Bruk av nettstaden
Boka Musikk og song i Stordal og på Dyrkorn. Eit attersyn er lagt inn på denne nettstaden utvida m.a. med mange døme på aktivitet gjennom lyd- og videoopptak. Slike opptak vil aldri formidle på ein fullgod måte den stemninga og den situasjonen som var då opptaka skjedde, men vi vel likevel å publisere eksempla fordi dei dokumenterer eit mangfald av talent og skaparglede som i seg sjølv kan gi oss den rette stemninga.
- Du kan lese dette som ei bok – starte på Føreord og lese vidare frå Kap. 1 til 13 eller
- Du kan leite deg fram til akkurat det du er interessert i
For at du skal kome dit du vil raskt, er det laga navigasjonsmenyar som hjelper deg til rett stad og som fungerer slik som dei fleste er vane med frå internett. Du kan også bruke søkefunksjonen for å finne det du ser etter.
Slik finn du fram i nettstaden
Nettstaden kjem absolutt best ut når du brukar PC-skjerm eller vanleg store nettbrett med langsida ned. Til venstre for teksten finn du då alltid ein navigasjonsmeny for sida eller kapittelet du er på. Hovudmenyen er berre på startsida. I tillegg til menypunktet som tok deg hit, har hovudmenyen fire område som inneheld kapitla i bokversjonen:
- Introduksjon (med to delområde – Føreord og Kap. 1)
- Sjangrar, utøvarar m.m. (med sju delområde – Kap. 2-8),
- Rammevilkår (med fire delområde – Kap. 9-12) og
- Viktige personar (Kap.13)

Innhaldet i delområda vil kome fram når du klikkar på pilen bak dei tre første områda i menyen. Du kan då klikke på og kome fram til det delområdet (kapittelet) du er interessert i å sjå nærare på. Kvart av kapitla har eigne menyar som tek deg vidare inn i nettstaden.
- I tillegg har Hovudmenyen ei Kontakt oss-side og ei side om ditt personvern: Om bruken av nettstaden

På mobiltelefon og nettbrett (kortsida ned) får du tilgang til Hovudmenyen ved å klikke boksen med tre strekar på startsida og kapittelmenyane ved å klikke på tilsvarande boks for kvart av delområda. Her må du alltid gå opp til toppen av sida for å finne kapittelmenyen og for å nå hovudmenyen. Den doble pilen du ser til høgre på skjermen tek deg til starten på sida. Dette gjer navigasjonen noko tregare, men både mobil og nettbrett gir grei tilgang til innhaldet.
NB! Du kan alltid kome til startsida og Hovudmenyen ved å klikke på Musikk og song i Stordal øverst til venstre på mobil-, nettbrett og PC-skjerm.
Vi treng hjelp til å vidareutvikle nettstaden
Velkomen til attersynet på musikk- og song i Stordal og på Dyrkorn. Vi ønskjer at denne nettstaden skal vere ein samlingsstad for dei som er interesserte i sogelaget sitt arbeid på dette området. Sjølv om her er mykje stoff allereie, ser vi på dette som eit første steg for å få fram så mykje som råd er om vår musikk- og songhistorie. Då treng vi hjelp frå alle. Vi trur at det er mykje meir kunnskap i bygdene våre om det som har skjedd enn det vi har fått med. Kanskje du sit på stoff og bilde som du synest manglar når du har fått sett nærare på det området som du er engasjert i. Ta kontakt og
- korriger oss
om du ser at noko av det du les, ser eller høyrer ikkje er slik det skal vere. Noko er henta frå skriftlege kjelder og bør vere å stole på, men mykje er overlevert slik det er hugsa eller slik ein har høyrt det frå andre. Forfattarane har opplevd at det slett ikkje er lett korkje å kome i hug eller minnest slik det var.
- send oss nytt stoff
om du har bilde eller stoff du ønskjer å dele med oss. Tenk om nokon hadde hatt eit bilde av Stryken som var så populære underhaldarar frå 1920-talet til litt utpå 50-talet. Vi veit at det finst bilde av guttemusikkorpsa som var i aktivitet frå 1956 til litt ut på 60-talet. Gosplus eller Light må vere fotografert sidan dei song i ei tid då fotoapparat var allemanns eige. Mange sit sikkert på bildemateriale som er betre enn det vi har brukt slik at vi kan byte ut for også å få ei best mogleg visuell forteljing.
- gi oss beskjed
om du kjem over skriftlege kjelder. Den tynnaste blyantstrek er sikrare enn den beste hukkommelse, heitest det. Vi har funne mykje av stoffet vårt i laga sine møteprotokollar og årsmeldingar. Vi har ikkje funne protokoll for Blandakoret, men veit at ein eller fleire slike har funnest. Ungdomslaget har ei fantastisk historie å fortelje som også vi har fått bruke. Dei manglar ein protokoll frå siste del av 20- og første del av 30-talet. Skulle du kome over noko av dette , er det gull verdt. Men også stoff i gamle aviser og skriftlege kjelder som kan ligge enten lokalt eller på nett.
- bruk gjerne sida vi har laga for å sende meldingar som du kan gå inn på frå hovudmenyen på startsida, eller ta kontakt på annan måte. Det du kjem med blir vurdert og tilpassa eksisterande innhald før det blir publisert.
Saman kan vi lage historie. God tur inn i nettstaden!
Hallgeir Hove har som kulturkonsulent og ansvarleg for Stordalhallen dokumentert mykje aktivitet gjennom bilde og lyd, som vi har nytta i framstillinga. Vi er ekstra takksame for at han også har stilt ei mengd med private videoopptak til vårt rådvelde. Per Magne Øvrebust har også hjelpt oss med mange lydopptak. Dette gjer at vi kan vise mange eksempel på song- og musikkutøving som elles ikkje ville kome med. Kanskje sit også du på lyd- eller videoopptak som kan gjere attersynet vårt meir interessant?
Kvaliteten på bilda og opptaka vi har med, er slik den er – nokre gongar svært dårleg – men gir likevel den dokumentasjon på aktivitet som vi ønskjer å få vist. Vi har oftare gledd oss over det vi har sett og høyrt enn å ergra oss over kvaliteten.
NB! Nokre lenker til lyd- og videofiler viser til sider som har reklame, t.d. Spotify og YouTube. Dette er kanskje irriterande, men du lyt ha litt tolmod og hoppe over annonsen når du får signal om at du kan gjere det og elles bruke desse nettstadene på deira premissar.