart det òg sagt at kvart stift skulle opprette eit stiftseminar for utdanning av kyrkjesongarar og andre fastskulelærarar. Faga for elevane skulle vere lesing med forstandsøvingar, religion og bibelhistorie, song etter salmeboka og skriving og rekning. Desse faga blei det også undervist i på lærarskulane. Det er verdt å merke seg at song er nemnt før lesing og skriving i lova.
Alle stift hadde etablert stiftseminar frå 1841. I Volda skipa M. Aarflot ei lærarutdanning i 1861. Hit kom det oppvakte ungdomar frå landsbygda, mange frå små kår. I artikkelen Folkeopplyser, nasjonsbygger og reformpedagog: Lærerstandens selvbilder og strategier skrivGro Hagemann:
«Mange var pionerer i sin slekt og i sin bygd: de var de første som tok skrittet ut av bygdenæringene og skaffet seg utdanning for å forberede seg til et moderne yrke. Dette var et skritt som for de fleste kom til å innebære et sosialt avansement. De vendte tilbake til hjembygda eller til et annet småsamfunn med kunnskaper som det var knapphet på og en innsikt i den nye tids ideer som gjorde mange av dem til lokale lederskikkelser. Svært mange av dem kom da også til å gjøre seg gjeldende langt utenfor skolestua, i foreningsliv og politikk, i frivillig ungdomsarbeid og sosialt arbeid.»
Statusen til læraren auka no mykje, og dei fekk lønn som dei kunne leve av.
Det er såleis ikkje uventa at det blei starta mange kor på våre kantar når folk vart kjende med korrørsla og dette kom til bygds samstundes med utdanna kyrkjesongarar og lærarar som skulle skulere elevane i salmesong og hadde visjonar om å vere med på å gi folk eit betre liv. Nokre av desse lærarane med entusiastisk tru på utvikling og nasjonsbygging ønskte å vere noko meir for samfunnet ved å stå for byggjande aktivitetar som korsong.
Dei første kora i Stordal
Det første mannskoret og blandakoret

Ein slik ung lærar kom til bygda kring 1870, Magnus Aurstad (frå Volda). Han fekk borna med på fleirstemt song. Dette vakte merksemd i bygda og også songglade vaksne stordalingar kunne tenkt seg å prøve dette. Men Aurstad flytta før han fekk gjort mykje ut av det. Etter han kom Lars Ringstad hit som lærar og kyrkjesongar. Folket var då blitt klar for fleirstemt song og i 1871/72 fekk han i gang eit mannskor, som truleg var første koret i bygda. Han leia koret i dei tre åra han var her og til han fekk klokkarposten i Stranda i 1874 og flytte dit. Etterfølgjaren Peter P. Hove førte koret vidare, men han ville at også kvinnene skulle vere med og fekk skipa blandakor. I jubileumsskriftet Sunnmørssong i 75 år står å lese:
«Han var både ein drivande songleiar og ein mann som kunne samle ungdomen. Dei gjekk milevis til korøvingane. Songane lærde dei or Lindemans koralbok og «Sions Harpe». Mange av songarane var hornblåsarar på moen. Dei vart seinare faste tamburar og arbeidde fram på eiga hand Stordalens Musikkorps. Songarar og musikkarar var med i kyrkjekoret og styrde samsongen med trestemmig korsong. Ja, til høgtidene nytta dei jamvel hornmusikk attåt. …. »
Hove fekk Kongens fortenestmedalje for det trufaste arbeidet mellom ungdomen.
Frå 1872 til over hundreårsskiftet var det kor i bygda heile tida. Lærar O.S. Dyrkoren skipa i 1898 eit nytt mannskor som han tok med seg til det første songarstemnet på Sunnmøre som vart halde på Skodje. Dei framførte
- Reissiger: I Guds frie natur
- Bjærum: Jesus, du som elsker mig
- Søraas: Tillid
- Lindblad: Naturen och hjertat (høyr dobbelkvartetten Balder synge)
Blandakoret tok også del på stemnet under namnet Stordalens Kirkekor – dir. Hove. Med repertoaret
- Schulze: Lydt gjennom verdners rom
- Moe: Norge, Norge
Fire kor frå bygdene tok del – to av dei frå Stordal.

Kor på første halvdel av 1900-talet

O. S. Dyrkoren fekk ny stilling i 1903 og etter han flytta vart koret lagt ned. Amerika-feberen kring hundreårsskiftet var truleg ein av grunnane til at det vart vanskeleg å halde oppe korarbeidet på starten av 1900-talet. Men kyrkjekoret var med på gudstenestene så lenge Gamlekyrkja vart nytta og også etter at Nykyrkja kom i bruk. I 1928 starta Petter L. Kirkebø opp eit nytt kyrkjekor som skulle vere i sving i mange tiår framover. Det vert elles vist til eigen del i dette heftet som omhandlar musikk og song knytt til kristelege lag og foreiningar.
Son til Peter P. Hove — Martin — starta eit kor i 1906. Men så fekk han lærarpost utanom bygda, og koret hans gjekk inn. I 1910/11 fekk læraren Lars Hjelle i gong eit mannskor. Men så ville også kvinnene vere med. Hjelle starta då eit godtemplarkor. Dessutan hadde Jens Mo på denne tida fått i gong eit anna kor knytt til ungdomslaget. I lengda gjekk det ikkje med to kor og dei vart etterkvart slegne saman, med Jens Mo som leiar. Han fekk god sving på det og koret reiste på fleire songarstemne.
Det gjekk nok litt opp og ned med korverksemda på denne tida. I møteboka til Ungdomslaget står det at dei på nyåret 1914 måtte arbeide mykje for å få i gong att koret. Dei kom i gong med øving i februar og opptredde på pakkefest 2. påskedag Om sommaren dette året vart det avvikla songarstemne i Stordal.
Etter dette stemnet kom det retteleg fart i korarbeidet og dei var ofte med på dei mindre stemna. Sivert Overøye hadde koret i eitt år (1919-20) og møtte med det på songarstemna i Valldal. Ved sida av Peter P. Hove og Peter Kirkebø var Jens Mo ein av dei aller viktigaste for songen i Stordal. I alt var han korleiar i 15 år i tillegg til å vere organist bortimot 40 år.

