Nettstaden
Nettstadsadressa vår er https://musikkistordal.sogelag.no. Nettstaden er del av Stordal sogelag sitt arbeid med å ta vare på historia til bygdene i tidlegare Stordal kommune. I ein interimsperiode vil Leif Arne Dybdal og John Kristian Hjelle vere ansvarlege for denne delen av sogelaget sin nettstad.
Informasjon gitt av besøkande
Sender du ei melding frå sida Kontakt oss, blir denne til å begynne med sendt til e-postkontoen til utviklaren av nettstaden, Leif Arne Dybdal, som vil ta i mot meldinga og forhalde seg til innhaldet. Meldinga vil ikkje vere synleg for andre. Dersom meldinga omhandlar korrigering av eksisterande innhald, vil dette bli vurdert og ev. endringar gjort. Inneheldt meldinga nye opplysningar, vil desse bli lagt inn der dei måtte passe inn i attersynet. Om du har nytt stoff som blir lagt inn, vil det bli opplyst at du har levert dette i ei form som: «NN (namnet ditt) fortel..», «NN har gitt opplysning om..», «bildet er levert av NN» osb. – om du då ikkje spesifikt ber om å få vere anonym.
Opplysningane du kjem med vil bli overført til arkivet til Sogelaget som del av historiegrunnlaget om du ikkje spesielt ber om at innhaldet skal slettast. Du kan også i ettertid be Sogelaget om å slette opplysningar du har gitt tilgang til tidlegare.
Når det er blitt gjort naudsynte korrigeringar og tilføyingar, vil nettstaden bli «ferdig» og etter kvart bli styrt av ei nemnd under styret til Sogelaget.
Meldinga vil bli virussjekka før mottak.
Media
Har du bilde, lydfil eller video du gjerne vil dele med oss, kan du skrive om dette i meldingsboksen under Kontakt oss. Då kan vi bli samde om korleis vi skal ordne overføringa enten det er slik at du og Leif Arne Dybdal treffest eller ordnar det på annan måte. Er du van med å bruke dataoverføring, kan du sende oss tekst-, bilde- og lydfiler på vår Facebookside Musikk og song i Stordal kommune | Facebook eller legge ut video på YouTube og sende oss lenka dit.
Informasjonskapslar
Denne nettstaden nyttar seg førebels ikkje av informasjonskapslar (cookies). Vi samlar ikkje andre data om deg enn det du legg att i meldingane under Kontakt oss. Vi registrerer anonymisert tal på besøkande i nettstaden.
Innhald som er bygd inn frå andre nettstader
Mange videoar, lydfiler, bilde og tekstar er knytt opp mot andre nettstader som t.d. Spotify og YouTube
Desse nettstadene kan samle inn data om deg, bruke informasjonskapslar, bygge inn ytterlegere tredjepartssporing og overvake korleis du brukar innhaldet som er bygd inn, inkludert sporing av interaksjonen din med det innbygde innhaldet viss du har ein konto og er logga inn på den nettstaden.