1920-talet
Det var to kor i sving på julefesten første nyttårsdag 1921. Eit mannskor var starta opp att og opna programmet og hadde seinare ei avdeling til, og også blandakoret hadde to avdelingar. På det store stemnet til ungdomslaget i 1921, var begge kora med. Mannskoret er nemnt fleire gongar som programinnslag både på julefestane og andre tilstellingar i 1922 og blandakoret er med på 17. maifeiringa i 1923. Vi veit såleis at det var god aktivitet på starten av 1920-talet.
Dette kan vi lese utifrå møtebøkene til Ungdomslaget. Dei fortel mykje fordi Breidablik ofte var arena for tilstellingar enten det var i regi av ungdomslaget eller dei leigde ut lokalet til andre lag. Diverre er møteprotokollane for åra 1924-1933 komne bort slik at det er vanskeleg å seie noko om koraktiviteten denne perioden. Andre kjelder er ikkje kjende, men ville vere svært kjærkomne om dei fanst.
1930-talet
Med bakgrunn i det som låg føre av fakta, er det i stordalssoga «Farne tider» slått fast at det ikkje var særleg koraktivitet på 1930-talet: «I 1930 tok Peter L. Jøsvold i ferd med eit mannskor, men dette fekk heller ikkje noko langt liv.» Dette kan nok vere rett i det store perspektivet, men møtebøkene til SUL fortel om eit kor som deltok på mange tilstellingar fleire år utover på 1930-talet.
Mannskoret var såleis eit viktig innslag i 17. maifeiringa 1934. Dei som var til stades på den tradisjonelle julefesten 1. nyttårsdag 1935, fekk også underhaldning av mannskoret. På julefesten året etter, var mannskoret erstatta av eit blandakor under leiing av Peter L. Jøsvold. Han leia dette koret frå 1935, og heile 40 medlemmer var med og song. Det synest utifrå møteboka at dette koret var ein del av ungdomslagstilbodet. Utifrå desse opplysningane kan vi slå fast at det ser ut til å ha vore korsong iallfall fram til 1936. Peter Jøsvold skriv i si stordalshistorie at koret vart lagt ned då Peter Kastberg Jøsvold reiste på befalsskule.
SUL nemner ikkje kordeltaking i sine arrangement i åra fram til 1942.
Kor på Dyrkorn

Dyrkornanleggene AS vart skipa i 1913 og kom i drift i 1915. På få år vart dette ei bedrift som trong mange arbeidarar. På det meste var det 70-80 tilsette på Dyrkornfabrikken. Det synest å ha vore eit godt forhold mellom arbeidarar og leiinga og til bygdefolket. Folketalet auka sterkt og gav optimisme og framtidstru. Lagsarbeidet var aktivt og godt med losje for både vaksne og born og eit svært aktivt ungdomslag, som var oppteke av samtida og der mange fekk trening i å fremje sine meiningar.

Med så mange unge samla var det eit godt utgangspunkt også for å starte kor. Men då måtte det finnast nokon som kunne leie og dirigere. Rundt 1923 kom Rasmus Flydal flyttande frå Geiranger til Ytresætra. Han var svært musikalsk og spela også fele. Etter kvart kom det i stand eit kor som Flydal dirigerte i fleire år. Han vart sjuk på midten av 1930-talet og døydde i 1938. Koret vart lagt ned då Flydal blei sjuk. Det er imponerande å sjå at koret i 1930 hadde om lag 30 songarar og at det var om lag like mange menn som kvinner.

Petter S. Dyrkorn har i boka si Eg minnest så mangt med ein prolog han skreiv til songarfest i 1934 saman med bilete av Flydalskoret. Det kan verke som om denne songarfesten blei arrangert på Dyrkorn når ein ser kor stort engasjement det var rundt koret.

Olav Ekre kom flyttande med familien til Dyrkorn i 1936. Dei kom frå Jondal i Hardanger, der Ekre hadde vore kordirigent ved sida av læraryrket. Han dirigerte fleire kor på Dyrkorn.
Truleg låg blandakoret nede nokre år før Ekre fekk det i gong att på 1940-talet. På biletet, som seiest er teke under krigen, er dei samla på trappa til Solstad, huset til Ekrefamilien, der dei ofte hadde øvingane sine.
Det er imponerande å sjå at koret har 24 medlemmer med femten damer og ni menn. Dette utgjorde nok ein stor prosentdel av dyrkornbygdarane på den tida.

Ut på 1950-talet skipa Ekre eit mannskor. Det vart starta for å opptre på ein juletrefest, men dette var så kjekt at dei fortsette ei stund. Både Kjell Ekre og Per Flåen minnest å ha vore med i dette koret, som øvde på bedehuset. Dei meiner at koret hadde ei nokså kort levetid.
Som mange andre lærarar la Ekre også opp til at skuleelevane skulle få synge fleirstemt for å kunne vise seg fram og lage underhaldning for sambygdingane. Dei opptredde gjerne på julefestar, basarar og andre samkome.
Edith Parr fortel at det var i gong eit barnekor ein periode som Lovise Fremsæther dirigerte. Ho husker også at Olga og Borgny Gjerde var engasjerte i dette. Dette var rundt 1946. Øvingane var hos Lovise og på bedehuset. Ho trur at dette var for yngres avdeling i regi av Blå band (avholdsforening)
Barnekor i Stordal

Også lærarar i Stordal let elevane synge fleirstemt. Peter Søvik var ein av dei som var meir enn vanleg oppteken av musikk. Han spelte sjølv fele i Stryken, var klokkar og songar. Han spelte gjerne fele til songen i klassene sine og lærte elevane både salmar frå salmeboka og songar frå Songboka til Lars Sørås. Denne boka inneheld svært mykje av den eldre songskatten vår i tillegg til innføring både i notar og songteknikk. Boka inneheld fleire tostemte og trestemte songar som vart sungne også i våre skular.
Leif Dybdal og Svein Sæter hadde felles minne om at skulen hadde kor som ein del av opplegget i opplæringa. Desse kora opptredde m.a. på bedehusfestar. Dei trur at kora vart sett saman av dei elevane som gjekk i same klasse i storskulen. Kanskje er det sterkaste minnet til Leif knytt til ei framføring som var ekstra trasig fordi ei generell vegring mot å opptre vart forsterka på grunn av at han var i stemmeskiftet. Heldigvis skjønte lærar Søvik at det kanskje var best han slapp denne pina og gav han fritak.
Mellom dei songane som var brukt hugsar Leif m.a. Alle fugler, Ola Glomstulen og No livnar det i lundar av tostemte. Deilig er jorden, Det hev ei rose sprunge og Det lyser i stille grender vart sunge trestemt. Rett som ørnen stiger var ein favoritt. Svein huskar at dei ein gong song denne i lag med litt eldre elevar, der spesielt ein vart inspirert til å framføre visuelt litt av ørna si flukt utan at dette såg ut til å imponere lærar Søvik i særleg grad.
Det var spesielt i songtimane det vart øvd på fleirstemt song, men mange av skuletimane hadde eit lite avbrekk med song – gjerne ein av dei fleirstemte songane som det vart arbeidd med.
To av dei som tok med seg songen utanfor skulen var Helga Sæter og Inger Stavseng. Dei song tostemt og spelte gitar på ulike tilstellingar både på Bedehuset og Ungdomshuset. Dei fekk og oppdrag utanom bygda. Helga minnest at dei deltok på ein amatørkonkurranse på Dreges hotell. Då hadde dei også med seg Per Kåre Sæter på gitar. Ei spennande og stor oppleving for Stordalstausene, som dei kalla seg.
Willie Vieth vart i fleire periodar leigd inn av Hornmusikken for å lære nye rekruttar notar og speleteknikk. Han var tilsett av Norges guttemusikkorps landsforbund som instruktør og reiste landet rundt. Han hadde fast bustad på Åndalsnes og var såleis «lett» tilgjengeleg for arbeid på Sunnmøre.

Det er uvisst om han også vart kommunalt løna i dei periodane han var i Stordal for det er tvilsamt om Hornmusikken eller forbundet ville betalt for arbeid med kor. For i ein periode innafor slutten av 1950-talet og dei første åra på 60-talet dreiv han eit barnekor. Dette var eit kor som ikkje var knytt opp mot kristne organisasjonar, som seinare skulle vie mykje tid til barnekor.
Ola Stavseng og Kirsten Holt Ludvigsen var med i koret og minnest både øvingar og at koret hadde framføringar. Også Kjetil Kvammen var med i koret. Han fortel:
« Både folkeskulen og gutemusikken trur eg la eit visst grunnlag for musikalsk interesse. Willie Vieth hadde undervisning i Stordal. Han gjekk for å vere trompetkunstnar og køyrde ein mørkebrun varebil med berre eitt framhjul. Rundt 1960 skipa han eit kor av folkeskuleelevar, kanskje for 4. – 5. klasse. Vi lærde notar og hadde øvingar. Eg kan godt huske den søndagen vi song «Leid milde ljos» under gudsteneste i stordalskyrkja. Vieth hadde arrangert framføringa og eg huskar enno litt av andrestemma og kor godt eg syntest heile framføringa let».
Denne framføringa måtte vere litt spesiell for også Ola Stavseng minnest denne gudstenesta:
«Eg kan enno huske akkordane på salmen og at det var mange i kyrkjelyden som tørka tårer under framføringa. Barnekor er no ofte rørande når dei opptrer, og eg trur Vieth fekk oss til å synge både reint og fint. «Leid milde ljos» er ein mykje brukt salme og eg tenkjer alltid attende på denne opplevinga i barnekoret når den blir brukt.»
Også Sindre Helland var med i koret og denne salmen var det første han tenkte på ved spørsmål om kva han huskar. Han minnest spesielt ei framføring koret hadde på 17. mai truleg i 1963. Det var aktivitetar på skuleplassen og Sindre var ivrig med der heilt til han såg at koret var oppstilt på skuletrappa og dirigenten løfta armane for å starte songen. Sindre pilte opp på plassen sin og fekk eit bistert blikk frå Vieth, som venta med å slå opp til Sindre hadde fått att pusten.

Korverksemda for barn har vore ein svært viktig del av det musikalske tilbodet i bygda. Det meste har føregått i regi av Bedehuset. Marna Overøye, Karin Holt, Kirsti Almås og Ragnhild Fauske har alle gjort eit stort arbeid på dette området og gitt tilbod til alle som ville vere med utan å stille spesielle krav om å høyre til menigheita. Svært mange born har fått god songskulering i kora deira. Det er gitt brei omtale av dette arbeidet i Kap. 5.
Ved fleire høve har m.a. Barnas kommune gitt tilbod om songopplæring som også har omfatta barnekor. Her har Maria Holand Tøsse vore sentral. Skulen har halde fram med å la barn synge saman og kulturskulen har også hatt tilbod om deltaking i barnekor. Publikum har også fått del i deira songglede som vi viser eit døme her då korgruppe frå skulefritidsordninga opptredde på ei dugnadsmarkering under bygging av Stordalshallen.
Kor på andre halvdel av 1900-talet
Mannskor på starten av 1950-talet
Ei stund etter krigen vart det behov for fleire arbeidarar på møbelfabrikkane i Stordal. Fleire av dei som kom tilreisande hadde med seg både instrument og musikkunnskap og tradisjon. Ein av desse var Arnljot Estensen, som var ein dugande trekkspelar som ofte opptredde på ungdomslagsmøte og som kunne spele til dans. Han hadde også erfaring med korarbeid og starta eit mannskor som var tilknytt det gamle ungdomshuset. Koret vart skipa rundt 1954. Inge Busengdal var med og minnest at m.a. Lars Vinje, Olav Øvrebust, Karl Johan Nygård og Svein Tafjord song i koret. Dei opptredde bl.a. på ein 17. mai, hugsar Inge. Far hans, Alfred, gav koret godord, og syntest dei song både reint og fint.
Arnljot Estensen gav seg som dirigent, men koret held likevel fram. Dei tok del i den store opningsfesten for Breidablik 30. mars 1955 då under leiing av Peder Breivik. Mange av karane held fram å syngje i lag på tilstellingar i regi av ungdomslaget då under namnet «Rikjenda sängerknaben» og i det nystarta blandakoret. «Rikjenda sängerknaben» var ikkje ei fast, etablert gruppe, men oppstod ved forskjellige høve når det skulle vere underhaldning.
Kanskje var det gutafestane som var hovudarena for gruppa då karane skulle gjengjelde damene sine festlegheiter på skotårsfestane. Mange minnest deira svært morosame framføring av Han Mass og han Lasse på ei slik tilstelling.

Stordal blandakor
1956 var eit merkeår i historia til Stordal. Med stor festivitas vart vegen mellom Dyrkorn og Stordal opna og stordalingane trong ikkje lenger ferje når dei skulle utover. I forkant av opninga vart det arbeidd med den siste ferdiggjeringa av det nye ungdomshuset Breidablik, som vart opna året før. Siste runde med måling og utgraving av veg m.m. vart fullført like før opningsfesten. Kanskje var eit utvida og nytt Breidablik med betre øvingsfasilitetar grunn til at nokre stordalingar, mellom desse fleire av karane som hadde vore med i mannskoret, møttest 25. januar 1956 for å starte opp att blandakoret. Viktigare var det kanskje at Johan Fremmerlid, røynd kordirigent, hadde arbeid på Hove Møbler og var tilgjengeleg. Den 5. mai 1956 leigde dei Breidablik og held sin første konsert og hadde utlodding.
Stordal blandakor var i gjenge med Johan Fremmerlid som dirigent i nokre år framover. Kjell Tjønnøy var formann i koret første tida. Koret deltok på fleire stemne.

Dei første åra var koret aktivt med i bygda sine festlegheiter både i andre lag sine tilstellingar og i eigne – ofte i lag med Hornmusikken. Vi ser av møteprotokollen til Ungdomslaget at dei leigde Breidablikk til treff den 2.3.1958 og at dei var med på ungdomslagsmøte den 27. april. Sjølvsagt var dei med 17. mai. I 1959 song dei på basaren til SUL 31.1. og 1.2 medan dei sjølve arrangerte basar og held konsert 21. februar.

I 1959 arrangerte dei sjølve songarstemne i Stordal. Utekonserten føregjekk i Andersrøbbane på Midtbust. Det var songartog dit frå sentrum med Stordal hornmusikklag i spissen. Dei hadde fine festlokale på Breidablik og kunne med byrgskap ønskje velkomne til songarfest der.
Det blir ikkje notert nokon av aktivitet i koret i SUL sine protokollar frå starten av 1960-talet. Truleg er ikkje koret aktivt denne tida. Johan Fremmerlid slutta å arbeide i Stordal og det er truleg mangel på dirigent som er hovudårsaka til at songen stilna.

Men så er det igjen Ungdomslaget som tek tak når vi er komne til 1.10.1972. På eit styremøte drøftar dei stoda til songarane i Stordal. Dei synest det er for gale at det ikkje er kor i bygda, og dei set seg i sving. Styret deler opp bygda i sju rodar og går på heimebesøk for å lodde stemninga om oppstarting av koret att – dei skulle «kontakte alle tenkelege og utenkeleg», som det står i møteboka.
Denne innsatsen betalte seg. Heile 29 songarar hadde meldt seg som aktuelle medlemmer. Den 13. oktober var det konstituerande møte i koret. Musikkinstruktør Asbjørn Søvik i Ørskog kommune var til stades for å bistå med oppstarten.
Koret var gjenoppstått og Nicolai Johnsen frå Liabygda skulle bli dirigent. Han var ein svært musikalsk person med interesse både for song, gammaldans og klassisk musikk. Allereie i 1961 var han på besøk med fela si som spelemann under Sunnmørsstemnet. Han dirigerte koret berre for ein kortare periode då interessa mellom medlemmene ikkje var stor nok til at dei blei ein varig aktivitet.

I 1976 kom Rolf Håheim til bygda som lærar. Han engasjerte seg straks i kristeleg barne- og ungdomsarbeid på Bedehuset og var ofte innom Karen og Petter Kirkebøe. Jon Aasen vart her kjent med Rolf, som han visste hadde musikkutdanning. Jon fekk sagt at han sakna korsongen og skulle gjerne sett at Blandakoret kom i gong att. Han og andre som hadde vore med eit par år tidlegare, ville det same og fekk Rolf Håheim på trua og hyrt han inn som dirigent – nok ein ny start for Blandakoret. Rolf Håheim bygde seg hus i Hovslia, men vart ikkje buande i bygda meir enn fem år. Blandakoret vart på nytt utan dirigent og koret låg på nytt nede ein periode.

Då det vart vedteke at Stordal skulle satse på musikkskule, vart det uttrykt sterkt håp at det kunne skaffast ei meir permanent ordning med dirigent for Blandakoret. Heldigvis hadde den nytilsette rektoren erfaring frå kordireksjon og sa seg også viljug til å dirigere koret frå 1983.

Dette innleia ein god periode for koret. Med eit aktivt styre vart det satsa på forskjellige repertoar som skulle passe både for fest og høgtid.

Eit av dei populære programma på TV på 1970/-80-talet, var «The Good old Days». Desse programma, som blei produsert av BBC mellom 1953 og 1983, prøvde å gjenskape stemninga i dei ærverdige musikkteatera som det finst mange av i England. Her var det song, musikk sketsjar og andre humorinnslag. I tillegg hadde både publikum og aktørar eldre tiders klær på seg. Dette gav Blandakoret ideen om lage sitt eige The Good old days- show på Breidablik – eigentleg ein god gammaldags bygdafest med kostymer. Dans og servering høyrde sjølvsagt med.
Koret hadde fleire slike bygdefestarrangement både på skulen, Breidablik og litt seinare på Fjordgløtt. Ofte hadde desse kveldane spesielle tema som bestemte songutvalet. Dirigent Fred Røyseth hadde mange venner innan musikklivet og kunne skaffe godt komp når det var behov for det.

I alle år har det vore godt samarbeid mellom kor og korps. Dei har både samarbeid om tilstellingar og hatt fellesnummer t.d. på adventskonsertane i kyrkja og årviss framføring av Stordalssongen ved Aldersheimen. I 1990 vart det gjort ei innspeling av Stordalssongen med Hornmusikken, Blandakoret, Tonika og nokre songveteranar.
På slutten av 1980-talet og utover 1990-talet tok gymnastikksalen på det som då var «Nyskulen», gradvis over som bygdas storstove sidan Breidablik fekk stadig dårlegare fasilitetar. Koret hadde fleire konsertar i gymnastikksalen som var veleigna for slike tilstellingar. Øvingslokala til koret var i den gamle gymnastikksalen på skulen.
Koret var ofte med på stemna som vart arrangert innafor korkretsen. Spesielt minnerik var nok turen til ytre Søre Sunnmøre sist i mai 1990. Denne helga blei det eit kraftig snøfall over heile Sunnmøre slik at songartoget gjekk i snøkave og snødekt veg. Nokre av songarane hadde ant at noko slikt skulle skje og fått med seg støvlettar, men mange blei både kalde og våte på føtene under denne marsjen. Heime i Stordal var det ikkje så mykje likare. Ein fotballkamp som begynte med bar bane, måtte stoppast i pausen då det grøne var dekt med 10 cm nysnø.

Koret fekk etter kvart mindre oppslutnad og ut på 1990-talet slutta Fred Røyseth som dirigent. Ei tid vart det inngått eit samarbeid mellom tre kommunar om eit felles kor «Triola». Her var det medlemmer både frå Stordal, Norddal og Stranda. Dirigent var Kåre Lervik frå Vestnes. Dette samarbeidet varte eit par år. Seinare har det ikkje vore blandakor i Stordal anna enn i prosjektgrupper i samband med arrangement som andre lag har stått for. No ser det ut til at eit nytt kor skal kome i gong.

Det er vanskeleg å få fram kva som har skjedd i eit lag som Blandakoret når det berre skal byggast på det medlemmer minnest. Vi har funne nokre konkrete opplysningar om koret i møteprotokollane til Ungdomslaget. Slike møtereferat og årsmeldingar er viktige kulturhistoriske dokument som kvart lag bør skrive og ta vare på. Vi veit at det vart ført møtebok også for Blandakoret og har framleis håp om at desse protokollane skal finnast slik at det kan skrivast meir utfyllande og presist om verksemda i koret.
Då tek vi farvel med Blandakoret med songen dei ofte avslutta med «Det som ein gong var»
Pejolane
Til bygdafesten 1.9.1973 vart det sett saman eit lite mannskor som skulle underhalde. Dei som var med var Per Kjell Holtleite, Per K. Remme, John Hjelmseth, Kjell Nilsen, Helge Berstad, Olav Dybdal og Rolf Straume. Dirigent var Inge Busengdal. Dette blei vel motteke av publikum og fleire av desse karane meinte at dette burde bli noko meir permanent ettersom aktiviteten i Blandakoret var noko på hell.
Dei fire førstnemnde skulle seinare bli med i mannsgruppa Pejolane i lag med Jon og Ole Aasen. Desse to i lag med Per K. Remme, som hadde ei leiarrolle i gruppa, vart dei faste medlemmene i heile levetida til gruppa. I oppstarten var Per Kjell og John Hjelmseth med og fornamna til karane utleidde namnet Pejolane. Av andre som deltok kan nemnast Arne Øvrebust, Asle Olsen og Odd Einar Kalvø. Med unntak av dei tre faste, var fleire medlemmer på og av etter som dei hadde tid og høve til å delta, men dei var oftast rundt seks med når dei opptredde.

Pejolane kom i gong truleg noko seinare enn 1973. Remme-Per hadde korbakgrunn både frå studietida og i tida som lærar innan folkehøgskulesystemet. Han hadde sjølv ein del notar og kontaktar som kunne skaffe det dei ønskte å framføre. Han var heile tida primus motor i gruppa, fortel Jon Aasen
Repertoaret til gruppa var hovudsakleg lettare underhaldningsmusikk som viser av Evert Taube. Denne type musikk vart framført med tonefølgje av Jon og Ole Aasen på høvesvis trekkspel og gitar med fleirstemt song frå alle medlemmene. Peder Vikenes var også med i gruppa av og til og då kunne dei også få bass med i kompet. Dei song også a capella og blei hyppig nytta som underhaldarar på ungdomslagstilstellingar og andre samkome.
Jon fortel at dei også fekk hjelp av Rolf Håheim. Var det eit stykke dei gjerne ville synge og dei ikkje fekk tak i notar, laga Rolf enkle arrangement for dei, som var greie å synge og som let fint.
I 1983 og 1985 var dei svært sentrale deltakarar i Hornmusikken sine revyar. Her fekk dei bruke både sine songferdigheiter og ikkje minst vist at oss inn i «fjordå» ikkje er så kjedeleg og grå gjennom si danseoppvisning i nummeret Fjordarock. Medan Alexander Rybak hadde gruppa Frikar til å lage sceneshow i MGP, stilte Pejolane som showgruppe for solist Peder Vikenes.
Men Pejolane var mest av alt ei song- og musikkgruppe som spreidde glede til sitt publikum med sitt repertoar av songar som alle likar å høyre på.
Då Per K. Remme fekk sin arbeidsplass i Oslo og flytte frå bygda, stansa aktiviteten i Pejolane rundt 1990. Per, som var ein svært viktig person for mykje av kulturlivet i Stordal, skulle lage ei meir utfyllande skildring av Pejolane sitt virke, men rakk dessverre ikkje å få dette til før han blei sjuk og gjekk bort.
Cor-x
Jarle Helgesen dirigerte Stordal Hornmusikklag våren 1995. Samstundes var han også dirigent for Mannskoret Harmonien i Ålesund. I mars dette året hadde desse to laga felles konsert i gymnastikksalen på Stordal skule. Dette vart ei god oppleving for både deltakarar og publikum. Særleg fellesnummera, der Jarle hadde arrangert korpsstemmene, var mektige.
Då Mannskoret Harmonien kontakta han i 1983 om dirigentjobb, var korsong ukjend mark for Jarle. Ikkje kunne han spele piano, og ikkje hadde han sunge i kor. Han tok dette som ei utfordring og takka ja. I den første tida med koret vart klarinetten brukt til innøving av stemmene. Han kjøpte seg piano og gjekk i gang med øvinga. Etter ganske kort tid meistra han pianoet godt nok til å bruke det effektivt. Jarle var i denne tida på fleire kurs for kordirigentar der stemmebruk, direksjonsteknikk, balansering av harmoniar, stemmebruk og kroppsspråk knytt til direksjonsteknikk var tema. Han dirigerte Harmonien i ti år.

Det har vore mange mannskor i Stordal, men desse ligg langt tilbake i tid og ute av folks minne. Kanskje vart det sådd ein mannskorspire hos tilhøyrarane til konserten? Det vart iallfall nemnt mellom musikantar at det måtte vere artig å delta i eit slikt kor.
Revyen i 1985 på Breidablik, vart godt omtykt av publikum og revyartistane, som var samde om at dette måtte takast opp att når tidhøvelege lokale kom på plass. Då Stordalshallen stod klar i 1997, ville Hornmusikken ta eit nytt initiativ og fekk samla mange av dei som var med sist og fleire nye. Eitt av nummera i revyen «Fram i lyset» trong korsong og kanskje mest mannskor, sidan den tradisjonelle mannsdominerte møbelindustrien skulle hyllast. Det var også fleire nummer med fleirstemt mannssong.

Jarle Helgesen, med si erfaring, vart førespurd og sa seg viljug til å instruere desse songarane og styre framføringa. Han var sjølv solist i mange av revynummera. Dette vart for mange ei fin oppleving som gav meirsmak, og resultatet vart at det skulle skipast mannskor med Jarle Helgesen som dirigent. Den tida var det ikkje aktuelt med inntektsgjevande skjenking på slike festar, så overskotet vart ikkje så stort når alle utgiftene var betalt. Det var rom for eit lite bidrag til oppstarten av koret frå revygruppa.
Det som skulle bli Cor-x var no i gong med ei samling av røynde kormedlemmer, nokre uerfarne og nokre frå Hornmusikken som hadde fått sansen for mannskor.
Koret vart starta i august 1997 og vedtekter for drifta vart sett opp. Målet var ikkje å få eit stort kor slik som t.d. Mannskoret Harmonien, men eit seriøst og kvalitativt godt kor som skulle meldast inn i Sunnmøre Korforbund og Korforbundet.
Koret var i gong og Jarle Helgesen tok tak: Han valde ut repertoar og spelte inn stemmer på kassett, som medlemmene fekk utlevert og skulle arbeide med fram mot øvingane. Mot sommaren kunne dei allereie framføre ei rekkje songar i litt ulike sjangrar. Koret har variert litt i storleik og hatt utskiftingar i mannskapet. Jarle Helgesen var dirigent i heile levetida til koret. Medlemmer: Bjørn Relling, Asle Olsen. Jon Aasen, Hallgeir Øvrebust, Jonas Falch, Magne Staurset, Einar Kåre Hove, Ole Hermann Busengdal, Sigurd Korsnes, Peder Stavdal Vikenes, Sverre Lid, Rune Jonsen, Terje Vang, Inge Olsen, Kjartan Lid, Terje Henning Aasen, Inge Uhlving Hansen, John Hjelmseth og Hans Øyen.


Jarle sende i mai 1998 ut kassettar og skriv til medlemmene med sommarlekse.

Det skulle vise seg at denne arbeidsforma fungerte godt, for repertoaret til koret vaks fort og dei kunne snart halde konsert med fullt program. I november 1999 smelte dei til med cabareten Uten en raud tråd for ein fullsett Grendasal – ein skikkeleg heilaften med flott program. Vi som overvar programmet, fekk til fulle høyre at koret var kome langt på kort tid.
Dei arbeidde og målretta for å kunne vise seg fram utanom bygda og melde seg på Midtnorsk korkonkurranse i Trondheim 1999. Asle Olsen fortel at Cor-x blei nr. 2, og det var eit svært godt resultat, men det han minnest alle best, er at dei fekk synge i Nidarosdomen. Det var høgdepunktet på turen og kanskje også i karrieren, seier han. Han har enno premiebrevet.

Cor-x var i fleire år fast innslag i den årvisse kulturelle kalenderen i Stordal som julekonsertar, 17. maifestar og innslag på ulike lagsfestar. Jarle Helgesen fann fram til eit mangfald av nummer, som skulle passe for dei ulike anledningane, arrangerte, innøvde og tok del i songen. Han har gjort eit utruleg jobb for koret og musikklivet i bygda, stadfestar Asle Olsen.

I 2007 var det slutt med Cor-x, som såleis dreiv på i ti år. I historisk samanheng er dette lang tid for eit kor i Stordal.
Big Valley Voices
Nokre damer i Stordal hadde sommaren 2014 snakka om at det hadde vore kjekt å få i gong eit kor og tok kontakt med Maria Holand Tøsse. Alfred Nilsen i Storfjordnytt snakka med damene nokre dagar før dei skulle ha sin første konsert i slutten av januar 2015. Om førespurnaden til Maria fortel dei: «Ho var skeptisk til det i starten, fordi ho ikkje har dirigentutdanning og er allergisk mot notar, men etter å ha snakka med kordamene, der ho fekk stadfesta at ho kunne gjere det på sine eigen måte, takka ho ja.»
Den første konserten med dei 19 damene som var med frå starten, hadde med 12 songar. På programmet stod melodiar frå dei store musikalane og låtar av m.a. Anne Grete Preus, Vamp, Bon Jovi og Abba. Repertoaret deira har eit stort spenn og dei er innom mange sjangrar og typar musikk.
Under Marias entusiastiske leiing fekk koret utfalda seg og vist seg frå si beste side. Publikum var begeistra og dette gav koret giv til å stå på gå vidare. Dei vart etter kvart hyppige innslag på dei store arrangementa i bygda som og med eigne tilstellingar. Dei samarbeidde også med mange både lokale og utanbygds musikarar.

I april 2016 hadde koret vårkonsert, som også markerte avskil med Maria, som hadde hatt den musikalske leiinga i snart to år. John Kristian Hjelle skriv i Storfjordnytt:
«Koret kunne presentere ei nyinnøvd blanding av ulike songar, hits og slagerar, totalt 18 songar frå mellom anna Grand Prix, Spice Girls, frå TV-serien Glee og Halvdan Sivertsen. Dei har øvd i eit halvt år før konserten som dei har kalla «Happy in Stordal», og med unntak av ein song var det kun songar dei ikkje har framført før med i konserten. Den dei hadde med seg frå tidlegare var gospelsongen «Lean on me», frå konsertane med gospelsong i fjor.
Totalt 23 damer var med på scena denne kvelden, der mange stod fram som solistar på dei ulike songane. Det var ein gnistrande konsert full av energi og songglede, og kombinert med ein lyd i Stordalshallen vi knapt har høyrt før vart dette rett so ein triveleg kveld.
Gir seg
For dirigent og inspirator Maria Holand Tøsse var dette siste konserten med koret, som starta opp i september 2014. På slutten av konserten fekk ho ein bukett blomar frå damene i koret med takk for at ho har satsa på dei, og ho takka og sa at ho er veldig stolt av koret og damene som har synt at dei tør å gå ut av si eiga komfortsone.»
Heilt frå starten av dette korattersynet har historia vist at når ein dirigent gir seg, så blir koret lagt ned, og det kunne gå lang tid før dei blei synging att. Men ikkje med disse damene. Dei fekk tak i Solveig Maria Nedregård, som har solid musikalsk bakgrunn og då busett på Dyrkorn. Ho har utvikla koret vidare og gitt nye impulsar.


Den nye dirigenten la også meir vekt på a capella-song og dei fekk vist litt av sitt nye repertoar på julekonserten i kyrkja i 2016 og også på Stranda der dei hadde konsert saman med KorLøye.
Koret hadde i åra framover store konsertopplegg gjerne med eit tema for musikkvalet. Såleis inviterte dei til sommarkonserten Disney Voices i Stordalshallen i juni 2017. Med seg i bandet hadde dei Mass Peter Jelle, Frank Iversen, Morgan Pedersen og Adrian Nakken. Elias Hasle, mannen til dirigenten, var solist.
Eit nytt høgdepunkt dette året var nok konserten i Stordalshallen der koret fekk synge saman med storbandet til Odd Fossum og strykarar frå Indre Strøk i tillegg til at dei vart foreint med solist Maria Holand Tøsse igjen. Ei stor oppleving både for koret og publikum!

I 2018 var det duka for storopplegg på Dyrkornfabrikken. Førestillinga vart kalla What’s øpp. I dei flotte lokala på Dyrkornfabrikken var det open bar og triveleg stemning og gode tilbakemeldingar. Gjestemusikarar var: Gitar: Frank Iversen, Bass: Andreas Eiksund Torvik
Perkusjon: Kim Luca Dyrkorn Egge og solist: Maria Holand Tøsse.
Seinare på hausten ville koret prøve seg i Korcup som Norges korforbund avd. Sunnmøre arrangerte på ScandicParken i Ålesund. Dette var ei ny erfaring for BBV og ei spennande oppleving.

Fram mot jul arrangerte BVV ein julekonsert som dei kalla Stjernesludd i Liabygda og i Stordal. Konserten fekk god omtale i Sunnmørsposten.
I 2019 var det låvefest på Nilsgardstunet. Her hadde dei fått med seg eit karakor i tillegg til eit solid komp.
Dette samarbeidet gav meirsmak og i februar 2020 blei det bestemt at koret skulle bli Blandakor. Dette er igjen litt annleis enn i tidlegare tider. Tidlegare har nye kor ofte starta med mannskor der damene ville ha og etter kvart fekk innpass. No er det mennene som er blitt inkluderte. Måtte dette koret få eit lengre liv enn det som ofte før har vore tilfelle!
Kordirigentar omtala i dette kapittelet
Johan Fremmerli

Johan Fremmerli var avdelingsformann på Hove-fabrikken ein periode frå midten av 1950-talet og litt utover på 1960-talet. Dette var ein periode i Stordal si historie prega av vekst og utvikling. Fleire møbelfabrikkar vart starta og vaks i produksjon og tilsette. I 1955 vart nye Breidablik opna og vegen kom i 1956. Det var ikkje flust med fritidssyslar spesielt for dei kom utanfrå og budde på små hyblar, som heller ikkje gav rom for aktivitet. Ungdomshuset vart ein samlingsplass og i dette miljøet var song og musikk ein viktig del.
Det er ikkje sikkert Blandakoret hadde kome i gong at viss det ikkje var for Johan Fremmerli. Han kom frå Skodje og ein musikalsk heim med mykje song og spel. Han fekk etter kvart også røynsle med kordireksjon og var såleis eit stort aktivum for dei songlystne som starta opp att Blandakoret i 1956. Dei fekk med seg dei fleste frå mannskoret og i tillegg mange songinteresserte damer.
Nesten alle i møbelindustrien var menn, så det var stort sett «innfødde» kvinner som var med. Koret hadde no nokre gode år med jamlege opptredenar på festar og festdagar. I 1959 arrangerte dei også stort songarstemne med friluftskonsert i Andersrøbbane og songarfest på Breidablik. Koret vart lagt ned då Johan Fremmerli forlet Stordal.
Nicolai Johnsen
Nicolai Johnsen er nordmøring fødd i Averøy kommune. Han var musikalsk og begynte å interessere seg for felespeling i barneåra. Far hans spelte litt, men dei hadde ikkje fele heime så han fekk låne eit instrument som han begynte å prøve seg på. Han hadde ikkje nokon lærar tilgjengeleg og måtte såleis finne ut av spelinga på eigenhand. Dette gjekk svært så bra og han blei ein dyktig felespelar.

Så tidleg som 1953 er Nikolai komen til Liabygda. Her var det hornmusikklag og eit nystarta blandakor. Begge foreiningane fekk med han eit interessert nytt medlem. Han spelte horn i korpset. Han spelte framleis fele og held vel det som sitt hovudinstrument. Han var medlem i Liabygda spelemannslag i ei årrekkje og medlem og også musikalsk leiar i Valldal spelemannslag i fleire år.
Han minnest godt at han spelte på Sunnmørsstemne i Stordal i 1961. Då var han i lag med Blinde-Kalle, Karl Eidem, som var ein svært dugande folkemusikar, fortel Nicolai. Det var såleis ein mann med lang musikalsk røynsle både frå kor og anna, som tok på seg dirigentjobben i Stordal blandakor i 1972. Han hadde berre så vidt vore bort i kordireksjon før. Nicolai dirigerte koret eit par år før kordrifta nok ein gong vart lagt ned.
Solveig Maria Nedregård

Solveig tok over som dirigent i koret Big Valley Voices i 2016. Året før hadde familien busett seg på Dyrkorn og Solveig hadde første tida arbeid både i kulturskulen i Sula og på Stranda. Ho hadde ei tid også arbeid som organist i Storfjord kyrkjelege fellesråd. Moljegapet blandakor fekk ein periode nyte godt av hennar korleiing. Tidlegare hadde ho dirigert koret Tut og blæs.
Solveig kjem frå Oslo og har utdanning frå Norges musikkhøgskole og er framleis student der då ho arbeider med ein mastergrad innan musikkterapi.
I tillegg til Big Valley Voices dirigerer ho no Sangkoret Cantábile som held til i Ålesund. Dette er eit stort kor med både menn og kvinner.
Forutan å vere ein dyktig dirigent, akkompagnatør og pedagog, går Solveig heller ikkje av vegen for å lage eigne arrangement tilpassa dei songarane ho leiar. Dette gjer at koret i stor grad kan velje dei songane dei ønskjer å framføre.
Rasmus Flydal og Olav Ekre er omtala i punktet om kor på Dyrkorn
Rolf Håheim (sjå Kap. 5), Fred Røyseth (sjå Kap. 9), Jarle Helgesen (Cor-x – sjå Kap. 13), Maria Holand Tøsse (BBV – sjå Kap. 13)